St.prp. nr. 18 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 100/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om deltaking frå EFTA/EØS-statane i Fellesskapet sitt program for forvaltingsnett (IDA-programmet)

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

Som eit ledd i det innbyrdes samarbeidet i EØS vedtok EØS-komiteen 10. november å endre protokoll 31 til EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i Fellesskapet sitt program for forvaltingsnett.

Avgjerda inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og spesielt til artikkel 86 og 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1719/1999/EF av 12. juli 1999 om eit sett retningslinjer, medrekna fastlegging av prosjekt av felles interesse, på området transeuropeiske nett for elektronisk datautveksling mellom administrasjonar og europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1720/1999/EF av 12. juli 1999 om vedtaking av eit sett tiltak og åtgjerdar for å sikre samverknadsevne mellom og tilgang til transeuropeiske nett for elektronisk datautveksling mellom administrasjonar, skal takast inn i protokoll 31 artikkel 17 nr. 4 som nye strekpunkt.

Artikkel 2 gjer nærmare greie for prosjekt av felles interesse, og kva horisontale tiltak og verkemiddel som vert omfatta av samarbeidet.

Artikkel 3 fastset at avgjerda tek til å gjelde 15 desember 2000, på det vilkåret at EØS-komiteen har fått melding om at alle forfatningsrettslege krav for godkjenning av avgjerda er stetta i samsvar med artikkel 103 nr. 1 i avtala.

Artikkel 4 seier at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-delen av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Til forsida