St.prp. nr. 18 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 100/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om deltaking frå EFTA/EØS-statane i Fellesskapet sitt program for forvaltingsnett (IDA-programmet)

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

IDA-programmet har hatt ei budsjettramme på 24 millionar euro per år. EU vil truleg halde ei tilsvarande ramme for slutten av programmet. Dette inneber at den norske delen av kostnadene vil verte på om lag 3,4 millionar kroner per år medrekna kostnader til ein nasjonal sakkunnig.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet har ansvaret for den norske deltakinga i programmet. Av totalbudsjettet for IDA-programmet har EU sett av snaut halvparten til felles horisontale tiltak. Departementet vil finansiere ein tilsvarande del av kontingenten over sitt budsjett. Resten av budsjettet støttar ulike sektortiltak og vert finansiert med fordeling på dei departement som deltar, etter fastlagt fordelingsprinsipp. Det vil være opp til sektorstyresmaktene å ta stilling til deltaking i dei ulike prosjekta i IDA. Det vil verte skipa ei referansegruppe der representantar frå dei aktuelle sektorområda kan gje innspel som skal formidlast til styringskomiteen frå IDA.

Til forsida