St.prp. nr. 86 (1998-99)

Om endringar i statsbudsjettet for 1999 som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar m v

Til innhaldsliste

1 Rammeavtale og tidlegare forhandlingar

I samsvar med rammeavtalen om forhandlingsordninga for privatpraktiserande helsepersonell (legar, fysioterapeutar og psykologar) som blei inngått hausten 1987, er det ordinære avtaletidspunktet for dei einskilde avtalane om driftstilskot og takstar for dei respektive gruppene 1. juli.

Ved oppgjeret pr 1. juli 1998 blei det gitt eit tillegg med ei økonomisk ramme svarande til 4,4 pst for legane, 4,0 pst for fysioterapeutane og 4,0 pst for psykologane. Reguleringane fekk verknad frå same dato.

Dei respektive organisasjonane og Kommunenes Sentralforbund/staten har nå ført forhandlingar om avtalar for perioden 1. juli 1999 - 30. juni 2000. Avtaleframlegga har noko ulik utforming. For legane inneber avtalen ein samla auke i takstar, fondsavsetningar og driftstilskot med 4,0 pst, for fysioterapeutane ein auke med 4,3 pst og for psykologane ein auke med 3,8 pst. Rammejusteringane er rekna pr 1. juli 1999.

Skilnaden i rammeauke for dei einskilde gruppene har samanheng med ulike overheng i takstar og driftstilskot inn i 1999, ulik utvikling i kostnader og ulike inntektsnivå.

Eigenbetalinga frå pasientane er halden uendra ved oppgjeret. Auken i takstane som følgje av dei nye avtalene kjem difor fullt ut på refusjonsdelen.