St.prp. nr. 86 (1998-99)

Om endringar i statsbudsjettet for 1999 som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar m v

Til innhaldsliste

2 Avtale om driftstilskot og takstar for legar

I forhandlingsmøte 1. juni 1999 blei Den norske lægeforening, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for legar med avtale om drift av privat praksis. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 1999 - 30. juni 2000.

Det tilrådde framlegget inneber at gjeldande driftstilskot, takstar og fondsavsetningar blir auka med 3,7 pst frå 1. juli 1999. I tillegg blir takstane for einskilde høgt prioriterte operasjonar auka med 15 mill kroner. Det gir ei samla ramme på 4,0 pst.

Den særskilte justeringa av visse kirurgitakstar heng saman med problem som oppstod i samband med at det blei inngått ei rekkje nye driftsavtalar med legespesialister frå 1. juli 1998, jf avsnitt 5. Nokre få av desse legane dreiv ein praksis med eit visst omfang av meir omfattande kirurgiske inngrep, t d grå stæroperasjonar. Takstane i normaltariffen er for låge til å finansiere slike operasjonar fullt ut, men så lenge legane ikkje hadde driftsavtale, kunne dei belaste pasientane med hovedtyngda av kostnadene. Når dei har driftsavtale er legane bunde av avtalen om takstar og driftstilskot. For å halde oppe omfanget av denne verksemda, vil difor nokre av dei mest prioriterte takstane bli monaleg oppjustert frå 1. juli 1999 innanfor ei ramme på 15 mill kroner. Det visast `og til Stortingets behandling av Dokument nr 8:32 (1998-99), jf Innst S nr 179 (1998-99).

Partane vil snarast komme saman for å dele ramma på dei einskilde takstane og fonda.

Meirutgiftene for folketrygda til refusjonar og fondsavsetnader i 1999 er rekna til 73,0 mill kroner, delt med 26,0 mill kroner på kap 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og 47,0 mill kroner på kap 2755 post 70 Refusjon allmennlegehjelp.

Tilskot til fastlønsstillingar kjem i staden for dei trygderefusjonane som blir gjeve til privatpraktiserande legar for kurativt arbeid. Tilskotet var i 1998 203 000 kroner knytt til minst 20 timar kurativt arbeid pr veke/1600 konsultasjonar pr år og 158 000 kroner knytt til minst 14 timar/1000 konsultasjonar. Departementet tilrår at tilskota til fastlønsstillingar for allmennlegar blir auka til respektive 206 000 kroner og 160 500 kroner for 1999 og at kap 2755 post 61 Tilskot til fastlønsordning allmennlegar blir regulert med 8,0 mill kroner. Det er teke omsyn til auken i eigendelane frå januar 1999 ved reguleringa av fastlønstilskotet.

Den samla budsjettauken som følgje av avtalen blir dermed 81,0 mill kroner.