3.10.2 Lov 22. juni 1934 nr....

3.10.2 Lov 22. juni 1934 nr. 5 om midlertidige innførselforbud mv.

Lova gir Kongen myndigheit til mellombels å forby innførsel frå utlandet av gjenstandar og varer, mellom anna levande dyr og planter, med mindre det blir lagt fram ei skriftleg erklæring frå myndigheitene om samtykke til innførsla, jf § 1 første ledd. Lova gir også Kongen myndigheit til å fastsetje nærare føresegner om utrekning og oppkrevjing av utjamningsbeløp og om kontroll av ordninga for høve kor det blir skrivi ut prisutjamningsbeløp til statskassa på importregulerte jordbruksvarer, jf § 1 tredje ledd.

Departementet meiner at det ikkje er aktuelt å nytte verkemidla som lova opnar for. I tråd med WTO-avtala, som blei sett i kraft 01.01.1995, og overgangen til det tollbaserte grensevernet, oppheva Landbruksdepartementet alle forskriftene som var heimla i denne lova. Dei generelle importforboda som lova opnar for er i liten grad i samsvar med føresetnadene i WTO-avtala. I St. prp. nr. 65 (1993-94) om resultatet av Uruguay-runden og samtykke til å få ratifisert Avtale om skiping av Verdshandelsorganisasjonen (WTO) m.m., som blei vedtatt av Stortinget i november 1994, heiter det til dømes:

«Det er … grunn til å peke på at utgangspunktet om et generelt forbud mot eksport og import står i sterk kontrast til den praktiske virkelighet, og at en justering av de aktuelle lover vil være en naturlig konsekvens av WTO-avtala.»

Departementet legg vidare til grunn at lov 06.06.1997 nr. 32 om innførsle- og utførsleregulering gir myndigheitene nødvendige fullmakter til å forby innførsel av varer, mellom anna levande dyr og planter, slik at heimelen i lov 22.06.1934 nr. 5 § 1 første ledd ikkje lenger er nødvendig. Dette gjeld også føresegnene som gjeld landbruksvarer spesielt, jf § 1 tredje og fjerde ledd, og som gir Kongen myndigheit til å fastsetje nærare føresegner om utrekning og oppkrevjing av utjamningsbeløp og om kontroll av ordninga mv. Dessutan heimlar lov 19. desember 2003 om matproduksjon og mattrygghet (matlova) § 12 bokstav c vilkår for eller forbod mot import og eksport innafor sitt virkeområde.

Departementet meiner på denne bakgrunn at lova bør opphevast.