3.10.3 Lov 31. mai 1935 nr....
Underside | | Landbruks- og matdepartementet
3.10.3 Lov 31. mai 1935 nr. 5 om adgang til å utferdige forbud mot omsetning av ustemplet kjøtt og skinn av tamrein
Lova gir Kongen myndigheit til å forby omsetjing av reinkjøtt og reinskinn som ikkje er stempla i samsvar med gjeldande reglar. Formålet med lova er å motverke reintjuveri ved å forby omsetning av ustempla reinkjøtt og reinskinn.
Forvaltinga nytter ikkje lenger verkemidla som lova gir. Partane i reindriftsavtala har sett ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere problematikken rundt reintjuveri, men departementet legg til grunn at det i alle tilfelle er uaktuelt å føre inn att forbodet mot omsetjing av ustempla reinkjøtt og reinskinn.
Departementet meiner på denne bakgrunn at lova bør opphevast.