3.2.1 Gjeldande rett...

3.2.1 Gjeldande rett og saksomfang

Dersom ein ikkje kan nå formålet med jordlova ved friviljug kjøp, kan departementet etter jordlova § 13 oreigne areal og rettar som tillegg til eksisterande jord- og skogbrukseigedom.

Formåla med jordlova går fram av § 1. Det kan oreignast med sikte på å få til ein tenleg, variert, bruksstruktur ut frå samfunnsutviklinga i området og med hovudvekt på omsynet til busetjing, arbeid og driftsmessig gode løysingar. Eit breitt samansatt ressursgrunnlag kan vere med på å skape eit tenleg bruk.

Det kan gjerast vedtak om oreigning av areal og rettar til eksisterande jord- og skogbrukseigedom. Ved oreigning kan det takast med jordvidder, bygningar og andre innretningar som naturleg høyrer saman med det som blir oreigna, sjølv om formålet med oreigninga ikkje gjer det nødvendig at oreigninga får eit slikt omfang.

Formålet med oreigninga må vere å leggje arealet til eksisterande jord- og skogbrukseigedom. Det kan ikkje oreignast med sikte på å reise nye bruk.

Oreigningsheimelen er berre meint å skulle brukast der søkjaren har et særleg behov for tilleggsareal og det må ikkje vere tvil om at søkjaren sitt behov veg tyngre enn omsynet til eigaren. Det er eit grunnvilkår for å kunne oreigne at inngrepet «utan tvil er til meir gagn enn skade», jf oreigningslova § 2 siste ledd.

Fylkeslandbruksstyret avgjer søknader om oreigning i medhald av jordlova § 13. Statens landbruksforvaltning er klageinstans.

Der det er fatta vedtak om oreigning, blir kjøpesummen fastsett ved skjønn etter reglane i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker. Staten er part i skjønnet, og eigedomen blir overdratt vidare når skjønnet er endeleg. Jordfondet har vore nytta for å mellomfinansiere oreigninga, jf omtale under punkt 3.1.1.

Talet på oreigningssøknader har helde seg lågt. Statens landbruksforvaltning har opplyst at fylkeslandbruksstyra i perioden 1995-2004 har avgjort 25 saker om oreigning i medhald av § 13. I gjennomsnitt trefte fylkeslandbruksstyra årleg i denne perioden omlag 2-3 vedtak i saker om oreigning.

23 av sakene har fått si endelege avgjerd i anten Landbruksdepartementet eller Statens landbruksforvaltning. Departementet behandla 17 klager i perioden 1995- 2000. I 14 av sakene blei utfallet av klagebehandlinga ikkje oreigning, medan utfallet i dei tre andre blei oreigning. Statens landbruksforvaltning behandla i perioden 2000-04 9 klagesaker, og har ikkje gjort vedtak om oreigning i nokon av desse sakene.