3.2.3 Departements vurderingar
Underside | | Landbruks- og matdepartementet
3.2.3 Departements vurderingar
Departementet meiner at oreigningsheimelen i jordlova § 13 også bør opphevast.
Det som er oppnådd i form av endra bruksstruktur ved bruk av oreigningsretten er svært lite, samtidig som oreigning av mange blir sett på som eit unødig inngripande og til dels eit urimeleg verkemiddel. Departementet viser her til punkt 3.2.2 og uttala frå Oppdal og Eidsvoll kommunar.
Sidan 1995 syner tal departementet har innhenta at heimelen berre har blitt brukt i 3 høve for å skaffe tilleggsjord. Departementet meiner det er grunn til å tru at heimelen vil bli lite brukt også framover, og at synet på oreigningsordninga heller ikkje vil endre seg.
Det er elles meint at oreigning berre skal skje i heilt spesielle høve. Det er vanskeleg å finne døme på slike høve, og det er såleis ikkje noko sterkt behov for å oppretthalde ordninga. I tillegg kjem at sakene krev mykje arbeid og at tilleggsjorda blir relativt kostbar.
Det vil dessutan ikkje lenger vere eit fond der det er mogleg å hente middel til førebels dekning av staten sine utgifter i samband med oreigninga, jf det som er sagt under punkt 3.1.1.