3.9.1 Gjeldande rett

3.9.1 Gjeldande rett

Jordlova § 18 gir departementet heimel til å fastsetje reglar om tilskot i samsvar med jordbruksavtala og liknande tilskot. Om grunngivinga for å vedta jordlova § 18 heiter det i Ot.prp. nr. 72 (1993-94) om lov om jord (jordlova) m.m.:

«Ein viser til at det ikkje er nødvendig med ein heimel for forskriftene, men at det er ønskeleg å sjå den økonomiske verkemiddelbruken i samanheng med verkemidla som jordlova legg til grunn.»

Storleiken på tilskota blir fastsett i jordbruksavtala, medan departementet vedtar forskrifter med nærare reglar for dei einskilde tilskotsordningane. Forskriftene regulerer mellom anna avkorting av tilskotsbeløpa dersom tilskotsmottakar bryt nærare fastsette reglar, til dømes dersom vedkomande gir gale eller mangelfulle opplysningar. Nokre av forskriftene inneheld også føresegner om atterhald av tilskot, utestenging av tilskotsmottakar frå ordninga og rente ved tilbakebetaling.

Reaksjonar som avkorting, atterhald og utestenging kan etter omstenda ha monaleg økonomisk verknad for den einskilde tilskotsmottakaren. På tross av dette treng formelt sett ikkje føresegnene om avkorting o.a. heimel i lov fordi tilskotsmottakarane ikkje har krav på tilskot dersom dei ikkje oppfyller vilkåra i tilskotsregelverket.

I einskilde av tilskotsordningane som er heimla i § 18, får forvaltinga hjelp av private omsetningsledd til å formidle utbetaling av riktig tilskot til produsentane. Forvaltinga fattar sjølve tilskotsvedtaket, medan omsetningsledda hjelper til med den faktiske betalingsformidlinga. Dette gjeld typisk dei såkalla pristilskotsordningane. Omsetningsledda si rolle som tilskotsformidlar er regulert i tilskotsforskriftene. Formidlinga skjer ved at omsetningsleddet når det kjøper frå produsenten produktet som gir rett til tilskot, betaler tilskotet samtidig som det betaler for varen. Omsetningsleddet rapporterer omsett kvantum til forvaltinga. Rapportane dannar grunnlag for utbetaling av tilskot frå forvaltinga til omsetningsledda. Oppgåvene til omsetningsledda omfattar forutan sjølve tilskotsformidlinga også rapportering av data som er nødvendige for tilskotsfastsetjinga, dvs. rapportering av omsett kvantum og liknande.

Det er friviljug for omsetningsledda å ta del i formidlinga av pristilskota ved at dei ikkje kan påleggjast å gjere oppgåvene dersom dei ikkje ønskjer det. Derfor treng ikkje forskriftsføresegnene om omsetningsledda si rolle som tilskotsformidlar heimel i lov. Omsetningsledda vil likevel ofte ha stor eigeninteresse i å delta i tilskotsformidlinga fordi produsentane normalt vil vere mest tente med å omsetje sine produkt til omsetningsledd som formidlar pristilskot. Omsetningsledda som vel å delta i tilskotsformidlinga, må utføre dei i forskriftene pålagte oppgåver.