3.9.3 Departementets vurderingar
Underside | | Landbruks- og matdepartementet
3.9.3 Departementets vurderingar
Reglane i tilskotsforskriftene om avkorting og atterhald av tilskot og utestenging frå ordninga ved brot på tilskotsregelverket er negative reaksjonar som dels kan vere av monaleg økonomisk verknad for den einskilde produsenten. Sjølv om lovheimel ikkje er nødvendig for å fastsetje slike reglar i forskrift, meiner departementet at det er naturleg at slike sentrale reaksjonar blir formalisert og gjort synleg i lovføresegna som heimlar tilskotsforskriftene. Dette vil kunne lette tilkomsten til regelverket til beste for alle partar.
Vidare er omsetningsledda si rolle i tilskotsformidlinga viktig. Dei gjer oppgåver som er nødvendige for at tilskota skal kome fram til rette mottakar. Ei lovendring bør kunne medverke til ei formalisering og synleggjering av oppgåvene til omsetningsledda.
Forslaget til endringar i jordlova § 18 er ikkje meint å innebere noka realitetsendring i høve til gjeldande praksis. Det er heller ikkje meininga at departementet får utvida myndigheit til å fastsetje reglar om tilskotsforvaltninga.