Historisk arkiv

Solheim besøkjer Sudan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim reiser til Sudan i september 2010 for politiske samtalar.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim reiser til Sudan i september 2010 for politiske samtalar.

Den 9. juli var det eit år til fredsavtalen for Sudan går ut. Det er seks månader igjen til folkeavstemninga der folket i Sør-Sudan skal ta stilling til om dei vil ha ein eigen stat eller fortsatt vere ein del av eit felles Sudan.  Det komande året vil derfor bli eit avgjerande år for Sudan og regionen.

Av omsyn til visumprosessen, ber ein presse som vil vere med på heile eller delar av reisa om å ta kontakt så snart som mogleg for meir praktisk informasjon.

Solheim skal besøke både Nord- og Sør-Sudan. Han vil ha politiske samtaler i Khartoum og  Juba i Sudan og Addis Abeba i Etiopia. Formålet med besøket er å understreke partane sitt ansvar for å følgje opp fredsavtalen og understreke Noregs aktive rolle og engasjement. Solheim vil leggje vekt på utfordringane knytta til gjenoppbygging og kapasitetsbygging i sør, FNs innsats i Sudan og korleis Noreg best kan bidra til å skape langsiktig og bærekraftig utvikling i Sudan.

Det er lyst ut pressestipend for reisa til Sudan.

Sudan står no ovanfor svært viktige val.  Freden vert satt på prøve. Sudan slit med å få gjennomført ei rekkje punkt i fredsavtalen frå 2005 mellom styresmaktene i nord (NCP) og frihetsrørsla i sør (SPLM). Noreg var ein av fødselshjelperane for fredsavtalen, og er framleis ein viktig støttespelar til fredsprosessen i landet. Fredsavtalen kom i stand etter over 20 år med borgarkrig. Sudan er mellom dei landa i Afrika som får mest i norsk bistand.

Sjå film om Noregs innsats i Sudan her.

Av omsyn til tryggleiken ber vi om at detaljar om besøket som reiserute, datoar eller stad ikkje gjerast offentleg før avreise. Slik offentleggjering kan få konsekvensar for om reisa vert gjennomført.

Les meir om Sudan på UD sine heimesider:

 ***

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Solheims rådgjevarar brukar Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Teksten du les no har ein verdi på 34. Det er det same som i vekeblad. Les meir om kampen for eit enklare språk i staten hos Klarspråk.no.

Pressekontakt: Informasjonsrådgivar Ragnhild H. Simenstad, mobil 917 17 459.