Meld. St. 25 (2022–2023)

Mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel – opning av areal og strategi for forvaltning av ressursane

Noreg har store forventa havbotnmineralressursar. Viser førekomstane seg å vere lønnsame og kan vinnast ut berekraftig, vil havbotnmineralverksemd kunne bidra til verdiskaping og sysselsetjing i Noreg og bidra til å sikre forsyninga av viktige metall i den globale energiomlegginga. Utvinning av slike mineral kan då bli til ei ny og viktig havnæring for Noreg. Ein føresetnad for kommersiell kartlegging og utvinning av havbotnmineral er at staten opnar havområde for slik verksemd. Regjeringa foreslår no opning av eit område på norsk kontinentalsokkel for mineralverksemd. Samtidig vert det lagt fram ein strategi for forvaltning av norske havbotnmineralressursar. Regjeringas mål er at Noreg skal vere verdsleiande når det gjeld å ha ei fakta- og kunnskapsbasert forvaltning av havbotnmineralressursane som er heilskapleg, berekraftig og forsvarleg. Omsynet til miljø vil bli vareteke i alle fasane av mineralverksemda. Utvinning vil berre bli godkjend dersom rettshavaren sin utvinningsplan godtgjer at utvinninga kan skje på berekraftig og forsvarleg vis. Regjeringa vil etablere og vedlikehalde klare og føreseielege rammevilkår. Etter at området blir opna vil det bli sett i gang ein prosess for å tildele løyve under havbotnminerallova. Det vil leggjast til rette for ei stegvis, kunnskapsbasert og rasjonell utforsking av opna areal, samtidig som det blir lagt til rette for at kommersielle aktørar gradvis kan byggje opp ein portefølje av aktivitet, slik at verksemda kan halde fram over tid.

Les dokumentet

Digitale vedlegg

Vidare behandling av saka

Følg meldinga på Stortinget