Prop. 95 L (2023–2024)

Endringar i karantenelova (informasjonsplikt, godtgjering og reaksjonar m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet fremmar i denne proposisjonen forslag til endringar i lov 19. juni 2015 nr. 70 om informasjonsplikt, karantene og saksforbud for politikere, embetsmenn og statsansatte (karantenelova). Forslaga følger i hovudsak opp forslag som blei fremma av Karantenelovutvalet i rapporten «Tillit forplikter». Det blir foreslått endringar i reglane om saksforbod, om informasjonsplikta politikarar har etter lova, om godtgjering for politikarar som blir ilagde karantene, og om reaksjonar ved brot på karantenelova eller vedtak gjorde med heimel i lova. Det blir også foreslått at lova får ei ny formålsføresegn. Forslaga skal vere med på å gi eit klarare og meir føreseieleg regelverk, noko som bidrar til tillit til forvaltninga og det politiske systemet, og som gjer det mogleg å sette i verk effektive reaksjonar ved brot på forpliktingane etter lova.

Til forsida