St.prp nr. 1 Tillegg nr. 12 (2002-2003)

FOR BUDSJETTERMINEN 2003 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 2003

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Støtteramma for fiskerinæringa for 2002 vart fastsett ved vedtak i Stortinget 6. desember 2001, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 3 (2001-2002) og Budsjett-innst. S. nr. 8 (2001-2002). Avtaleramma var på 90 mill. kroner.

Norges Fiskarlag ba i brev av 31. oktober 2002 om forhandlingar om ein fiskeriavtale for 2003. Kravet frå Fiskarlaget var 210 mill. kroner. Etter forhandlingar kom partane til semje den 6. november 2002 om ei ramme på 70 mill. kroner, som Regjeringa med dette legg fram for Stortinget.