Historisk arkiv

Regionalnytt nr 2 2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Tema: Melding til Stortinget om distrikts- og regionalpolitikken

  • Ny melding til Stortinget om distrikts- og regionalpolitikken: Ta heile Noreg i bruk!
  • Det er ikkje ei einsidig flytting frå distrikta til storbyregionane
  • Eksempel frå distrikts- og regionalpolitikken
  • Styrka verdiskaping i fjellområda
  • Ny tovegs informasjonsteneste for gründerar hos Innovasjon Noreg
  • Meir næringsretta kompetansebygging
  • Nytt om forsking
  • Kva skjer 
Banner til nyhetsbrevet Regionalnytt

 

Portrett av Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete legg 1. mars fram ny melding til Stortinget: Ta heile Noreg i bruk. (Foto: KRD/Torbjørn Tandberg)

Ny melding til Stortinget om distrikts- og regionalpolitikken: Ta heile Noreg i bruk!


Noreg er annleislandet i Europa. Vi har klart å kombinere sterk økonomisk vekst med gode levekår over heile landet og relativt små geografiske forskjellar. Vi har høg verdiskaping fordi vi har klart å ta heile Noreg i bruk!

- Dette har ikkje skjedd av seg sjølv, men er resultatet av ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk over tid. Det er ein suksesshistorie, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

At det bur menneske over alt i landet er eit symbol for det norske. Spreidd busetnad er med på å definere Noreg sin identitet og attraktivitet. Samla sett har vi i dag den beste folketalsutviklinga i Distrikts-Noreg på over 30 år. Alle fylka har vekst i folketalet dei siste åra, og 107 fleire kommunar hadde vekst i 2012 enn i 2006.

Forside Stortingsmelding om distrtikts- og regionalpolitikk
Ta heile Noreg i bruk - Distrikts- og regionalpolitikken.

Regjeringa vil fortsetje ein aktiv og offensiv distrikts- og regionalpolitikk. Det handlar om sterk kommuneøkonomi for å sikre gode velferdstenester. Vi vil satse på samferdsel, både kollektivtilbod, betre vegar, tunnelar, jernbane og breiband for å sikre moglegheiter for alle. Det handlar om verdiskaping og næringsutvikling i heile landet.

Tiltakssona styrkjer tilhøva for busetnad og næringsliv i nord. Den differensierte arbeidsgjevaravgifta sikrar betre moglegheiter for næringslivet, òg i område med store avstandar og små arbeidsmarknader.

Nye samfunnsutfordringar

Samstundes må politikken fornyast. Samfunnsutfordringane er annleis enn for få år sidan. Sentralisering og vekst i storbyregionane skuldast i hovudsak innvandring og fødselsoverskot, og i liten grad innanlandsk flytting. Alle kommunar får nye innbyggjarar. Inkludering og bustadbygging er viktige tema i heile landet.

Lokalt engasjement

Det er låg arbeidsløyse og i aukande grad mangel på arbeidskraft. Kompetansearbeidsplassane er skeivt geografisk fordelte og rett kompetanse blir stadig viktigare, både i privat og offentleg sektor. Ei todeling av norsk næringsliv gjev nye geografiske skilnader. Politikken og innsatsen frå lokale, regionale og nasjonale styresmakter må difor endrast.

- Kommunar og lokalsamfunn må sjå potensialet i dei som kjem heller enn å fokusere på dei som drar. Eldsjeler og lokalt engasjement kan utgjere ein stor forskjell for mange lokalsamfunn. Regjeringa støttar opp om lokalt utviklingsarbeid for å skape attraktive lokalsamfunn, seier statsråden.

Skreddarsaum

Regionale utfordringar og regionalt potensial krev regionale løysingar. Difor overfører regjeringa størsteparten av midlane til regional utvikling til fylkeskommunane. Det meste går til å skape nye arbeidsplassar og til omstillingstiltak. Saman med Innovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet må fylkeskommunane sørgje for betre regional skreddarsaum i innsatsen for bedrifter og entreprenørar.

- Vi må leggje til rette for eit meir kunnskapsintensivt næringsliv. Regjeringa vil setje høgskular og andre utdanningsinstitusjonar betre i stand til å levere kompetent arbeidskraft tilpassa behovet til det regionale næringslivet. Målet er størst mogleg verdiskaping, seier Navarsete.

Arbeid er nøkkelen til framgang, for den einskilde så vel som for samfunnet. Vi har høg verdiskaping fordi vi klarer å nytte dei menneskelege og naturgitte ressursane til å skape verdiar. Distrikts- og regionalpolitikken er til det beste for landet. Ta heile Noreg i bruk!

Lenker:

____________________________________________________________________________________________________________________________

Det er ikkje ei einsidig flytting frå distrikta til storbyregionane

 

Kart som viser innenlands nettoflytting

 (Klikk på bildet for større versjon)

Fig. 1: Innanlandsk nettoflytting. (Kjelde: SSB)

 
Kart som viser flyttestrøm inn og ut av landsdelene

 (Klikk på bildet for større versjon)

Fig. 2: Innanlandsk brutto- og nettoflytting.(Figuren er utarbeidd av departementet med data
frå SSB)

Det er ein myte at det går ein massiv flyttestraum frå land til by som fører til kraftig sentralisering. Dette dels fordi flyttestraumane går begge vegar, og dels fordi innanlandsk flytting har lite å seie for veksten i storbyane.

Kartet som syner innanlandsk nettoflytting mellom landsdelane (fig1) kan mistolkast til at det skjer ei einsidig flytting frå resten av landet til det sentrale Austlandet. Kartet som syner høvet mellom talet på dei som har flytta inn og ut av landsdelane (fig2), fortel ei anna historie. Dei grøne pilene viser innflyttinga, dei raude utflyttinga og dei svarte den innanlandske nettoflyttinga. Straumane er nesten like store kvar veg. Dersom vi legg til innvandringa frå utlandet, har alle landsdelar netto innflytting.

Alle fylka har hatt vekst i folketalet

Dei siste åra er nedgangen i folketalet i mange distriktskommunar snudd til vekst. Men det er store skilnader mellom kommunane, og framleis er det mange distriktskommunar som slit med nedgang i folketalet og med å oppretthalde det offentlege og private tenestetilbodet. Av 117 kommunar med nedgang i folketalet i 2011 ligg 115 innanfor det distriktspolitiske verkeområdet.
Samla sett har vi i dag likevel den beste folketalsutviklinga i Distrikts-Noreg på over 30 år. Hovudårsaka er innvandring. Alle fylka har hatt vekst i folketalet dei siste åra, og det var 118 fleire kommunar med vekst i 2011 enn i 2006.


Distrikts- og regionalpolitikken verkar og er viktig framover!

______________________________________________________________
 

Eksempel frå distrikts- og regionalpolitikken


”Aktiv distrikts- og regionalpolitikk” er tittelen på eksempelsamlinga som Kommunal- og regionaldepartementet gir ut i samband med den nye meldinga til Stortinget. I heftet finn du døme på kva ein får til med den distrikts- og regionalpolitiske innsatsen. 17 artikler er henta frå ulike delar av landet.

Innhald - Eksempelsamling

Attraktive lokalsamfunn

Tilflyttarar

Eit godt tenestetilbod

Kopling av arbeidsmarknader

God kapasitet på breiband

Næringsretta innsats

Entreprenørskap

Omstilling

Verdiskaping knytt til kultur- og naturarven

____________________________________________________________________________________________________________________________

Styrka verdiskaping i fjellområda


Kommunal- og regionaldepartementet bidreg med 10 millionar kroner for å styrke grunnlaget for verdiskaping og næringsutvikling i fjellområda. Sentralt i satsinga vert kompetanse- og nettverksbygging, entreprenørskap og innovasjon.

- Med denne satsinga ynskjer me å utløyse potensialet for verdiskaping knytt til dei ressursane som finst i fjellområda, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Oppland fylkeskommune skal koordinere arbeidet

Oppland fylkeskommune får oppdraget med å forvalte midlane. Forvaltninga skal skje gjennom eit aktivt samarbeid med andre fylkeskommunar i fjellområda, fjellkommunar, fylkesmenn og andre. Det er også naturleg å vente god dialog med representantar frå næringslivet og viktige interesseorganisasjonar.

I Oppland fylkeskommune jobbar dei aktivt for å fremje interessene til fjellområda. Det gjer dei gjennom eit breitt fagleg samarbeid, også ut over fylkesgrensene. Dei har og ei sentral rolle i Fjellregionsamarbeidet, som er ein politisk samarbeidsplattform mellom fylkeskommunar, regionråd og enkeltkommunar i fjellområda.

 - Me meiner difor at Oppland fylkeskommune har eit godt grunnlag for å koordinere arbeidet med å fremje ei heilskapleg satsing på verdiskaping og samarbeid i fjellområda, seier Liv Signe Navarsete. 

77 fjellkommunar

Østlandsforsking har på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet definert fjellområda. Minimum 50 prosent av arealet i ein kommunen må liggje over 700 moh (600 moh. i Nord-Trøndelag). Ut frå den definisjonen kom dei fram til 77 kommunar i Sør- og Midt-Noreg som ligg i fjellområda.

____________________________________________________________________________________________________________________________

 
Tegneserie: Faser i en gründers liv
Teikningar av Bendik Kaltenborn/byHands

Ny tovegs informasjonsteneste for gründerar hos Innovasjon Noreg


Kommunal- og regionaldepartementet har løyvd 10 millionar kroner til utvikling av ei nettbasert interaktiv teneste for gründerar. Tenesta skal gjere det lettare for gründerar å finne informasjon og raskt få svar på spørsmål.

Innovasjon Noreg har kome langt i å utvikle ei ny, nettbasert teneste. Utviklinga skjer i nært samarbeid med Altinn og ei gruppe gründerar. Tenesta vil venteleg vere klar til bruk til sommaren.

- Målet er at det skal bli lettare å finne relevant informasjon, og at gründerar skal få raskare svar på spørsmål. Tenesta skal omfatte både Innovasjon Noreg sine eigne ordningar og annan informasjon som er nyttig for ein gründer før, under og etter etablering av verksemd, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Satsinga må også sjåast i ljos av andre tiltak overfor nyetablerarar, som styrking og ny innretning av etablerartilskotet, mentorordninga for unge og tilbodet mange gründerar har gjennom den auka satsinga på næringshagar og inkubatorar.

Forslag frå Gründerrådet

Kommunal- og regionaldepartementet sette hausten 2011 ned eit råd av gründerar som blei bedt om å føreslå tiltak for å gjere situasjonen lettare for nyetablerarar. Rådet leverte sin rapport i juni 2012. Gründerrådet foreslo mellom anna å etablere ein internettportal der all gründerrelevant informasjon er samla. Tiltaket i Innovasjon Noreg er eit svar på ønsket frå gründerane.

Lenke

__________________________________________________________________________________________

Meir næringsretta kompetansebygging


Kommunal- og regionaldepartementet styrkjer regjeringa si satsing på samarbeid mellom næringsliv og utdanningsinstitusjonar.

Som ein del av arbeidet med å utvikle eit meir kompetansedyktig næringsliv, har Kommunal- og regionaldepartementet sett av 20 millionar kroner på budsjettet for 2013 til næringsretta kompetansebygging.

- Me ynskjer å støtte prosjekt som styrkjer det næringsretta utdanningstilbodet og kompetansebygging i bedriftene, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Tiltaket skal bidra til å styrkje næringsmiljø og verksemder, særleg i Distrikts-Noreg, og vere eit supplement til eksisterande ordningar. Midlane skal nyttast til å utvikle godt tilpassa, praksisnære og næringsretta tilbod i fagskule, høgare utdanning og/eller etter- og vidareutdanning.

 Fordeling av kompetansearbeidsplassar

Innsatsen er mellom anna ei konkret oppfølging av Kompetansearbeidsplassutvalet (NOU 2011:3 Kompetansearbeidsplasser –drivkraft for vekst i hele landet). Utvalet peika på store geografiske forskjellar i fordelinga av kompetansearbeidsplassar i landet, og difor behov for ei sterkare satsing på kompetansebygging i område utanfor Oslo og dei store byane.

Innovasjon Noreg arbeider no, i samarbeid med fylkeskommunane, SIVA, Noregs forskingsråd og næringsliv, med å utvikle innhaldet i ei satsing på næringsretta kompetansebygging. Utlysninga vil skje i løpet av våren 2013.

- Eit lønsamt og konkurransedyktig norsk næringsliv er heilt avhengig av solid kompetanse i heile arbeidsstokken. Det gjev grunnlag for verdiskaping og busetting i heile landet, meiner kommunal- og regionalministeren.

______________________________________________________________

Nytt om forskning

______________________________________________________________

Hva skjer?
 

1) Bulystkonferansen 2013, 9.-10. april, Jølster.
Tema for konferansen er arbeidslyst, bolyst og blilyst. Konferansen vil se på hvordan kommunene tar i mot de nye innbyggerne, hvordan er det å være utenlandsk innflytter i ei norsk bygd og drøfte hva som skjer om arbeidsmarkedet endrer seg i negativ retning. Konferansen blir arrangert av kommunene Gloppen, Jølster og Luster, Høgskulen og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

2) SIVA-nett, 16.-17. april, Trondheim.
Årets tema er Nye industrielle muligheter. SIVA-nett er et møtested for sentrale personer fra ulike miljø som er involvert i bedrifts- og næringsutvikling. Hensikten med samlingene er å etablere og styrke nettverket, utveksle erfaringer samt å bidra til å utvikle levedyktige bedrifter og bedriftsmiljø.

3) Regionale forskningsfonds årskonferanse, 22.-23. mai, Svolvær.
Det blir innlegg om Forskningsmeldingen og dens perspektiv på forskning i regionene, og Regionalmeldingen og dens perspektiv på forskning. Program kommer senere.

4) Høgskoler og samfunn i samhandling, 11.-13. juni, Trondheim.
Høyere utdanning, arbeidsliv og forvaltning - samhandling og nytenking er tema for konferansen. Målgruppene for konferansen retter seg mot politikere, ansatte i virksomheter som samhandler med høyeere utdanningsinstitusjoner, samt fagpersonale og administrasjon i høyere utdanning. Konferansen arrangeres av Høgskolen i Sør-Trøndelag.

5) Sommerskole i sammenlignende distriktspolitikk, 16.-30. juni, Bertimoro, Nord-Italia.
Sammen med en rekke universiteter i Europa og Nord-Amerika arrangerer Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) sommerskolen. Sommerskolen passer for mastergradsstudenter, PHD- studenter og ansatte i forvaltningen.

6) Vågåseminaret, 11.-13. september, Vågå. 
Vågå kommune arrangerer Vågåseminaret, som er et distriktspolitisk seminar. Seminaret er en kombinasjon av faglig påfyll, motivasjon, erfaringsutveksling og sanselige inntrykk. Program og påmelding kommer senere.

7) Bygdeforskningsdagen 2013, 4.-5. november, Trondheim. 
Bygdeforskning arrangerer bygdeforskningsdagen med tema Ny mobilitet i bygdene. Påmelding og program kommer senere.