Ot.prp. nr. 76 (2006-2007)

Om lov om endringar i straffeprosessloven (avgrensa dokumentinnsyn og provføring)

Til innhaldsliste

10 Merknader til dei einskilde paragrafane

Til § 28:

Paragraf 28 gjeld retten til innsyn etter at straffesaka er avslutta. Tilvisinga i tredje ledd fjerde punktum til § 242 a tredje til femte ledd vert foreslått endra for å speile dei foreslåtte endringane i § 242 a. Tilvisinga gjeld etter framlegget § 242 a tredje til sjuande ledd. For ei nærare omtale av desse ledda, sjå merknaden til § 242 a.

Paragraf 242 a sjuande ledd tredje punktum vil ikkje gjelde ved kravsmål om innsyn etter § 28, fordi særskild advokat etter § 100 a ikkje vert oppnemnd i slike saker.

Til § 52:

Paragraf 52 gir reglar om orskurdar. Tredje ledd sjette og sjuande punktum vert foreslått oppheva. Sjette punktum seier i dag at varslingsreglane for orskurdar som fastset anonym vitneføring gjeld på same måte så langt dei høver i saker om innsynsnekt og provavskjering. Etter sjuande ledd skal orskurden i slike saker meldast til advokaten som er særskilt oppnemnd etter § 100 a. For ei nærare omtale av § 52, sjå punkt 4.4.

Den mistenkte/sikta sin rett til varsel om orskurdar om innsynsnekt etter § 242 a og provavskjering etter § 292 a vert etter framlegget regulert av høvesvis § 242 sjuande ledd og § 292 a fjerde ledd, jf. § 242 a sjuande ledd. Det same gjeld saker etter § 28 tredje ledd tredje til sjette punktum, § 264 sjette ledd og § 267 første ledd tredje punktum, jf. § 264 sjette ledd, som alle viser til § 242 a nytt sjuande ledd.

Til § 82 tredje ledd:

Etter gjeldande rett får den mistenkte status som sikta mellom anna når påtalemakta fremjar krav om å ta dokument unna innsyn etter straffeprosessloven § 242 a. Forslaget til nytt tredje punktum inneber at den mistenkte ikkje skal få stilling som sikta ved kravsmål om å nekte innsyn når det vert gjennomført skjult etterforsking, jf. nærare punkt 7.3.2.

Noverande tredje punktum vert vidareført som nytt fjerde punktum. Her heiter det at ein mistenkt som nemnd i første og andre punktum likevel får stilling som sikta i høve til reglane om erstatning i kapittel 31. Departementet foreslår ikkje at tilsvarande skal gjelde ein mistenkt som nemnd i tredje ledd, fordi krav om innsynsnekt ikkje er like inngripande overfor mistenkte som tvangsmidla nemnd i første og andre punktum.

Omgrepet skjult etterforsking er ikkje tidlegare nytta i lova, jf. likevel politiloven § 17 b første ledd nr. 5 som nytter omgrepet «åpen etterforskning». Grensa mellom skjult og open etterforsking skal vere den same i § 82 tredje ledd tredje punktum som i politiloven § 17 b første ledd nr. 5, sjå nærarer punkt 7.3.2.

Etterforsking vil difor etter § 82 vere «skjult» når politiet ikkje har gått ut med informasjon om det pågåande etterforskingsarbeidet og det ikkje av andre grunnar er ålment kjent at ei straffbar handling har funne stad, og personen etterforskinga er retta mot, ikkje er gjort kjent med at han er å rekne som mistenkt i saka.

Til § 242 a:

Tredje og sjuande ledd er heilt nye, og det vert samstundes foreslått einskilde endringar elles i føresegna.

I første leddførste punktum vert ordlyden foreslått endra frå «siktede og forsvareren» til «mistenkte og forsvareren». Dette heng saman med forslaget om at den mistenkte ved skjult etterforsking ikkje skal få status som sikta ved at påtalemakta set fram krav om å nekte innsyn, jf. merknadene til § 82 tredje ledd nytt tredje punktum. Av same grunn er omgrepet «mistenkte» foreslått alle andre stader i paragrafen der omgrepet «siktede» er nytta i dag.

Forslaget til nytt tredje ledd gjer det klart at § 242 a òg kan verte nytta for å nekte innsyn i opplysningar som er lagde fram for retten som grunnlag for ekstraordinære tvangsmiddel. Det er etter gjeldande rett uklart om paragrafen kan verte nytta på denne måten, jf. punkt 4.3. Tredje ledd har til føremål å rydde av vegen tvil på dette punktet. Forslaget om å opne for å halde inngangsopplysningar unna innsyn, femner berre om opplysningar påtalemakta ikkje vil gjere gjeldande som prov under hovudforhandlinga eller i kravsmål om ordinære tvangsmiddel. Sjå elles kapittel 6, særleg punkt 6.3, der forlaget til endring vert omhandla.

Noverande tredje ledd er foreslått flytta til fjerde ledd og innhaldsmessig endra. Tilvisinga i første punktum til § 130 a fjerde ledd er teken ut, fordi teieplikta etter forslaget vert regulert av § 242 a sjuande ledd andre punktum, jf. § 216 i første ledd første punktum. Elles vert første punktum i føresegna vidareført. Gjeldande andre punktum, om den sikta og forsvararen sin rett til å gjere seg kjent med prosesskriv og ta del i rettsmøte, vert foreslått oppheva. Den prosessuelle stillinga til den mistenkte i innsynssaka vert etter forslaget regulert av nytt sjuande ledd. Noverande tredje punktum, om innstilling av strafforfølginga etter at det ligg føre ein rettskraftig orskurd om innsyn, vert foreslått ført vidare som andre punktum.

Noverande femte ledd vert etter forslaget sjette ledd. På grunn av forslaget til nytt tredje ledd og endra fjerde ledd må tilvisinga endrast.

Utkastet til nytt sjuande ledd regulerer dei prosessuelle rettane til den mistenkte og forsvararen i § 242 a-saka. Første punktum slår fast at kravet frå statsadvokaten om innsynsnekt og andre dokument knytt til innsynssaka ikkje er å rekne som «sakens dokumenter» i ei straffesak; innsynssaka skal vere ei eiga sak. Den foreslåtte føresegna inneber at den rettstilstanden som kom til uttrykk i Rt. 2006 side 95, om at dokument påtalemakta legg fram for retten for å grunngi eit krav om innsynsnekt skulle reknast som «sakens dokumenter», og at mistenkte og forsvararen difor i utgangspunktet kunne få innsyn, ikkje lenger skal gjelde. Første punktum fastset til slutt at den mistenkte og forsvararen ikkje har rett til innsyn i dokumenta i innsynssaka. For ei nærare omtale, sjå punkt 7.3. Andre punktumfastset at § 216 e andre ledd og § 216 i første ledd første punktum gjeld tilsvarande for handsaminga av eit kravsmål om innsynsnekt. Tilvisinga til § 216 e andre ledd inneber at ei avgjerd om innsynsnekt skal verte treft utan at mistenkte har høve til å uttale seg, og at han ikkje skal ha varsel om orskurden, sjå nærare punkt 8.3.

Tilvisinga til § 216 i første ledd første punktum inneber at alle dei involverte skal teie om at det er sett fram krav om eller fastsett å nekte innsyn, og om opplysningar som kjem fram ved handsaminga av kravsmålet, jf. nærare punkt 7.3.1. Teieplikta femner vidare enn etter gjeldande § 242 a tredje ledd første punktum.

Tredje punktumfastset at den særskild oppnemnde advokaten etter § 100 a skal ha varsel om ein orskurd etter § 242 a. Han skal gjerast kjent med både slutninga og premissane i orskurden. Tredje punkum er i det vesentlege ei vidareføring av § 52 tredje ledd sjuande punktum.

Eit unntak frå regelen om at mistenkte ikkje skal få varsel om ein orskurd etter § 242 a, går fram av fjerde punktum. Orskurd som går ut på å ta opplysningar unna innsyn, skal den mistenkte likevel få varsel om. Det er berre slutninga, og ikkje premissane, som skal verte gjort kjent for han. Når retten har avslått eit krav om å nekte dokumentinnsyn, skal den mistenkte derimot ikkje verte gjort kjent med orskurden, jf. andre punktum.

I femte punktum vert det foreslått ein regel om utsett varsling ved skjult etterforsking. Når det går føre seg skjult etterforsking mot den mistenkte, kan påtalemakta etter forslaget vente med å gjere han kjent med ein orskurd etter § 242 a til han får varsel om den skjulte etterforskinga, eller etterforskinga går over i ein open fase. I det sist nemnde høve har den mistenkte krav på varsel frå det tidspunktet etterforskinga vert open. For ein nærare omtale, sjå punkt 8.3.3. Omgrepet skjult etterforsking er nærare omtala i merknadene til § 82 tredje ledd og i punkt 7.3.2.

Til § 264:

Sjette ledd andre punktum vert foreslått endra for å spegle dei foreslåtte endringane i § 242 a. Etter gjeldande rett gjeld reglane i § 242 a tredje til femte ledd tilsvarande. Føresegna viser etter forslaget til § 242 a tredje til sjuande ledd.

Til § 292 a:

Paragrafen gjeld avskjering av prov i straffesaka.

Ved ein inkurie vart det ein skrivefeil i første ledd første punktum. Etter forslaget vert «er» endra til «en».

Noverande tredje ledd vert foreslått flytta til fjerde ledd, medan tredje ledd innhaldsmessig er nytt.

Nokre av dei same endringane som er foreslått i § 242 a, vert òg foreslått i § 292 a. Nytt tredje ledd opnar for at retten kan fastsetje at eit vitne ikkje skal forklare seg om omstende som kan røpe opplysningar som er lagde fram for retten som grunnlag for ei avgjerd om bruk av skjulte tvangsmiddel. Føresegna svarer til utkastet til nytt tredje ledd i § 242 a. Opplysningar som den mistenkte og forsvararen ikkje har høve til å gjere seg kjende med etter reglane om dokumentinnsyn, kan etter dette ikkje kome til kjennskapen deira gjennom vitneavhøyr, jf. punkt 6.3. Sjå om det nærare innhaldet i føresegna i merknadene til § 242 a tredje ledd.

Fjerde leddvidarefører noverande tredje ledd med visse endringar. Etter gjeldande tredje ledd gjeld «§ 242 a tredje til femte ledd tilsvarande så langt de passer». Tilvisingane er no skifta ut til å gjelde § 242 a fjerde til sjuande ledd. Det fører til at dei foreslåtte endringane i § 242 a òg gjeld for § 292 a så langt dei passar. Departementet legg til grunn at alle føresegnene i § 242 a fjerde til sjuande ledd i utgangspunktet passar, med unntak av sjuande ledd femte punktum om utsett varsling. Sjå punkt 6.3 om den nærare grunngjevinga for forslaget.

Til forsida