Ot.prp. nr. 76 (2006-2007)

Om lov om endringar i straffeprosessloven (avgrensa dokumentinnsyn og provføring)

Til innhaldsliste

4 Kort om gjeldande rett

4.1 Innleiing

Retten til dokumentinnsyn er ulik på dei ulike trinna i straffesaka. Under etterforskinga vert retten regulert av straffeprosessloven § 242, og frå tiltalen er teken ut av §§ 264 og 267, jf. § 327. Reglar om retten til dokumentinnsyn etter at saka er avslutta, går fram av § 28 og av påtaleinstruksen kapittel 4.

Etter §§ 242, 264 og 267 kan det krevjast innsyn i «sakens dokumenter». Avgrensinga er den same før og etter tiltale, jf. mellom anna Rt. 2006 s. 157. Paragraf 28 gir rett til innsyn i «dokumenter i en straffesak», men det vert lagt til grunn at ein må forstå dette omgrepet på same måten som «sakens dokumenter». Når eit dokument er å rekne som eit av «sakens dokumenter», vil mistenkte og forsvararen ha rett til innsyn, om ikkje opplysningane kan haldast unna innsyn etter særlege føresegner. Sjølv om innsynet gjeld dei same dokumenta på alle trinn i saka, varierer unntaka frå innsynsretten på dei ulike trinna.

På etterforskingstrinnet opnar straffeprosessloven for vide unntak frå innsynsretten, jf. § 242, mellom anna ut frå omsynet til etterforskinga, tredjepersonar, tryggleiken i riket og tilhøvet til framand stat. Etter at tiltale er teken ut, er høvet til å nekte innsyn snevrare, jf. §§ 264 og 267. Føresegnene opnar for unntak der omsynet til tryggleiken i riket eller tilhøvet til framand stat talar for å halde dokumenta hemmelege, og der det er kravd anonym vitneføring, jf. høvesvis § 264 fjerde og femte ledd og § 267 første ledd. Sjølv om § 267 første ledd ikkje uttrykkeleg viser til § 264 fjerde ledd om dokument som bør haldast hemmelege av omsyn til tryggleiken i riket og tilhøvet til framand stat, går det klart fram av førearbeida at føresegna skal gjelde på same måten, jf. Ot.prp. nr. 35 (1978 – 79) side 207.

Når saka er avslutta, regulerer § 28 høvet til å nekte innsyn. Innsyn her kan verte nekta berre av omsynet til tryggleiken i riket eller tilhøvet til framand stat eller «når det er grunn til å frykte at utskriften vil bli nyttet på urettmessig vis.» Paragraf 28 gjeld berre der straffesaka er avslutta av retten, jf. første ledd første punktum. Innsyn i dokumenta i straffesaker som er avslutta av påtalemakta, vert regulert av påtaleinstruksen § 4 – 1, men føresegna svarar i hovudsak til regelen i straffeprosessloven § 28.

Attmed dei nemnde unntaka gjeld ein generell unntaksregel på alle trinna i saka, jf. straffeprosessloven § 242 a og tilvisingane til denne føresegna i § 264 sjette ledd, § 267 første ledd, § 28 tredje ledd tredje punktum og påtaleinstruksen § 4 – 1 fjerde ledd tredje punktum. Paragraf 242 a vert omtala i punkt 4.3 nedanfor.

4.2 Kva er «sakens dokumenter»

Når ein skal vurdere kva som er dokument som høyrer til saka («sakens dokumenter»), må ein sjå kva for dokument som er oppførde på dokumentlista som vert ført i straffesaker, jf. til dømes Rt. 2004 side 1642. Dette er likevel berre eit utgangspunkt: Ein kan ikkje halde eit dokument utanom innsynsretten ved at ein ikkje fører det i dokumentlista. Tradisjonelt har innsyn i saksdokumenta vore knytt til opplysningar og prov om sjølve det forholdet saka gjeld i vid tyding, jf. Rt. 1993 side 1077. Det er likevel ikkje slik at alle dokument som er knytt til eit forhold, vert å rekne som saksdokument. Høgsterett har lagt til grunn at politiet og påtalemakta har eit visst høve til å vurdere om arbeidsnotat om tips, tystaropplysningar o.a. skal vere saksdokument, og difor falle inn under innsynsretten, jf. Rt. 1993 side 1121. Grensa for høvet til å ta unna opplysningar frå innsyn, er ikkje heilt klar.

I Rt. 1991 side 1142 uttala Høgsterett at retten til innsyn i opplysningar påtalemakta har behandla som interne, må vurderast etter provavskjeringsregelen i straffeprosessloven § 292 andre ledd. Høgsterett sa at innsynsretten i opplysningar frå telefonkontroll «i hvert fall [måtte] gjelde de dokumenter som ikke vil kunne nektes ført som bevis under hovedforhandlingen» . Etter straffeprosessloven § 292 andre ledd – slik den lydde da orskurden vart sagt – kunne eit prov verte avskore dersom det gjaldt forhold som var «uten betydning for saken» eller allereie var tilstrekkeleg prova. Dette førte til at dokument som hadde noko å seie for saka, måtte verte gjorte til saksdokument. Synspunktet vart følgt opp i seinare praksis, jf. mellom anna Rt. 2005 side 198. I Rt. 1991 side 1142 vert det berre sagt at «innsynsretten må i hvert fall gjelde» dokument som ikkje kan nektast ført som prov. Den motsette situasjonen, altså der vilkåra for å nekte provføring er oppfylte, uttala Høgsterett seg ikkje særleg om. Inntil nyleg har ein lagt til grunn som sikker rett at dokument som kan verte avskorne etter § 292 andre ledd, ikkje må gjerast til saksdokument, jf. mellom anna Ot.prp. nr. 64 (1998 – 99) side 68 – 69 og Ot.prp. nr. 24 (2002 – 2003) side 14 andre spalte.

Ved lov 28. juni 2002 nr. 55 vart § 292 endra slik at retten ikkje berre kan avskjere prov som gjeld forhold som er «uten betydning for saken», men også bevis om forhold som er «uten betydning for dommens innhold». Dette reiste spørsmålet om endringa med skulle gjelde for høvet til å halde dokument attende frå innsyn. Spørsmålet er ikkje lenger aktuelt, fordi koplinga mellom straffeprosessloven §§ 242 a og 292 ikkje lenger gjeld. I Rt. 2005 side 1137 uttala fleirtalet i Høgsterett (i avsnitt 66):

«Det går fram av lovteksten i § 292 at føresegna gjeld kva som kan nektast ført som bevis under hovudforhandling, og ikkje retten til innsyn på eit tidlegare tidspunkt. Det er til vanleg først under hovudforhandlinga at ein dommar har eit rimeleg grunnlag for å ta standpunkt til om eit materiale heilt eller delvis ikke vedkjem saka, med andre ord «ikke kan ha betydning for avgjørelsen av selve saken», jf. Bjerke/Keiserud, Straffeprosessloven, 2001 s. 1017 med vidare tilvisingar.»

Synspunktet vart følgt opp i Rt. 2006 side 95 og i Rt. 2007 side 99 (Munch I). I sistnemnde avgjerd sa Kjæremålsutvalet (avsnitt 14 flg.):

«Lagmannsretten har lagt til grunn at dokumenter som kan nektes ført for retten etter [§ 292], faller utenfor begrepet «sakens dokumenter». Kjæremålsutvalget er ikke enig i det. Det kan ikke være tvil om at dokumenter som er utferdiget i forbindelse med påtalemyndighetens arbeid med å få tilbake et ransutbytte, i utgangspunktet hører til sakens dokumenter og omfattes av forsvarerens rett til innsyn i dokumentene i medhold av lovens § 264. Utvalget kan ikke se at § 292 begrenser denne retten.»

Det må etter dette leggjast til grunn at provavskjeringsregelen i § 292 ikkje avgrensar retten til innsyn.

Det er vanskeleg å gi eit presist oversyn over kva som fell inn under omgrepet «sakens dokumenter». Departementet viser i denne samanhengen til at det vil verte satt ned eit utval som mellom anna skal sjå på omfanget av innsynsretten, medrekna kva som utgjer saksdokumenta og kva for høve påtalemakta har til å halde opplysningar utanfor saksdokumenta.

I den seinare tida har Høgsterett likevel gitt ei rekkje avgjerder om kva for dokument som skal inngå i saksdokumenta og dermed kunne krevjast innsyn i. Fleire av avgjerdene gjeld innsyn i materiale i samband med kommunikasjonskontroll. Bruken av innsynsreglane på materiale frå kommunikasjonskontroll står i ei særstilling, fordi slikt materiale i utgangspunktet er underlagt særlege reglar, jf. straffeprosessloven kapittel 16 a. Innsynsproblematikken i desse sakene krev difor ei særleg omtale.

I Rt. 2003 side 648 (avsnitt 20) uttala kjæremålsutvalet at »[i] verserende straffesaker vil (…) siktedes/tiltaltes og forsvarerens adgang til sakens dokumenter etter straffeprosessloven § 242 og – når tiltale er tatt ut – § 264, ikke være begrenset av bestemmelsene i straffeprosessloven kapittel 16 a.» Dette gjeld likevel ikkje utan unntak: I Rt. 2004 side 2023 kom Høgsterett til at opplysningar frå kommunikasjonskontroll som ikkje var brukte i etterforskinga, er omfatta av teieplikta i § 216 i og ikkje kan krevjast innsyn i etter § 242. Vidare gjeld § 216 e andre ledd om at avgjerder som tek stilling til krav om kommunikasjonskontroll, ikkje skal verte gjort kjente for mistenkte. Det kan verte gitt innsyn frå det tidspunktet opplysningane vert tekne i bruk i etterforskinga.

I Rt. 2005 side 1137, som gjaldt innsynsretten etter at tiltale var teken ut, kom Høgsterett til at (avsnitt 67 og 74, jf. avsnitt 73) «behandlinga av materiale frå kommunikasjonskontroll følgjer dei vanlege reglane om dokumentinnsyn i straffeprosessloven § 264, på linje med det som elles gjeld». Innsynsretten gjeld etter dette «det samlete materiale fremkommet ved kommunikasjonskontroll». Dette vil seie at tiltalte har rett til innsyn i alt skriftleg materiale som er oppretta i samband med nærare fastette krav om kommunikasjonskontroll og i alt materiale som har kome fram ved gjennomføringa av kommunikasjonskontrollen. Det er ikkje noko vilkår at opplysningane er brukte i etterforskinga. Sletteplikta, jf. § 216 g, gjeld først når forsvararen har fått fullt innsyn i materialet. Frå utgangspunktet om at alt materiale frå kommunikasjonskontrollen vert omfatta av saksdokumenta, må ein gjere unntak for opplysningar som er underlagde provforbod, jf. avsnitt 76 i den same orskurden. Den sikta kan etter dette få innsyn i opplysningar om kva som danna grunnlaget for å sette i verk kommunikasjonskontroll. Det er ikkje endelig avklart om opplysningar som dannar grunnlag for ekstraordinære etterforskingsmetodar kan verte haldne unna innsyn etter straffeprosessloven § 242 a, jf. punkt 4.3.

I Rt. 2006 side 95 presiserte Høgsterett utgangspunktet om at innsynsretten gjeld det samla materialet. Her kom fleirtalet i Høgsterett til at dokument som påtalemakta legg fram for retten for å grunngje eit krav om å ta unna dokument frå innsyn i medhald av straffeprosessloven § 242 a, også må reknast som «sakens dokumenter». Høgsterett peikte på at påtalemakta, dersom det var naudsynt for å verne opplysningane, kunne krevje dokumenta i innsynssaka tatt unna etter § 242 a.

4.3 Høvet til å nekte innsyn etter straffeprosessloven § 242 a

Straffeprosessloven § 242 a kom inn ved endringslov 9. mai 2003 nr. 30. Føremålet med føresegna er å verne politiet sine kjelder og informantar, politiet sin metodebruk og samarbeidet med utanlandske styresmakter. Føresegna opnar for at tingretten kan nekte innsyn når nærare fastsette vilkår er oppfylte. Sjølv om vilkåra er oppfylte, har retten inga plikt til å seie orskurd om nekting av innsyn. Retten må gjere ei skjønsmessig vurdering av om den bør nekte innsyn. Jamvel om retten gir orskurd om innsynsnekt, kan påtalemakta velje å gi innsyn.

Paragraf 242 a har tre kumulative vilkår for å nekte innsyn: Det må vere opplysningar som påtalemakta ikkje vil gjere gjeldande som prov, det må vere «strengt nødvendig» å nekte innsyn, og ei nekting må ikkje føre med seg «vesentlige betenkeligheter av hensyn til den siktedes forsvar». Dei omstenda som kan grunne nekting av innsyn, er lista opp i første ledd bokstav a til d: Det må vere fare for «en alvorlig forbrytelse mot noens liv, helse eller frihet» (bokstav a), «at muligheten for en person til å delta skjult i etterforskningen av andre saker som nevnt i annet ledd, blir vesentlig vanskeliggjort» (bokstav b), «at muligheten for politiet til å forebygge eller etterforske forbrytelser som nevnt i annet ledd, blir vesentlig vanskeliggjort fordi informasjon om andre saker eller om politiets metodebruk blir kjent» (bokstav c) eller «at politiets samarbeid med et annet lands myndigheter blir vesentlig vanskeliggjort» (bokstav d). Alternativa som er lista opp i bokstav b til d kan berre verte gjort gjeldande når handlinga har ei strafferamme på fengsel i meir enn 5 år eller vert ramma av nærare opplista straffebod, jf. § 242 a andre ledd.

Det første vilkåret – at det må vere opplysningar som påtalemakta ikkje vil gjere gjeldande som prov – gir opphav til spørsmålet om føresegna opnar for å ta unna opplysningar som har danna grunnlag for bruk av ekstraordinære etterforskingsmetodar. Forutan prov som vert gjort gjeldande under hovudforhandlinga, vil heller ikkje prov som vert gjort gjeldande «for å begrunne varetektsfengsling eller bruk av andre tvangsmidler» kunne takast unna etter § 242 a, jf. Ot.prp. nr. 24 (2002 – 2003) side 69 – 70. Førearbeida drøftar ikkje om ein etter føresegna kan ta unna prov som vert gjort gjeldande for å grunngi bruk av ekstraordinære tvangsmiddel. Spørsmålet er heller ikkje avklart i rettspraksis.

I vilkåret om at det må vere «strengt nødvendig» å nekte innsyn, ligg ifølgje Ot.prp.nr. 24 (2002 – 2003) side 72 eit krav om at:

«unntak er nødvendig for å sikre de verdiene som ligger bak unntakene i bokstav a til d. I utgangspunktet kan unntak fra dokumentinnsyn ikke besluttes hvis tilstrekkelig beskyttelse kan gis på annen måte. En må se hen til hva som er rimelig og hvordan beskyttelsen bør gis.»

Det siste vilkåret for å nekte innsyn er at det ikkje vil medføre «vesentlige betenkeligheter av hensyn til siktedes forsvar». I Ot.prp. nr. 24 (2002 – 2003) side 73 heiter det om vilkåret:

«I «vesentlige betenkeligheter» ligger at ikke enhver opplysning av mulig interesse for forsvareren er tilstrekkelig til å avskjære påtalemyndighetens begjæring. I den nærmere vurderingen må det særlig ses hen til hvor stor betydning opplysningene kan ha for den siktedes forsvar. Dersom det gjelder opplysninger som kan danne grunnlag for argumentasjon om at politiet har begått ulovlig provokasjon, opplysninger om andre prosedable straffrihetsgrunner eller straffritaksgrunner eller forhold som har vesentlig betydning for straffutmålingen, vil det i utgangspunktet foreligge «vesentlige betenkeligheter». Hvis det derimot gjelder opplysninger som ikke har noen betydning for forsvaret, vil det ikke foreligge «vesentlige betenkeligheter».

Mellom disse ytterpunktene vil det oppstå tilfeller som må avklares i praksis. Selv om det kan oppstilles enkelte retningslinjer for den nærmere vurderingen, er det ikke mulig i forarbeidene å angi akkurat hvor mye som skal til for at det må anses å foreligge «vesentlige betenkeligheter». Dette må avgjøres konkret og etter en totalvurdering ut fra forholdene i hver enkelt sak.»

Vilkåret er ikkje like strengt som vilkåret for å avskjere prov i § 292, «uten betydning for dommens innhold», jf. Rt. 2006 side 650 (på side 651). Innsyn kan difor verte nekta jamvel om opplysningane har ei viss intersse for skuld- og straffespørsmålet.

I Rt. 2007 side 321 uttala kjæremålsutvalet (avsnitt 56):

«[o]m nektet innsyn vil innebære vesentlige betenkeligheter av hensyn til den siktedes forsvar, kan neppe ses isolert fra de interesser som kan begrunne at innsyn nektes. Men spørsmålet vil likevel først og fremst være i hvilken grad nektet innsyn kan frata siktede muligheter for argumentasjon – og eventuelt supplerende bevisførsel – av vesentlig betydning for utfallet av straffesaken. »

Dersom påtalemakta ikkje får medhald i eit kravsmål om å halde unna sensitivt materiale frå innsyn, kan ho berre verne materialet ved å innstille strafforfølginga, jf. § 242 a tredje ledd tredje punktum.

4.4 Retten til varsel om domstolen si avgjerd etter kravsmål om nekting av innsyn, jf. straffeprosessloven § 52

Det går fram av § 52 tredje ledd sjette punktum, saman med første og andre punktum, at den sikta skal få varsel om at retten har nekta dokumentinnsyn. Elles skal den sikta ikkje verte gjort kjent med innhaldet i avgjerda, jf. andre punktum. Den sikta skal til dømes ikkje få opplyst kva for eit av dei fire alternative for å nekte innsyn avgjerda byggjer på.

Dersom kravet om å nekte innsyn ikkje vert teke til følgje, gjeld hovudregelen om at den sikta eller andre avgjerda kjem ved, skal få varsel om orskurden snarast råd, jf. Ot. prp. nr. 24 (2002 – 2003) side 66. Unntak gjeld berre dersom påtalemakta innstiller forfølginga, jf. straffeprosessloven § 242 a tredje ledd tredje punktum, jf. § 72 første ledd andre punktum. I desse tilfella gjeld regelen i § 52 tredje ledd sjette, jf. første og andre punktum, om at den sikta berre skal verte gjort kjent med konklusjonen i orskurden.

Til forsida