Prop. 25 S (2023–2024)

Endringar i statsbudsjettet 2023 under Nærings- og fiskeridepartementet

Til innhaldsliste

4 Markedsadgang og eksport

Kap. 940 Internasjonaliseringstiltak

Post 70 Eksportfremjetiltak

Løyvinga skal finansiere dei nasjonale eksportfremjesatsingane som følger opp eksportreforma Heile Noreg eksporterer. Gjennom eksportreforma har departementet etablert eit Nasjonalt eksportråd som gir råd og innspel til næringsministeren og utformar framlegg til større strategiske eksportfremjesatsingar. Rådet er satt saman av representantar frå næringslivet og partane i arbeidslivet. Nasjonalt eksportråd har levert forslag til eksportfremjesatsingar på havvind, meir og grønare maritim transport og design- og livsstilindustrien, og arbeider med å konkretisere eksportfremjesatsingar på helseindustrien og reiselivsnæringa. Alt arbeid skjer i nær dialog med norsk næringsliv slik at satsingane er godt forankra. Det har teke tid å ta i bruk løyvinga, men ein har no igangsett satsingane på havvind og meir og grønare maritim transport. Det arbeides vidare med å etablere fleire eksportfremjesatsingar. Fordi arbeidet ikkje er fullført, vil det ikkje vere mogleg å nytte alle midlane som er sett av til føremålet i inneverande budsjettår. Midla er venta utbetalt i første halvår 2024, og Nærings- og fiskeridepartementet gjer derfor framlegg om å tilføye stikkordet «kan overførast» på posten i 2023, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 2429 Eksportkredittordninga

Post 90 Utlån

Departementet gjer framlegg om å justere opp løyvinga som følge av endra valutakursar på utbetalingstidspunkt, større engasjement innan forsvarsindustrien og auka aktivitet innan havvind, enn det som låg til grunn for løyvinga i Saldert budsjett 2023. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 7,1 mrd. kroner, til 13,1 mrd. kroner.

Kap. 5329 Eksportkredittordninga

Post 70 Gebyr m.m.

Løyvinga gjeld gebyrer i samband med utlån under Eksportkredittordninga. Som følge av auka utlånssaldo under Eksportkredittordninga har anslaget på gebyrer blitt justert opp. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 6 mill. kroner, til 26 mill. kroner.

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

I første halvår 2023 fekk Eksportkredittordninga større og fleire innfriingar enn forventa. Det er i stor grad bankar og obligasjonseigarar som har stått for innbetalingane. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1,2 mrd. kroner, til 10,0 mrd. kroner.

Kap. 5629 Renter frå eksportkredittordninga

Post 80 Renter

Renter under Eksportkredittordninga blir foreslått auka som følge av depresieringen av den norske krona mot anna valuta og ettersom utlånsporteføljen har auka. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke anslaget med 140 mill. kroner, til 970 mill. kroner.

Kap. 2460 Eksportfinansiering Noreg

Post 57 (ny) Tapsavsetjing for investeringar i og eksport til Ukraina

Gjenoppbygginga av Ukraina vil krevje store utanlandske investeringar. Grunna høg risiko vil utanlandske investeringar i Ukraina krevje tilrettelegging, mellom anna gjennom instrument for risikoavlastning. Eksportfinansiering Noreg (Eksfin) forvaltar i dag Garantiordning for investeringar i og eksport til utviklingsland (U-landsordninga), som har som formål å fremje norsk eksport og investeringar i land med høgare risiko enn det som er akseptabelt under Alminneleg garantiordning. Ordninga har ei ramme på 3 150 mill. kroner. Det er satt av eit grunnfond på 450 mill. kroner for å dekkje tap slik at Eksfin skal kunne ta større risiko i ordninga. Dersom grunnfondet blir brukt, er det lagt opp til at det skal bli fylt opp igjen med inntekter frå ordninga, slik at ordninga går i balanse på lang sikt.

Ukraina er omfatta av ordninga, men eit hinder for bruk av ordninga er at det blir stilt krav om medverking av bank. Den private bankmarknaden i Ukraina fungerer dårleg. Regjeringa foreslår at det blir gjort midlertidig unntak frå kravet om bankmedverknad i Ukraina under U-landsordninga for perioden 2024–2027.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at inntil 20 pst. (630 mill. kroner) av ramma for ordninga kan nyttast i Ukraina, utan krav om bankmedverknad, jf. forslag til vedtak IV. Formålet er å leggje til rette for at norsk næringsliv kan bidra i gjenoppbygginga av Ukraina med kompetanse, teknologi og investeringar.

Det vil framleis vere krav om at ordninga skal gå i balanse på lang sikt. Likevel er det knytt stor risiko til Ukraina no. For å ta høgde for auka risiko som følge av forslaget, gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å løyve 126 mill. kroner til tapsavsetjing for investeringar i og eksport til Ukraina.

Post 90 Utbetaling ifølge trekkfullmakt – Alminneleg garantiordning

Innlån og avdrag på Eksportfinansiering Noreg si trekkfullmakt blir bruttoført, dvs. at beløpa blir utgifts- og inntektsført kvar gong Eksfin tar opp eller tilbakebetalar på lånet, og akkumulert. Endring frå revidert nasjonalbudsjett skyldast ei innbetaling som kom seinare enn avtalt. Dette beløpet skulle bli brukt til ein anna utbetaling og forsinkinga resulterte i eit behov for mellomfinansiering for ein kort periode. Saldoen på lån i oktober er om lag 3 mrd. kroner. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 420 mill. kroner, til 820 mill. kroner.

Kap. 5460 Eksportfinansiering Noreg

Post 50 (ny) Tilbakeføring av tapsavsetjing for garantiordning for re-forsikring av kortsiktig kredittforsikring

Per 31. desember 2022 var det 95,4 mill. kroner i likviditet i garantiordning for re-forsikring av kredittforsikring. Uteståande garantiansvar var på om lag 18 mill. kroner. Det er derfor grunnlag for å tilbakeføre store delar av opparbeidd kapital i ordninga ettersom ordninga ikkje lenger er operativ. Samstundes viser erfaringane med den tidlegare reforsikringsavtalen med GIEK Kredittforsikring som blei avslutta i 2019, at det vil vere stor usikkerheit knytt til endeleg utfall i fleire år. Dette talar for at ein bør ha noko meir likviditet på ordninga enn det er uteståande garantiansvar. På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å tilbakeføre 60 mill. kroner frå ordninga til statskassa.

Post 53 (ny) Tilbakeføring av tapsavsetjing under Luftfartsgarantiordninga

For å avbøta konsekvensane av koronakrisa blei garantiordninga for luftfart (Luftfartsgarantiordninga) etablert i mars 2020, jf. Prop. 57 S og Innst. 200 S (2019–2020). Samla garantiramme for ordninga var 6 mrd. kroner, det blei løyvd 6 mrd. kroner til eventuelle tap og 6 mill. kroner til etablering og forvalting av ordninga. Under ordninga blei det gitt totalt fire garantiar, til Norwegian Air Shuttle ASA, SAS AB, Widerøe og Airwing. Under garantien for Airwing blei det utbetalt 9,2 mill. kroner kor 6,7 mill. kroner blei avskriven som tap og 2,5 mill. kroner blei tilbakebetalt. Widerøe førtidsinnfridde lånet på 450 mill. kroner, og det var ikkje noko tap på dette engasjementet. Under garantien til SAS AB blei det utbetalt 1,5 mrd. kroner. SAS er no i konkursvern og i ein restruktureringsprosess, og det er usikkert kor mykje av dette kravet som vil bli tilbakebetalt til staten. Under garantien til Norwegian Air Shuttle ASA blei det betalt ut nærare 3 mrd. kroner.

Luftfartsgarantiordninga er ikkje lenger operativ, men det står igjen om lag 4 mrd. kroner av løyvinga til tapsavsetting på 6 mrd. kroner. Ettersom det ikkje vil bli nye utbetalingar under garantiordninga, er det ikkje behov for tapsavsetjing knytt til denne ordninga. Under ordninga har det blitt betalt ut netto om lag 2 mrd. kroner frå tapsfondet. Av dette har 567,7 mill. kroner blitt avskrive som tap, og det er totalt 255 mill. kroner i tapte garanti- og renteinntekter. Staten har enno fordringar mot SAS og Norwegian, og det er uklart kor mykje som vil bli gjenvunne og kor mykje som vil bli tapt.

I forbinding med restruktureringa av Norwegian Air Shuttle ASA (NAS) i mai 2021 ga staten to lån til selskapet. Det eine av desse låna var eit obligasjonslån på 2,4 mrd. kroner. Dette lånet erstatta kravet Eksfin hadde mot selskapet i Luftfartsgarantiordninga. Delar av tapsavsetjinga under garantiordninga blei forutsett nytta til å dekkje eventuelle tap på dei to låna, jf. omtale under kap. 900, post 90 i Prop. 27 S (2021–2022).

Opphaveleg var planen å overføre oppfølginga av låna til Eksfin. Det viste seg å vere meir komplisert enn først antatt. Nærings- og fiskeridepartementet gjer derfor framlegg om at resten av tapsfondet blir forvalta av departementet, og at departementet held fram med å ha ansvar for å følge opp låna. Lånesaldo for desse låna er per oktober 2023 om lag 3,7 mrd. kroner. Nærings- og fiskeridepartementet gjer derfor framlegg om at 300 mill. kroner av gjenståande tapsavsetjing på 4 mrd. kroner blir tilbakeført til statskassa, medan resterande beløp (3,7 mrd. kroner) blir overført til ein tapsfondskonto forvalta av departementet.

Post 77 Inntekter frå midlertidig lånegarantiordning i samband med krigen i Ukraina

Midlertidig lånegarantiordning i samband med krigen i Ukraina slutta å vera operativ ved utgangen av 2022. Ordninga blei ikkje brukt, og det var derfor ikkje uteståande garantiansvar. Tapsavsetjing og administrasjonskostnader under ordninga blei tilbakeført i samband med revidert nasjonalbudsjett 2023, jf. Prop. 118 S (2022–2023). På grunnlag av at ordninga ikkje har blitt brukt og ikkje lenger er operativ gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at løyvinga blir redusert med 1 mill. kroner til 0.

Post 78 Inntekter frå midertidig lånegarantiordning i samband med høge straumprisar

Løyvinga gjeld inntekter frå midlertidig lånegarantiordning i samband med høge straumprisar. Ordninga slutta å vera operativ 1. april 2023. Den blei lite brukt og har derfor lite uteståande garantiansvar. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 955 000 kroner, til 45 000 kroner.

Post 90 Avdrag på lån knytt til bruk av trekkfullmakt under Alminneleg garantiordning

Etter revidert nasjonalbudsjett 2023 har Eksfin fått inn betydeleg gjenvinning i samband med eit engasjement som var i misleghald. Eksfin har òg fått ekstra innfriingar frå kundar. Dette har gjort at Eksfin kan betala tilbake meir av trekkfullmakta enn tidlegare forventa. På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5 890 mill. kroner, til totalt 8 640 mill. kroner.

Kap. 5614 Renter under Eksportfinansiering Noreg

Post 80 Renter frå lån til Alminneleg garantiordning

På posten blir renter i samband med lån under Alminneleg garantiordning ført. Ettersom Eksfin har betalt tilbake meir lån enn ein tidlegare forventa, jf. omtale under kap. 5460, post 90, vil rentekostnaden bli redusert. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 36 mill. kroner, til 185 mill. kroner.

Post 81 Renter frå Norwegian Air Shuttle ASA

Den norske stat deltar i eit evigvarande konvertibelt ansvarleg lån på om lag 1 231,6 mill. kroner (hybridlån) og eit rente- og avdragsfritt obligasjonslån på om lag 2 428 mill. kroner med forfall i 2025 (50 pst.) og 2026 (50 pst.) til Norwegian Air Shuttle ASA (NAS). Det er halvårleg rentebetaling (1. juni og 1. desember) på hybridlånet, men NAS kan velje å akkumulere påkomne renter på hovudstol framfor å betale renter til långjevarane. Rentene som skal betalast på hybridlånet om seks månader, blir fastsett forskotsvis basert på seks månaders marknadsrente pluss ein fastsett margin. I juni fekk staten innbetalt 46,6 mill. kroner i renteinntekter. Basert på siste rentefastsetjing er renteanslaget for desember berekna til 48,2 mill. kroner, men beløpet avhenge av om NAS vel å betale rentene eller akkumulere påkomne renter på hovudstol. Basert på at NAS innbetaler renter i desember gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 26,8 mill. kroner, til 94,8 mill. kroner.

Til forsida