Prop. 25 S (2023–2024)

Endringar i statsbudsjettet 2023 under Nærings- og fiskeridepartementet

Til innhaldsliste

5 Statleg eigarskap

Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 96 Sal av aksjar

Fleire av dei børsnoterte selskapa der staten er deleigar, har tilbakekjøpsprogram der selskapet blir gitt fullmakt til å kjøpe sine eigne aksjar i marknaden med sikte på seinare sletting av aksjane. For desse tilfella er det etablert et avtaleverk som inneber innløysing og sletting av eit slikt antal av staten sine aksjar at staten sin eigardel i selskapet ikkje endrar seg som følge av tilbakekjøpsprogrammet. Staten får eit vederlag for sletting av staten sine aksjar som svarar til det volumvekta gjennomsnittet av kursen selskapet har betalt for aksjane, pluss ein rentekompensasjon og justert for eventuelle utbytte. Så langt i 2023 utgjer vederlaga som staten har fått for sletting av staten sine aksjar, om lag 1,4 mrd. kroner eksklusiv vederlag for sletting av staten sine aksjar i Equinor ASA, jf. kap. 3955, post 96. Desse er fordelt på 505,2 mill. kroner frå DNB Bank ASA, 250 mill. kroner frå Kongsberg Gruppen ASA og 647,4 mill. kroner frå Norsk Hydro ASA.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1 377,6 mill. kroner, til 1 402,6 mill. kroner.

Kap. 952 Investinor AS

Post 50 Risikokapital

Ordninga med pre-såkornfond blei overført frå Innovasjon Noreg til Investinor i 2020, og det blei oppretta eit nytt mandat for fonds- og matchinginvesteringar i Investinor. Stortinget vedtok same år at den opphavelege pre-såkornordninga ikkje skulle videreførast, og at det nye mandatet i Investinor mellom anna kunne ivareta føremålet med ordninga med pre-såkornfond framover. Det blei lagt til grunn at tilbakebetalingar frå pre-såkornfond kunne nyttast som inndekning for løyvingar til risikokapital til det nye mandatet i Investinor. Nærare omtale er gitt i Prop. 1 S (2019–2020) under «Saker i tilknytning til enkeltselskaper» og under kap. 950, post 54 om Investinors mandat for forvalting av fonds- og matchinginvesteringar. Ein viser òg til framlegg om tilbakeføring av 9,5 mill. kroner frå pre-såkornordninga under kap. 3952, post 55.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 9,5 mill. kroner, til 59,5 mill. kroner. Dette vil auke Investinor sin investeringskapasitet under mandatet. Ein viser òg til omtale under post 95 der det blir gjort framlegg om å auke løyvinga til kapitalinnskot til mandatet med 17,5 mill. kroner. Mandatet vil med dette bli tilført totalt 169 mill. kroner i 2023, inkludert 142 mill. kroner som er løyvd tidlegare.

Post 51 (ny) Tapsfond såkornkapital

Sidan 1997 har det blitt oppretta såkornfond med støtte frå staten gjennom fleire bølger med fond med ulik innretning. I dei to første bølgene med fond er det dei private investorane som har eigd fonda, mens staten tilførte fonda kapital gjennom ansvarlege lån. I fond oppretta etter 2012 deltar staten som medeigar i fonda. Lån og eigenkapital til alle fonda blei opphaveleg forvalta av Innovasjon Noreg, men det er i dag Investinor som følger opp ordninga på vegne av staten. I Prop. 1 S (2022–2023) Nærings- og fiskeridepartementet er det under kap. 952 gitt ei oversikt over dei ulike ordningane og fonda.

Under handsaminga av statsbudsjettet for 2003 og 2005 blei det gjort vedtak om å opprette distriktsretta såkornfond, jf. St.prp. nr. 65 (2002–2003), Innst. S. nr. 260 (2002–2003), St.prp. nr. 1 (2003–2004), Budsjett-innst. S. nr. 8 (2003–2004), St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2004–2005), St.prp. nr. 16 (2004–2005) og Budsjett-innst. S. nr. 8 (2004–2005). Under kap. 2421 Innovasjon Noreg blei det løyvd til saman 700 mill. kroner i lånekapital på post 91 og 175 mill. kroner til å dekkje eventuelle tap knytt til utlåna på post 51. I berekninga av tapsfond blei det lagt til grunn eit gjennomsnittleg tap på 25 pst. av lånekapitalen. I 2021 blei KapNord Fond avvikla med positiv avkastning for dei private investorane og utan tap utover tapsfond for staten. I juli 2023 blei såkornfondet Fjord Invest SørVest AS i Førde avvikla. Fondet har totalt tapt 27,6 mill. kroner knytt til lånet frå staten ut over det som blir dekt av tapsfondet. Tapet fordelar seg med om lag 8,2 mill. kroner av hovudstolen og 19,4 mill. kroner i tapte renteinntekter.

Under handsaminga av statsbudsjettet for 2005 blei det gjort vedtak om å opprette nye landsdekkjande såkornfond lokalisert i dei tre universitetsbyane Oslo, Bergen og Trondheim, jf. St.prp. nr. 1 (2004–2005) Nærings- og handelsdepartementet, Budsjett-innst. S. nr. 6 og Budsjett-innst. S. nr. 8 (2004–2005). Under kap. 2421 blei det løyvd 500 mill. kroner i lånekapital på post 91 og 125 mill. kroner til å dekkje tap knytt til utlåna under post 51. I berekninga av tapsfondet blei det lagt til grunn eit gjennomsnittleg tap på 25 pst. av lånekapitalen. I 2021 blei Sarsia Seed AS i Bergen avvikla med positiv avkastning til investorane og utan tap utover tapsfond for staten. I 2022 blei ProVenture Seed AS i Trondheim avvikla med eit tap utover tapsfond på om lag 45,4 mill. kroner, jf. omtale i Prop. 27 S (2021–2022). I oktober 2023 blei såkornfondet SåkorninVest II AS i Stavanger avvikla. Fondet har totalt tapt 48,3 mill. kroner knytt til lånet frå staten utover det som blir dekt av tapsfondet. Tapet fordelar seg med om lag 9 mill. kroner av hovudstolen og 39,3 mill. kroner i tapte renteinntekter.

I desember 2023 forfell òg lånet til Alliance Venture Polaris AS i Oslo, og lånet er avtalt oppgjort med tap. Fondet har totalt tapt 109 mill. kroner knytt til lånet frå staten utover det som blir dekt av tapsfondet. Tapet fordelar seg med om lag 35,6 mill. kroner av hovudstolen og 73,4 mill. kroner i tapte renteinntekter.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 184,9 mill. kroner for å dekkje tap på hovudstol og renter utover tapsfondet i samband med avviklinga av dei tre ovannemnde låna til såkornfonda i 2023, herav 52,8 mill. kroner av hovudstol og 132,2 mill. kroner i renter.

Stortinget gav i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2012 ein fullmakt slik at Innovasjon Noreg kunne ta grep for å sikre verdiane i såkornfonda oppretta mellom 1997 og 2000 ved fare for konkurs, og mellom anna overta aksjar eigd av fondet i nokre selskap som ein del av oppgjeret ved avviklinga av fondet. Ein liknande fullmakt blei gitt gjennom handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2019 knytt til fonda oppretta mellom 2006 og 2008. Denne praksisen er blitt vidareført etter at Investinor overtok forvaltinga av staten sine lån i dei sist nemnde fonda. Til no har Investinor motteke om lag 30 mill. kroner frå realisering av aksjeportefølja etter fonda oppretta mellom 1997 og 2000. Ved avviklinga av enkelte av fonda oppretta mellom 2006 og 2008, vil Investinor òg kunne overta aksjar i nokre selskap, som ein del av oppgjeret der dette er vurdert å være i tråd med staten sine interesser. I overtatte selskap kan oppfølgingsinvesteringar i visse tilfelle være naudsynt for å sikre statens verdiar. Departementet legg då til grunn at midlar som er gjenvunne frå salg av eigardeler i selskap som er overtatt frå tidlegare avvikla såkornfond, kan nyttast til dette. Dersom verdiane blir realisert, vil inntekter frå sal bli tilbakeført til staten.

Post 95 Kapitalinnskot

Ein viser til omtale under post 50. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til mandatet for fonds- og matchinginvesteringar med totalt 27 mill. kroner, til totalt 169 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga til kapitalinnskot med 17,5 mill. kroner, til 109,5 mill. kroner.

Kap. 3952 (nytt) Investinor AS

Post 50 Tilbakeført kapital, pre-såkornfond m.m.

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å føre tilbake 9,5 mill. kroner frå pre-såkornordninga i Investinor, jf. omtale under kap. 952, post 50. Investinor har òg hatt eit overskot frå midlar knytt til ordninga med såkornfond. Midlar knytt til ordninga som blir forvalta av Investinor, blir plassert i rentefond. I 2022 ga midlane 13,6 mill. kroner i avkastning. Det var ikkje budsjettert med eit slikt overskot i Saldert budsjett 2023.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på til saman 23,1 mill. kroner.

Post 90 Tilbakeført kapital, såkornfond

Ein viser til omtale av tap på hovudstol og renter av låna til såkornfonda under kap. 952, post 51. Det er gjort framlegg om ei løyving på til saman 184,9 mill. kroner, hvorav 52,8 skal dekkje tap på lånas hovudstol. Tilbakebetaling av renter løyvast på kap. 5628, post 80.

I tillegg skal Investinor tilbakebetale 25 mill. kroner i avdrag på låna som blei avvikla i 2023, hvorav 12,7 mill. kroner er avdrag under den distriktsretta ordninga og 12,3 mill. kroner er avdrag under den landsdekkande ordninga. Det er òg tilbakebetalt 23,1 mill. kroner frå to av såkornfonda som blei oppretta etter 2012. Det blei ikkje budsjettert med tilbakebetaling av midlar i Saldert budsjett 2023.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på til saman 100,8 mill. kroner i avdrag på lån til ordningane med såkornfond.

Kap. 5628 (nytt) Renter frå Investinor AS

Post 80 Renter frå såkornfond

Ein viser til omtale av tilbakeføring av lån frå såkornfond under kap. 3952, post 90 og omtale av tap på hovudstol og renter av låna til såkornfonda under kap. 952, post 51. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 132,2 mill. kroner i renter frå lån til såkornfond.

Kap. 953 Nysnø Klimainvesteringer AS

Post 50 Risikokapital

Staten har etablert Nysnø for å bidra til kapitaltilgang for investeringar i tidleg fase i selskap som reduserer klimagassutslepp. Staten sitt mål som eigar er høgast mogleg avkastning over tid innafor berekraftige rammer. Selskapet sitt føremål er å bidra til reduserte klimagassutslepp gjennom investeringar som direkte eller indirekte bidrar til dette.

Nysnø er til no tilført 3 525 mill. kroner i kapital. For å auke investeringskapasiteten til selskapet ytterlegare gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvingane til kapitalinnskot for 2023 med til saman 1 857 mill. kroner, til 2 457 mill. kroner. Av dette gjer departementet framlegg om å auke løyvinga til risikokapital med 650 mill. kroner. Ein viser for øvrig til omtale under post 95.

Post 95 Kapitalinnskot

Ein viser til omtale under post 50. Av den foreslåtte auken på totalt 1 857 mill. kroner gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga til kapitalinnskot med 1 207 mill. kroner. Bakgrunnen for at kapital til Nysnø sjablonmessig blir budsjettert med 35 pst. risikokapital (tapsavsetjing) og 65 pst. kapitalinnskot er basert på prinsipp og praksis for budsjettering av lånetransaksjonar i staten, jf. omtale i pkt. 8.2 i Prop. 1 S (2022–2023) Gul bok. Ein viser òg til Prop. 1 S (2017–2018) for Nærings- og fiskeridepartementet der det kjem fram at selskapet skal vere eit verkemiddel som bidreg til reduserte klimagassutslepp, og at selskapet ikkje skal fortrengje privat kapital. Då er det nødvendig at selskapet blir gitt høve til å ta risiko og på den måten utløyse investeringar som elles ikkje ville bli gjennomført.

Kap. 3955 (nytt) Equinor ASA

Post 96 Sal av aksjar

Ein viser til omtale under kap. 3950, post 96 om at børsnoterte selskap kan ha tilbakekjøpsprogram der selskapet blir gitt fullmakt til å kjøpe sine eigne aksjar i marknaden med sikte på seinare sletting av aksjane. I 2023 utgjorde vederlaget som staten fekk for sine aksjar i Equinor ASA som blei sletta, om lag 39,1 mrd. kroner. Staten sin eigardel i selskapet er vidareført med 67 pst.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 39,1 mrd. kroner.

Kap. 2440 og 5440 Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Tabell 5.1 Endring av løyvingar på statsbudsjettet 2023 under kap. 2440 og 5440 Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda1

(i mill. kr)

Kap./post/ underpost

Nemning

Gjeldande løyving2

Forslag til ny løyving

Endring1

Kap. 2440

Post 30

Investeringar

27 000

30 000

3 000

Sum kap. 2440

27 000

30 000

3 000

Kap. 5440

U.post 24.1

Driftsinntekter

394 800

375 800

-19 000

U.post 24.2

Driftsutgifter

-86 900

-56 700

30 200

U.post 24.3

Leite- og feltutviklingsutgifter

-2 100

-1 700

400

U.post 24.4

Avskrivingar

-29 400

-27 600

1 800

U.post 24.5

Renter av staten sin kapital

-2 700

-2 700

0

Post 24

Driftsresultat

273 700

287 100

13 400

Post 30

Avskrivingar

29 400

27 600

-1 800

Post 80

Renter av staten sin kapital

2 700

2 700

0

Post 85

Renter av mellomregnskapet

0

0

0

Sum kap. 5440

305 800

317 400

11 600

SDØE sin kontantstraum:

Innbetalingar3

394 800

375 800

-19 000

Utbetalingar4

116 000

88 400

-27 600

Netto kontantstraum frå SDØE

278 800

287 400

8 600

1 Beløpa i tabellen er runda av til nærmaste 100 mill. kroner

2 Revidert budsjett, jf. Innst. 490 S og Prop. 118 S (2022–2023)

3 Innbetalingar = driftsinntekter

4 Utbetalingar = driftsutgifter + leite- og feltutviklingsutgifter + investeringar

Overslaget for kap. 2440, underpost 30 Investeringar er auka med 3 000 mill. kroner, til 30 000 mill. kroner. Dette kjem i hovudsak av høgare utbyggingsinvesteringar for fleire utbyggingar som Johan Castberg og Breidablikk, høgare driftsinvesteringar på fleire felt og anlegg som Dvalin og Troll, og auka produksjonsboring på fleire felt.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er redusert med 19 000 mill. kroner, til 375 800 mill. kroner. Dette kjem i hovudsak av lågare gassprisføresetnader, delvis motverka av høgare oljeprisføresetnader. Prisen på gass er redusert frå 6,7 kr/Sm3 til 5,7 kr/Sm3 i forhold til førre anslag, medan prisanslaget på olje er auka frå 779,4 NOK/fat til 904,4 NOK/fat.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er redusert med 30 200 mill. kroner, til 56 700 mill. kroner. Dette kjem i hovudsak av reduserte utgifter til kjøp av tredjeparts gass som følge av lågare gassprisar. Produksjonskostnadene er òg redusert som følge av lågare kraftprisar.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter er redusert med 400 mill. kroner, til 1 700 mill. kroner basert på oppdaterte prognosar.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.4 Avskrivingar er redusert med 1 800 mill. kroner, til 27 600 mill. kroner som følge av reduserte salsvolum på enkelte felt.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.5 Renter av staten sin kapital er uendra.

Endringane fører samla til at driftsresultatet for SDØE er auka med 13 400 mill. kroner, frå 273 700 til 287 100 mill. kroner.

Netto kontantstraum frå SDØE er rekna til 287 400 mill. kroner, ein auke på 8 600 mill. kroner frå 278 800 mill. kroner.

Prisføresetnader:

Produkt

Gjeldande føresetnader for 2023

Nye føresetnader for 2023

Olje (NOK/fat) – laupande

779,4

904,4

Olje (USD/fat) – laupande

75,1

85,72

Gass (NOK/Sm3) – laupande

6,70

5,7

Kondensat (NOK/Sm3) – laupande

4 902,6

5 047

Flytande petroleum. NGL (NOK/tonn) – laupande

6 182,8

5 896,5

Valutakurs (NOK/USD)

10,4

10,55

Til forsida