Prop. 28 S (2022–2023)

Endringar i statsbudsjettet 2022 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Administrasjon m.m.

Kap. 1300 Samferdselsdepartementet

Post 72 Tilskot til samferdselsberedskap

Det er i 2022 løyvd 3 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1300, post 72 Tilskot til samferdselsberedskap, med 2,3 mill kr.

Formålet med tilskotet er å støtte departementets selskap og føretak i tryggleiks- og beredskapsarbeid som bidreg til å styrkje samfunnstryggleiken i samferdselssektoren. Det blei for 2022 søkt om tilskot som til saman utgjorde meir enn løyvinga. Departementet vurderte at eit av prosjekta falt utanfor formålet med løyvinga. Vidare viser det seg no at eit av prosjekta som fekk tildeling, likevel ikkje vil kunne bruke tilskotet i 2022. Behovet for midlar i 2022 er derfor lågare enn lagt til grunn ved budsjetteringa.

Kap. 4300 Samferdselsdepartementet

Post 01 Refusjon frå Utanriksdepartementet

I 2022 er det budsjettert med 0,5 mill. kr i refusjon frå Utanriksdepartementet. Samferdselsdepartementet foreslår å auke budsjetterte inntekter på kap. 4300, post 01 Refusjon frå Utanriksdepartementet, med 0,2 mill. kr.

Nokre bidrag til internasjonale organisasjonar kan i samsvar med statistikkdirektiva til OECD/DAC (Development Assistance Committee) bli godkjende som offisiell utviklingshjelp (ODA). Det gjeld m.a. 16 pst. av bidraget til Verdspostforeininga (UPU).

Samferdselsdepartementet har for 2022 betalt 4,3 mill. kr i kontingent til Verdspostforeininga. 16 pst. av dette blir 687 000 kr, som er dekt av Utanriksdepartementet.

Kap. 1301 Forsking og utvikling mv.

Post 70 Pilotprosjekt for fossilfrie anleggsplassar

Tilskotsordninga for pilotprosjekt for fossilfrie anleggsplassar blei oppretta i 2022. Det tek tid for pilotprosjekta å kome i gang. Nokre av prosjekta er forseinka, og det er uvisse om alle tilskot vil bli utbetalte i 2022. Samferdselsdepartementet foreslår at løyvinga på kap. 1301, post 70 Pilotprosjekt for fossilfrie anleggsplassar, får føydd til stikkordet «kan overførast», jf. forslag til romartalsvedtak.

Til forsida