Prop. 28 S (2022–2023)

Endringar i statsbudsjettet 2022 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

4 Vegformål

Kap. 1320 Statens vegvesen

Post 01 Driftsutgifter

Grindgut - orienteringssak

Statens vegvesen inngjekk i desember 2013 kontrakt med IBM AS om å levere eit nytt sentralsystem for bompengeinnkrevjinga i Noreg, Grindgut. I juli 2015 heva Statens vegvesen kontrakten fordi etaten meinte at IBM ikkje følgde opp kontrakten. Statens vegvesen tok ut stemning for tingretten og kravde erstatning frå IBM. Samstundes gjekk IBM til motsøksmål og fremma erstatningskrav mot staten.

Staten tapte saka i tingretten og blei dømt til å betale erstatning til IBM med renter og sakskostnader. Staten anka domen til lagmannsretten. Dom i lagmannsretten blei avsagt 14. oktober 2022, og staten tapte. Staten anka saka til Høgsterett 17. november 2022.

Post 22 Drift og vedlikehald av riksvegar

I 2022 er det løyvd 8 271,0 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320, post 22 Drift og vedlikehald av riksvegar, med 180 mill. kr.

Prisstigninga i 2022 i inngåtte drift- og vedlikehaldskontraktar har vore betydeleg høgare enn rekna med. Dette har medført eit meirbehov på kap. 1320, post 22, på til saman 530 mill. kr. Av dette gjeld 330 mill. kr auka utgifter på grunn av prisstigning i drifts- og vedlikehaldskontraktane til Statens vegvesen, medan 200 mill. kr gjeld auka straumutgifter til drift av riksvegar. Av dette er 350 mill. kr dekt inn gjennom redusert aktivitet innanfor gjeldande vedlikehaldskontraktar. Dette har medført redusert vedlikehaldsaktivitet. Fleire drenerings- og flaumførebuande tiltak og vedlikehald av bruer og tunnelar er utsette. Det er òg avlyst dekkelegging av om lag 150 km riksveg. Fordi fleire tiltak er utsette til 2023, vil dette få konsekvensar for vedlikehaldsaktiviteten i 2023.

For å dekkje inn meirbehovet foreslår departementet å auke løyvinga med 162 mill. kr, mot tilsvarande reduksjon på andre poster på kap. 1320, fordelt med 15 mill. kr på post 28 Trafikant- og køyretøytilsyn, 137 mill. kr på post 30 Riksveginvesteringar, og 10 mill. kr på post 64 Utbetring på fylkesvegar for tømmertransport.

Det er vidare rekna meirinntekter på kap. 4320 Statens vegvesen, post 01 Salsinntekter m.m., til 30 mill. kr og mindreinntekter til 12 mill. kr på kap. 4320, post 03 Refusjonar frå forsikringsselskap, jf. omtale under desse postane. Endringar i inntektene påverkar òg utgiftene på kap. 1320, post 22, med ein netto auke på 18 mill. kr.

Post 28 Trafikant- og køyretøytilsyn

I 2022 er det løyvd 2 222,8 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1320, post 28 Trafikant- og køyretøytilsyn, med 30 mill. kr.

Mindrebehovet gjeld i hovudsak lågare reiseaktivitet enn føresett, mindre bruk av overtid og høgare refusjon av sjukepengar.

Departementet foreslår at 15 mill. kr blir nytta til å dekkje ein tilsvarande auke på kap. 1320, post 22 Drift og vedlikehald av riksvegar. Vidare er det ein reduksjon i utgiftene på 15 mill. kr knytt til reduserte inntekter på kap. 4320, post 02 Ymse gebyr, som følgje av at gebyrsatsane for utferding av førarkort og andre bevis på rettar og løyver blei justert ned til kostnadsriktig nivå med verknad frå 2022. Sjå omtale under kap. 4320, post 02 Ymse gebyr.

Post 29 OPS-prosjekt

I 2022 er det løyvd 1 828,4 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320, post 29 OPS-prosjekt, med 19 mill. kr, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på post 30 Riksveginvesteringar.

Meirbehovet på posten gjeld i hovudsak høgare utgifter på grunn av lønns- og prisstigning i kontrakten med OPS-selskapet på E39 Klett–Bårdshaug i Trøndelag for å gjennomføre tiltak i fem tunnelar for å ivareta krav i tunneltryggleiks- og elektroforskriftene.

Post 30 Riksveginvesteringar

I 2022 er det løyvd 12 602 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar, med til saman 169 mill. kr, mot tilsvarande auke på post 22 Drift og vedlikehald av riksvegar, post 29 OPS-prosjekt, og ny post 36 E16 over Filefjell, jf. omtalar under desse postane. Videre foreslår Samferdselsdepartementet å føye til stikkordet «kan nyttast under post 36», jf. omtale under kap. 1320, ny post 36.

E39 Eiganestunnelen – fullmakt til å overskride løyvinga

Stortinget blei sist orientert om prosjektet i Prop. 1 S (2022–2023) for Samferdselsdepartementet, side 112. Der opplyste departementet m.a. at det er venta dom i saka hausten 2022.

I samband med ein tvist om sluttoppgjeret mellom Statens vegvesen og entreprenøren i prosjektet gjekk entreprenøren til søksmål mot staten. Staten vann saka i tingretten. Entreprenøren anka dommen til Gulating lagmannsrett som avsa dom 30. september 2022. Staten tapte der saka og er dømt til å betale ut om lag 400 mill. kr til entreprenøren. Staten anka dommen til Høgsterett 28. oktober 2022. Viss ankeutvalet i Høgsterett ikkje tillèt at anken blir fremma, og dommen blir rettskraftig i 2022, må staten så raskt som mogeleg betale ut erstatningsbeløpet. Prognosar for forbruket ved utgangen av 2022 viser at utbetaling av eit ev. erstatningsbeløp i 2022 vil føre til at løyvingane til Statens vegvesen blir overskridne. Samferdselsdepartementet foreslår derfor ei fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 1320, post 30 med inntil 400 mill. kr i 2022 for å dekkje ev. utgifter til erstatning mv. i prosjektet E39 Eiganestunnelen ved ein rettskraftig dom i år, jf. forslag til romartalsvedtak.

E16 Sandvika–Wøyen – fullmakt til sal av eigedom

Prosjektet inngår i Oslopakke 3, jf. St.meld. nr. 17 (2008–2009) Om Oslopakke 3 trinn 2 og Innst. S. nr. 301 (2008–2009). Det er sist omtalt i Prop. 1 S (2020–2021) for Samferdselsdepartementet, side 98.

Prosjektet opna for trafikk hausten 2019. Sal av riksveggrunn knytt til prosjektet som det ikkje lengre er behov for, er ein del av prosjektfinansieringa. Departementet har ei generell fullmakt frå Stortinget til å selje eigedom for inntil 50 mill. kr i kvart einskild tilfelle. Salsverdien for nokre av eigedommane i dette prosjektet er på over 50 mill. kr. Departementet foreslår derfor ei fullmakt til å selje fast eigedom i samband med prosjektet E16 Sandvika–Wøyen, med ein salsverdi på inntil 650 mill. kr i kvart einskild tilfelle, jf. forslag til romartalsvedtak.

E39 Kristianborg–Bergen sentrum i Vestland – auka kostnadsramme

Samferdselsdepartementet varsla i Prop. 1 S (2022–2023), side 114, om auka kostnader i prosjektet og opplyste at det ville komme tilbake til Stortinget med ei vurdering av kostnadsauken. Gjeldande kostnadsramme for prosjektet blei handsama i samband med Prop. 23 S (2019–2020) Endringar i statsbudsjettet 2019 under Samferdselsdepartementet og Innst. 103 S (2019–2020), og er på 1 127 mill. 2022-kr.

Anleggsarbeida starta i 2019, og prosjektet er venta opna for trafikk våren 2023.

Kostnadsauken kjem i hovudsak av høgare tilbodsprisar på ein av kontraktane og vanskelegare grunntilhøve enn føresett. Prosjektet er i sluttfasen, og handlingsrommet for å påverke kostnadene er derfor lite.

Samferdselsdepartementet legg til grunn ei auka kostnadsramme på 1 246 mill. 2021-kr. Kostnadsrammer for vegprosjekt blir prisjusterte med Statistisk sentralbyrås byggekostnadsindeks for veganlegg. Hittil i år har det vore ein stor prisauke òg for veganlegg. Endeleg indeks for 2022 blir publisert i 2023, og prisnivået i 2021 er derfor utgangspunkt for prisjusteringa av kostnadsramma. På denne bakgrunn foreslår departementet ei kostnadsramme på 1 275 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.

E39 Svegatjørn–Rådal i Vestland – auka kostnadsramme

Samferdselsdepartementet varsla i Prop. 1 S (2022–2023), side 114, om auka kostnader i prosjektet og opplyste at det ville komme tilbake til Stortinget med ei vurdering av kostnadsauken. Gjeldande kostnadsramme for prosjektet blei handsama i Prop. 1 S (2021–2022) og Innst. 13 S (2021–2022) og er på 10 071 mill. 2022-kr.

Anleggsarbeida starta i 2015, og prosjektet opna for trafikk i oktober i år.

Kostnadsauken er knytt til sluttoppgjeret med entreprenøren, jf. omtalen i Prop. 1 S (2021–2022) for Samferdselsdepartementet, side 93. Forhandlingane mellom Statens vegvesen og entreprenøren er venta avslutta i løpet av vinteren 2022/2023. Når kostnadene aukar så tett på tidspunktet for opning av vegen, er handlingsrommet for å redusere kostnadene svært avgrensa.

Samferdselsdepartementet legg til grunn ei auka kostnadsramme på 10 256 mill. 2021-kr. Kostnadsrammer for vegprosjekt blir prisjusterte med Statistisk sentralbyrås byggekostnadsindeks for veganlegg. Hittil i år har det vore ein stor prisauke òg for veganlegg. Endeleg indeks for 2022 blir publisert i 2023, og prisnivået i 2021 er derfor utgangspunkt for prisjustering av kostnadsramma. På denne bakgrunn foreslår departementet ei kostnadsramme på 10 502 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.

Post 36 (Ny) E16 over Filefjell

Samferdselsdepartementet foreslår å opprette ny post 36 E16 over Filefjell med ei løyving på 13 mill. kr, mot tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar.

Det står att om lag 13 mill. kr i utgifter til prosjektet E16 Øye–Eidsbru i 2022. Midlane til prosjektet har vore løyvd på kap. 1320, post 36 E16 over Filefjell. Posten har ikkje løyving i 2022, og dette er det siste året med utgifter til utbetringa av E16 over Filefjell. På grunn av uvisse om storleiken på endeleg utbetaling foreslår Samferdselsdepartementet å føye til stikkordet «kan nyttast under post 36» til kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar.

E16 Øye–Eidsbru i Innlandet – auka kostnadsramme

Prosjektet E16 Øye–Eidsbru, som er en del av E16 over Filefjell, blei opna for trafikk i september 2020. Styrings- og kostnadsrammer for prosjektet blei i 2014 sett til 655 mill. kr og 720 mill. kr, jf. Prop. 1 S (2014–2015) for Samferdselsdepartementet og Innst. 13 S (2014–2015). Rekna om til 2022-kr utgjer dette høvesvis 829 mill. kr og 911 mill. kr.

Samferdselsdepartementet varsla i Prop. 111 S (2021–2022) Nokre saker om veg, særskilde transporttiltak og transport i byområda mv., om auka kostnader i prosjektet. Det gjekk fram av omtalen at det framleis var uvisse om sluttkostnaden for prosjektet, på grunn av ein konflikt om sluttoppgjeret med ein entreprenør, og at departementet ville komme tilbake til Stortinget i samband med nysalderinga av budsjettet for 2022.

Statens vegvesen og entreprenøren er no samde om sluttoppgjeret. Sluttkostnaden for prosjektet vil med det bli 945 mill. kr, som er 34 mill. kr høgare enn gjeldande kostnadsramme. Når sluttoppgjeret med entreprenøren er ferdig, har ikkje staten nokre forpliktingar i prosjektet, og det vil bli avslutta. Samferdselsdepartementet vurderer at det vil vere riktig å avslutte prosjektet no når Statens vegvesen og entreprenør har blitt samde, og ikkje risikere at saka må takast vidare i rettssystemet.

Samferdselsdepartementet legg derfor til grunn ei auka kostnadsramme på 923 mill. 2021-kr. Kostnadsrammer for vegprosjekt blir prisjusterte med Statistisk sentralbyrås byggekostnadsindeks for veganlegg. Hittil i år har det vore ein stor prisauke òg for veganlegg. Endeleg indeks for 2022 blir publisert i 2023, og prisnivået i 2021 er derfor utgangspunkt for prisjustering av kostnadsramma. På denne bakgrunn foreslår departementet ei kostnadsramme på 945 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.

Post 64 Utbetring på fylkesvegar for tømmertransport

I 2022 er det løyvd 20,5 mill. kr. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1320, post 64 Utbetring på fylkesvegar for tømmertransport, med 10 mill. kr, mot tilsvarande auke på kap. 1320, post 22 Drift og vedlikehald av riksvegar, jf. omtale under post 22.

Innanfor tilskotsordninga har nokre fullførte prosjekt blitt rimelegare enn føresett. Dette utgjer til saman 10 mill. kr. Det er i 2022 ikkje gitt tilsegn for desse midlane.

Kap. 4320 Statens vegvesen

Post 01 Salsinntekter m.m.

I 2022 er det budsjettert med 167,3 mill. kr i salsinntekter m.m. Departementet foreslår å auke budsjetterte inntekter på kap 4320, post 01 Salsinntekter m.m., med 30 mill. kr.

Meirinntekta gjeld i hovudsak auka sal til fylkeskommunane og eksterne aktørar. Etter avviklinga av sams vegadministrasjon har Statens vegvesen selt tenester til fylkeskommunane m.a. innanfor byggherrefunksjon, laboratorietenester, grunnboring og IKT. Delar av meirinntekta gjeld òg sal frå Autosys. Auken er motsvart av auka utgifter, jf. omtale under kap. 1320, post 22 Drift og vedlikehald av riksvegar.

Post 02 Ymse gebyr

I 2022 er det budsjettert med 484,8 mill. kr i gebyrinntekter. Departementet foreslår å redusere budsjetterte inntekter på kap. 4320, post 02 Ymse gebyr, med 15 mill. kr.

Gebyrsatsane for utferding av førarkort og andre bevis på rettar og løyver blei sett ned til kostnadsriktig nivå i 2022, jf. omtale i Prop. 117 S (2021–2022) Finansiering av prosjektet fv. 353 Rugtvedt–Surtebogen i Bamble kommune i Vestfold og Telemark fylke og orientering om andre saker og Prop. 1 S (2022–2023) for Samferdselsdepartementet. Mindreinntekta som følgje av dette er rekna til 15 mill. kr. Reduksjonen er motsvart av ein reduksjon av løyvinga på kap. 1320, post 28 Trafikant- og køyretøytilsyn.

Post 03 Refusjonar frå forsikringsselskap

I 2022 er det budsjettert med 122,1 mill. kr i refusjonar. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere budsjetterte inntekter på kap. 4320, post 03 Refusjonar frå forsikringsselskap, med 12 mill. kr.

Inntektene på posten gjeld refusjonar frå forsikringsselskap og dekkjer dei faktiske utgiftene Statens vegvesen har, når køyretøy skadar m.a. vegutstyr. Omfanget av skadar hittil i år er lågare enn venta. Utgiftene blir tilsvarande lågare, jf. omtale under kap. 1320, post 22 Drift og vedlikehald av riksvegar.

Kap. 4322 Svinesundsforbindelsen AS

Post 91 Aksjekapital

I 2022 er det løyvd 135 000 kr. Løyvinga gjeld tilbakebetaling av innskoten aksjekapital i samband med at selskapet Svinesundsforbindelsen AS er avvikla. Denne skal betalast tilbake til staten med ein sum lik innbetalt aksjekapital justert med 80 pst. av endringa i Statistisk sentralbyrås konsumprisindeks, jf. omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Samferdselsdepartementet. I samsvar med statens kontoplan for statsbudsjettet skal betalingar som gjeld aksjekapital førast på post 96. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 4322, post 91 Aksjekapital, med 135 000 kr.

Post 96 (Ny) Tilbakebetaling aksjekapital

Departementet viser til omtale under kap. 4322, post 91 Aksjekapital, og foreslår å løyve 135 000 kr på kap. 4322, post 96 Tilbakebetaling aksjekapital.

Til forsida