Prop. 28 S (2022–2023)

Endringar i statsbudsjettet 2022 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

7 Posttenester

Kap. 4370 Posttenester

Post 70 (Ny) Tilbakebetaling post- og banktenester

Samferdselsdepartementet foreslår å løyve 24,3 mill. kr på kap. 4370, ny post 70 Tilbakebetaling post- og banktenester.

I 2021 blei det sett av 566 mill. kr til kjøp av post- og banktenester frå Posten Norge AS. Det er lagt til grunn ein etterrekningsmodell som over tid vil sikre at det ikkje blir løyvd meir enn det faktiske behovet. Etterrekninga i tråd med modellen viser eit faktisk behov i 2021 på 542 mill. kr til kjøp av post- og banktenester. Dette er 24 mill. kr mindre enn det som blei løyvd i 2021.

Departementet legg opp til at Posten betaler tilbake 24 mill. kr av kompensasjonen for 2021. I tråd med praksis frå tidlegare år legg departementet vidare opp til at Posten betaler renter på beløpet selskapet skal betale tilbake. Renta er rekna til 0,3 mill. kr. Dette inneber at Posten skal betale i alt 24,3 mill. kr til staten.

Til forsida