St.prp nr. 1 Tillegg nr. 4 (2008-2009)

FOR BUDSJETTÅRET 2009 Om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2009 (nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i 2009)

Til innhaldsliste

4 Vederlag og tildelingsmåte

4.1 Generelt

Erfaringa frå tildelingsrundane i 2002 og 2003 viser at det var vilje til å betale for løyva med 5 mill. kroner, medan 4 mill. kroner var for mykje i Finnmark.

Ved fastsetjing av vederlaget kan det takast utgangspunkt i eit overslag over verdien til konsesjonen basert på objektive kriterium, dvs. utrekning av den avkastninga konsesjonen isolert kan gi. Utrekning av ein teoretisk verdi for ein konsesjon byggjer på vurderingar av framtidig utvikling. Eit slikt overslag vil difor vere usikkert, særleg sett i lys av uroa i finansmarknaden. Vederlaget bør vere rimeleg sett i høve til den framtidige innteninga som konsesjonen gir høve til, slik at det er mogleg for drivarane av konsesjonane å forrente den kapitalen som er nødvendig både til vederlaget og til dei andre innsatsfaktorane.

Omsynet til å hindre spekulasjon og vidaresal talar på den andre sida for at vederlaget blir sett relativt høgt. Vidare tilseier prisutviklinga i samfunnet generelt og betre marginar innan lakseoppdrett også eit høgre vederlag enn i 2002- og 2003-rundane.

2009-tildelinga vil bli basert på faste vederlag og søknadsbehandling med prioritering ut frå visse kriterium, jf. pkt. 5. På denne bakgrunn blir vederlaget, bortsett frå i Finnmark, sett til 8 mill. kroner per løyve.

4.2 Vederlaget i Finnmark

I 2002 vart 10 av løyva forsøkt tildelte i Finnmark mot eit vederlag på 4 mill. kroner. Løyva vart tildelte, men fråfalne pga. manglande innbetaling av vederlag. I 2003 vart løyva lyste ut på nytt til same pris, men ingen søkjarar melde seg. I 2006 vart løyva i Finnmark tildelte i ein lukka bodrunde med prekvalifisering. Løyva vart tildelte mot vederlag på mellom 50.000 kroner og 2,9 mill. kroner.

På denne bakgrunn bør det i Finnmark takast utgangspunkt i marknadspris for løyva i finnmarksrunden i 2006. Dei lågaste prisane var i Aust-Finnmark der infrastruktur og driftsforhold inneber større utfordringar enn i Vest-Finnmark.

Basert på dette blir vederlaget i Finnmark sett til 3 mill. kroner per løyve.

4.3 Samla proveny

På bakgrunn av talet på løyve i pkt. 2, regional fordeling i pkt. 3 og storleiken på vederlaget i pkt. 4.1. og 4.2 vil statens samla inntekstproveny bli på inntil 485 mill. kroner, som blir foreslått løyvd på kap. 5309, post 29.