St.prp nr. 1 Tillegg nr. 4 (2008-2009)

FOR BUDSJETTÅRET 2009 Om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2009 (nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i 2009)

Til innhaldsliste

6 Andre tiltak i samband med tildelingsrunden

I samband med tildelinga av nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure blir det fremma forslag om å løyve 3 mill. kroner per konsesjon til aktuelle fylkeskommunar over kap. 1050, ny post 60, totalt inntil 195 mill. kroner. Midlane blir løyvde som frie midlar og blir utbetalt etter talet på nye løyve som blir tildelte i dei enkelte fylka. Løyvinga for dei økologiske oppdrettsløyva vil bli fordelt mellom dei fylkeskommunane der konsesjonane blir etablerte. Det er ein føresetnad at Fiskeri- og kystdepartementet ikkje gir tilsegn om støtte til fylkeskommunar før vederlaget for oppdrettsløyva i det aktuelle fylket er innbetalt.

I tillegg blir det foreslått auka løyving på 20 mill. kroner til tiltak for villaksen over Miljøverndepartementet sitt budsjett, kap. 1427, post 21.