St.prp nr. 1 Tillegg nr. 4 (2008-2009)

FOR BUDSJETTÅRET 2009 Om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2009 (nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i 2009)

Til innhaldsliste

5 Kriteria, vilkår og vidare prosess for tildelinga

Utveljing av søkjarar vil skje etter søknadskonkurranse der det i prioriteringa særleg skal leggjast vekt på følgjande kriterium:

  • Mindre aktørar i næringa.

  • Søkjarar som vil leggje til rette for auka bearbeiding med sikte på økonomisk integrasjon i kystdistrikta i Noreg.

I den såkalla PD-sona, jf. pkt. 3, vil det i tillegg komme inn eit prioriteringskriterium om å bruke tildelinga aktivt til å stimulere til å endre lokalitar for å lette PD-nedkjempinga.

For dei 5 løyva som er øyremerka økologisk sertifisert produksjon vil det vere eit vilkår at oppdrettsverksemda blir i samsvar med gjeldande produksjonsreglar for økologisk havbruk, dvs. EUs produksjonsreglar. Det er ein følgje av EØS-avtalen at nye reglar som no blir utarbeidde blir implementerte i norsk rett.

Det kan setjast vilkår som medverkar til at dei kriteria som er avgjerande for tildelinga blir etterlevde.

Det ligg til grunn at tildeling berre skal skje ved lokalisering i kommunar med kystsoneplan.

Fiskeri- og kystdepartementet vil med det første sende på høyring eit utkast til tildelingsforskrift der det blir gjort nærare greie for rammevilkåra for den kommande tildelingsrunden. Fylkeskommunen vil bli konsultert i spørsmål om skjønn knytt til kriteria og geografisk plassering innanfor fylket.