3.1.1 Gjeldande rett...

3.1.1 Gjeldande rett og saksomfang

Landbruksmyndigheitene sine arbeidsoppgåver har heilt sidan jordlova av 1928 blei vedtatt og fram til i dag vore knytt til eit krav om planmessig arbeid for å nå formålet med jordlova. På vegne av staten skal Fylkesmannen, fylkeslandbruksstyret og kommunen etter gjeldande lov § 6 mellom anna hjelpe til med å få rimelege salstilbod på eigedom, hjelpe til med å få i stand kjøp og utarbeide planar for korleis jorda skal nyttast.

Friviljuge statlege kjøp tar sikte på bruksrasjonalisering. Myndigheitene har til dømes tatt initiativ ovanfor ein eigar med sikte på å få han til å selje tilleggsareal friviljug anten med staten som mellommann, eller direkte til den som skal overta jorda.

Der staten er mellommann, er det fylkeslandbruksstyret som fattar vedtak om kjøp. Det er såleis staten ved fylkeslandbruksstyret som står som kjøpar. Eigedom staten har kjøpt, blir selt vidare til interesserte jordsøkjarar. Myndigheit til å avgjere kven som skal ha eigedomen, har sidan 1984 lege til kommunen.

Eigedom staten har tatt over, skal fordelast og nyttast slik at formålet med konsesjonslova blir tilgodesett best mogleg. Vidare må formålet med jordlova trekkast inn i vurderinga. Eigedom kan fordelast til ein eller fleire interessentar, men formålet må vere å bruke arealet som tilleggsjord.

Prisen jordsøkjarane skal betale skal stå i høve til prisen staten har betalt for eigedomen, og den blir fastsett med omsyn til verdsettingsprinsippa i gjeldande prisrundskriv.

Jordfondet blei opphavleg oppretta ved vedtak i Stortinget 21. november 1955 med formål å finansiere statlege kjøp og oreigning etter jordlova og kostnader ved at staten tok over slik eigedom. Det som har blitt belasta Jordfondet er vederlaget og eventuelle andre utgifter knytt til kjøpet, som til dømes eigaren sine utgifter til advokat og skjønn. Jordsøkjaren måtte dekke desse utgiftene når eigedomen blei overdratt til han. Midlane har såleis blitt ført attende til fondet. 12. desember 2002 blei det bestemt at fondet, i tillegg til å finansiere kjøp etter jordlova, og skulle brukast i samband med vern av skog.

Stortinget har seinare samtykka i at Jordfondet blir avvikla, og at dei midlane som er igjen i fondet blir brukt til skogvern, jf Innst. S. nr. 240 (2004-2005). I samband med handsaminga av innstillinga blei det lagt til grunn at Jordfondet i stor grad hadde utspilt si rolle etter at forkjøpsretten blei oppheva, og at det ikkje lenger var nødvendig eller naturleg at staten skulle ha ei rolle i samband med å kjøpe og formidle eigedomar til rasjonaliseringsformål.

Pr. 31.12.2005 var det 122 eigedomar på Jordfondet som førebels ikkje er selt vidare. Rapportert verde på eigedomane var 27 792 595 kroner. Dette er eigedomar som i si tid anten blei kjøpt i medhald av jordlova § 6, forkjøp etter konsesjonslova eller oreigna i medhald av jordlova § 13. Talet på eigedomar varierar frå fylke til fylke. Flest hadde Hedmark med 38 eigedomar og Nordland med 32.

Tal innhenta frå Statens landbruksforvaltning viser at staten i perioden frå og med 2002 til og med 2005 til saman kjøpte 33 eigedomar i medhald av jordlova § 6. For desse eigedomane betalte staten 24 995 047 kroner. Tala viser ein klår nedgang i aktiviteten. I 2002 kjøpte staten 15 eigedomar, i 2003 13 eigedomar, i 2004 tre eigedomar, medan det i 2005 blei kjøpt to eigedomar. Til saman besto eigedomane av 1 904 dekar fulldyrka jord, 319 dekar overflatedyrka jord og 21 470 dekar produktiv skog. Av dette blei 889 dekar fulldyrka jord kjøpt i 2002, medan tala for åra 2003, 2004 og 2005 i same følgd er 771, 126 og 118 dekar. Når det gjeld den produktive skogen, blei 14 248 dekar kjøpt i 2003, medan tala for dei andre åra i perioden har legi mellom 3 309 dekar og 1 447 dekar.

Tal innhenta frå Statens landbruksforvaltning viser at kjøpa er ulikt fordelt når det gjeld fylka. Størst aktivitet har det vore i Hedmark. I Hedmark kjøpte dei i perioden 2002-2005 15 eigedomar. Av det kjøpte arealet var 944 dekar fulldyrka jord, 90 dekar overflatedyrka jord og 14 010 dekar produktiv skog. For desse eigedomane betalte staten 13 082 000 kroner. I 10 av fylka blei det i perioden ikkje kjøpt eigedomar i det heile tatt. Desse fylka er Oslo, Akershus, Oppland, Vestfold, Telemark, Aust- Agder, Vest- Agder, Rogaland, Nord-Trøndelag og Troms.