3.1.2 Høyringsforslaget...

3.1.2 Høyringsforslaget og høyringsinstansane sine innspel

Departementet sendte på høyring forslag om å endre jordlova § 6 slik at ordninga med friviljuge statlege kjøp fell bort. Føresegna skulle elles gjelde som før. 69 høyringsinstansar har uttalt seg til forslaget. Av desse sluttar 58 seg til forslaget. Høyringsinstansane har i liten grad gitt grunnar for tilrådingane sine. 11 høyringsinstansar rår frå oppheving.

Tynset kommune og Alvdal kommune er to av dei 11 høyringsinstansane som går i mot forslaget om å oppheve ordninga med statlege kjøp til rasjonaliseringsformål. Dei grunngjev det med at «ordningen bidrar til gode helhetsløsninger ved rasjonalisering av landbrukseiendommer, og at ordningen representerer et godt tilbud til eiere som ønsker å selge landbrukseiendom.»

Elles viser dei som rår frå oppheving av ordninga til at dette ikkje vil vere i tråd med dei politiske signala som blei gitt ved opphevinga av forkjøpsretten. Fylkeslandbruksstyret i Sogn og Fjordane uttaler til dømes at:

«Då forkjøpsretten vart oppheva (01.01.2001) lydde det frå departementet ei oppmoding om å satse meir på frivillig statleg kjøp. Ein ønskte då at det offentlege framleis skulle kunne påverke strukturutviklinga ved hjelp av juridiske verkemiddel. Så langt vi kan sjå er ikkje strukturmålsetjingane endra siden den gong, men no finn ein det ikkje lenger nødvendig eller naturleg med eit slikt aktivt engasjement frå staten si side. Skal ein kunne dokumentere ein viss styringsvilje, meiner vi det vil vere eit riktig signal og gje uttrykk for ei ansvarleg handling om ein opprettheld målsetjingane og ein heimel for å drive strukturmotiverte eigedomskjøp i jordlova.»