3.1.3 Departementets vurderingar

3.1.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner som dei fleste høyringsinstansane at det ikkje lenger er ein nødvendig eller naturleg oppgåve for staten å drive strukturrasjonalisering gjennom kjøp og formidling av eigedomar, og at slike transaksjonar i alle høve vil ha marginal tyding. Bruksrasjonalisering bør etter departementet si meining skje gjennom forhandlingar mellom eigar og interessent utan staten sin direkte medverknad. Departementet foreslår derfor at ordninga med statlege kjøp til rasjonaliseringsformål blir oppheva.

Stat og kommune sin forkjøpsrett etter konsesjonslova blei oppheva ved lov 4. mai 2001. Etter dette kunne ikkje lenger staten bruke forkjøpsrett ved konsesjonspliktige kjøp med sikte på rasjonalisering av bruk. Opphevinga av forkjøpsretten var grunngitt ut frå ei erkjenning av at det som er oppnådd i form av endra bruksstruktur ved bruk av forkjøpsretten var lite, samtidig som forkjøpsretten av mange blei sett på som eit unødig inngripande og til dels eit urimeleg verkemiddel.

I samband med opphevinga av forkjøpsretten blei det uttalt mellom anna, jf Ot.prp. nr. 33 (2000-2001) side 38:

«Departementet mener det er grunnlag for at det offentlige øker aktiviteten knyttet til eiendomsoverdragelser med sikte på å stimulere til frivillige rasjonalisering. De fleste høringsinstansene støtter dette synet. Etter departementets syn må det nå arbeides videre med sikte på at frivillige ordninger skal bli det mest sentrale virkemiddel for å innvirke på bruksstrukturen. Departementet har i St.prp. nr. 1 (2000-2001), budsjettet for 2001 lagt til grunn at arbeidet bl.a. omfatter informasjonsarbeid om følgene av urasjonell bruksstruktur.»

Departementet er samd i det Tynset og Alvdal kommunar seier i sine høyringsfråsegner om at ordninga kunne vere eit godt tilbod til eigarar som ønskjer å selje landbrukseigedom. Det har likevel synt seg i praksis at det er svært varierande kor mykje ressursar kommunane og Fylkesmennene har brukt på arbeidet med slik jordformidling. I mange kommunar og fylke har det i det heile ikkje vore slike kjøp dei seinare åra. Vidare har dei sakene som har vore, ofte vore arbeidskrevjande å få sluttført. Som for forkjøpsretten, er det etter departementet si meining såleis relativt lite som er oppnådd sett på bakgrunn av den arbeidsinnsatsen det offentlege har lagt ned.

Fylkeslandbruksstyret i Sogn og Fjordane meiner at ein dokumenterer ein viss styringsvilje om ein opprettheld målsetjingane og ein heimel for å drive strukturmotiverte eigedomskjøp i jordlova. Forslaget inneber likevel inga endring i jordlova si målsetjing når det gjeld bruksstruktur. Det blir heller ikkje gjort endringar i delingsføresegna i jordlova. Det offentlege kan dessutan framleis påverke strukturutviklinga gjennom handsaminga av søknader om konsesjon, til dømes gjennom avslag eller konsesjonsvilkår dersom det er nødvendig for å få ei god driftsmessig løysing.

Departementet ser heller ikkje gode nok grunnar til å føre vidare ordninga kor staten ved fylkeslandbruksstyret kjøper areal for å bruke det i samferdselsjordskifte. Det er meir naturleg at den som står for samferdselstiltaket sjølv kjøper arealet, som til dømes Statens vegvesen.

Forslaget har også samanheng med at Jordfondet som tidlegare har finansiert slike kjøp er vedtatt avvikla, jf det som er sagt under punkt 3.1.1. Det ville da by på finansielle problem dersom staten framleis skulle ha ei rolle i samband med kjøp av tilleggsjord.

Dei jordfondseigedomane staten eig i dag bør seljast etter gjeldande ordning. Det inneber at Fylkesmannen må leggje tilhøva til rette for vidaresal, og at kommunen bestemmer kven som skal få kjøpe og prisen på eigedomen.