3.3.3 Departementets vurderingar

3.3.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner det er eit unødvendig og uforholdsmessig inngrep å oreigne vanhevda jord og foreslår å oppheve føresegna i jordlova § 8 femte ledd.

Formålet med vanhevdsføresegna er å hindre at dyrka jord sluttar å vere kulturjord på grunn av mangelfullt stell.

Departementet er einig i det Oslo kommune seier i si høyringsfråsegn om at paragrafen truleg har ein viss normativ verknad. Ein understrekar likevel at det ikkje blir lagt fram forslag om å oppheve påbodet om å halde arealet i hevd. Det ein foreslår å oppheve er heimelen i § 8 femte ledd til å oreigne vanhevda jord. Andre pålegg knytt til vanhevd er det framleis heimel til.

I høyringsnotatet som blei utarbeidd i samband med vedtakinga av jordlova av 1995, la ein til grunn at lokale landbruksstyresmakter dreiv aktiv rådgjeving med sikte på å få til friviljuge ordningar som gjekk ut på å ta i bruk vanhevda jord igjen.

Departementet meiner det er grunn til å rekne med at det framleis vil bli gitt råd og rettleiing med sikte på å få til slike friviljuge ordningar, og at denne verksemda vil gi tilfredsstillande resultat i dei områda der det er viktig å halde den fulldyrka jorda i hevd.

Vanhevdsføresegna byggjer på at landbruksstyresmaktene skal prøve å få drifta i gang igjen ved bruk av skrittvis meir tyngjande verkemiddel om dette er nødvendig.

Som Eidsvoll kommune nemner i si høyringsfråsegn, har kommunen moglegheit til å inngå avtale om bortleige for inntil 10 år. Departementet er einig med kommunen i at jorda ved avtale om bortleige vil kunne haldast i tilfredsstillande hevd. Det vil også vere mogleg å ivareta omsynet til kulturlandskapet då kommunen kan setje vilkår i samband med avtala om bortleige. Kommunen kan også gi eigaren pålegg om til dømes slått eller beiting for å ivareta kulturlandskapet.

Departementet er såleis ikkje einig med Norges Bondelag i at vanhevdsparagrafen i jordlova må behaldast slik han er i dag. Ein vurderer pålegg om bortleige som tilfredsstillande for å ivareta omsynet til jordvern og kulturlandskap. Oreigning med sikte på å finne ein ny eigar er derfor eit unødvendig og uforholdsmessig inngrep.