3.4.1 Gjeldande rett...

3.4.1 Gjeldande rett og saksomfang

Heimelen til oreigning av husmannsplassar m.m. skriv seg frå jordlova av 1928. Under forarbeidet til jordlova frå 1955 fann Jordlovkomiteen frå 1947 at talet på husmanns- og bygselbruk var så lite at det ikkje var grunn til å halde på oreigningsheimelen. I samsvar med dette blei det i jordlova av 1955 lovfesta ein overgangsperiode på 10 år kor det framleis skulle vere moglegheit til å oreigne husmanns-, bygsel- eller leilendingsbruk til fordel for leigaren, barna og barnebarna hans. Oreigningsheimelen heldt opp å gjelde 31. desember 1965. I åra etter kom mange og sterke oppmodingar om å ta oreigningsheimelen inn att. Dette blei gjort i 1975 utan at departementet undersøkte nærare kor mange husmannsbruk som var att. Heimelen blei ført vidare i nogjeldande jordlov.

Utan omsyn til formålet i jordlova § 1 kan husmanns-, bygsel- eller leilendingsbruk etter jordlova § 14 oreignast til fordel for leigaren, barna eller barnebarna hans. Det same gjeld bruk som er leigd på andre vilkår, men som før har vore leigd til leigaren, foreldra eller besteforeldra hans på husmanns-, bygsel- eller leilendingsvilkår. Det er eit vilkår at bruket anten må vere bygd eller rydda av leigaren eller slekta hans, eller brukt av dei i minst 30 år før 1. januar 1975.

Vidare er det eit vilkår for oreigning at søkjaren vil drive bruket som landbruk og bu der. Vilkåret er ikkje slik å forstå at det må stillast serlege krav til plassen sitt areal og driftsmoglegheiter. Vilkåret skal hindre at tidlegare husmannsplassar blir overtatt til feriebustad, eller brukt på anna måte som fører til at landbruksressursar blir lagt brakk.

Eit vilkår for å kunne oreigne er at inngrepet «utan tvil er til meir gagn enn skade», jf oreigningslova § 2 siste ledd.

Fylkeslandbruksstyret har myndigheit til å vedta oreigning. Statens landbruksforvaltning er klageinstans.

Når det er vedtatt oreigning, blir vederlaget fastsett ved skjønn på same måte som ved oreigning av tilleggsjord, jf omtale under punkt 3.2.1.

Dei seinare åra har det kome inn få søknader om oreigning etter jordlova § 14. Tal henta frå Statens landbruksforvaltning viser at det i 2004 blei avgjort 1 sak i fylkeslandbruksstyra. Tala viser at det har blitt avgjort 4 saker i perioden 1995-04. 2 søknader blei tekne til fylgje.