3.4.3 Departementets vurderingar

3.4.3 Departementets vurderingar

Etter departementet si vurdering er det ikkje lenger særlege sosiale omsyn som tilseier at ein bør behalde heimelen til oreigning av husmanns-, bygsel- og leilendingsbruk. Departementet foreslår derfor å fjerne heimelen, men med ei overgangsperiode på fem år.

Den såkalla «husmannsparagrafen» kviler på sosiale omsyn. Den skulle vere med på å rette opp det som mange oppfatta som ein sosial urett. Husmennene, deira ektemakar og etterkomarar har hatt ulik tilknyting til plassen. Sterkast tilknyting har den familien hatt som rydda plassen, budde der og dreiv han. Vidare må det reknast med at den som sjølv har hatt arbeidsplikt på garden og arbeidd der følte urett over ikkje å eige plassen større enn etterkomarane som kanskje sjølv ikkje har budd der eller arbeidd for eigaren.

Når det gjeld husmannsplassane, har 9 instansar innvendingar mot å oppheve ordninga, men det er berre Justisdepartementet og Norsk Bonde- og Småbrukarlag som har gitt nærare grunn for tilrådinga si.

Departementet er einig med Justisdepartementet i at heimelen til å oreigne husmannsbruk mv. bygger på nokre av dei omsyna som innløysingsretten knytt til bustad- og hyttetomter etter tomtefestelova er tufta på. Departementet er einig i at sosiale omsyn som liknar på kvarandre og omsynet til konsekvens i lovgivingspolitiske spørsmål som liknar på kvarandre i nokon mon kan tale for å behalde den etablerte oreigningsheimelen i jordlova.

Departementet har ikkje tal for kor mange husmanns-, bygsel- eller leilendingsbruk som kan vere aktuelle å oreigne i medhald av gjeldande føresegn. Talet kan likevel ikkje vere stort. Departementet er einig med Justisdepartementet i at eit lågt tal i seg sjølv ikkje kan vere avgjerande. Avgjerande må vere om det er gode grunnar elles for å halde på ordninga. Etter departementet si vurdering er ikkje dei sosiale omsyna som ligg til grunn for ordninga så sterke i dag at det er grunnlag for å oppretthalde oreigningsheimelen. Det er neppe mange – om nokon – i dag med rett til å søke om oreigning som sjølv har hatt til dømes arbeidsplikt på garden, eller som serleg sterkt kan ha opplevd den sosiale uretten som mange meiner har vore knytt til husmannsordninga. Det er derfor ikkje lenger eit samfunnsproblem som bør løysast gjennom lovreglar.

Departementet tilrår derfor at heimelen for å oreigne husmanns-, bygsel- og leilendingsbruk fjernast. Justisdepartementet sine innvendingar kan etter departementet si meining langt på veg avbøtast ved at det blir fastsett ein relativt lang overgangsperiode. På den måten blir det sikra at det ikkje blir gjort urett mot nokon med rett til oreigning etter gjeldande reglar.

Departementet foreslår at fristen blir sett til fem år. Dette meiner departementet er ein romsleg frist for den som må ta stilling til om han vil søkje. Det er også ein rimeleg frist for grunneigaren i dei fleste høve.

Med ein så romsleg frist som fem år, meiner departementet fristen bør vere absolutt slik at det ikkje skal vere mogleg å oreigne dersom det er søkt etter at fristen er gått ut.