Historisk arkiv

Stor interesse for beste serveringsstad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Ganefart skal kåre Norges beste serveringsstad langs vegen og så langt har det vore stor interesse landet over for å foreslå kandidatar. Du kan sjølv nytte deg av tipstelefonen: 400 38 830. - Vi må gjere Norge til eit bedre reiemål. Ganefart bidreg til dette, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

Ganefart logoGanefart skal kåre Norges beste serveringsstad langs vegen og så langt har det vore stor interesse landet over for å foreslå kandidatar. Du kan sjølv nytte deg av tipstelefonen: 400 38 830. - Vi må gjere Norge til eit bedre reiemål. Ganefart bidreg til dette, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

Ganefart er eit samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet, Norges Bygdekvinnelag og Innovasjon Norge. Det er ein konkurranse som blir arrangert anna kvart år, og der den beste serveringsstaden skal kårast, først regionalt og så for heile landet. 

Ganefart er eit av mange tiltak for å profilere matnasjonen Norge. Vi har lange tradisjonar, gode råvarer og maten har gjerne sin heilt spesielle historie. Serveringsstadane langs vegen er eit godt høve til å syne fram noko av det vi er så stolte av. Ja eg trur det vil vere eit konkurransefortrinn for den einskilde verksemda, sier Brekk. 

Det overordna målet med konkurransen er å bruke meir av den store variasjonen lokale og regionale råvarer. Gode serveringsstader langs vegen er viktig for dei fleste av oss. Dersom fleire serveringsstader i vårt distrikt nyttar seg av kortreiste råvarer i rettar med eit lokalt preg, og viser gjestane stor gjestfridom, vil endå fleire reisande ta pause i vårt distrikt.

I Ganefart er det lokal/regional mat og råvarer, og kor oppteken ein er av dette som tel. Vertskapet må kunne setje mat og stad inn i ein historisk og kulturell samanheng. Staden må presentere seg på ein positiv og attraktiv måte.

Dei tidlegare vinnarane fortel om auka omsetnad, motivasjon og ikkje minst, større merksemd frå media.

Møre og Romsdal er i region saman med Trøndelagsfylka og regionsvinnar i 2008 her var Smia Fiskerestaurant i Kristiansund.

”Vi har fått utrolig mye igjen for seieren i form av økt besøkstall og gode tilbakemeldingar. Det var utrolig flott å vinne den gang, så vi er selvfølgelig med i år også” seier dagleg leiar ved Smia, Ingvald Rønningshaug til Fylkesmannens web-side i Møre og Romsdal.

Serveringsstadane kan sjølv melde seg på konkurransen, men publikum kan også sende inn forslag. Det var god deltaking og bra engasjement frå publikum under konkurranse i 2006 og 2008, og vi håper på det same denne gongen. Gode serveringsstader fortener å bli gjort stas på.

I konkurransen er landet delt inn i 8 regionar som skal kåre kvar sin vinnar.  

Spis og tips
Forslag på gode kandidatar kan sendast: ganefart@bygdekvinnelaget.no eller tipstelefonen: 400 38 830

Ganefart skal kåre Norges beste serveringsstad langs vegen og så langt har det vore stor interesse landet over for å foreslå kandidatar.