Historisk arkiv

Spis- tips og spis igjen!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk oppmodar folk til å engasjere seg i Ganefart ved å tipse om dei gode serveringsstadane som er ei reise verdt i seg sjølv.

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk oppmodar folk til å engasjere seg i Ganefart ved å tipse om dei gode serveringsstadane som er ei reise verdt i seg sjølv.

Landbruks- og matdepartementet og Bygdekvinnelaget ber om hjelp frå folk til å finne beste serveringsstad langs vegen. Tips om ein serveringsstad du er nøgd med - vinn eit gåvekort på to måltid!

- Ganefart er ein konkurranse som er med på å gjere Norge til eit betre reisemål, seier Brekk.

- I Norge har vi lange tradisjonar, gode råvarer og maten har gjerne sin heilt spesielle historie. Serveringsstadane langs vegen er eit godt høve til å vise fram noko av det vi er så stolte av, seier  landbruks- og matministeren.

    Landbruks og matminister Lars Peder Brekk, Leder i Bygdekvinnelaget Kathrine Kleveland (Ganefart)
- Ganefart er ein konkurranse som er med på å gjere Norge til eit betre reisemål, seier Brekk. Her saman med leiar i Bygdekvinnelaget, Kathrine Kleveland (Ganefart). Foto: Gunn Karin Olsen

Hjelp Ganefart med å finne beste serveringsstad langs vegen i Norge:
Send sms til 400 38 830 med kodeord ”tips og spis” - ditt namn- namn på serveringsstad - stad og kvifor du er nøgd med denne serveringsstaden.