Historisk arkiv

Over 600 tips om gode spisestader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

100 serveringsstader konkurrerer no om å bli beste serveringsstad langs vegen i 2010 – og fleir kan dei bli. Pr i dag har det kome inn over 600 tips frå publikum om gode spisestader i konkurransen Ganefart.

100 serveringsstader konkurrerer no om å bli beste serveringsstad langs vegen i 2010 – og fleir kan dei bli. Pr i dag har det kome inn over 600 tips frå publikum om gode spisestader i konkurransen Ganefart.

Gjer Noreg til eit betre reisemål
Landbruks- og matdepartementet og Bygdekvinnelaget ber om hjelp frå folk til å finne beste serveringsstad langs vegen. Tips om ein serveringsstad du er nøgd med, og vinn eit gåvekort på to måltid.

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk oppmodar folk til å engasjere seg i Ganefart ved å tipse om dei gode serveringsstadane som er ei reise verdt i seg sjølv.

- Ganefart er ein konkurranse som er med på å gjere Noreg til eit betre reisemål. I Noreg har vi lange tradisjonar, gode råvarer og maten har gjerne sin heilt spesielle historie. Serveringsstadane langs vegen er eit godt høve til å vise fram noko av det vi er så stolte av, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

Stem fram ein serveringsstad du er nøgd med
Ganefart ynskjer fleire tips og fleire påmeldte. Siste frist for påmelding til Ganefart 2010 er 1. september.

Alle kan vere med og avgjere kven som vinn årets Ganefart. Send en sms til 400 38 830 med ditt namn, namn på spisestad og forklaring på kvifor akkurat dette spisestedet bør vinne. Siste frist for å tipse om gode spisestader langs norske veger er 20. august.