Meld. St. 24 (2011–2012)

Finansmarknadsmeldinga 2011

Til innhaldsliste

4 Samfunnsansvar i finansnæringa

4.1 Innleiing

Eit velfungerande bankstell spelar ei sentral rolle i alle land. Bankar tek imot innskot frå ålmenta, syter for tilførsle av kontantar og yter lån til finansiering av investeringar. Historisk sett har framveksten av bankar og andre finansinstitusjonar vore eit viktig grunnlag for økonomisk utvikling og modernisering. Såleis går samfunnsansvaret til banksektoren fyrst og fremst ut på at det skal finnast sunne, solide og likvide bankar som utfører kjerneoppgåvene sine på berekraftig vis.

Gjennom snart 200 år har sparebankar vore ein hjørnestein i det norske bankstellet. Eit kjennemerke ved sparebankane er og har vore gåveinstituttet: gåver i form av tilskot og løyvingar til ymse ålmennyttige føremål i dei lokalsamfunna som bankane har rot i. Dette gåveinstituttet er eit særmerkt uttrykk for samfunnsansvar. Gåveinstituttet har endra seg i samsvar med tida og tilhøva, og omfanget av gåver er aukande. Meininga med dette kapitlet er å gjera greie for bakgrunnen for gåveinstituttet, omtala relevant lovregulering, talfesta gåvene frå sparebankar/sparebankstiftingar og skissera sambandet mellom gåveinstituttet og folkeopplysning og folkestyre.

4.2 Sparebankar. Definisjon, historie og utviklingsdrag

Vi har grovt sett to slags bankar i Noreg: sparebankar og forretningsbankar. Dei to bankkategoriane har mykje sams. Norske forretnings- og sparebankar har til dømes einerett på å ta imot innskot frå ålmenta, og innskots- og utlånsverksemda utgjer på sett og vis kjernen i verksemda. Det som skil forretningsbankar og sparebankar, er forma for eigekapital i banken. Bankar som er organiserte som aksjeselskap (forretningsbankar), hentar kapitalen sin ved å ferda ut aksjar. For andre bankar kan eigenkapitalen omfatta anten berre grunnfondskapital eller, i nyare tid, òg eigardelskapital. Skilnadene i lovverket speglar at sparebankar historisk sett har vore sjølveigande, medan forretningsbankane er åtte av aksjonærar og i større grad har profittmaksimering som mål. Dette utgjer òg ein viktig økonomisk skilnad mellom sparebankar og forretningsbankar. Til dømes står ein sjølveigande institusjon nokså fritt til sjølv å setja seg økonomiske mål for verksemda. I boka Om sparsomhed og særlig om vore sparebanker (1898) av Hagbard Emanuel Berner1, finn vi eit gammalt vitnemål om at sparebankane i praksis har sett seg andre økonomiske mål enn forretningsbankane. Her skriv Berner mellom anna: «Da sparebankerne ikke som aktiebankerne er beregnet paa udbytte for aktionærer, lægger de heller ikke an paa stort overskudd.»

Skiljet i lønsemd var kanskje større før, og forsking tyder på at overskotet i spare- og forretningsbankar har vore nokså likt i nyare tid.2 Morten G. Josefsen har samanlikna norske forretnings- og sparebankar over ein periode på 17 år, frå 1985 til 2002. Studien viser at sparebankar ålment tok lågare risiko enn forretningsbankar. Dette synte seg både i korleis dei finansiererte seg, korleis dei investerte og lånte ut pengar. Likevel ser det ikkje ut til at sparebankane gjennomsnittleg hadde lågare lønsemd enn forretningsbankane.

Det har funnest sparebankar lenge. Dei fyrste vart grunnlagde i Tyskland på slutten av 1770-talet, og i 1795 skipa den dansk-norske regjeringa eit dansk livstrygdelag som omfatta ei sparekasse som skulle ta imot innskot frå folket. I fleire land voks det fram sparebankar i åra etter 1810, og i 1821 vedtok Stortinget å greia ut om det burde skipast sparebankar i Noreg. Etter opptak frå denne kommisjonen vart den fyrste norske sparebanken grunnlagd i Christiania i 1822. Banken skulle bidra til «Flid, Sparsomhed og Sædelighedens Fremme».

I 1824 vedtok Stortinget ei særskild lov om sparebankar etter at det var skipa sparebankar i Bergen, Drammen, Skien og Trondhjem. I 1840 var det grunnlagt 25 sparebankar i Noreg, dei fleste i byar. I dei neste 40 åra steig talet på sparebankar raskt. I 1850 var det 90 sparebankar, 58 av dei bygdesparebankar. I 1860 var talet stige til 174, og i 1880 var det over 300 sparebankar i Noreg.

Den fyrste norske forretningsbanken vart grunnlagd i 1848. Talet på norske forretningsbankar steig lenge nokså seint. I Noreg fylte dei lokalt baserte sparebankane fleire av funksjonane overfor næringslivet som såkalla universalbankar (både forretningsbank og investeringsbank) hadde i utlandet. Der andre land hadde universalbankar og forretningsbankar med landsomfattande filialnett, var det norske bankstellet lenge prega av lokalt etablerte og kontrollerte sparebankar, ofte med nære band til kommunane.

Figur 4.1 syner talet på kommunar og sparebankar i Noreg frå 1840 og fram til i dag. Talet på sparebankar steig raskt heilt fram til slutten av 1920-åra, då det nærma seg 640. Frå 1960-åra gjekk talet kraftig ned. I St.meld. nr. 71 (1961–62) skreiv Finansdepartementet at det var eit klårt behov for å få slått sparebankar saman. Departementet meinte at det normalt ikkje var grunnlag for å ha fleire sjølvstendige mindre sparebankar i same kommune. Departementet ville likevel ikkje tvinga bankane til å slå seg saman om dei ikkje sjølv ynskte det. Utetter i 1960-åra sette Sparebankforeininga i gang arbeid for å sjå nærare på sparebankstrukturen. Sparebankforeininga sitt eige utval gjekk konkret og detaljert til verks. Mellom anna gjorde områdekomiteen til foreininga framlegg om å skjera talet på sparebankar ned til 61. Den etterfølgjande planleggingskomiteen, som òg var sett ned av Sparebankforeininga, kom ikkje med like geografisk detaljerte framlegg som områdekomiteen hadde gjort, men peika mellom anna på at fylkessparebankar kunne vera eit naturleg siktemål. Styresmaktene sette meir overordna strukturpolitiske mål for sparebanksektoren. I Ot.prp. nr. 36 (1976–77) skreiv Finansdepartementet at det var ynskjeleg med større regionale einingar, men at den konkrete strukturrasjonaliseringa var noko sparebankane sjølve måtte ta ansvaret for.

Etter 1975 har talet på kommunar i Noreg vore nokså jamt, medan talet på sparebankar har gått kraftig ned. Frå 1970 til 1980 gjekk talet ned frå 493 til 322, og vidare til 142 i 1990.

Figur 4.1 Tal på kommunar og sparebankar i Noreg frå 1840 fram til i dag

Figur 4.1 Tal på kommunar og sparebankar i Noreg frå 1840 fram til i dag

Serien for talet på sparebankar er basert på tiårige observasjonar i perioden 1840–1900 og på femårige observasjonar i perioden 1900–1920. Tala mellom observasjonane i desse periodane er estimat.

Kjelde: Sparebankstiftelsen DNB

Ved utgangen av 2011 vart det 113 sparebankar og 15 sparebankstiftingar i Noreg. Dei seinare åra har dessutan fleire sparebankar inngått ulike former for samarbeid. Sparebank1- og Terra-alliansane omfattar til saman om lag 100 norske sparebankar.

Nedgangen i talet på sparebankar dei siste tiåra tyder på at sparebankane har tilpassa seg den økonomiske, teknologiske og samfunnsmessige utviklinga. Endringane i sparebankstrukturen speglar utviklinga i norsk økonomi og krava som vert sette til bankane i ein moderne økonomi. Avviklinga av kredittreguleringa i 1980-åra innebar til dømes at lokale sparebankar fekk auka konkurranse, slik at rentemarginen gjekk ned. Difor har òg sparebankane måtta endra seg for å kutta kostnader. Dessutan har bankdrift vorte meir krevjande med tida, og krava til mellom anna IT-drift og produktutvikling aukar heile tida. Medan sparebankar for nokre tiår sidan jamt over var små, finst det no både store, mellomstore og små sparebankar.

4.3 Gåveinstituttet til sparebankane

4.3.1 Innleiing

Heile finanssektoren utfører oppgåver og funksjonar som inneber samfunnsansvar. Det viktigaste banknæringa gjer for samfunnet, er å driva god og effektiv bankverksemd. Sparebankane har dessutan vist eit særskilt samfunnsansvar når det gjeld bruk av overskot. Sparebankar kan etter lov om finansieringsverksemd § 2b-18 halda overskotet att i banken eller gje av overskotet som tilkjem grunnfondet, til samfunnet i form av gåver til ålmennyttige føremål. Det finst ulike vegar frå banken til mottakarane. Overskotsmidlar kan nyttast til gåver til ålmennyttig føremål beinveges, dei kan overførast til fond for slike gåver eller til stiftingar med ålmennyttige føremål som deler ut gåver vidare.

Utdeling og avsetjing av gåvemidlar til fond er ein del av årsoppgjeret i ein sparebank. Vedtektene til ein sparebank skal ha føresegner om mellom anna verksemda til sparebanken og korleis overskotet kan brukast (jf. sparebanklova § 4).

Det er representantskapet, det øvste organet i sparebanken, som avgjer om banken skal gje gåver, kor mykje som skal nyttast til gåver, og kven som skal få gåvene. Vedtaket om kven som skal få gåver, er gjerne delegert til administrasjonen i banken eller til særskilde gåvenemnder.

Sparebankstiftelsen DnB NOR vart skipa i 2002 som den fyrste i sitt slag i Noreg då Gjensidige NOR Sparebank vart omskipa til aksjeselskap. Med ei lovendring i 2009 vart det gjort lettare for sparebankar å velja ulike modellar for omskiping og samanslåing. I mange tilfelle inneber endringane at heile eller delar av den eigarlause kapitalen i sparebankane vert skild ut i ei sparebankstifting, som får ein eigardel i ein ny sparebank eller aksjesparebank. Ei slik sparebankstifting skal nytta overskotet om lag som ein sparebank og kan såleis gje gåver til ålmennyttige føremål.

4.3.2 Ålmennyttige føremål

Ifølgje Nynorskordboka kjem substantivet gåve frå det norrøne gáfa og tyder noko som ein gjev eller får utan vederlag. I same oppslagsverk er adjektivet ålmennyttig eller allmennyttig forklart berre med eit døme: «løyve pengar til allmennyttige tiltak». I Bokmålsordboka lyder definisjonen «nyttig for folk flest».

Soga om gåveinstituttet til sparebankane viser at særleg tolkinga og praktiseringa av ålmennyttige føremål har vore fleksibel og skifta med tida.

Hagbard Emanuel Berner skriv i boka Om sparsomhed og særlig om vore sparebanker (1898):

«Det overskud, som de [Sparebankene] giver, gaar til «almennyttige øiemed» (saasom: til kirkelige og religiøse formaal, til museer, samlinger, bibliotheker og leseværelser, skolevæsen, husflids- og haandgjerningsskoler, børneasyler, arbeiderforeninger og arbeiderhjem, syge- og understøttelsesforeninger, musikk- og kunsteriske formaal, vandledninger m.m.m.).»

Det norske samfunnet har endra seg radikalt sidan Berner skreiv dette. Mange av dei opplista føremåla ovanfor er i dag eit klårt offentleg ansvar. Det er verdt å merkja seg at fleire av dei er viktige for den demokratiske infrastrukturen: Særleg gåver til folkeboksamlingar, leserom og skular fremjar folkeopplysning. Eit presist uttrykk for ambisjonar om styrkt folkeopplysning finst i vedtektene til Snåsa sparebank, skipa i 1886 og den fyrste sparebanken her til lands med vedtekter på nynorsk. Paragraf 30 lydde slik:

«Etter at ein varekapital paa minst 1/10 av, kvat alle innskytararne hava tilgodes, er lagd tilsides, hev raadet rett til aa gjeva burt av den uppsparde kapital elder av den aarlege utvinning i banken pengar til gagnlege fyremaal, serleg til aa stydja sovoret stræv innanfyr Snaasi, som heve til fyremaal folkeupplysning.»

Paragrafen vitnar om ei forståing av samfunnsansvar og omgrepet «gagnlege fyremaal» som høver godt i eit demokrati. Slike tankar er det framleis bruk for. Framleis gjev sparebankar gåver til mottakarar, prosjekt og tiltak som på ymse vis medverkar til daning, styrkte offentlegheiter og demokratisk deltaking.

Gåvene frå sparebankane har vore av ymse slag opp gjennom tida. Heller ikkje gjeldande lov set spesifikke krav til gåva. Gåver kan altså òg i dag vera fysiske eller immaterielle. Lova inneheld heller ikkje reglar om kven som kan få gåver, men kravet om at gåva skal vera ålmennyttig, avgrensar sjølvsagt mottakarkrinsen og gåvetypen. Etter lova er det sparebankane/sparebankstiftingane som skal gje gåva. Dei kan altså ikkje overlata gåvegjevinga til ein annan part (utkontraktering).

4.3.3 Eit lovhistorisk perspektiv

I stutte drag: Gåveinstituttet var lenge regulert i vedtektene til den einskilde sparebanken. Sidan 1887 har gåveinstituttet vore lovregulert. Fram til 2009 sette lova skiftande øvre grenser for kor mykje av overskotet som kunne gjevast bort til ålmennyttige føremål.

Lovsoga byrjar i 1824. Då vart den fyrste sparebanklova vedteken av Stortinget. Lova regulerte ikkje skipinga av sparebankar, oppbygnaden deira eller verksemda, men gav bankane høve til å få vedtektene godkjende av Kongen. Ei slik godkjenning ville gje bankane visse rettar etter lova, som til dømes rett til tvangsinndriving og tvangsauksjon. Lova frå 1824 hadde ikkje føresegner om utdeling av gåver til ålmennyttige føremål. Dette vart regulert i vedtektene til kvar einskild sparebank.

Etter 1887 har sparebankars utdeling av gåver til ålmennyttig føremål vore lovfesta.

Lov om Sparebanker av 1887 § 2c hadde denne ordlyden:

«Overskudet af Indretningens Virksomhed tilfalder Grundfondet. Kun forsaavidt dette – i Tilfælde efter Fradrag af erlagte Bidrag med Renter deraf – overstiger en Tiendepart af Beløbet af Indretningens Forpligtelser, kan det overskydende eller Del deraf efter Planens nærmere Bestemmelse besluttet anvendt til almenyttig Øiemed.»

Den øvre grensa for kor mykje kvar sparebank kunne gje i gåver, fremja soliditet i bankane og gjorde at kapitalen vart verande i bankane og kom lokalbefolkninga til gode gjennom bankverksemda.

I 1924 vart ei ny sparebanklov vedteken etter nokre år med bankkrise og lågkonjunktur.

Lov om Sparebanker av 1924 § 50 lyder slik:

«Det årlige overskudd av en sparebanks virksomhet legges til grunnfondet, hvis ikke annet følger av denne lov.
Når grunnfondet – i tilfelle efter fradrag av erlagte bidrag med renter derav – overstiger en tiendepart av sparebankens forpliktelser, kan inntil 40 pct. av overskuddet anvendes til almennyttige øiemed. Har grunnfondet ikke nådd sådan størrelse, men dog overstiger kr. 100.000,00, kan inntil 20 pct. av overskuddet anvendes på samme måte.
Den del av overskuddet der således kan utdeles som gaver, kan helt eller delvis avsettes til et gavereguleringsfond, av hvis kapital årlig kan bevilges inntil 20 pct. til almennyttig øiemed.»

I åra etter andre verdskrigen vart det klårt at tida hadde gått frå lovgjevinga for sparebankar og forretningsbankar. Omstenda og behova var ikkje lenger dei same. Ny sparebanklovlov vart difor vedteken i 1961. Det vart likevel ikkje gjort større endringar i retten til å gje gåver, og sparebankane kunne framleis gje opp til 40 pst. av overskotet til ålmennyttige føremål.

I 1970 vart grensa for utdeling av gåver til ålmennyttige føremål stramma inn til 20 pst. av overskotet, og vidare til 10 pst. av overskotet i 1977. I 1987 vart lovteksten om gåveutdeling justert som følgje av at sparebankane fekk høve til å ferda ut grunnfondsbevis for å henta eigenkapital i marknaden. Grunnfondsbevisa fekk rett på ein del av overskotet til banken. Sparebankane kunne etter endringa halda fram med å dela ut opp til 10 prosent av den delen av overskotet som tilfell den sjølveigde kapitalen. I 2002 vart grensa utvida att, til 25 pst.

Etter lovendringa i 1987 har det vorte ei utfordring for styresmaktene å finna løysingar som balanserer interessene til den sjølveigde kapitalen og grunnfondsbeviseigarane, som handsamar eigargruppene til institusjonen mest mogleg likt, og som tryggjar eigenarten til sparebanksektoren. Ved lov 19. juni 2009 nr. 46 vart nemninga «grunnfondsbevis» avløyst av «eigarkapitalbevis», og reglane som sette grenser for kor mykje sparebankane kunne gje i gåve, vart oppheva. Opphevinga heng saman med at sparebankane har ynskt å verta meir attraktive for eigd kapital. Eigarkapitalbevis har klåre fellestrekk med aksjar. Hovudskilnaden er ulikt høve til å påverka styringa av banken og ulik evne til å absorbera tap. I Ot.prp. nr. 75 (2008–2009) skreiv departementet dette om soliditetsverknadene av lovendringa:

«Det oppstilles et krav om at styret skal gi melding til Kredittilsynet dersom det samlede utbyttet av årets overskudd skal settes høyere enn 30 prosent av overskuddet etter resultatregnskapet. Det presiseres at det her siktes til det samlede utbyttet, dvs. både det som tilordnes eierne av eierandelsbevis og det som tilordnes institusjonen. En slik bestemmelse begrunnes ut fra hensynet til å sikre institusjonens soliditet på kort og lang sikt og hensynet til finansiell stabilitet. Det er etter departementets oppfatning viktig at myndighetene, i tillegg til hjemler for å sikre soliditeten i kapitaldekningsregelverket, har mulighet til å gripe inn ved konkrete disposisjoner som kan få konsekvenser for institusjonens soliditet. Det foreslås derfor at utbytte og gavetildeling som settes høyere enn 60 prosent av overskuddet etter resultatregnskapet skal godkjennes av Kredittilsynet. Departementet legger til grunn at normal utdeling av utbytte og gaver som ligger på nivå med tidligere utdeling av utbytte og gaver, jf. forsvarlighetsbegrensningen, normalt godkjennes når kapitalsituasjonen i institusjonen ellers tilsier at dette er fornuftig.»

Ved lovendringa i 2009 vart lovheimelen for utdeling av gåver frå sparebankane flytta frå sparebankloven § 28 til finansieringsverksemdslova.

4.3.4 Sparebankstiftingar og gåver

Ein sparebank kan som nemnt overføra gåver til ei stifting med ålmennyttig føremål, jf. finansieringsverksemdslova. Det følgjer av denne lova at det i vedtektene til institusjonen kan fastsetjast at utbytemidlar tilordna grunnfondskapitalen kan nyttast til «gaver til allmennnyttige formål eller overføres til et fond for slike gaver (gavefondet), overføres til stiftelse med allmennnyttig formål, eller benyttes til utbytte til forsikringstakere eller andre kunder.»

Ålmennyttige stiftingar skipa av ein sparebank er underlagde reglane i finansieringsverksemdslova. Etter lova kan Finanstilsynet gjera vedtak om at sparebankstiftingar skal vera underlagde tilsyn av Lotteri- og stiftelsestilsynet på visse vilkår. Føresegna i finansieringsverksemdslova er ikkje til hinder for at ein sparebank gjev gåver til ei ålmennyttig stifting som ikkje er underlagd Finanstilsynet, så lenge stiftinga er sluttmottakaren av gåva.

Sakene om samanslåing av Sparebanken Møre og Tingvoll Sparebank og av Sparebank Vest og Sauda Sparebank var dei to fyrste løyvesakene som vart handsama etter at dei nye lovreglane om omskiping og stiftingar i sparebanksektoren tok til å gjelda. For departementet var det viktig at handsaminga av desse sakene og vedtaka som vart gjennomførde, skulle gje eit godt grunnlag for handsaminga av liknande løyvesøknader i framtida.

I vedtaket om Sparebanken Møre og Tingvoll Sparebank vart det gjeve uttrykk for at sparebankstiftinga som skulle skipast, burde vera underlagd reglane i finansieringsverksemdslova sjølv om eigardelen i den overtakande banken var lågare enn 10 pst. Det vart difor sett som vilkår at sparebankstiftinga skal vera underlagd tilsyn av Finanstilsynet same kva eigardelen er. Grunnen er at departementet ser det som viktig at finansstiftingar/sparebankstiftingar som er underlagde reglane i finansieringsverksemdslova, òg er underlagde tilsyn av Finanstilsynet.

Finansdepartementet har lagt stor vekt på at det er den styresmakta som har tilsynsansvaret for finansmarknaden, og som skal sjå til at lovene på finansmarknadsområdet vert følgde, som bør føra tilsyn med overføringa av gåvemidlar frå sparebankar til ålmennyttige stiftingar. Departementet legg òg vekt på at tilsynsstyresmaktene bør ha kompetanse og høve til å driva kontroll på dette viktige feltet innanfor ansvarsområdet sitt, slik at dei ikkje mistar definisjonsmakt over det.

Finansstiftingar, medrekna sparebankstiftingar, kan berre skipast av finansinstitusjonar som ikkje er organiserte som aksjeselskap. Skipinga kan skje ved avgjerd om samanslåing, deling, avvikling eller omskiping av sparebankar eller ved konvertering av eigardelskapital i desse institusjonane. I dag finst det 17 sparebankstiftingar i Noreg. Dei fleste er skipa i samband med samanslåing av sparebankar. Talet på sparebankstiftingar er venta å auka etter som fleire sparebankar slår seg saman. Til liks med sparebankane har sparebankstiftingane høve til å bruka overskotet i stiftinga til å gje gåver til ålmennyttige føremål. Ei sparebankstifting driv næringsverksemd i den tydinga at ho forvaltar mottekne midlar med sikte på høgast mogleg avkastning.

Sparebankstiftingar som er skipa i samband med samanslåingar, verkar i kjerneområdet til dei nedlagde sparebankane. Finansieringsverksemdslova § 2d-8 krev at gåver frå sparebankstiftingar vert nytta «særlig for å fremme utviklingen i områder hvor den kapital som er tilført stiftelsen da den ble opprettet er frembrakt». Dei fleste sparebankstiftingane har òg teke inn eit krav i vedtektene om at gåver til ålmennyttige føremål skal delast ut i distriktet som har bygd opp den eigarlause kapitalen til den nedlagde banken. Sparebankstiftingane vil såleis overta noko av den rolla som sparebanken før hadde som gåveutdelar i distriktet.

Dei fleste sparebankstiftingar har funnest i nokså kort tid. Difor er ikkje røynsla med gåveutdeling frå desse stiftingane så stor. Ingen av sparebankstiftingane har definert ålmennyttige føremål i vedtektene. Finanstilsynet gjorde i 2010/2011 ei undersøking om gåveutdeling hjå ei rekkje sparebankar, Sparebankstiftelsen DnB NOR og Gjensidigestiftelsen. Resultatet av undersøkinga kjem fram i brev frå Finanstilsynet til Finansdepartementet 15. april 2011: Sparebankane/stiftingane fremjar vekst og utvikling i lokalsamfunna aktivt og medvite, og nyttar gåveutdelingar til å stø opp om engasjement og aktivitet. Det gjer dei på ymse vis. Særleg dei større sparebankane prioriterer å gje til mottakarar som driv næringsverksemd, medan andre sparebankar/stiftingar gjev mindre til slike føremål.

Sparebankane/stiftingane har lagt vekt på at gåvene ikkje skal gå til kommersielle aktørars eiga drift, men koma ein sluttbrukar til gode. Dei har òg lagt vekt på at gåvene ikkje skal skapa konkurranseføremoner eller -ulemper for dei som driv næringsverksemd.

4.3.5 Gåveinstituttet i tal

Statistisk sentralbyrå har tidlegare offentleggjort statistikk som gjeld gåveinstituttet. Den vart publisert årvisst frå omkring1914 til 1923, jf. publikasjonsserien Norges Sparebanker frå Det Statistiske Centralbyrå. Der vart gåveutdelinga til ålmennyttige føremål fordelt på ulike tiltak. I 1923 delte sparebankane ut 1 152 520 kroner til «almennyttige øiemed», noko som utgjorde 0,75 pst av den samla inntekta. Tiltaket som fekk mest stønad i 1923, var «Syke- og understøttelsesforeninger, fattiges understøttelse og pleie m.v.»

Ei oversikt over gåveutdelinga frå sparebankane frå 1975 og fram til i dag viser at omfanget har auka veldig dei siste ti åra, jf. figur 4.2A. I 2008 minka omfanget på grunn av finanskrisa.

Figur 4.2 Gåveutdelinga frå Sparebankane. Mill. kroner

Figur 4.2 Gåveutdelinga frå Sparebankane. Mill. kroner

Figur B viser tal frå Sparebankforeininga over gåveutdelinga frå sparebankane til ulike føremål frå 2003 og fram til i dag. Kategoriane som er nytta, er næringsføremål, helseføremål foreiningar, idrett, kultur og anna. Figuren viser mellom anna at gåveutdelinga til næringstiltak har auka. For 2009 er det ikkje eigne tal for gåver til helseføremål, og desse inngår i kategoriene anna.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Sparebankforeininga

Historisk har sparebankane vore nøydde til å halda att overskot for å byggja opp kapital for å sikra soliditet og vekstgrunnlag. Frå 1988 har sparebankane kunna bruka grunnfondsbevis til kapitalinnhenting, og frå 2009 har det vore lov å gje ein større del av overskotet til gåver. Dermed har trenden dei siste åra vore å dela ut større summar enn før, og det er grunn til å tru at auken vil halda fram ei tid.

Lovendringane frå 2009 opnar òg i større grad for strukturendringar og skiping av fleire stiftingar. Dette kan òg føra til eit meir «profesjonalisert» gåveinstitutt, ettersom gåveutdelinga i fleire tilfelle vert samla i éin institusjon der sjølve gåveutdelinga er ein sentral del av verksemda. Samla sett er gåveutdeling frå sparebankar og sparebankstiftingar til ålmennyttige føremål eit samfunnsfenomen i vekst. Sidan omfanget av gåveutdeling aukar slik, har departementet kontakta Statistisk Sentralbyrå for å få offentleggjort statistikk på dette området. Dette kan gje oss meir kunnskap om gåveinstituttet i norsk sparebanksektor. Fiansdepartementet vil leggja til rette for at slik statistikk kan verta offentleggjort.

4.4 Gåveinstituttet, folkeopplysning og folkestyre

Gåveinstituttet til sparebankane er eit tradisjonsrikt innslag i norsk finansnæring og eit uttrykk for lokalt og regionalt samfunnsansvar. Sparebankar har gjennom historia gjeve tilskot og løyvingar til ymse ålmennyttige føremål og såleis styrkt den demokratisk deltakinga og den offentlege samtala i Noreg. Gjeldande lovverk – og Finanstilsynet si praktisering av det – legg til grunn at omgrepet ålmennyttige føremål skal tolkast relativt vidt. Folkeopplysning og folkestyre fell inn under ålmennyttige føremål. Det er dessutan viktig at gåveinstituttet er både lokalt og tradisjonelt forankra, og at gåvene er eit uttrykk for samfunnskontraktar mellom sparebankar/sparebankstiftingar og omlanda deira. Gåver til lag og foreiningar, tiltak og prosjekt som styrkjer den demokratiske infrastrukturen i Noreg, er samfunnsviktige. Departementet tek sikte å koma attende med ei meir konkret utgreiing av kva som ligg i omgrepet ålmennyttige føremål i lovproposisjonen om ny finansføretakslov som skal leggjast fram til hausten.

Det er både eit individuelt og kollektivt, privat og offentleg ansvar å styrkja folkestyret, både gjennom lokale tiltak og sentrale satsingar. I gamle sparebankvedtekter og gåvetildelingar ser vi døme på grunnleggjande demokratiske målsetjingar. Òg i dag finst det sparebankar og sparebankstiftingar som løyver pengar som skaper demokratisk meirverdi. Tre døme på gåveutdeling til ålmennyttige føremål er nærare omtala i boks 4.1. Døma viser at sparebankar og sparebankstiftingar stør tiltak som fremjar folkeopplysning og folkestyre, på stendig nye måtar.

Det viktigaste samfunnsansvaret til bankar og andre finansinstitusjonar går ut på berekraftig utføring av opplagde kjerneoppgåver. Men soga om norske sparebankar fortel òg om eit vidare samfunnsansvar. Dette samfunnsansvaret kan utviklast vidare – av sparebankane og sparebankstiftingane – i samsvar med tida og tilhøva.

Boks 4.1 Utvalde gåver til ålmennyttige føremål

Valle Radio

Valle Radio er lokalradio i kommunane Valle og Bykle i Aust-Agder. Radiokanalen sender i samarbeid med Radio Evje kvar tysdag og onsdag kveld og kvar fyrste fredag i månaden. Sendeskjemaet til Valle Radio inneheld mellom anna fyldig dekning av kommunestyremøta i Valle, inkludert direktesending frå møta. Radiokanalen legg dessutan ut lenkje til kommunestyrepapira på Facebook-sida si og slepper til lokalpolitikarar «på direkten». Slik gjer dei lokalpolitikken meir tilgjengeleg for innbyggjarane.

Sendeskjemaet til Valle Radio er variert, og det vert gjeve godt med sendetid til ulike lokale saker og aktualitetar. Valle Radio er driven på dugnad, og Valle Sparebank yter om lag 50 000 kroner i året til føremålet.

Norsk nettleksikon

Internett har skapt nye moglegheiter for samfunnsbygging gjennom deltaking, ordskifte og samhandling. Norsk nettleksikon er eit prosjekt som vart starta i oktober 2010 av stiftinga Fritt Ord og Sparebankstiftinga DNB, då dei overtok som eigarar av Store norske leksikon, Store medisinske leksikon og Norsk biografisk leksikon. Fritt Ord og Sparebankstiftinga DNB skal fram til 2013 finansiera ei satsing på Store norske leksikon på Internett, der målet er å laga eit tradisjonelt leksikon om til eit forum for kunnskapsbasert ordskifte. Sparebankstiftelsen DNB har løyvd 16 mill. kroner, medan Det Norske Videnskaps-Akademi skal leia det faglege arbeidet med å vidareutvikla og kvalitetssikra nettleksikonet. Dessutan vil universiteta, Nasjonalbiblioteket og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF) delta med faglege og/eller finansielle ressursar i utviklinga av nettleksikonet.

Norsk nettleksikon peikar på at den demokratiske ålmenta er avhengig av å verta styrkt på Internett, som er den nyaste og minst utvikla av kanalane for demokratisk deltaking. Store norske leksikon har som mål å skapa ein tydeleg arena for kunnskapsbasert ordskifte og å syna korleis valid kunnskap ikkje er det same som nøytralitet. Store norske leksikon ynskjer at lesarane skal finna signert informasjon og ei opplyst offentlegheit å delta i. Leksikonet ynskjer å spreia kunnskap gjennom internett slik at fagfolk vert ein ressurs for folk flest.

Nettleksikonet er basert på artiklane frå papirleksikonet Store norske leksikon og nyskrivne artiklar. Leksikonet har om lag 220 000 artiklar på Internett, skrivne frå 1906 og fram til i dag, og artikkelbasen vert oppdatert dagleg. Prosjektet er ikkje-kommersielt, og nettleksikonet er gratis for alle.

Nasjonalt Garborgsenter

Nasjonalt Garborgsenter skal opnast i fyrste halvdel av 2012, organisert som ein del av Jærmuseet i Rogaland. Senteret skal fremja visjonane til forfattarane Hulda og Arne Garborg, og tek mål av seg til å verta ein aktiv og aktuell samfunnsinstitusjon som fremjar kritisk refleksjon og skapande innsikt. Garborgsenteret skal liggja i eit kunnskaps- og læremiljø i utvikling på Bryne saman med mellom anna det nye biblioteket i Time kommune og nye Bryne vidaregåande skule. Garborgsenteret ynskjer å representera det nye og utløysa krefter lokalt samstundes som senteret skal vera ope for idear og trendar i Europa og resten av verda. Senteret vender seg til eit ålment publikum, men hovudmålgruppa er ungdom og unge vaksne.

Investeringsbudsjettet for utstillingar og anna innhald i Nasjonalt Garborgsenter er berekna til om lag 26 mill. kroner. Til dette har staten løyvd 7 mill. kroner, Time Sparebank 2 mill. kroner, Sparebankstiftinga DNB 1,5 mill. kroner og Fritt Ord 1,5 mill. kroner, til saman 12 mill. kroner. Resten vert finansiert av andre næringslivsaktørar. I tillegg skal Sparebank 1 SR-Bank gje opp til 9 mill. kroner i gåver til senteret.

Fotnotar

1.

Hagbard Emanuel Berner var ein norsk politikar og publisist, fødd 1839 i Sunndal, død 1920 i Kristiania. Han vann i 1865 Kronprinsens gullmedalje for ei juridisk avhandling om utanlandske kjelder til den norske grunnlova. Frå 1869 til 1879 var han redaktør av det nyskipa Dagbladet, og frå 1880 til 1888 var han tingmann for Akershus amt. Han var med og skipa Det Norske Samlaget i 1868.

2.

Three essays on corporate control, Morten G. Josefsen, Norwegian Business School BI series of dissertation 07/2011.

Til forsida