Meld. St. 24 (2011–2012)

Finansmarknadsmeldinga 2011

Til innhaldsliste

9 Verksemda til Statens finansfond i 2011

9.1 Innleiing

Statens finansfond (Finansfondet) vart skipa 6. mars 2009, same dagen som lov om Statens finansfond vart sanksjonert. Lova vart vedteken av Stortinget på grunnlag av Ot.prp. nr. 35 (2008–2009), som vart lagd fram 9. februar 2009. Finansfondet vart skipa med ein kapital på 50 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 40 (2008–2009), Innst. S nr. 158 (2008–2009) og vedtak nr. 230 26. februar 2009.

Målet med Finansfondet er «å bidra midlertidig med kjernekapital til norske banker for å styrke bankene og sette bankene bedre i stand til å opprettholde normal utlånsvirksomhet», jf. lov om Statens finansfond § 1. Finansfondet høyrer inn under Finansdepartementet. Fondet skal leggja særleg viktige saker fram for departementet før fondet tek avgjerd, og departementet kan instruera fondet.

Overvakingsorganet i EFTA (ESA) godkjende tiltaket 8. mai 2009. Fondet var ope for søknader om kapitaltilførsel frå medio mai 2009 til ultimo september 2009.

Finansfondet betalte ut det fyrste innskotet 30. september 2009 og det siste 17. desember 2009. I alt teikna fondet fondsobligasjonar i 28 bankar på til saman vel 4,1 mrd. kroner. Fondet tilførde ein bank preferansekapital på knapt 27 mill. kroner.

Bankane som fekk tildelt kapital frå Finansfondet, representerer om lag 14 pst. av forvaltningskapitalen i norske bankar, og dei representerer 21 pst. av alle bankar i landet. Nitten bankar hadde ei kjernekapitaldekning på over 12 pst. etter kapitalinnskot, og fire bankar fekk ein auke i kjernekapitaldekninga på meir enn 2 prosenteiningar. Alle bankane valde seks månaders statskassevekselrente som referanserente for fondsobligasjonane.

9.2 Styre og administrasjon

Finansfondet er eit eige rettssubjekt og vert leidd av eit styre som er oppnemnt av Kongen for tre år om gongen. Kongen oppnemnde 6. mars 2009 eit styre med advokat Endre Skjørestad som styreleiar, advokat Bjørg Ven som nestleiar og professor Thore Johnsen som styremedlem. Fagdirektør Anna Rømo og fyrsteamanuensis Jøril Mæland vart samstundes oppnemnde som varamedlemer.

Styret tilsette 9. mars 2009 Birger Vikøren som administrerande direktør i Finansfondet.

Då advokat Endre Skjørestad vart oppnemnd som ny styreleiar i Finanstilsynet 15. april 2010, vart advokat Bjørg Ven ny leiar i styret i Finansfondet. Bjørn Arild Gram vart oppnemnd som ny nestleiar i styret. Oppnemningane vart gjorde gjeldande frå 15. april 2010. Styret i Finansfondet er elles det same som før. I 2010 vart det halde fire styremøte.

Den 1. mai 2010 vart Eystein Kleven tilsett som ny administrerande direktør i Finansfondet etter at Birger Vikøren gjekk attende til Noregs Bank. Stillinga som administrerande direktør i Finansfondet har i 2010 og 2011 vore ei 50 prosent-stilling, ettersom fondet har gått inn i ein forvaltningsfase. I tillegg har fondet hatt ein administrasjonssjef som frå 16. august 2010 gjekk over frå fulltidsstilling til ei 60 prosent-stilling og frå 1. januar 2011 til ei 50 prosent-stilling. Fondet har på timebasis nytta to rådgjevarar, ein jurist frå Finanstilsynet og ein økonom frå Noregs Bank.

9.3 Verksemda i 2011

I 2009 dreiv Statens finansfond i hovudsak med etablering og med å vurdera søknader frå bankar som ynskte kapitalinnskot. I 2010 gjekk Finansfondet over i ein forvaltningsfase. Kor lenge verksemda i Finansfondet skal vidareførast, er mellom anna avhengig av når kapitalinnskota vert betalte attende frå bankane.

Tre bankar valde å betala attende kapitalinnskota i 2010. Sparebank 1 SMN betalte attende innskotet på 1,25 mrd. kroner 22. mars og 22. april 2010. Sparebanken Vest betalte attende innskotet på 960 mill. kroner 25. mai, og Sparebanken Sør betalte attende innskotet på 400 mill. kroner 17. desember 2010. Ved årsskiftet 2010/2011 hadde Finansfondet uteståande om lag 1,5 mrd. kroner fordelt på 25 bankar.

I 2011 har 7 bankar løyst inn innskota på til saman 892,5 mill. kroner. Ved årsskiftet 2011/2012 hadde Finansfondet uteståande om lag 631,3 mill. kroner fordelt på 18 bankar. Siste innløysing i 2011 var den 30. september 2011.

Uroa på innlånsmarknadene frå sommaren 2011 (mellom anna som følgje av gjeldsstoda for ein del europeiske land), er hovudgrunnen til at ikkje fleire bankar har løyst inn. Berre bankar som rakk å henta inn pengar i marknaden før tilstramminga, har løyst inn innskota. Rentene på innskota til fondet er sette slik at dei utgjer ei bru frå ein situasjon utan innlånsmarknad for bankane under finanskrisa, til ein situasjon med normal innlånsmarknad. Når marknadene blir meir normale, kjem truleg fleire bankar til å løysa inn innskota.

I 2011 vart det innbetalt renter for 2010 frå kapitalinnskota i bankane. Rentene for 2011 skal betalast seinast fem dagar etter at forstandarskapet har fastsett årsresultat for banken. Dei oppsamla renteinntektene frå kapitalinnskota i bankane var 87,3 mill. kroner i 2011.

Finansfondet hadde i 2011 eit driftsbudsjett på 10 mill. kroner. Dei samla driftskostnadene var på om lag 2,8 mill. kroner.

For å halda kostnadene nede har Finansfondet i 2011, som i 2010, sagt opp fleire avtaler med utanforståande leverandørar av tenester. Driftskostnadene var difor ein god del lågare i 2011 enn dei var i 2009, då organisasjonen vart bygd opp.

Det var knytt ei rekkje vilkår til kapitalinnskota i bankane, jf. omtale i Meld. St. 12 (2009–2010) Finansmarknadsmeldinga 2009. Finansfondet har i 2011 gjennomført kontrolltiltak for å sjå om bankane oppfyller vilkåra. Oppfølging av utlånspolitikken, kredittstrategien og løns-, utbyte- og gåvepolitikken til bankane krev særskild rapportering til Finansfondet. Ved å etablera den særskilde rapporteringa har fondet lagt vekt både på forsvarleg oppfølging av kapitalinnskota og teke omsyn til rapporteringsbøra til bankane. Omfanget av rapporteringa er avgrensa. I tillegg til å gjennomgå dei halvårlege rapportane frå bankane til fondet går Finansfondet igjennom kvartalsrekneskapen til bankane. Den fyrste større kontrollhandlinga i 2011 galdt likvide reservar i bankane, løn og godgjersle til banksjefane og i kva mon bruken av kapitalinnskotet var i samsvar med avtala med Statens finansfond. Fondet fann ingen brot på lover, forskrifter eller avtaler. Neste større kontrollhandling gjorde fondet 25. oktober 2011 og då galdt det likviditet og tap. Det var naturleg med ein slik gjennomgang i lys av marknadsutsiktene i Europa. Trass i dei vanskelege marknadstilhøva såg det ut til bankane hadde likviditetsreservar til å møta forfalla ei godt stund frametter. Bankane forklarte tapa dei har hatt, på ein grei måte. Likevel fann fondet grunn til å følgja opp nokre bankar som hadde ein litt uklår taps- og likviditetssituasjon. Finansfondet meiner at kapitalinnskota frå fondet framleis fremjar føremålet med dei, nemleg å styrkja bankane og sikra normal utlånsverksemd.

Til forsida