Meld. St. 24 (2011–2012)

Finansmarknadsmeldinga 2011

Til innhaldsliste

6 Verksemda til Noregs Bank i 2011

6.1 Innleiing

Etter lov 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet (sentralbanklova) § 1 fyrste ledd skal Noregs Bank vera utøvande og rådgjevande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gje ut setlar og mynt, fremja eit effektivt betalingssystem og overvaka penge-, kreditt- og valutamarknadene. Banken skal òg forvalta Statens pensjonsfond utland (SPU) og sine eigne valutareservar. Etter sentralbanklova § 30 andre ledd skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet, som så skal leggja desse dokumenta fram for Kongen og gjera dei kjende for Stortinget. Årsmeldinga frå Noregs Bank for 2011 følgjer som utrykt vedlegg til denne meldinga i tillegg til bankens eigen rapport om forvaltninga av SPU i 2011.

Det følgjer av sentralbanklova § 2 fjerde ledd at «Riksrevisjonen fører kontroll med statsrådens myndighetsutøvelse etter lov 7. mai 2004 nr. 21 om Riksrevisjonen og instruks fastsatt av Stortinget». Etter § 12 i denne instruksen skal statsråden snarast mogleg etter å ha motteke papira senda årsrekneskapen for banken, årsmeldinga frå hovudstyret, fråsegn frå representantskapet om protokollar frå hovudstyret og eventuelle fråsegner om andre tilhøve som gjeld banken, til Riksrevisjonen. Det følgjer òg at statsråden skal greia ut for Riksrevisjonen om korleis styringsretten som ligg hjå departementet og regjeringa i saker som gjeld Noregs Bank, har vore nytta. Departementet sender årsrekneskapen til Riksrevisjonen når departementet har fått han frå Noregs Bank. Riksrevisjonen får òg kopi av korrespondansen mellom departementet og Noregs Bank i saker om instruksjon og i saker der ein lèt vera å instruera. Finansministeren gjev ei særskild utgreiing om verksemda i Noregs Bank til Riksrevisjonen.

Regjeringa har fastsett eit inflasjonsmål for pengepolitikken gjennom ei forskrift til sentralbanklova. Oppgåva Noregs Bank har med å forvalta SPU, er regulert gjennom lov om Statens pensjonsfond og eit særskilt mandat fastsett av Finansdepartementet. Forvaltninga av Statens pensjonsfond vert omtala i ei særskild melding til Stortinget, jf. Meld. St. 17 (2011–2012) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2011.

6.2 Leiing og administrasjon

Dei øvste organa i Noregs Bank er hovudstyret og representantskapet. Hovudstyret leier den utøvande og rådgjevande verksemda til banken, medan representantskapet skal føra tilsyn med at reglane for bankverksemda vert følgde. I hovudstyret sit sju medlemer som er oppnemnde av regjeringa, med sentralbanksjefen som leiar og visesentralbanksjefen som nestleiar. Dei fem andre medlemene er ikkje fast tilsette i banken. Det er òg oppnemnt to varamedlemer for dei eksterne medlemene som møter fast med talerett. Dei tilsette har to medlemer som er til stades ved handsaming av saker som gjeld den interne drifta i banken og tilhøva for dei tilsette.

Hovudstyret arbeider for å verkeleggjera banken sine mål og verdiar, med særleg vekt på å fremja prisstabilitet, finansiell stabilitet og ei effektiv og tillitvekkjande kapitalforvaltning. Det vert lagt vekt på at sentralbanken skal utføra oppgåvene sine med høg kvalitet og til låge kostnader.

Hovudstyret har ansvar for at bankverksemda er forsvarleg organisert, og for at det er tilfredsstillande rammer, mål og prinsipp for verksemda. Vidare skal det sikra god styring og kontroll med rekneskapen og kapitalforvaltninga og sjå til at risikostyringa og internkontrollen til banken er god nok i alle delar av verksemda.

I 2011 vart det halde 14 hovudstyremøte og handsama i alt 144 saker. Hovudtyngda av sakene galdt kjerneoppgåver innanfor kapitalforvaltning, pengepolitikk og finansiell stabilitet. Talet på styresaker har gått noko ned dei siste åra i takt med at hovudstyret har delegert utøvinga av oppgåver til sentralbanksjefen og leiaren av Noregs Bank Investment Management (NBIM). Det har gjeve hovudstyret høve til å leggja meir vekt på å styra, følgja opp og kontrollera verksemda, med særleg vekt på strategiske problemstillingar knytte til kjerneverksemda.

Hovudstyret har delegert mykje av den operative drifta til sentralbanksjefen, som har delegert henne vidare til verksemdsområda. Sentralbanksjefen har eigenkompetanse etter § 5 siste leddet i sentralbanklova til å «forestå bankens administrasjon og gjennomføring av vedtakene».

Bankverksemda er organisert kring klårt definerte kjerneoppgåver.

Sentralbankverksemda omfattar kjerneoppgåvene pengepolitikk (PPO) og finansiell stabilitet (FST). I tillegg kjem området administrasjon (NBA) med stabs- og støttefunksjonar.

Hovudstyret var ved inngangen til 2012 organisert slik:

  • Øystein Olsen, leiar

  • Jan F. Qvigstad, nestleiar

  • Liselott Kilaas

  • Brit K. Rugland

  • Ida Helliesen

  • Eirik Wærness

  • Egil Matsen

Varamedlemer:

  • Gøril Bjerkan

  • Espen R. Moen

Funksjonærrepresentantar:

  • Jan Erik Martinsen

  • Petter Nordal (varamedlem)

  • Gøril Bjerkhol Havro

  • Jens Olav Sporastøyl (varamedlem)

Representantskapet til Noregs Bank består av 15 medlemer som Stortinget har oppnemnt. Gjennom verksemd og rapportering skal representantskapet forvissa Stortinget om at Noregs Bank, medrekna forvaltninga av Statens pensjonsfond utland, er forsvarleg og føremålstenleg driven, og at lover og føresetnader er følgde. Representantskapet organiserer eit tilsynssekretariat som utfører tilsyns- og kontrolloppgåver, forvaltar avtala med ekstern revisor og utfører sekretariatsfunksjonar for representantskapet. Det fungerer òg som koordinator i samarbeidet mellom Riksrevisjonen, ekstern revisor og banken, særleg når det gjeld SPU. Tilsynssekretariatet er fagleg og administrativt uavhengig av banken. Representantskapet legg fram utgreiinga si for Stortinget i form av ein særskild rapport, jf. sentralbanklova § 30. Rapporten for 2011 vart framlagd 27. mars 2012. Departementet gjer difor ikkje nærare greie for verksemda i representantskapet her. Representantskapet var ved inngangen til 2012 organisert slik:

  • Reidar Sandal, leiar (vara: Ola Røtvei)

  • Frank Sve, nestleiar (vara: Tone T. Johansen)

  • Eva Karin Gråberg (vara: Rita Lekang)

  • Runbjørg Bremset Hansen (vara: Camilla Bakken Øvald)

  • Tormod Andreassen (vara: Beate Bø Nilsen)

  • Morten Lund (vara: Torunn Hovde Kaasa)

  • Synnøve Søndergaard (vara: Britt Hildeng)

  • Reidar Åsgård (vara: Kari-Anne Opsal)

  • Erland Vestli (vara: Jan Blomseth)

  • Marianne Lie (vara: Lars Gjedebo)

  • Monica Salthella (vara: Lars Haakon Søraas)

  • Randi Øverland (vara: Anne Grethe Kvernrød)

  • Vidar Bjørnstad (vara: Hans Kolstad)

  • Tine Sundtoft (vara: André Støylen)

  • Ingebrigt S. Sørfonn (vara: Solveig Ege Tengesdal)

Ved utgangen av 2011 var det 629 tilsette i Noregs Bank, ein auke frå 589 ved utgangen av 2010. Talet på tilsette i kapitalforvaltninga var 315 ved utgangen av 2011, 37 fleire enn i 2010. Veksten i denne delen av verksemda er venta å halda fram i 2012 òg.

Meir omtale av ressursbruken o.a. i Noregs Bank står i årsmeldinga frå banken for 2011.

6.3 Arbeidet med finansiell stabilitet

6.3.1 Innleiing

Finansiell stabilitet er eit hovudmål for Noregs Bank og skal – saman med målet om prisstabilitet – medverka til økonomisk stabilitet. Oppgåvene til Noregs Bank når det gjeld å sikra eit stabilt og robust finansielt system, er forankra i sentralbanklova. § 1 seier at banken skal utferda setlar og mynt, fremja eit effektivt betalingssystem innanlands og overfor utlandet, og overvaka penge-, kreditt- og valutamarknadene. § 3 seier at banken skal varsla departementet når banken meiner det trengst tiltak av penge-, kreditt- og valutapolitisk karakter frå andre instansar. Fire andre paragrafar i sentralbanklova er òg relevante: § 13 gjev Noregs Bank eineretten til å utferda norske setlar og myntar. Etter § 17 skal Noregs Bank utføra bankforretningar for staten. § 19 gjev Noregs Bank høve til å yta lån til og gjera innskot i forretnings- og sparebankar, medan § 20 fastset at Noregs Bank skal ta imot innskot frå bankane. Lova om betalingssystem gjev Noregs Bank ansvaret for å gje konsesjon til avreknings- og oppgjerssystema for bankane og for å føra tilsyn med systema.

Noregs Bank overvaker det finansielle systemet som heilskap, og to gonger i året sender banken brev til Finansdepartementet med vurderingar av utsiktene for finansiell stabilitet og med råd om tiltak som kan motverka at det byggjer seg opp systemrisiko. Analysane som ligg til grunn for desse vurderingane, vert det gjort greie for i rapportane om finansiell stabilitet. Rapportane vert publiserte på same tid som Noregs Bank sender brev til departementet.

Noregs Bank styrer likviditeten i banksektoren frå dag til dag ved å tilby bankane lån og ved å ta imot innskot. Det gjev Noregs Bank eit ansvar for å overvaka likviditetsrisikoen i banksystemet. Som långjevar i siste instans har Noregs Bank ei sentral rolle når det gjeld å handtera kriser i det finansielle systemet.

6.3.2 Noregs Bank si vurdering at tilstanden i finansmarknaden

Uroa i dei internasjonale finansmarknadene og svekte vekstutsikter ute førde til at Noregs Bank vurderte det finansielle systemet som noko meir utsett ved utgangen av 2011 enn ved inngangen til året. På kort sikt er det særleg vurdert som ei utfordring at bankane er avhengige av utanlandske kjelder til finansiering. Banken peikar vidare på at gjeldsbøra til hushalda er høg, og at bustadprisane aukar raskt. Mange hushald kan difor vera utsette når renta stig mot eit meir normalt nivå, eller om dei realøkonomiske utsiktene vert dårlegare. Ei slik utvikling vil òg verka negativt på resten av realøkonomien og finansiell sektor, slik Noregs Bank ser det.

Noregs Bank sine stresstestar av kapitaldekninga i bankane viste at auken i dekninga sidan 2009 har gjort den norske banksektoren betre budd på ein alvorleg internasjonal nedgangskonjunktur, men at det trengst større auke i kapitaldekninga om bankane skal kunna halda oppe kredittgjevinga i dårlege tider.

6.3.3 Framlegg til tiltak frå Noregs Bank

I juli 2011 kom EU-kommisjonen med framlegg til nytt direktiv for korleis ein skal regulera kapitaldekninga og likviditeten i bankane – Capital Requirements Directive (CRD) IV. Gjennom EØS-avtala vil CRD IV òg gjelda for norske bankar når det er vedteke av Rådet og Europaparlamentet. Framlegget frå kommisjonen følgjer i stor mon dei framlegga Baselkomiteen kom med i desember 2010. Noregs Bank uttala i Finansiell stabilitet 1/11 og 2/11 at endringane i regelverket er viktige steg i rett lei som vil gjera det finansielle systemet meir robust. Noregs Bank har tilrådd at dei nye krava til kapitaldekning vert innførde i norsk rett så raskt som råd er. Slik Noregs Bank ser det, kan eit robust og heilskapleg regelverk vera eit kvalitetsstempel for bankane i urolege tider.

Ulikt Baselkomiteen, som gjer framlegg om minstegrenser for kor strenge reguleringar dei ulike landa kan praktisera, vil EU-kommisjonen harmonisera kapitalreguleringa i alle land i EU/EØS-området. Noregs Bank meiner at norske styresmakter bør arbeida for større nasjonalt spelerom i reguleringa av finanssektoren.

Bankane har framleis mykje kortsiktig finansiering. Noregs Bank meiner dei vil trenga ny langsiktig finansiering som erstatning for tiltaka frå 2008–2009, som gradvis vert fasa ut. I Finansiell stabilitet 2/11 uttala Noregs Bank at fram til dei to nye kvantitative likviditetskrava vert innførde i 2015 og 2018, må norske bankar auka likviditetsbufferen sin og gjera marknadsfinansieringa meir langsiktig. Tilgang til relevant informasjon om soliditeten og finansieringsstrukturen til bankane kan minka uvissa i finanssystemet. Framlegg til nye likviditetskrav frå Baselkomiteen og EU-kommisjonen vil føra til at bankane må offentleggjera meir informasjon om finansieringsstrukturen sin. Noregs Bank uttala i Finansiell stabilitet 1/11 og 2/11 at norske bankar allereie no bør verta pålagde å offentleggjera meir detaljert informasjon om finansieringsstrukturen.

Noregs Bank har ved fleire høve peika på utfordringane med låge risikovekter på bustadlån hjå bankar som tek i bruk eigne modellar for å rekna ut berekningsgrunnlaget for kapitaldekninga. Noregs Bank har òg tilrådd at det vert sett nedre grenser for slike risikovekter.

Noregs Bank stødde framlegget frå Finansdepartementet om at det såkalla Basel I-golvet for kapitaldekning òg skal gjelda i 2012.

Svenske styresmakter har allereie kome med framlegg om høgare kapitalkrav til dei fire største svenske bankane frå 2013. Noregs Bank meiner norske styresmakter bør vurdera liknande krav til dei største norske bankane.

6.3.4 Handsaming av bankar i krise

Noregs Bank har teke til orde for at det bør gjerast lettare for styresmaktene å dela opp ein bank og føra vidare dei samfunnsviktige tenestene banken utfører, utan bruk av offentlege midlar. Mellom anna i høyringa om Finanskriseutvalet si utgreiing (NOU 2011:1) har Noregs Bank sagt at det bør verta mogleg å gjera om delar av gjelda til ein bank til eigenkapital dersom banken kjem i alvorlege vanskar. Noregs Bank har òg fremja det synet saman med Finanstilsynet i ei høyring om EUs komande direktiv for kriseløysing. I høyringa har Noregs Bank og Finanstilsynet stødde freistnadene på å harmonisera reglane for å handtera bankkriser i dei ulike EU-landa. Samtidig har banken og tilsynet understreka føremonen med å ha nasjonale verkemiddel og reglar som kjem i tillegg til dei felles europeiske.

Etter Noregs Bank sitt syn er planar for ryddig avvikling av banker i problemer viktige. Noregs Bank meiner at ein ikkje bør venta på eventuelle EU-reglar for kriseløysing, før arbeidet med slike planar for av dei største bankane i Noreg tek til.

6.3.5 Betalingssystemet

Noregs Bank skal syta for sikkert og effektivt oppgjer av betalingar mellom bankane på kontoane deira i Noregs Bank og forsyna samfunnet med setlar og mynt på ein måte som fremjar eit effektivt betalingssystem. I tillegg overvaker Noregs Bank dei norske betalingssystema. Føremålet er å fremja robuste og effektive betalingssystem og såleis medverka til stabilitet i det finansielle systemet.

Overvakinga er fyrst og fremst retta mot å avgrensa risikoen i systema for avrekning og oppgjer av pengeoverføringar mellom bankane (interbanksystema), men Noregs Bank overvaker òg viktige utviklingstrekk i betalingssystemet som heilskap. Tilsynet Noregs Bank har med dei konsesjonspliktige interbanksystema, skjer mellom anna på grunnlag av rapporteringskrav og tilsynsmøte. To interbanksystem har konsesjon etter betalingssystemlova: avrekningssystemet NICS (Norwegian Interbank Clearing System) og den private oppgjersbanken DNB Bank ASA. Den private oppgjersbanken SpareBank 1 SMN har unntak frå konsesjon. Det har vore få tilfelle med avbrot i dei to konsesjonspliktige interbanksystema i 2011.

Noregs Bank er den øvste oppgjersbanken for betalingar mellom bankane i Noreg. Denne oppgåva følgjer av det ansvaret Noregs Bank har etter sentralbanklova for å fremja eit effektivt betalingssystem innanlands og overfor utlandet, og av bankane sitt høve til å halda konto og ta opp lån i Noregs Bank. Alle bankar i Noreg kan ha konto i Noregs Bank. Ved utgangen av 2011 hadde 129 bankar konto der, mot 134 i 2010. Av dei 129 bankane gjorde 21 opp betalingane sine dagleg i oppgjerssystemet til Noregs Bank (NBO), både einskildbetalingar og nettoposisjonar i avrekningar.

I oppgjerssystemet til Noregs Bank vart det i 2011 i gjennomsnitt gjort opp betalingar for 183 mrd. kroner dagleg, mot 176 mrd. kroner i 2010. Ved utgangen av 2011 hadde bankane folio- og reserveinnskot på i alt 41,5 mrd. kroner. Ei ny løysing for oppgjer av statlege betalingar gjennom bankane sitt fellessystem NICS vart sett i drift i november. Løysinga skal redusera risikoen i oppgjera.

Noregs Bank yter lån til bankane mot pant i verdipapir. Slike lån medverkar til gjennomføringa av pengepolitikken og betalingsoppgjera. For å kunna nyttast som pant må verdipapira oppfylla ei rekkje krav. Høvet til å ta opp lån og krava til pant går fram av forskrift og retningsliner frå Noregs Bank.

Ved utgangen av 2011 hadde bankane ei samla behaldning av verdipapir som pant for lån i Noregs Bank på 206 mrd. kroner etter avkorting, mot 274 mrd. kroner i 2010. I tillegg hadde bankane innskot med fast løpetid (F-innskot) på 51 mrd. kroner som òg kan nyttast som pant. Talet på ulike verdipapir som var godkjende som pant i Noregs Bank, var 820 ved utgangen av 2011.

I oktober sende Noregs Bank til høyring eit framlegg om å auka avkortingssatsane i utrekninga av låneverdi. Framlegget innebar at endringane tok til å gjelda 15. februar 2012, samtidig med andre regelendringar som vart vedtekne i 2010.

6.3.6 Setlar og mynt

Sentralbanklova gjev Noregs Bank ansvaret for å utferda pengesetlar og myntar. Det inneber mellom anna å syta for at det vert produsert nok setlar og myntar til å dekkja samfunnet sitt behov, og at desse betalingsmidla vert gjorde tilgjengelege. Noregs Bank forsyner bankane med kontantar, og bankane står for distribusjonen vidare til publikum. Sentralbanken har òg eit ansvar for at det er tilfredsstillande kvalitet på setlar og mynt i omlaup, ved å leggja til rette for at utslitne og skadde setlar og myntar vert tekne ut av omlaup og destruerte.

Målet for verksemda til Noregs Bank på kontantområdet er å fremja effektiviteten i kontantforsyninga og i det samla betalingssystemet.

Årsgjennomsnittet av verdien av setlar og mynt i omlaup auka i perioden 2003 til 2007. Dei siste åra har omlaupet vore stabilt, og det utgjorde i 2011 snaue 50,4 mrd. kroner. Verdien av setlar og mynt i omlaup utgjer ein stadig mindre del av verdien av dei betalingsmidla publikum disponerer (M1).

Verdien av setlar i omlaup var i gjennomsnitt 45,5 mrd. kroner i 2011, ein nedgang på 0,2 mrd. kroner frå året før. Verdien av mynt i omlaup var i gjennomsnitt 4,9 mrd. kroner i 2011, ein auke på 0,1 mrd. frå 2010.

6.4 Utøvinga av pengepolitikken

Under dette punktet vert utøvinga av pengepolitikken i 2011 vurdert. Pengepolitikken i tidlegare år er drøfta i finansmarknadsmeldingane for dei respektive åra. Som eit grunnlag for vurderinga følgjer det fyrst ei omtale av retningslinene for pengepolitikken. Deretter følgjer ei omtale av utøvinga av pengepolitikken i 2011, og dessutan vurderingar frå nokre andre institusjonar. Departementet sine vurderingar kjem til slutt.

6.4.1 Retningslinene for pengepolitikken

Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank vera eit utøvande og rådgjevande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gje ut setlar og mynt og fremja eit effektivt betalingssystem. Dessutan skal Noregs Bank overvaka penge-, kreditt- og valutamarknadene.

Dei noverande retningslinene for pengepolitikken vart fastsette i forskrift ved kronprinsregentens resolusjon 29. mars 2001 med heimel i sentralbanklova § 2 tredje ledd og § 4 andre ledd, jamfør boks 6.1. Retningslinene vart grunngjevne og utdjupa i St.meld. nr. 29 (2000–2001) Retningsliner for den økonomiske politikken, som vart lagd fram same dagen.

Boks 6.1 Forskrift om pengepolitikken

Fastsatt ved kronprinsregentens resolusjon 29. mars 2001 med hjemmel i sentralbankloven § 2 tredje ledd og § 4 annet ledd.

I

§ 1.

Pengepolitikken skal sikte mot stabilitet i den norske krones nasjonale og internasjonale verdi, herunder også bidra til stabile forventninger om valutakursutviklingen. Pengepolitikken skal samtidig understøtte finanspolitikken ved å bidra til å stabilisere utviklingen i produksjon og sysselsetting.

Norges Bank forestår den operative gjennomføringen av pengepolitikken.

Norges Banks operative gjennomføring av pengepolitikken skal i samsvar med første ledd rettes inn mot lav og stabil inflasjon. Det operative målet for pengepolitikken skal være en årsvekst i konsumprisene som over tid er nær 2,5 pst.

Det skal i utgangspunktet ikke tas hensyn til direkte effekter på konsumprisene som skyldes endringer i rentenivået, skatter, avgifter og særskilte, midlertidige forstyrrelser.

§ 2.

Norges Bank skal jevnlig offentliggjøre de vurderingene som ligger til grunn for den operative gjennomføringen av pengepolitikken.

§ 3.

Den norske krones internasjonale verdi fastlegges på grunnlag av kursene i valutamarkedet.

§ 4.

Norges Bank gir på statens vegne de meddelelser om kursordningen som følger av deltagelse i Det internasjonale valutafond, jf. lov om Norges Bank og pengevesenet § 25 første ledd.

II

Denne forskrift trer i kraft straks. Samtidig oppheves forskrift av 6. mai 1994 nr. 0331 om den norske krones kursordning.

I tråd med forskrifta skal pengepolitikken sikta mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona. Den operative gjennomføringa av pengepolitikken skal i samsvar med dette rettast inn mot låg og stabil inflasjon, definert som ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. Av forskrifta følgjer det at pengepolitikken skal medverka til å stabilisera utviklinga i produksjon og sysselsetjing og samstundes medverka til stabile forventningar om valutakursutviklinga. I St.meld. nr. 29 (2000–2001) står det vidare at rentesetjinga til Noregs Bank skal vera framoverretta og ta tilbørleg omsyn til uvisse knytt til makroøkonomiske prognosar og vurderingar. Når hovudstyret i Noregs Banks fastset renta, skal det ta omsyn til at det kan ta tid før endringar i politikken får verknad. Dessutan skal styret sjå bort frå forstyrringar av mellombels karakter som ein meiner ikkje vil påverka den underliggjande pris- og kostnadsveksten.

Den langsiktige oppgåva til pengepolitikken er å medverka til å gje økonomien eit nominelt ankerfeste. Forskrifta etablerer fleksibel inflasjonsstyring som rettesnor for pengepolitikken. På kort og mellomlang sikt må pengepolitikken vega omsynet til låg og stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. Ofte er det ingen motstrid mellom desse to omsyna. Dersom det oppstår konflikt, må Noregs Bank utøva skjønn og vega dei to omsyna mot kvarandre.

6.4.2 Utøvinga av pengepolitikken i 2011

6.4.2.1 Verkemiddel og avvegingar i pengepolitikken

Det viktigaste verkemiddelet i utøvinga av pengepolitikken er styringsrenta, som er renta på bankane sine innskot over natta i Noregs Bank. I normale situasjonar har endringar i styringsrenta nokså sterkt gjennomslag i dei heilt kortsiktige pengemarknadsrentene, det vil seia dags- og vekesrentene. Marknadsrentene med lengre løpetider er påverka av nivået på styringsrenta og av korleis marknadsaktørane ventar at styringsrenta kjem til å utvikla seg i framtida. Dette heng nært saman med kva marknadsaktørane ventar om veksten i produksjon og prisstiging.

Hausten 2008 vart samanhengen mellom styringsrenta og marknadsrentene forstyrra som følgje av den internasjonale finanskrisa, og tidvis fungerte ikkje pengemarknaden. Høge risikopåslag førte til at pengemarknadsrentene var mykje høgare enn marknadsaktørane sine forventningar om styringsrenta, jamfør figur 6.1. Noregs Bank og politiske styresmakter sette då i verk fleire tiltak for å betra tilhøva i penge- og kredittmarknaden, jamfør nærare omtale i kapittel 2 i denne meldinga. Noregs Bank tilførte mykje meir kronelikviditet enn normalt, både gjennom ordinære fastrentelån (F-lån) og gjennom valutabyteavtalar. Vidare sikra auksjonar av dollarlikviditet norske bankar naudsynt dollarfinansiering.

Utover i 2009 og i fyrste halvdel av 2010 betra situasjonen i finansmarknadene seg. Påslaga i pengemarknaden fall markert og nærma seg meir normale nivå. Noregs Bank normaliserte då likviditeten og avvikla dei ekstraordinære tiltaka. Uroa tok seg opp att då somme land i euroområdet fekk vanskar med å betala gjelda si, og frå sommaren 2010 auka påslagaatt. Påslaga roa seg igjen i fyrste halvdel av 2011, men tok endå ein gong til å stiga då uroa i euroområdet blussa opp att sommaren 2011. Ved utgangen av 2011 var skilnaden mellom venta styringsrente og tremånaders pengemarknadsrente i Noreg meir enn ei prosenteining. Om dette skriv Noregs Bank i årsmeldinga for 2011:

«Auken i rentepåslaga i pengemarknaden fall saman med ein forverra finansieringssituasjon for europeiske bankar. Det var klart mindre aktivitet enn normalt i marknaden for utskriving av bankobligasjonar siste halvdelen av 2011. Det påverkar òg kostnaden norske banker står overfor når dei skal finansiere seg i marknaden.»

Den 3. oktober 2011 vart eit nytt system for å styra likviditeten til bankane innført. I det nye systemet får bankane berre ein viss kvote forrenta til styringsrenta. Innskot utover kvoten vert forrenta til reserverenta, som ligg ei prosenteining lågare enn styringsrenta. Førermålet med det nye systemet er å fremja utlånsaktiviteten i internbankmarknaden. Samstundes som det nye systemet for likviditetsstyringa vart innført, byrja Noregs Bank å notera den såkalla NOWA-renta. NOWA er eit vege gjennomsnitt av faktiske handla usikra overnattalån mellom norske bankar. Sidan Noregs Bank tok til å notera NOWA-renta, har ho i gjennomsnitt vore vel eitt basispunkt lågare enn styringsrenta.

Etter initiativ frå Noregs Bank har Finansnæringens fellesorganisasjon (FNO) i samarbeid med bankane utarbeidd regelverk for å fastsetja NIBOR-renta, med sikte på å gjera fastsetjinga meir oversiktleg. Det nye regelverket inneheld mellom anna ein klår definisjon av denne referanserenta og korleis ho skal tolkast i høve til tilsvarande renter i andre land.

Figur 6.1 1 Differansen mellom pengemarknadsrenter og venta styringsrente. Prosenteiningar. 5-dagars glidande gjennomsnitt. 1. januar 2010 – 31. desember 2011

Figur 6.1 1 Differansen mellom pengemarknadsrenter og venta styringsrente. Prosenteiningar. 5-dagars glidande gjennomsnitt. 1. januar 2010 – 31. desember 2011

1 Figur 6.1 er lik figur 2.8 i årsmeldinga frå Noregs Bank for 2011.

Kjelde: Thomson Reuters og Noregs Bank

Forventningane til styringsrenta i marknaden heng saman med kva aktørane trur om den økonomiske utviklinga, særleg om vekst og prisstiging, og med deira syn på sentralbanken sitt framtidige handlingsmønster i pengepolitikken. Marknadsrentene verkar inn på kronekursen, på prisane på verdipapir, på bustadprisane og etterspurnaden etter lån, på investeringar og på forbruk. Styringsrenta til Noregs Bank kan òg påverka forventningane om den økonomiske utviklinga og framtidig inflasjon. Gjennom alle desse kanalane verkar renta på dei samla etterspurnads- og produksjonstilhøva og på prisar og løner.

I årsmeldinga for 2011 skriv Noregs Bank mellom anna dette om fleksibel inflasjonsstyring:

«Noregs Bank legg til grunn at inflasjonsstyringa skal vere fleksibel, slik at det blir lagt vekt på å jamne ut svingingar både i inflasjon og i produksjon og sysselsetjing når renta blir sett. Den fleksible inflasjonsstyringa byggjer bru mellom den langsiktige oppgåva for pengepolitikken, som er å halde inflasjonen låg og forankre inflasjonsforventingane, og omsynet til utjamning av utviklinga i produksjonen.»

Tre gonger i året vert «Pengepolitisk rapport» publisert, samstundes med publisering av renteavgjerder til hovudstyret. I rapportane analyserer Noregs Bank den økonomiske stoda og kjem med prognosar for den økonomiske utviklinga og for styringsrenta. Med utgangspunkt i analysane vedtek hovudstyret ein pengepolitisk strategi i form av eit intervall for styringsrenta for perioden fram til publisering av den neste pengepolitiske rapporten.

For at pengepolitikken skal vera truverdig med dei føresetnadene Noregs Bank legg til grunn om den økonomiske utviklinga, må renteprognosen til banken på rimeleg vis vega dei ulike omsyna pengepolitikken skal ta, mot kvarandre. Når Noregs Bank sitt handlingsmønster i pengepolitikken vert oppfatta som stabilt og truverdig, styrkjer det òg verknaden av pengepolitikken. Noregs Bank har utarbeidd eit sett med kriterium for kva banken meiner er ei god framtidig utvikling av renta. Det er gjort greie for kriteria i dei pengepolitiske rapportane.

Gjennomføringa av pengepolitikken krev god tilgang til informasjon om den økonomiske utviklinga. Hausten 2002 skipa Noregs Bank eit regionalt nettverk av føretak og offentlege verksemder for å henta inn informasjon om utviklinga i produksjon og prisar og om planar for investeringar og sysselsetjing i tida framover. Om lag 1500 kontaktar er knytte til dette nettverket. Saman med tilgjengeleg offisiell statistikk er rapportane frå det regionale nettverket er ein viktig del av avgjerdsgrunnlaget til banken.

6.4.2.2 Pengepolitikken i 2011

Pengepolitikken verkar med eit tidsetterslep. Utviklinga i inflasjon, produksjon og sysselsetjing i 2011 er difor også påverka av pengepolitikken i tidlegare år.

Ved byrjinga av 2011 var styringsrenta 2,00 prosent. På rentemøtet i mai vedtok hovudstyret å setja renta opp til 2,25 prosent, jamfør tabell 6.1. Renta vart deretter halden i ro fram til møtet i midten av desember, då ho vart sett ned til 1,75 prosent.

Tabell 6.1 Rentevedtaka til hovudstyret i Noregs Bank i 2011

Rentemøte

Endring i prosenteiningar

Styringsrenta etter møtet

26. januar

0,00

2,00

16. mars

0,00

2,00

12. mai

0,25

2,25

22. juni

0,00

2,25

10. august

0,00

2,25

21. september

0,00

2,25

19. oktober

0,00

2,25

14. desember

-0,50

1,75

Den strategien hovudstyret la for styringsrenta i Pengepolitisk rapport 3/10, var at ho burde liggja i intervallet 1½ – 2½ prosent fram til neste rapport skulle leggjast fram i mars 2011, med mindre norsk økonomi skulle verta utsett for nye store forstyrringar. Fram mot rentemøtet 26. januar var veksten i norsk økonomi ifølgje banken om lag som lagd til grunn i oktober. På bakgrunn av dette vedtok hovudstyret å halda styringsrenta uendra på 2,00 prosent på rentemøtet i januar.

Figur 6.2 Styringsrenter i utvalde land. 1. januar 2003 – 18. april 2012. Prosent

Figur 6.2 Styringsrenter i utvalde land. 1. januar 2003 – 18. april 2012. Prosent

Kjelde: Reuters Ecowin

I tida som følgde, heldt oppgangen i norsk økonomi fram. Veksten i verdsøkonomien var ifølgje banken noko kraftigare enn ein hadde rekna med i den pengepolitiske rapporten frå oktober 2010, samtidig som sterk auke i prisane på olje, mat og andre råvarer hadde gjeve høgare konsumprisvekst i mange land. I marknaden auka difor forventningane til rentehevingar. Hovudstyret i Noregs Bank heldt styringsrenta uendra på rentemøtet 16. mars. I Pengepolitisk rapport 1/11, som vart publisert same dagen, vart det lagt til grunn at styringsrenta skulle hevast gradvis i tida framover. Hovudstyret sin strategi var no at styringsrenta burde liggja i intervallet 1¾ – 2¾ prosent i perioden fram til neste rapport i juni. Rentebana i Pengepolitisk rapport 1/11 indikerte ei gjennomsnittleg styringsrente på 3,9 prosent i 4. kvartal 2012 og på 4,7 prosent i 4. kvartal 2013. Dette innebar ei oppjustering på knapt ½ prosenteining samanlikna med rentebana frå oktober året før. Prognosen for styringsrenta var at renta ville verta sett opp med 0,75 prosenteiningar gjennom 2011.

Gjennom våren 2011 heldt veksten i verdsøkonomien fram, særleg i framveksande økonomiar. Betringa i utviklinga internasjonalt gjorde at mellom anna Den europeiske sentralbanken (ESB) og Sveriges Riksbank sette opp sine styringsrenter i april. Ved rentemøtet i mai vurderte Noregs Bank kapasitetsutnyttinga i norsk økonomi til å vera nær eit normalt nivå. Prisstiginga var låg, men Noregs Bank meinte det var utsikter til at han ville ta seg opp framover. På rentemøtet i mai vedtok Hovudstyret å setja opp styringsrenta til 2,25 prosent. I grunngjevinga peika Hovudstyret mellom anna på omsynet til å stabilisera aktiviteten og inflasjonen eit stykke fram i tid. Avgjerda var i tråd med rentebana i den pengepolitiske rapporten frå mars.

Fram mot rentemøtet i juni vurderte Noregs Bank utsiktene for verdsøkonomien som meir usikre. I Noreg var kapasitetsutnyttinga ifølgje banken rundt normalnivået medan lønnsveksten var høgare og arbeidsløysa lågare enn banken hadde rekna med i mars. Noregs Bank meinte at skilnaden mellom utviklinga i Noreg og utviklinga internasjonalt innebar risiko for styrking av krona slik at inflasjonen kunne verta for låg. Banken meinte derfor det var grunn til å gå varsamt fram med å setja opp rentene. På rentemøtet i juni vedtok banken å halda styringsrenta uendra på 2,25 prosent. Rentebana i Pengepolitisk rapport 2/11 var lite endra frå rapporten i mars. Prognosen tydde på at renta ville verta sett opp på det neste rentemøtet i august.

Gjennom sommaren svekte utsiktene for verdsøkonomien seg markert. Trass i store tiltak frå eurolanda og Den europeiske sentralbanken var finansmarknadene prega av mykje uro. Rentene på statsobligasjonane til gjeldsutsette land i Europa auka markert. Forventningane til styringsrentene ute gjekk markert ned. Uroa smitta over på pengemarknadene, der risikopåslaga auka. Også i Noreg auka påslaga i pengemarknaden, medan kronekursen svinga mykje. Noregs Bank vurderte risikoen for at gjeldskrisa i euroområdet kom til å få store og langvarige verknader på den økonomiske utviklinga, som høgare enn dei gjorde før sommaren. På rentemøtet i august vedtok Noregs Bank å ikkje auka styringsrenta. Dermed vart renta noko lågare enn referansebana i Pengepolitisk rapport 2/11 tydde på.

Fram til september var den økonomiske utviklinga i Noreg ifølgje Noregs Bank noko svakare enn venta. Målt ved KPI-JAE var den underliggjande prisveksten i september på 0,9 prosent. Etter ei samla vurdering vedtok hovudstyret i Noregs Bank å halda styringsrenta uendra på 2,0 prosent på rentemøtet i september. I pressemeldinga skreiv Noregs Bank:

«Det er uvanlig stor usikkerhet om utviklingen i renten videre framover. Skulle pris- og kostnadsveksten skyte fart og vekstutsiktene styrkes, kan renten bli satt opp. Skulle norsk økonomi bli utsatt for nye, store forstyrrelser slik at utsiktene for vekst og inflasjon blir ytterligere svekket, kan renten bli satt ned.»

Då Noregs Bank skulle leggja fram ein ny pengepolitisk rapport i oktober, var utsiktene vesentleg endra frå framlegginga av Pengepolitisk rapport 2/11 i juni. Veksten hos handelspartnarane var lågare, statsgjeldskrisa hadde auka og finansmarknadene var prega av mykje uro. Risikopåslaga i pengemarknadane auka vidare, og ei rekkje sentralbankar varsla ein meir ekspansiv pengepolitikk enn dei før hadde gjort. Veksten i norsk økonomi heldt seg framleis oppe, men verksemdene i Noregs Banks regionale nettverk nedjusterte forventningane sine. Konsumprisane steig noko mindre enn medrekna i juni. Ifølgje Noregs Bank tala auka risiko for ny nedgang i verdsøkonomien, lågare renter ute, auka risikopåslag i pengemarknadene og lågare konsumprisvekst for å utsetja den venta renteoppgangen noko. På rentemøtet i oktober vedtok Noregs Bank å halda styringsrenta uendra. I Pengepolitisk rapport 3/11 vart rentebana nedjustert med om lag 1¼ prosenteining for åra 2012–2014.

Mot slutten av året auka uroa endå meir. Ifølgje Noregs Bank vart faren for tilbakeslag i europeisk økonomi større. Den europeiske sentralbanken sette ned styringsrenta si både i november og desember med i alt 0,50 prosenteiningar, medan Sveriges Riksbank sette styringsrenta ned med 0,25 prosenteiningar i desember. Gjeldskrisa i Europa gjorde det dyrare for bankar i Europa å skaffa finansiering i marknaden. Også norske bankar opplevde at marknadsfinansiering vart dyrare og mindre tilgjengeleg. Dette medverka til at utlånsrentene til norsk næringsliv gjekk opp. Vekstutsiktene for norsk økonomi var svekte, samstundes som prisstiginga var låg. Utviklinga framover var uviss, og Noregs Bank meinte at rentenedsetjing måtte til for å demma opp for særleg ugunstige utfall. På rentemøtet i desember vedtok hovudstyret å setja styringsrenta ned med 0,5 prosenteiningar. I pressemeldinga etter møtet skreiv Noregs Bank:

«Utviklingen ute og i finansmarkedene gir utsikter til lavere vekst i produksjon, sysselsetting og inflasjon også her hjemme. I en situasjon med mye usikkerhet kan det dessuten være riktig å iverksette tiltak for å demme opp for særlig ugunstige utfall for økonomien. Hovedstyret mener at det er riktig å redusere styringsrenten nå for å gardere mot et tilbakeslag i økonomien og enda lavere prisvekst.»
Figur 6.3 1 Styringsrenta i referansebana PPR  3/10, PPR 1/11, PPR 2/11 og PPR 3/11. Prosenteiningar. 1. kvartal 2008 – 4. kvartal 2014

Figur 6.3 1 Styringsrenta i referansebana PPR 3/10, PPR 1/11, PPR 2/11 og PPR 3/11. Prosenteiningar. 1. kvartal 2008 – 4. kvartal 2014

1 Figur 6.3 er lik figur 2.2 i årsmeldinga frå Noregs Bank for 2011.

Kjelde: Noregs Bank

Figur 6.4 1 Endring i prognosen for styringsrenta frå Pengepolitisk rapport 3/10 til Pengepolitisk rapport 3/11. Prosenteiningar. 2. kvartal 2011 – 4. kvartal 2013

Figur 6.4 1 Endring i prognosen for styringsrenta frå Pengepolitisk rapport 3/10 til Pengepolitisk rapport 3/11. Prosenteiningar. 2. kvartal 2011 – 4. kvartal 2013

1 Figur 6.4 er lik figur 2.3 i årsmeldinga frå Noregs Bank for 2011

Kjelde: Noregs Bank

Figur 6.4 viser endringane i prognosen for styringsrenta frå Pengepolitisk rapport 3/10 til Pengepolitisk rapport 3/11. Søylene illustrerer korleis Noregs Bank i denne perioden vurderte at ulike faktorar verka inn på endringane i renteprognosen. Gjennom 2011 nedjusterte Noregs Bank prognosen for styringsrenta og skauv den vidare oppgangen ut i tid. Både utsikter til lågare styringsrentene ute, sterkare krone og svakare vekstutsikter ute trekte renteprognosen ned gjennom 2011.

6.4.2.3 Nærare om utviklinga i inflasjon, produksjon, sysselsetjing, valutakurs og inflasjonsforventningar

KPI vil ofte variera mykje frå månad til månad, særleg etter store svingingar i straumprisane. I ulike indikatorar for underliggjande prisvekst har ein freista å fjerna endringar i konsumprisane som kjem av forbigåande forstyrringar. Prisveksten justert for avgiftsendringar og utanom energivarer (KPI-JAE) er eitt slikt mål, og sidan 2008 har Noregs Bank dessutan rekna ut indikatoren KPIXE for underliggjande inflasjon. I denne indikatoren er KPI justert for avgiftsendringar og mellombelse endringar i energiprisane, medan eventuelle trendmessige endringar i energiprisane vert fanga opp. Noregs Bank opplyser i tillegg om utviklinga i KPI justert for frekvens av prisendringar (KPI-FV), eit trimma snitt og ein modellbasert indikator for underliggjande prisvekst (KPIM).

I den pengepolitiske rapporten frå oktober 2010 la Noregs Bank til grunn at veksten i både KPI og KPI-JAE ville verta 1¼ prosent i 2011, medan veksten i KPIXE ville verta 1½ prosent. I den pengepolitiske rapporten frå oktober 2011 justerte Noregs Bank prisanslaga til ein vekst i KPI på 1½ prosent, KPI-JAE på 1¾ prosent og KPIXE på 1½ prosent.

Veksten i konsumprisane (KPI) vart i gjennomsnitt på 1,2 prosent frå 2010 til 2011, ned frå 2,5 prosent året før. Dei siste ti åra har KPI i gjennomsnitt auka med 1,8 prosent årleg. Veksten i KPI-JAE og KPIXE var høvesvis 0,9 og 1,1 prosent frå 2010 til 2011.

Figur 6.5 syner veksten i konsumprisane gjennom dei siste åra.

Figur 6.5 1 Konsumprisar. Tolvmånadersvekst. januar 2004 – februar 2012. Prosent2

Figur 6.5 1 Konsumprisar. Tolvmånadersvekst. januar 2004 – februar 2012. Prosent2

1 Figur 6.5 er lik figur 1.8 i Pengepolitisk rapport 1/12 frå Noregs Bank.

2 KPI-FV = KPI justert for frekvens av prisendringar. Sjå «Aktuell kommentar» 7/2009 frå Noregs Bank.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Noregs Bank

I årsmeldinga for 2011 skriv Noregs Bank mellom anna dette om utviklinga i inflasjonen over tid:

«Ut frå mandatet i pengepolitikken tek Noregs Bank sikte på ein årsvekst i konsumprisindeksen (KPI) som over tid ligg nær 2,5 prosent. Konsumprisveksten for eit kortare tidsrom er ikkje eit tilstrekkelig grunnlag for å vurdere om måla i pengepolitikken er nådde over tid. (…) Dei siste ti åra har den gjennomsnittlege årlege konsumprisveksten vore 1,8 prosent. Avviket frå inflasjonsmålet på 2,5 prosent kjem av at økonomien tidlegare i tiåret var ramma av ei rekkje gunstige forstyrringar på produksjonssida, mellom anna sterk vekst i produktiviteten, god tilgang på arbeidskraft frå andre land og lågare prisvekst på importerte varer. Det speglar seg i at veksten i norsk økonomi var sterk, samtidig som inflasjonen ein periode var lågare enn venta.»
Figur 6.6 1 Inflasjon. Glidande 10 års gjennomsnitt2 og variasjon3 i KPI. Prosent. 1981–2011

Figur 6.6 1 Inflasjon. Glidande 10 års gjennomsnitt2 og variasjon3 i KPI. Prosent. 1981–2011

1 Figur 6.6 er lik figur 2.12 i årsmeldinga frå Noregs Bank for 2011.

2 Det glidande gjennomsnittet er rekna over ein tiårsperiode

3 Bandet rundt KPI er variasjonen i KPI justert for avgiftsendringar og utan energivarer i snittperioden, målt ved +/– eitt standardavvik.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Noregs Bank

Dersom aktørane i økonomien har tillit til at sentralbanken når inflasjonsmålet, vil dei venta at inflasjonen på sikt vert lik målet. I årsmeldinga for 2011 skriv Noregs Bank mellom anna:

«Tillit til at inflasjonsmålet blir nådd, er ein føresetnad for at pengepolitikken òg kan medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing. Inflasjonen vil ikkje vere lik målet til kvar tid, men med tillit til pengepolitikken vil den forventa prisveksten på lengre sikt vere nær inflasjonsmålet. Det er i seg sjølv med på å stabilisere inflasjonen.»

På oppdrag frå Noregs Bank gjennomfører Perduco kvartalsvise spørjeundersøkingar om mellom anna forventa inflasjon. Figur 6.7 syner utviklinga i forventa prisvekst dei siste åra. I 1. kvartal 2012 venta fagøkonomane ein konsumprisvekst på 2,4 prosent om to år, og på 2,7 prosent om fem år. Samstundes venta arbeidslivsorganisasjonane ein prisvekst på 2,0 prosent om to år og på 2,4 prosent om fem år. Hushalda har vanlegvis hatt eit noko høgare anslag for prisveksten enn dette.

Figur 6.7 1 Forventa konsumprisvekst om to og fem år.2 Prosent. 1. kvartal 2003 – 1. kvartal 2012

Figur 6.7 1 Forventa konsumprisvekst om to og fem år.2 Prosent. 1. kvartal 2003 – 1. kvartal 2012

1 Figur 6.7 er lik figur 1.10 i «Pengepolitiske rapport» 1/12 frå Noregs Bank.

2 Gjennomsnitt av forventningane til arbeidslivsorganisasjonar og økonomar i finansnæringa og akademia.

Kjelde: TNS Gallup, Perduco og Noregs Bank

Ein kan òg få informasjon om prisforventningar hos aktørane frå avkastningskurva og frå langsiktige terminrenter i rentemarknaden. På grunn av høgare inflasjonsmål i Noreg enn i euroområdet bør skilnaden mellom langsiktige terminrenter i Noreg og i euroområdet ifølgje Noregs Bank normalt liggja i området 0,5–1 prosenteining, avhengig av storleiken på risikopremiane i rentemarknaden. Gjennom 2011 var denne differansen gjennomgåande nær éi prosenteining. I fyrste halvår låg differansen litt lågare, men han auka gjennom året m.a. som følgje av utsikter til svært låge renter ute. I årsmeldinga for 2011 skriv Noregs Bank om dette:

«Eit større avvik kan vere eit varsel om at prisforventningane i Noreg aukar meir enn inflasjonsmålet tilseier. Samla tyder indikatorane på at det er tillit til at inflasjonen over tid vil liggje nær 2,5 prosent.»

Noregs Bank nyttar eit berekna produksjonsgap for å uttrykkja korleis dei vurderer den samla kapasitetsutnyttinga i økonomien. Produksjonsgapet viser avvik mellom faktisk nivå på BNP for Fastlands-Noreg og eit berekna normalnivå. Produksjonsgapet for Fastlands-Noreg i 2011 vart rekna til null som gjennomsnitt for 2011 i alle dei pengepolitiske rapportane. Figur 6.8 syner korleis Noregs Bank berekna utviklinga i produksjonsgapet og variasjonen i produksjonsgapet frå 1981 til 2011. Variasjonen er illustrert med bandet rundt produksjonsgapet. I årsmeldinga for 2011 skriv Noregs Bank at svingingane i økonomien målt på denne måten dei siste ti åra i gjennomsnitt har vore noko mindre enn i åra kring 1990. Utslaga i produksjonen hausten 2008 og våren 2009 var likevel meir markerte enn dei hadde vore på fleire år.

Figur 6.8 1 Overslag på produksjonsgap. Nivå2 og variasjon3. Prosent. 1981–2011

Figur 6.8 1 Overslag på produksjonsgap. Nivå2 og variasjon3. Prosent. 1981–2011

1 Figur 6.8 er lik figur 2.13 i årsmeldinga frå Noregs Bank for 2011.

2 Produksjonsgapet måler skilnaden mellom BNP og anslått potensielt BNP for Fastlands-Noreg.

3 Bandet viser variasjon i produksjonsgapet målt ved +/– eitt standardavvik. Variasjonen er utrekna som standardavvik over ein tiårsperiode, 7 år tilbake og 2 år fram.

Kjelde: Noregs Bank

Det er stor uvisse kring utrekninga av produksjonsgapet. I «Inflasjonsrapport» 3/2006 skreiv Noregs Bank mellom anna:

«Produksjonsgapet er ikke observerbart og må anslås. Det er stor grad av usikkerhet i anslagene, ikke bare for framtidig produksjonsgap, men også for produksjonsgapet i dag. Ulike beregningsmetoder kan gi ulike anslag på produksjonsgapet (..). Hver metode har sine styrker og svakheter, og det er ikke opplagt hvilken av metodene som gir det beste uttrykket for ressursknappheten. I tillegg til metodeusikkerhet, er anslag på produksjonsgapet usikkert på grunn av usikre data. (..).»

Difor meiner Noregs Bank at det òg må nyttast andre indikatorar når ein skal vurdera kapasitetsutnyttinga i økonomien.

Den internasjonale finanskrisa har medverka til store svingingar i kronekursen dei siste åra. Målt ved konkurransekursindeksen svekte krona seg med heile 18 prosent gjennom andre halvår 2008, jf. figur 6.9. I 2009 snudde det seg slik at krona ved slutten av året var 14 prosent sterkare enn ved starten av året. I 2010 og 2011 styrkte krona seg vidare med høvesvis 4,2 og 1,9 prosent. Det gjennomsnittlege nivået på krona i fjor var 4,4 prosent sterkare enn gjennomsnittet for tiårsperioden 2002–2011.

Figur 6.9 Krona. Industriens effektive valutakurs. 1. januar 2003 – 18. april 2012.

Figur 6.9 Krona. Industriens effektive valutakurs. 1. januar 2003 – 18. april 2012.

6.4.3 Vurderingar frå andre av korleis Noregs Bank utøver pengepolitikken

Det har kome fleire rapportar som omtalar korleis pengepolitikken i Noreg har vore utøvd i tida som har gått etter at Finansmarknadsmeldinga 2010 vart framlagd i april 2011. Nedanfor er vurderingane i desse rapportane kort omtala:

  • «Norges Bank Watch 2012», ein rapport frå ei ekspertgruppe oppnemnd av Centre for Monetary Economics (CME) ved Handelshøgskulen BI. Finansdepartementet er med og finansierer denne rapporten for å skaffa betre grunnlag for vurderinga av pengepolitikken i denne meldinga.

  • OECDs landrapport om Noreg som vart framlagd 15. februar 2012.

  • IMFs rapport frå 2. februar 2012 i samband med ein artikkel IV-konsultasjon

  • «Finansielt utsyn 2012» frå Finanstilsynet, som vart framlagd 13. mars 2012. Rapporten omtalar pengepolitikken si rolle i vurderingane av utsiktene for finansiell stabilitet.

I «Norges Bank Watch 2012» står det mellom anna dette om utøvinga av pengepolitikken i 2011:

«Given the significant uncertainties about developments in the world economy and the dilemma of how to balance various risks, it is difficult to argue that Norges Bank has made any major mistakes. The key policy rate was increased in the first half of 2011 when economic growth was gaining momentum, and it was reduced again in December after the economic outlook had worsened.
That being said, whether one sees monetary policy in Norway as well balanced during 2011 or not depends on whether financial stability should be viewed as an independent objective for the central bank or not. If an extra weight should be given to financial stability in monetary policy (…) Norges Bank could, in principle, have raised the interest rate earlier and more during the first half of 2011. The cut in December could then be questioned. But if one does not accept that financial stability should be an objective for monetary policy in addition to the objective of stabilising output and inflation over the medium term, it is easier to come to the conclusion that monetary policy in 2011 was well balanced.
(…) We conclude that there is considerable room for improvement in Norges Bank’s communication of monetary policy. In particular, the role of financial stability for monetary policy needs to be clarified.»

Norges Bank Watch-gruppa skreiv at banken generelt bør tydeleggjera kva rolle finansiell stabilitet spelar i utøvinga av pengepolitikken. Dette gjeld m.a. korleis endringar i risikopåslag påverkar dei økonomiske prognosane og rentevedtaka til banken.

Vidare peikar gruppa på at Noregs Banks formelle mandat når det gjeld såkalla makroovervaking av finansmarknadene ikkje er klårt. Gruppa meiner at det er Noregs Bank – og ikkje Finanstilsynet – som bør ha ansvar for makroovervaking av finanssektoren.

Noregs Bank Watch-gruppa drøfta òg sjølvstendet til Noregs Bank og kom mellom anna til at føreleggingsplikta og instruksjonsretten bør avviklast.

I OECDs nyaste Economic Survey om Noreg, som vart framlagd 15. februar 2012, skriv OECD mellom anna:

«Although the annual consumer price inflation target of ‘close to 2½ per cent over time’ has not always been met over the last 6 years, the shortfall has been mostly on the downward side, so expectations of low inflation are likely to be well-anchored. Keeping policy interest rates low, as the current situation requires, thus poses little risk to inflation.»

I IMFs rapport frå 2. februar 2012 i samband med den siste artikkel IV-konsultasjonen av Noreg, skriv organisasjonen dette om Noregs Banks utøving av pengepolitikken:

«… the current monetary stance remains appropriate. The current policy rate is broadly in line with both calibrated and estimated Taylor rules, as below-target inflation and a closed output gap imply that the current policy rate should remain below its steady state level, which is estimated to be 4½ percent. Moreover, the slight gap between the Taylor rule and the current policy rate can be explained by the standard Taylor rule´s failure to take into account financial sector stress conditions, which are currently elevated and thus justify a policy rate slightly below the standard Taylor rule level.»

I rapporten «Finansielt utsyn 2012» frå 13. mars 2012 vurderer Finanstilsynet utsiktene for den økonomiske utviklinga. Om verknaden rentepolitikken har på norsk økonomi, heiter det mellom anna:

«De siste årene har husholdningenes økonomi vært preget av økende gjeldsbelastning, høy belåningsgrad på boliglån og mer bruk av avdragsfrie lån, drevet av lav rente, positive forventninger til egen økonomi og tro på fortsatt prisoppgang på boliger. Dette har bidratt til at både gjeld og boligpriser har vokst til et historisk meget høyt nivå. Nedgangskonjunkturen internasjonalt har bidratt til forventninger om at renten vil holdes lav lenge, også i Norge. Forventninger om fortsatt lav rente og høy inntektsvekst bidrar til å holde låneetterspørselen oppe.»

Om Norges Banks nye system med kvotar for bankane på innskot i sentralbanken skriv Finanstilsynet:

«I Norge har interbankmarkedet fungert tilfredsstillende. Norges Bank innførte et system med kvoter for sentralbankinnskudd fra oktober 2011. Innskudd ut over den enkelte banks tildelte kvote forrentes til betydelig lavere rente enn innskudd innenfor kvoten. Dette gjør store innskudd i Norges Bank økonomisk ugunstig for bankene.»

I kapittel 2 i denne meldinga er det ei nærare omtale av utsiktene til finansiell stabilitet i Noreg.

6.4.4 Departementet sine vurderingar av korleis Noregs Bank utøver pengepolitikken

Retningslinene for pengepolitikken som vart fastsette 29. mars 2001, ligg fast. Det var brei semje i Stortinget om desse retningslinene. Det ser ut til å vera tillit til pengepolitikken, både blant marknadsaktørar, i dei akademiske miljøa og ålment i opinionen. Innanfor retningslinene skal Noregs Bank utøva eit sakleg avgrensa skjønn. Ansvarsdelinga mellom dei politiske styresmaktene og Noregs Bank er, slik departementet ser det, tenleg.

Departementet meiner at dei gjeldande retningslinene for pengepolitikken utgjer eit godt rammeverk for Noregs Bank si utøving av pengepolitikken, og at dei har vist seg robuste òg i samband med finanskrisa. Retningslinene gjorde det mogleg for Noregs Bank å setja rentene markert ned då inflasjonsforventningane og produksjonen fall hausten 2008. Den ekspansive pengepolitikken har i stor mon vore med på å stabilisera utviklinga i norsk økonomi. Rammeverket er godt i tråd med praksis i andre land med fleksibel inflasjonsstyring.

I forskrifta for pengepolitikken heiter det at pengepolitikken skal sikta mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona. Pengepolitikken skal ta sikte på låg og stabil inflasjon. Det operative målet for pengepolitikken er ein årsvekst i konsumprisane som over tid ligg nær 2,5 prosent. Pengepolitikken skal samstundes stø finanspolitikken ved å medverka til stabil utvikling i produksjon og sysselsetjing og stabile forventningar om valutakursutviklinga.

Budsjettpolitikken og pengepolitikken må verka saman med sikte på stabil utvikling i produksjon og etterspurnad. Retningslinene for den økonomiske politikken inneber at pengepolitikken har ei klår rolle å spela i stabiliseringspolitikken. Verkemidla i pengepolitikken kan raskt endrast dersom utsiktene for økonomien endrar seg.

Pengepolitikken skal vera framoverretta. Noregs Bank set renta med sikte på å stabilisera inflasjonen nær målet på mellomlang sikt. Horisonten varierer med kva forstyrringar økonomien er utsett for, og kva verknader slike forstyrringar har på inflasjonen og realøkonomien framover. I utøvinga av pengepolitikken vil Noregs Bank måtte vega omsynet til stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing på kort til mellomlang sikt.

Utviklinga i konsumprisane i Noreg varierer mykje frå år til år, mellom anna som følgje av store variasjonar i straumprisane. Konsumprisane (KPI) auka med 1,2 prosent frå 2010 til 2011, og 2,5 prosent året før. Gjennomsnittleg vekst i konsumprisane har vore 1,8 prosent dei siste ti åra og 2,1 prosent dei siste fem åra, dvs. noko lågare enn inflasjonsmålet i pengepolitikken.

Når ein skal vurdera prisutviklinga over tid, er det utviklinga i samla KPI som er det sentrale målet. Når ein skal vurdera inflasjonen i dag og utsiktene for den vidare prisveksten, gjev KPI, slik han ser ut i augneblinken, likevel ikkje det beste vurderingsgrunnlaget. I ulike indikatorar for underliggjande prisvekst freistar ein å fjerna endringar i konsumprisane som kjem av mellombelse forstyrringar som ein bør sjå bort frå ved fastsetjinga av renta, jamfør det som er sagt ovanfor. Noregs Bank nyttar fleire indikatorar for å få eit bilete av den underliggjande inflasjonen, som konsumprisane justerte for avgiftsendringar og ikkje medrekna energivarer, KPI-JAE og KPIXE, som tek omsyn til den trendmessige utviklinga i energiprisane. Noregs Bank reknar sjølv ut KPIXE og offentleggjer prisveksten målt med denne indikatoren same dagen som KPI vert publisert. Veksten i KPI-JAE var på 0,9 prosent i 2011, 0,5 prosenteiningar lågare enn året før. KPIXE auka med 1,1 prosent frå 2010 til 2011.

Forventningane til inflasjonen nokre år fram i tid ser ut til å vera godt forankra i inflasjonsmålet, jamfør avsnitt 6.4.2 ovanfor. Slik tillit til inflasjonsmålet gjer det lettare for Noregs Bank å medverka til stabilitet i produksjon og sysselsetjing, jamfør forskrifta for pengepolitikken. Den låge prisstigninga i 2011 tyder ikkje på fare for deflasjon i norsk økonomi. Tvert imot var veksten i aktiviteten i Fastlands-Noreg høgare i 2011 enn i 2010, og nær gjennomsnittet for de siste 40 åra. Arbeidsløysa er låg, både historisk sett og når ein samanliknar med andre land. Framfor å setja styringsrenta endå lågare, har Noregs Bank i denne situasjonen uttala at han vil bruka noko lengre tid på å nå inflasjonsmålet.

Noreg har klart seg betre enn dei fleste andre land gjennom finanskrisa og det etterfølgjande tilbakeslaget i internasjonal økonomi. Det er truleg fleire grunnar til det. Penge- og finanspolitikken medverka til å stabilisera utviklinga. Sidan dei aller fleste bustadlåna i Noreg er lån med flytande rente, slo Noregs Bank sine rentereduksjonar frå hausten 2008 til sommaren 2009 raskt ut i auka kjøpekraft. I tillegg har truleg Næringsstrukturen denne gongen vore gunstig i møte med tilbakeslaget i USA og i Europa. Som eksportør av energi- og råvareprodukt har Noreg note godt av sterk vekst i etterspurnaden frå Kina og andre framveksande økonomiar. Veksten i BNP for Fastlands-Noreg var 1,9 prosent i 2010 og 2,6 prosent i 2011.

Som følgje av betra utsikter for norsk økonomi var Noregs Bank blant dei første sentralbankane som sette renta opp att etter finanskrisa. Frå oktober 2009 til mai 2011 sette Noregs Bank renta opp frå 1,25 til 2,25 prosent. Sommaren og hausten svekte utsiktene seg både for internasjonal og norsk økonomi. I mange andre land sette sentralbankane ned styringsrenta, i euroområdet med ½ prosenteining. I denne stoda vedtok Noregs Bank i desember i fjor å setja renta ned att med 0,50 prosenteiningar, til 1,75 prosent. På nyåret (14. mars) vart styringsrenta sett ned med 0,25 prosenteiningar til. Stoda hjå dei viktigaste handelspartnarane er no slik at rentene der truleg kan verta verande svært låge ei god stund. Det påverkar i sin tur dei avvegingane Noregs Bank gjer i rentesetjinga. Noregs Banks rentebane, som vart publisert i samband med rentemøtet 14. mars i år, tyder på at rentene vil halda seg låge òg i Noreg dei næraste tre åra, sjølv om det er ei gradvis stiging.

Uroa i finansmarknadene internasjonalt har ført til at skilnaden mellom tremånaders pengemarknadsrente og den styringsrenta marknadsaktørane ventar seg, har vore høgare enn vanleg. Skilnaden i Noreg har dessutan vore høgare enn i mange andre land. Dette var ein viktig grunn både til at Noregs Bank tok initiativ overfor finansnæringa til å betra regelverket for NIBOR-fastsetjinga, og for at banken vedtok å endra systemet for styring av likviditet med sikte på å dempa etterspurnaden etter sentralbanklikviditet og fremja auka aktivitet i interbankmarknadane, sjå omtale over. Finansnæringens fellesorganisasjon innførde på denne bakgrunnen eit nytt regelverk for fastsetjing av NIBOR gjeldande frå 1. august 2011, medan Noregs Banks nye system for likviditetsstyring vart iverksett den 3. oktober 2011. I tida framover er det viktig å sjå på om desse tiltaka verkar som tenkt.

Med utgangspunkt i forskrifta skal pengepolitikken medverka til stabilitet i den internasjonale verdien av krona og til å stabilisera forventningane om valutakursutviklinga. Det operative målet for pengepolitikken er låg og stabil inflasjon. Difor er det ikkje sett noko fast mål for nivået på kronekursen. Utviklinga i kronekursen har likevel innverknad på rentesetjinga, fordi ho påverkar inflasjon og produksjon, særleg i ein liten, open økonomi som den norske.

Det har vore store endringar i verdien av den norske krona i samband med uroa på finansmarknadene dei siste åra. Krona svekte seg markert gjennom andre halvår 2008, men brorparten av dette blei reversert i 2009. I 2010 og 2011 styrkte krona seg med høvesvis 4,2 og 1,9 prosent. Styrkinga har halde fram inn i 2012.

Pengepolitikken og finanspolitikken må verka saman for å stabilisera utviklinga i produksjon og sysselsetjing. Ei særnorsk høg rente kan føra til at krona styrkjer seg, noko som særleg kjem til å råka det konkurranseutsette næringslivet. Regjeringa legg vekt på å føra ein budsjettpolitikk som medverkar til balansert utvikling i norsk økonomi og til at renta ikkje vert unødig høg. Ei slik utvikling vil isolert sett dempa presset på konkurranseutsette verksemder.

Tydeleg kommunikasjon om intensjonane bak innrettinga av pengepolitikken medverkar òg til å stabilisera forventningane om valutakursutviklinga. Det at Noregs Bank publiserer ei eiga bane for renta framover, er ein viktig del av denne kommunikasjonen.

Arbeidet med å tryggja finansiell stabilitet er i Noreg delt mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet. Noregs Bank skal saman med Finanstilsynet medverka til at det finansielle systemet er robust og effektivt, og overvaker difor finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkja element som kan truga stabiliteten. Noregs Bank er òg långjevar i siste instans for bankane. I kapittel 2 i denne meldinga er arbeidet med finansiell stabilitet nærare omtala. Det er der òg gjort greie for nye retningsliner for forsvarleg utlånspraksis for lån til bustadformål, som Finanstilsynet fastsette i desember i fjor. Desse retningslinene kan i nokon grad dempa det samspelet mellom kredittvekst, inntektsvekst og rente som ein har sett dei seinare åra.

Finansdepartementet vurderer tiltak for å betra makroovervakinga av systemrisiko i Noreg, mellom anna etter innspel frå ei arbeidsgruppe nedsett av Finansdepartementet for å greia ut korleis makroreguleringa av finanssektoren bør innrettast i Noreg. Gruppa drøfter i rapporten ein del verkemiddel som kan vera aktuelle i makroovervakinga, med særleg vekt på innføring av ein såkalla motsyklisk kapitalbuffer, det vil seia eit tilleggskrav til rein kjernekapital som skal variera over konjunkturane. Gruppa gjer framlegg om at Noregs Bank skal ha ansvaret for å utarbeida grunnlag for motsyklisk kapitalbuffer for norske finansinstitusjonar og fastsetja kor stor han skal vera. Dei grunngjev dette mellom anna med at Noregs Bank allereie har mykje ressursar til å vurdera makroøkonomiske samanhengar. Finansdepartementet vil koma attende til dette spørsmålet, jamfør nærare omtale i kapittel 3 i denne meldinga.

Som omtala i kapittel 2 har både bustadprisane og gjelda i hushalda auka sterkt i Noreg i fleire år. Utviklinga i gjeld, formuesprisar og gjeldsbetalingsevne har i lang tid vore med i grunnlaget for rentesetjinga til Noregs Bank. Banken har mellom anna sagt at han vil ha eit langsiktig perspektiv på inflasjonsmålet sidan mogleg ubalanse i formuesprisane kan påverka aktiviteten og inflasjonen ei god stund frametter.

Frå og med Pengepolitisk rapport 1/12, som vart framlagd 14. mars i år, har Noregs Bank innarbeidd omsynet til risikoen for finansielle ubalansar som ein eigen del i målfunksjonen sin. Dette er gjort ved at det eksplisitt er teken med at renta ikkje bør vika for mykje av frå normalnivået. Noregs Bank skriv at eit slikt omsyn kan dempa risikoen for at det byggjer seg opp finansielle ubalansar. Frå før av speglar målfunksjonen Noregs Banks oppgåver med å bidra til låg og stabil inflasjon og stabil utvikling i produksjon og sysselsetjing. Noregs Bank skriv vidare at ein auka vekt på produksjonsgapet i målfunksjonen, kan redusera risikoen for finansielle ubalansar, fordi finansielle ubalansar gjerne byggjer seg opp i periodar med høg kapasitetsutnytting. Omsynet til finansiell stabilitet må vegast mot dei andre omsyna i Noregs Banks mandat, og det er grenser for kva ein kan få til gjennom med eitt verkemiddel.

Det er viktig for hushalda og andre aktørar i økonomien at Noregs Bank seier klårt kva vurderingar som ligg til grunn for renteavgjerdene, og korleis banken vurderer den framtidige renteutviklinga, slik at ein kan tilpassa seg. Det har i denne samanhengen hatt god verknad at Noregs Bank sidan hausten 2005 har offentleggjort sin eigen renteprognose. Noregs Bank har vekt merksemd i utlandet med den gode og opne formidlinga av vurderingane som styrer utøvinga av pengepolitikken. Banken har vidareutvikla denne kommunikasjonspolitikken òg i seinare tid. Noregs Bank skriv mellom anna kva styret har lagt vekt på i vurderingane som ligg bak renteavgjerdene, og om ein har vurdert andre alternativ for renta. Frå og med nummer 1/11 har Pengepolitisk rapport opna med eit kapittel som omtalar hovudstyret sine vurderingar og drøftingar på møtet som dei held to veker før rentemøtet. Frå og med nummer 3/11 har ein òg teke med drøftingane til hovudstyret frå rentemøta som vert haldne mellom dei pengepolitiske rapportane.

Etter ei samla vurdering finn departementet ikkje grunnlag for merknader til den måten Noregs Bank har utøvd pengepolitikken på i 2011.

6.5 Kapitalforvaltninga

6.5.1 Innleiing

Ved utgangen av 2011 hadde Noregs Bank 3 575 mrd. kroner til forvaltning i dei internasjonale kapitalmarknadene. Storparten av dette vert utgjort av Statens pensjonsfond utland (SPU), som vert forvalta på vegner av Finansdepartementet. Banken forvaltar òg sine eigne internasjonale reservar.

6.5.2 Noreg Bank sine internasjonale reservar

Dei internasjonale reservane til Noregs Bank består av valutareservane og krav på Det internasjonale valutafondet (IMF). Valutareservane utgjorde 95 pst. av dei totale internasjonale reservane ved utgangen av 2011. Etter frådrag for innlån i valuta var marknadsverdien av valutareservane 262 mrd. kroner ved utgangen av 2011.

Valutareservane skal kunna brukast til transaksjonar i valutamarknaden som ledd i gjennomføringa av pengepolitikken eller av omsyn til den finansielle stabiliteten. I tillegg skal valutareservane brukast til å oppfylla Noregs internasjonale plikter.

Hovudstyret i Noregs Bank fastset retningsliner for korleis valutareservane skal forvaltast og har delegert til sentralbanksjefen å gje utfyllande reglar på visse område. Reservane er delte inn i ein pengemarknadsportefølje og ein langsiktig portefølje. I tillegg er det ein petrobufferportefølje som skal samla opp midlar for overføring av valuta til SPU.

Pengemarknadsporteføljen og petrobufferporteføljen inneheld berre renteinvesteringar, medan den langsiktige porteføljen har ein strategisk aksjedel på 40 pst. og ein obligasjonsdel på 60 pst. For både den langsiktige porteføljen og pengemarknadsporteføljen er dei strategiske hovudvala spesifiserte ved definering av referanseindeksar. Det er konstruerte porteføljar med visse land- og valutafordelingar og med konkrete verdipapir eller renteindeksar innanfor dei ulike delmarknadene eller valutaene. Referanseindeksane er utgangspunktet for å styra og overvaka risikoeksponeringa og for å vurdera den avkastninga Noregs Bank faktisk oppnår i forvaltninga av reservane.

Den langsiktige porteføljen utgjer storparten av valutareservane og hadde ved utgangen av 2011 ein marknadsverdi på 224 mrd. kroner. Målet for forvaltninga av den langsiktige porteføljen er høg avkastning på lang sikt, men porteføljen skal òg kunna brukast til pengepolitiske føremål eller ut frå omsynet til finansiell stabilitet dersom det trengst.

Avkastninga på den langsiktige porteføljen var 2,71 pst. i 2011, målt i ei valutakorg som svarar til samansetjinga av referanseindeksen. Målt i norske kroner var avkastninga 5,01 pst. Skilnaden kjem av at den norske krona er svekt i høve til valutakorga for referanseindeksen.

Dei siste ti åra har den årlege nominelle avkastninga vore 4,87 pst., målt i valutakorga for referanseindeksen. Etter frådrag for forvaltningskostnader og prisstiging har netto realavkastning vore 2,67 pst. per år. Forvaltninga gav i 2011 ei meiravkastning på 0,15 prosenteiningar målt i høve til kva ein ville oppnådd ved å investera i referanseindeksen.

Det er fastsett eit nivå for kor mykje den faktiske porteføljen kan vika av frå referanseindeksen. Forvaltninga skal innrettast med sikte på at venta relativ volatilitet ikkje skal vera høgare enn 1 prosenteining. Venta relativ volatilitet er eit samla risikomål, og for å rekna ut dette måltalet nyttar Noregs Bank ein modell med utgangspunkt i historiske svingingar i marknadene. I 2011 vart venta relativ volatilitet i gjennomsnitt målt til 0,54 prosenteiningar.

I samband med revisjonen av investeringsmandatet, som er omtala ovanfor, vart òg den maksimale eigardelen i eitt einskilt selskap auka frå 5 til 10 pst., i tråd med det som gjeld for SPU. Eigardel vil seia investeringar i eigenkapitalinstrument som gjev direkte tilgang til å utøva røysterett i eit selskap, sjølv eller gjennom andre. Det same gjeld avtaler som gjev rett til å oppnå ein slik eigarposisjon. Investeringane til Noregs Bank er finansielle, ikkje strategiske. Hovudstyret har fastsett sams retningsliner for utøving av eigarskap i valutareservane og SPU. I årsrapporten til Noregs Bank om SPU er det ei brei omtale av eigarskapsutøvinga til banken.

Pengemarknadsporteføljen er den mest likvide delen av valutareservane og skal saman med den langsiktige porteføljen kunna brukast til transaksjonar som ledd i gjennomføringa av pengepolitikken eller ut frå omsynet til finansiell stabilitet. I tillegg vert pengemarknadsporteføljen brukt til å møta dei internasjonale pliktene til Noregs Bank, mellom anna transaksjonar med IMF og lån til einskildland. Porteføljen er plassert slik at han innanfor éin handledag kan nyttast til transaksjonar i valutamarknaden utan å måtta realisera større tap. Porteføljen består av kortsiktige pengemarknadsinstrument, hovudsakleg i sikra utlån til godkjende internasjonale bankar, og statssertifikat med løpetid på opp til eitt år.

Hovudstyret vedtok i 2010 at storleiken på pengemarknadsporteføljen skulle vera mellom tilsvarande 2 og 3 mrd. SDR (Special Drawing Rights). Samtidig vart det vedteke at porteføljen kunne plasserast i statspapir med resterande løpetid på opp til eitt år. Hovudstyret vedtok at referanseindeksen skulle bestå av 50 pst. amerikanske dollar og 50 pst. euro. Han skulle setjast saman av overnattapengemarknadsindeksar og statssertifikatindeksar.

Med bakgrunn i utviklinga i dei finansielle marknadene gjennom sommaren 2011 vart eit USD-beløp som svara til 1,5 mrd. SDR (12,9 mrd. kroner), overført frå den langsiktige porteføljen til pengemarknadsporteføljen med verknad frå utgangen av august. Frå same tidspunktet består referanseindeksen av 75 pst. amerikanske dollar og 25 pst. euro.

Det er fastsett rammer for kor mykje den faktiske porteføljen kan vika av frå referanseindeksen. Valutavektene kan vika av med +/– 5 prosenteiningar frå referanseindeksen. Grensa for venta relativ volatilitet er sett til 1,0 pst., og banken bruker ein modell som tek omsyn til historiske svingingar i marknadene. Venta relativ volatilitet vart i gjennomsnitt målt til 0,11 pst. i 2011.

Ved utgangen av 2011 var pengemarknadsporteføljen 34,8 mrd. kroner (3,8 mrd. SDR), ein auke på 10,6 mrd. kroner (1,1 mrd. SDR) frå utgangen av 2010. For 2011 var avkastninga på porteføljen 0,48 pst. målt i lokal valuta, medan referanseindeksen gav ei avkastning på 0,44 pst. Den låge avkastninga må sjåast i samanheng med dei strenge krava til likviditet og vernebuing som gjeld for porteføljen.

Bruttoinntektene frå statens direkte økonomiske engasjement i petroleumssektoren (SDØE) skal overførast til Noregs Bank og plasserast i petrobufferporteføljen. I tillegg kjøper Noregs Bank i periodar valuta direkte i marknaden for å kunna dekkja det beløpet som skal setjast av til SPU.

Midlane i petrobufferporteføljen vert plasserte i pengemarknadsinstrument. Ved utgangen av 2011 var verdien av porteføljen 6 mrd. kroner. Av desse er 3 mrd. kroner rekna inn i Noregs Banks balanse ved slutten av året. Det vert overført midlar frå petrobufferporteføljen til SPU kvar månad, med unntak av desember, då det normalt ikkje er noka overføring. Det vil seia at porteføljen ved slutten av året vanlegvis er større enn gjennomsnittsverdien ved slutten av andre månader (etter overføring). I 2011 har petrobufferporteføljen hatt ei avkastning på 2,25 pst. målt i norske kroner. Det er ikkje fastsett nokon referanseindeks for petrobufferporteføljen.

Krav på IMF omfattar behaldninga av SDR, IMF-kvoten og Noregs bilaterale lån til IMF. Noregs Bank har fått tildelt 1 563 mill. SDR frå IMF. Noregs Bank har gjort ei avtale med IMF om frivillige kjøp og sal av SDR, som inneber at den faktiske mengda skal vera mellom 782 og 2 345 mill. SDR. Ved utgangen av 2011 var mengda på 1 523 mill. SDR, som svarar til 13 995 mill. kroner. Noregs Bank har gjort ei avtale som gjev IMF høve til å trekkja opp til 3 mrd. SDR for å finansiera dei generelle låneordningane til fondet. Etter at IMF-innlånsordninga New Arrangements to Borrow (NAB) vart utvida i mars 2011, vert IMF sine trekk under det bilaterale lånet fortløpande overførde til NAB. Finansdepartementet har gjort ei avtale om å stilla lånemidlar til rådvelde for IMF sine låneordningar for låginntektsland innanfor ei ramme på 300 mill. SDR. Ved utgangen av 2011 hadde IMF trekt i alt 524 mill. SDR under desse avtalene.

6.5.3 Statens pensjonsfond utland (SPU)

Noregs Bank står for den operative forvaltninga av SPU på vegner av Finansdepartementet. Ved utgangen av 2011 var marknadsverdien av fondet 3 312 mrd. kroner, før frådrag for forvaltningshonorar til Noregs Bank. Finansdepartementet overførde i 2011 til saman 271 mrd. kroner til Statens pensjonsfond utland.

Forvaltningsoppdraget er regulert av «Mandat for forvaltningen av Statens pensjonsfond utland». Finansdepartementet har fastsett ein strategisk referanseindeks av 60 pst. aksjar og 40 pst. obligasjonar. Referanseindeksen var i 2011 samansett av aksjeindeksar for 46 land og obligasjonsindeksar i 11 valutaer. Referanseindeksen uttrykkjer oppdragsgjevarens investeringsstrategi for fondet og er eit viktig utgangspunkt for å styra risikoen i den operative forvaltninga og for å vurdera resultata av forvaltninga i Noregs Bank. Finansdepartementet har sett grenser for kor mykje den faktiske porteføljen kan vika av frå referanseindeksen.

Fondet hadde i 2011 ei avkastning på –2,54 pst. målt i ei valutakorg som svarar til samansetjinga av referanseindeksen. Det er dette avkastningsmålet som best beskriv utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet. Målt i norske kroner var avkastninga i fondet –1,39 pst. Målt i internasjonal valuta var avkastninga på aksjeporteføljen –8,84 pst., medan renteporteføljen hadde ei avkastning på 7,03 pst.

Avkastninga i 2011 var 0,13 prosenteiningar lågare enn avkastninga på referanseindeksen. Aksjeporteføljen hadde ei mindreavkastning på 0,48 prosenteiningar, medan renteporteføljen hadde ei meiravkastning på 0,52 prosenteiningar.

Sidan 1998 har den årlege nominelle avkastninga vore 4,48 pst., målt i internasjonal valuta. Etter frådrag for forvaltningskostnader og prisstiging har netto realavkastning vore 2,42 pst. per år.

Forvaltninga av SPU i 2011 er nærare omtala i Meld. St. 17 (2011–2012).

6.6 Rekneskap og budsjett

Årsrekneskapen til Noregs Bank er frå og med 2011 avlagd etter rekneskapslova og forskrift om årsrekneskap for Noregs Bank. Forskrifta gjeld frå og med rekneskapsåret 2011 og krev at rekneskapen til Noregs Bank skal utarbeidast i samsvar med International Financial Reporting Standards, som er fastsette av EU (IFSR). Forskrifta fastset likevel særskilde krav til presentasjon av investeringsporteføljen til SPU og av dotterselskap som berre utgjer investeringar som ledd i forvaltninga av investeringsporteføljen. Forskrifta fastset at rekneskapen til Noregs Bank skal omfatta rekneskapsrapportering for investeringsporteføljen til SPU, og at denne rapporteringa skal utarbeidast i samsvar med IFRS.

Valutareservane er den største eigedelen i Noregs Bank når ein ser bort frå SPU, som ikkje verkar inn på resultatet i banken. Noregs Bank har ei rentefri gjeld i form av setlar og mynt i omlaup. I tillegg har banken innanlandske innskot frå staten og andre bankar. Denne samansetjinga av balansen vil normalt gje ei positiv avkastning over tid. Eigedelane til banken er hovudsakleg plasserte i valuta, medan gjelda primært er i norske kroner. Det gjev ein valutarisiko som krev eigenkapital. Noregs Bank presenterer frå 2011 særskilde kolonnar i resultatoppstillinga, balansen og kontantstraumoppstillinga som viser valutareservane til banken. Stort sett er kontantstraumane i Noregs Bank av operasjonell karakter.

Tabell 6.2 Noregs Bank sine eigedelar per 31. desember 2011. Millionar kroner

2011

2010

2011

2010

Finansielle eigedelar:

Av dette valutareservar

Av dette valutareservar

Innskot i bankar

11 790

952

11 713

895

Utlån knytte til gjensalsavtaler

10

15 964

53 760

15 964

53 760

Uoppgjorde handlar

162

1 972

162

1 972

Aksjar

11

90 778

92 324

90 778

92 324

Utlånte aksjar

12

0

1 567

0

1 567

Obligasjonar og andre renteberande verdipapir

11

153 736

117 412

153 736

117 412

Utlånte obligasjonar

12

71

24 834

71

24 834

Finansielle derivat

13

3

26

3

26

Krav på Det internasjonale valutafondet

14

36 113

32 328

-

0

Utlån til banker

15

25 241

60 057

-

-

Andre finansielle eigedelar

16

7 052

9 960

42

67

Sum finansielle eigedelar

8,9

340 910

395 192

272 469

292 857

Plasseringar for Statens pensjonsfond utland

Plasseringar for Statens pensjonsfond utland

24

3 309 033

3 074 461

Sum plasseringar for Statens pensjonsfond utland

3 309 033

3 074 461

Ikkje-finansielle eigedelar

Andre ikkje-finansielle eigedelar

17

1 855

1 912

-

-

Sum ikkje-finansielle eigedelar

1 855

1 912

-

-

Sum eigedelar

3 651 798

3 471 565

Tabell 6.3 Noregs Banks gjeld og eigenkapital per 31. desember 2011. Millionar kroner.

2011

2010

2011

2010

Finansiell gjeld

Av dette valutareservar

Av dette valutareservar

Kortsiktig innlån

0

0

0

0

Innlån knytte til gjenkjøpsavtaler

10

137

14 432

137

14 432

Motteken kontanttrygd

12

72

17 893

72

17 893

Uoppgjorde handlar

9 722

470

9 722

470

Shortsal obligasjonar

11

0

1 492

0

1 492

Finansielle derivat

13

51

213

51

213

Anna finansiell gjeld

18

2 684

405

3

2

Gjeld til Det internasjonale valutafondet

14

26 720

25 808

-

-

Innskot frå bankar m.m.

3,19

92 134

79 898

-

-

Innskot frå statskassa

3

81 673

136 851

-

-

Setlar og mynt i omlaup

20

54 766

53 928

-

-

Sum finansiell gjeld

8,9

267 959

331 390

9 985

34 502

Innskot kronekonto statens pensjonsfond utland

Innskot kronekonto Statens pensjonsfond utland

24

3 309 033

3 074 461

Sum innskot kronekonto Statens pensjonsfond utland

3 309 033

3 074 461

Ikkje-finansiell gjeld

Pensjonar

21

1 609

674

Anna gjeld

632

851

Sum ikkje-finansiell gjeld

2 241

1 525

Sum gjeld

3 579 233

3 407 376

9 985

34 502

Eigenkapital

Eigenkapital

72 565

64 189

Sum eigenkapital

72 565

64 189

Sum gjeld og eigenkapital

3 651 798

3 471 565

Sum valutareservar

262 484

258 355

Det meste av inntektene til Noregs Bank er netto inntekt frå finansielle instrument knytte til valutareservane. Gevinstar og tap består av valutakursendringar, aksjekursendringar og renteendringar som påverkar obligasjonskursane. Resultatet for Noregs Bank er avhengig av utviklinga av desse parametrane, og det kan gje store årlege svingingar i resultatet.

For 2011 viser årsresultatet for Noregs Bank eit overskot på 9,5 mrd. kroner, mot eit overskot på 12,6 mrd. kroner i 2010. Totalresultatet for 2011 viser eit overskot på 8,4 mrd. kroner, mot 13,0 mrd. kroner i 2010.

Netto inntekt frå finansielle instrument i dei internasjonale verdipapirmarknadene knytte til valutareservane til banken har gjeve ein gevinst på 11,9 mrd. kroner i 2011, mot 13,1 mrd. i 2010. Ein del av denne nettoinntekta skriv seg frå svekkinga av den norske krona mot dei fleste hovudvalutaene i valutareservane, som omrekna til norske kroner har ført til ein valutagevinst på 6,2 mrd. kroner i 2011. I 2010 gav styrkinga av den norske krona eit valutatap på 3,9 mrd. kroner for valutareservane. Gevinstar og tap som skriv seg frå endra kronekurs, verkar ikkje inn på den internasjonale kjøpekrafta for valutareservane.

Renter betalte til statskassa var på 2,1 mrd. kroner i 2011. I 2010 utgjorde dei totale rentekostnadene til statskassa 1,7 mrd. kroner.

Endring i aktuarmessige gevinstar og tap for pensjonspliktene til banken utgjer 1,1 mrd. for 2011 og 0,4 mrd. i 2010.

Kursreguleringsfondet var på 64,0 mrd. kroner ved utgangen av 2010. Etter resultatdisponering for 2011 utgjer kursreguleringsfondet 72,6 mrd. kroner. Finansdepartementet har fastsett kor mykje Noregs Bank kan setja av til kursreguleringsfond for å møta endringar i valutakursane og verdipapirprisane (jf. omtale under disponering av årsresultatet). Storleiken på valutareservane og dei innanlandske krava ved årsskiftet gjev grunnlag for å setja av opp til 110,2 mrd. kroner i kursreguleringsfondet.

Den totale balansen for Noregs Bank ved utgangen av 2011 er på 3 652 mrd. kroner. Rekneskapen til Noregs Bank omfattar kronekonto og investeringsporteføljen til SPU og utgjer om lag 91 pst. av balansen. Kroneinnskotet til SPU er ein gjeldspost for Noregs Bank og utgjer ved utgangen av året 3 309 mrd. kroner. Motverdien av kroneinnskotet vert investert av Noregs Bank i ein øyremerkt investeringsportefølje i utlandet. Avkastninga på investeringsporteføljen vert tilførd kronekontoen til SPU. Kostnadene som Noregs Bank har med forvaltninga av SPU, vert dekte av Finansdepartementet opp til ei øvre grense.

Tabell 6.4 Resultatrekneskapen for Noregs Bank for 2010 og 2011. Millionar kroner.

2011

2010

2011

2010

Av dette valutareservar

Av dette valutareservar

Netto inntekt finansielle instrument

Renteinntekter frå innskot og krav

3

111

22

11

22

Renteinntekter frå utlån til banker

3

946

1 935

-

-

Renteinntekter frå utlån knytte til gjensalsavtaler

3

105

129

105

129

Netto inntekt/ kostnad – gevinst/tap frå:

Aksjar

3

-6 247

10 150

-6 247

10 150

Obligasjonar og andre renteberande verdipapir

3

11 773

6 990

11 773

6 990

Finansielle derivat

3

91

-263

91

-263

Rentekostnader på innlån knytte til gjenkjøpsavtaler

3

29

41

22

41

Rentekostnader på innskot frå bankar og statskassa

3

2 081

1 702

-

-

Utbyte frå aksjar i BIS

3

22

56

-

-

Netto renteinntekt, frå krav/gjeld på Det internasjonale valutafondet

14

31

13

-

-

Renteinntekter frå langsiktig utlån

3

91

58

-

-

Gevinst/tap valuta

3

5 414

-3 951

6 169

-3 895

Netto inntekt frå finansielle instrument

10 227

13 396

11 879

13 092

Forvaltning investeringsporteføljen statens pensjonsfond utland

Totalresultat plasseringar for Statens pensjonsfond utland

24

-39 583

252 416

-

-

Trekt/tilført kronekonto Statens pensjonsfond utland

24

39 583

-252 416

-

-

Av dette forvaltningsgodtgjersle Statens pensjonsfond utland

4

2 539

2 959

-

-

Forvaltning investeringsporteføljen Statens pensjonsfond utland

2 539

2 959

-

-

Andre driftsinntekter

Andre driftsinntekter

5

112

151

-

-

Sum andre driftsinntekter

112

151

-

-

Andre driftskostnader

Personalkostnader

6

870

909

-

-

Andre driftskostnader

7

2 411

2 944

-

-

Av- og nedskriving

17

93

77

-

-

Sum andre driftskostnader

3 374

3 930

-

-

Årsresultat

9 504

12 576

11 879

13 092

Totalresultat

Årsresultat

9 504

12 576

11 879

13 092

Endring i aktuarmessige gevinstar og tap

21

-1 128

416

-

-

Totalresultat

8 376

12 992

11 879

13 092

Til forsida