Meld. St. 24 (2011–2012)

Finansmarknadsmeldinga 2011

Til innhaldsliste

5 Endring av regelverket og løyve i større saker på finansmarknadsområdet

5.1 Utvikling av regelverket

Nedanfor følgjer eit oversyn over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet i 2011. Avsnitt 5.1.8 inneheld eit stutt oversyn over forskrifter fastsette i 2011. I avsnitt 5.2 er det ei omtale av sentrale løyve som vart gjevne same året, med ei kort omtale av kvar einskild sak.

Det overordna målet med endringane i regelverket på finansmarknadsområdet i 2011 var å fremja finansiell stabilitet og effektive og velfungerande marknader.

5.1.1 Bankverksemd

28. mars 2011 fastsette Finansdepartementet endringar i «forskrift 29. juni nr. 913 om egenkapitalbevis i sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskap». Forskriftsendringa inneber at den overkursen som måtte oppstå ved emisjon i sparebankar som har ferda ut eigenkapitalbevis, skal delast mellom dei to eigargruppene til sparebankane. Dette vert gjort ved at overkurs opp til bokførd verdi per eigenkapitalbevis fordelast til overkursfondet. Resten av overkursen skal fordelast etter eigarbrøken, dvs. etter tilhøvet mellom bokførd eigardelskapital etter nyteikninga og bokførd grunnfondskapital. Dette skal sikra ein god balanse mellom hovudinteressentane og vil gje større førebereknelegheit ved emisjonar i sparebankar som har ferda ut eigenkapitalbevis. Forskriftsendringane gjeld frå 28. mars 2011.

21. juni 2011 fastsette Finansdepartementet fleire endringar i «forskrift 29. juni 2009 nr. 913 om egenkapitalbevis i sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper». Desse endringane inneber at registrering i Føretaksregisteret ved omskiping av finansinstitusjon til aksjeselskap eller ålmennaksjeselskap etter reglane i finansieringsverksemdslova § 2c-14 skal gjerast ved namneendring. Forskriftsendringa klårgjer at sparebank, gjensidig forsikringsselskap og kredittforeining som vert endra til aksjeselskap eller ålmennaksjeselskap, beheld organisasjonsnummeret sitt, noko som er enklare enn om det omdanna føretaket må endra organisasjonsnummer.

Finansdepartementet fastsette 20. desember 2011 endringar i «forskrift 14. desember 2006 om kapitalkrav for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak, holdingselskaper i finanskonsern, verdipapirforetak og forvaltningsselskaper for verdipapirfond mv.» (kapitalkravsforskrifta). Endringa inneber vidareføring av overgangsregelen om at bankar (IRB-bankar) som nyttar risikobaserte interne metodar etter dei nye Basel II-reglane for å rekna ut kapitalkrav, skal ha ei kapitaldekning som minst utgjer 80 pst. av minstekravet etter dei meir sjoblongmessige Basel I-reglane. Dette er viktig av omsyn til finansiell stabilitet. Kor lenge regelen om «Basel I-golv» skal stå ved lag, er mellom anna avhengig av vidare arbeid med risikovekter for bustadlån og norsk gjennomføring av CRD IV. Basel I-golvet vert vidareført i 2012 òg i Sverige, Danmark og Finland.

Finansdepartementet fastsette 20. desember 2011 endringar i «forskrift 22. desember 2006 nr. 1615 om kredittinstitusjoners og verdipapirforetaks store engasjementer» (forskrifta om store engasjement). Endringa innebar eitt års forlenging (fram til 31. desember 2012) av overgangsregelen som gjev Finanstilsynet høve til å gje løyve til å nytta 20 pst. risikovekt på engasjement med kredittføretak som utferdar obligasjonar med førerett. Departementet opplyste samtidig at dei i løpet av 2012 vil vurdera meir balanserte reglar for vekting av store engasjement med heil- og felleseigde kredittføretak som utferdar obligasjonar med førerett. Endringa i forskrifta om store engasjement inneber òg at overgangsregelen for Eksportfinans ASA, som gjev føretaket høve til å nytta regelverket for store engasjement slik det var fram til 15. desember 2010, vart forlengd med eitt år fram til 31. desember 2012.

5.1.2 Forsikrings- og pensjonsverksemd

Finansdepartementet fastsette 11. januar 2011 endringar i «forskrift 16. desember 1998 nr. 1241 om årsregnskap m.m. for forsikringsselskaper» og «forskrift 27. februar 2001 nr. 188 om årsregnskap m.m. for pensjonskasser». Letting i noteopplysningskrav for «små forsikringsselskap» er gjort gjeldande for skadeforsikringsselskap med bruttopremieinntekter under 40 mill. kroner. I tillegg vert det unntak frå somme notekrav for filialar av utanlandske forsikringsselskap og sjølvforsikringsselskap/captives. Med ei føresegn i årsrekneskapsforskrifta for pensjonskasser har departementet òg fastsett at overgangsreglane for 2008 og 2009 vert vidareførde for 2010 for pensjonskasser. Forskriftsendringane gjeld for rekneskapsår påbyrja 1. januar 2010 eller seinare. På bakgrunn av høyringsutsegnene bad departementet Finanstilsynet om å vurdera om sjøtrygdelag bør vera underlagde same rekneskapsreglar og regulering som andre forsikringsselskap.

Finansdepartementet fastsette 1. juli 2011 endringar i «forskrift 17. desember 2007 nr. 1457 om livsforsikringsselskapers og pensjonsforetaks kapitalforvaltning mv.». Endringane gjeld livsforsikringsselskapa og pensjonsføretaka si investering av kundemidlar i fast eigedom gjennom andre føretak. Kravet om at slike investeringar berre kan gjerast gjennom eitt aksjeselskap, vart oppheva, fordi dette kravet hadde nokre utilsikta skattefølgjer. Forskriftsendringane inneber at slike investeringar kan gjerast gjennom eigardelar med avgrensa ansvar i eigedomsselskap utan gjeld, dersom verksemda er avgrensa til plassering i eigedom (omsetjeleg bustad- og forretningseigedom). Endringa inneber vidare at slike investeringar i eigedom kan gjerast gjennom opp til fire eigedomsselskap, det vil seia at det kan vera opp til fire eigedomsselskap mellom forsikringsselskapet/pensjonsføretaket og eigedomen. Reglane skal sikra at ansvaret til selskapa i slike investeringar vert redusert, og at investeringane er oversiktlege og gjennomsynlege. Forskriftsendringane vart sette i kraft 1. juli 2011.

21. desember 2011 fastsette Finansdepartementet endringar i «forskrift 22. september 1995 nr. 827 om forsikringstjenesteytelser og etablering av filial av forsikringsselskap og pensjonsforetak med hovedsete i annen stat i Det europeiske økonomiske samarbeidsområde m.m.» (filialforskrifta). Forskrifta vert endra slik at visse delar av forsikringsverksemdslova kapittel 12 om skadeforsikring vert gjorde gjeldande for utanlandske forsikringsselskap på den norske skadeforsikringsmarknaden. Det er òg gjort ymse tekniske endringar og ajourføringar.

Finansdepartementet fastsette 21. desember 2011 endringar i «forskrift 10. mai 1991 nr. 301 om forsikringstekniske avsetningar og risikostatistikk i skadeforsikring og gjenforsikring». Forskrifta er endra slik at ho stort sett berre regulerer minstekrava til dei forsikringstekniske avsetningane. Tittelen på forskrifta er endra i tråd med dette. Bakgrunnen for endringane er at dei overordna føresegnene om forsikringstekniske avsetningar no er lyfta opp i forsikringsverksemdslova kapittel 12. Ei endring i forskrifta er at Finansdepartementet får heimel til å samtykkja i at filialar av norske føretak i andre EØS-statar bereknar sikringsavsetningar for risikoar som finnst i vertsstaten, etter reglane til vertsstaten.

Finansdepartementet fastsette 21. desember 2011 endringar i «forskrift 30. juni 2006 nr. 869 til forsikringsloven (livsforsikring mv.)». Forskrifta er endra slik at grensa for differensiert oppbygging av tilleggsavsetningar vert heva frå 2 til 3,5 pst. av premiereserven for kvar einskild kontrakt, sjå § 5-6. Dette er gjort for å kunna styrkja tilleggsavsetningane for dei kontraktane som har svært låge tilleggsavsetningar knytte til seg. Vidare er retten skadeforsikringsselskap har til å betala ut erstatning som annuitetar utvida noko ved at maksimal utbetalingsperiode for dei aktuelle forsikringane vert auka frå fire til fem år, sjå § 1-5. Det er òg gjort andre tekniske endringar og ajourføringar, mellom anna er tittelen på forskrifta endra.

5.1.3 Finansierings- og kredittverksemd

Stortinget vedtok 15. november 2011 endringar i mellom anna betalingssystemlova og finansieringsverksemdlova for å gjennomføra EØS-reglar som svarar til direktiv 2009/44/EF (endringar i finalitetsdirektivet og direktivet om finansiell trygdgjeving) og direktiv 2009/110/EF (nytt direktiv om e-pengeføretak). Endringane i betalingssystemlova vart gjorde av omsyn til det auka talet på koplingar mellom til dømes marknadsplassar og oppgjerssentralar som mellom anna MiFID-direktivet og The European Code of Conduct for Clearing and Settlement har gjort mogleg. Omgrepet «samverkande system» og ansvaret til systemansvarlege vert difor klårgjort i lova. Endringane i lova om finansiell trygdgjeving auka omfanget av tilgjengelig finansiell trygd ved å godta gjeldskrav i form av kreditt frå ein kredittinstitusjon som ei tenleg form for trygd.

Stortinget vedtok mellom anna òg eit nytt kapittel i finansieringsverksemdlova (nytt kapittel 4c) om regulering av e-pengeføretak. Dei nye reglane om e-pengeføretak kom i staden for lov 13. desember 2002 om e-pengeføretak. Dei nye reglane om e-pengeføretak gjennomfører direktiv 2009/110/EF og skal gjera det lettare å etablera og driva verksemd som e-pengeføretak. E-pengeføretak er føretak som har lov til å gje ut elektroniske pengar, det vil seia ei førehandsbetalt kjøpekraft som er elektronisk lagra. Lova inneheld dei overordna føresegnene om e-pengeføretak. Dei meir spesielle materielle reglane om e-pengeføretak er gjevne i «forskrift 21.desember 2011 nr. 1444 om e-pengeforetak».

5.1.4 Verdipapirhandel og verdipapirfond

Finansdepartementet fastsette 19. august 2011 endringar i «forskrift 29. juni 2007 nr. 876 til verdipapirhandelloven» (verdipapirforskrifta). Etter endringa er handel i derivat med finansielt instrument som er notert på ein regulert marknad som underliggjande, rapporteringspliktig til Finanstilsynet, jf. verdipapirhandellova § 10-18. Føremålet med endringa var å betra overvakinga og tilsynet med åtferd i verdipapirmarknaden. Reglane vart sette i kraft 1. september 2011.

Finansdepartementet la 16. september 2011 fram Prop. 149 L (2010–2011) for Stortinget med framlegg til ny lov om verdipapirfond. Lovframlegget gjennomfører EØS-reglar som svarar til UCITS IV-direktivet (direktiv 2009/65/EF). I tillegg vart det gjort framlegg om nokre endringar i dågjeldande verdipapirfondlov som ikkje vart grunna i EØS-reglane. Lovframlegget var basert på rapport og framlegg frå ei arbeidsgruppe nedsett av Finanstilsynet. Verdipapirfondlova vart sanksjonert av Kongen i statsråd 25. november 2011. Lova tok til å gjelda 1. januar 2012. Reglar om krav til «nøkkelinformasjon» gjeld frå 1. juli 2012. Finansdepartementet fastsette 21. desember 2011 utfyllande forskrift til den nye verdipapirfondlova. Denne forskrifta tok òg til å gjelda 1. januar 2012. I forskrifta er det gjeve reglar for gjennomføring av EUs utfyllande regelverk til UCITS IV-direktivet. I tillegg er forskrifter til den tidlegare verdipapirfondlova tekne inn i den nye forskrifta til verdipapirfondlova.

Stortinget vedtok ved lov 18. november 2011 eit nytt åttande ledd i § 17-4 i «lov 29. juni 2007 nr. 75 om verdipapirhandel» (verdipapirhandellova) som gjev Statens innkrevjingssentral namsmakt over misleghaldne brotsgebyr (overtredelsesgebyr) ilagde etter verdipapirhandellova § 17-4, anten vedtaket om brotsgebyr er gjort av Finanstilsynet, regulert marknad eller av børsklagenemnda eller departementet etter klage. Reglane vart sette i kraft 1. januar 2012.

5.1.5 Eigedomsmekling

I «lov 29. juni 2007 nr. 73 om eiendomsmegling» (eigedomsmeklingslova) vert det innført nye kompetansekrav for eigedomsmeklarar. Kompetansekrava vart sette i kraft 1. juli 2011. For å arbeida som ansvarleg meklar for eit eigedomsmeklingsoppdrag må ein no stetta minst eitt av desse krava: Ein må anten vera meklar med løyve etter overgangsreglane, ha advokatløyve eller vera jurist med løyve. Dei som skal arbeida som medhjelpar for ansvarleg eigedomsmeklar, må ha greidd ein særskild eksamen.

5.1.6 Rekneskap og revisjon

Finansdepartementet fremja 17. desember 2010 Prop. 51 L (2010–2011) Endringer i revisorloven og enkelte andre lover, som innebar at alle aksjeselskap som oppfyller vilkåra i lova, fekk høve til å velja bort revisjon av årsrekneskapen frå og med rekneskapsåret 2011. Lova vart sanksjonert av Kongen 15. april 2011 og vart sett i kraft 1. mai 2011. Aksjeselskap kan velja bort revisjon der driftsinntektene er under 5 mill. kroner, balansesummen er under 20 mill. kroner og gjennomsnittleg tal på tilsette ikkje utgjer meir enn 10 årsverk. Lovendringa innebar òg at norske aksjeselskap og NUF med avgrensa ansvar vart jamstelte når det gjeld krav til revisjon.

11. januar 2011 endra Finansdepartementet «forskrift 16. desember 1998 nr. 1241 om årsregnskap m.m. for forsikringsselskaper» og «forskrift 27. februar 2001 nr. 188 om årsregnskap m.m. for pensjonskasser». Endringane inneber lettingar i noteopplysningskrav for «små forsikringsselskap». Lettingane gjeld for skadeforsikringsselskap med brutto premieinntekter under 40 mill. kroner. Dessutan har filialar av utanlandske forsikringsselskap og sjølvforsikringsselskap/captives unntak frå nokre notekrav.

Finansdepartementet fastsette 21. januar 2011 endringar/presiseringar i «forskrift 30. juni 2005 nr. 745 om årsregnskap og årsberetning for borettslag». Dette vart gjort etter at forskrifta vart endra den 14. desember 2010, og departementet fekk fleire spørsmål som tydde på at det trongst endringar eller presiseringar i forskrifta. Etter endringane står det uttrykkjeleg at burettslag har plikt til å gje opplysingar i notane til årsrekneskapen om kor mykje felleskostnadene vil auka for kvar burettslagsandel i tilfelle der avdraga på fellesgjelda etter nedbetalingsplanen vil auka i framtida. Det er òg fastsett i forskrifta at plikta til å gje oversyn over korleis fellesgjelda er fordelt på dei ulike delane, berre skal gjelda for burettslag som faktisk har ulik prosentvis fordeling av fellesgjeld. Vidare vert det fastsett at endringane fyrst får verknad frå og med rekneskapsåret 2011.

Finansdepartementet endra 23. juni 2011 «forskrift 16. desember 1998 nr. 1240 om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike» og «forskrift 16. desember 1998 nr. 1241 om årsregnskap m.m. for forsikringsselskaper». Endringane inneber at delårsrekneskapane for bankar, finansieringsføretak og forsikringsselskap og morselskapa deira skal publiserast på nettsidene deira. Det vil gje rask og lett tilgang til rekneskapsopplysningar. Plikta til å offentleggjera delårsrekneskapane på Internett kjem i staden for krav om at dokument skal vera offentleg tilgjengelege på kontoret til finansinstitusjonen.

Finansdepartementet oppheva 29. august 2010 «forskrift 15. mars 1994 nr. 214 om Riksrevisjonens adgang til å revidere statlige næringsdrivende stiftelser, herunder stiftelsen Norsk Rikskringkasting». Opphevinga av forskrifta må sjåast i samanheng med «lov 7. mai 2004 nr. 21 om Riksrevisjon», der det står i § 20 at Riksrevisjonen ikkje skal ta revisoroppdrag for stiftingar.

Finansdepartementet fastsette 30. november 2011 nokre endringar i «forskrift 25. juni 1999 nr. 712 om revisjon og revisorer» (revisorforskrifta). Dei inneber at revisjonspliktige med løyve etter rekneskapslova § 3-4 tredje ledd andre punktum til å levera årsrekneskap på anna språk enn norsk, kan levera revisjonsmelding på det same språket. Vidare vart det gjort nokre regeltekniske utbetringar i forskrifta.

20. desember 2011 fastsette Finansdepartementet «forskrift 20. desember 2011 nr. 1457 om årsregnskap for pensjonsforetak». Forskrifta kjem i staden for tidlegare årsrekneskapsforskrift for pensjonskasser og er meir omfattande enn den tidlegare årsrekneskapsforskrifta. Forskrifta omfattar òg innskotspensjonsføretak.

Finansdepartementet fastsette 20. desember 2011 òg nokre andre endringar i «forskrifter om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike, og forsikringsselskaper, verdipapirfond og verdipapirforetak». Endringane inneber at finansstiftingar som eig berre eitt dotterselskap, har unntak frå konsernrekneskapsplikta. Dei nye reglane i rekneskapslova som kom etter NOU 2008:16 Utredning om foretaksstyring og tiltak mot manipulasjon av finansiell informasjon, gjeld òg for føretak under tilsyn.

5.1.7 Anna

Finansdepartementet fastset i samsvar med «lov om renter ved forsinket betaling» § 3 ein forseinkingsrentesats for kvart komande halvår. Satsen skal vera lik styringsrenta til Noregs Bank, med eit tillegg på 7 prosenteiningar. 27. juni 2011 vart forseinkingsrenta fastsett til 9,25 pst. p.a., jf. forskrift 27. juni 2011 nr. 656. Den 15. desember 2010 vart forseinkingsrenta fastsett til 8,75 pst. p.a., jf. forskrift 15. desember 2011 nr. 1243.

5.1.8 Fastsette forskrifter

Finansdepartementet fastsette 37 forskrifter på finansmarknadsområdet i 2011:

  • Forskrift 1. januar 2011 nr. 1 om årsregnskap m.m. for Norges Bank

  • Forskrift 11. januar 2011 nr. 16 om endring i forskrift om årsregnskap m.m. for forsikringsselskaper

  • Forskrift 11. januar 2011 nr. 17 om endring i forskrift om årsregnskap m.m. for pensjonskasser

  • Forskrift 11. januar 2011 nr. 18 om endring i forskrift om regulerte markeder (børsforskriften)

  • Forskrift 21. januar 2011 nr. 64 om endring i forskrift om årsregnskap og årsberetning for borettslag

  • Forskrift 24. januar 2011 nr. 69 om endring i forskrift om beregning av ansvarlig kapital, kapitalkravsforskriften og forskrift om store engasjementer

  • Forskrift 25. februar 2011 nr. 198 om endring i forskrift om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike

  • Forskrift 25. februar 2011 nr. 199 om endring i forskrift om årsregnskap m.m. for forsikringsselskaper

  • Forskrift 9. mars 2011 nr. 262 om endringer i forskrift om kapitalkrav for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak, holdingselskaper i finanskonsern, verdipapirforetak og forvaltningsselskaper for verdipapirfond mv. (kapitalkravsforskriften)

  • Forskrift 28. mars 2011 nr. 324 om endring i forskrift om egenkapitalbevis i sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper

  • Forskrift 15. april 2011 nr. 401 om overgangsregler til lov om endringer i revisorloven og enkelte andre lover (unntak fra revisjonsplikt for små aksjeselskaper)

  • Forskrift 15. april 2011 nr. 403 om endring i forskrift til utfylling og gjennomføring med videre av regnskapsloven av 17. juli 1998 nr. 56

  • Forskrift 31. mai nr. 564 om endring i forskrift om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder

  • Forskrift 21. juni 2011 nr. 622 om endring av forskrift 29. juni 2009 nr. 913 om egenkapitalbevis i sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper

  • Forskrift 23. juni 2011 nr. 634 om endring i forskrift om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike

  • Forskrift 23. juni 2011 nr. 635 om endring i forskrift om årsregnskap m.m. for forsikringsselskaper

  • Forskrift 27. juni 2011 nr. 656 om renter ved forsinket betaling

  • Forskrift 1. juli 2011 nr. 708 om endring i forskrift om livsforsikringsselskapers og pensjonsforetaks kapitalforvaltning

  • Forskrift 1. juli 2011 nr. 730 om endring i forskrift 17. desember 2007 nr. 1456 om skadeforsikringsselskapers kapitalforvaltning

  • Forskrift 10. august 2011 nr. 815 om endring i forskrift til lov av 24. mars 2000 nr. 16 om foretakspensjon, forskrift til lov av 24. november 2000 nr. 81 om innskuddspensjon i arbeidsforhold (innskuddspensjonsloven), forskrift om medlemskap i pensjonsordning for personer som ikke er pliktig medlem i folketrygden og forskrift til forsikringsloven (livsforsikring mv.)

  • Forskrift 19. august 2011 nr. 859 om endring i forskrift til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften)

  • Forskrift 29. august 2011 nr. 888 om opphevelse av forskrift om Riksrevisjonens adgang til å revidere statlige næringsdrivende stiftelser, herunder stiftelsen Norsk Rikskringkasting

  • Forskrift 15. november 2011 nr. 1195 om endring i forskrift om rapportering av store engasjementer – unntak for verdipapirforetak med konsesjon bare etter verdipapirhandelloven § 2-1 første ledd nr. 1, 4 og 5

  • Forskrift 30. november 2011 nr. 1202 om endring i forskrift om revisjon og revisorer

  • Forskrift 7. desember 2011 nr. 1205 om endring i diverse forskrifter som inneholder navnet «Kredittilsynet»

  • Forskrift 12. desember 2011 nr. 1266 om endring i forskrift 25. januar 2008 nr. 67 om rapportering for forsikringsformidlingsforetak.

  • Forskrift 15. desember 2011 nr. 1243 om renter ved forsinket betaling

  • Forskrift 20. desember 2011 nr. 1414 om endringer i forskrift om kapitalkrav for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak, holdingselskaper i finanskonsern, verdipapirforetak og forvaltningsselskaper for verdipapirfond mv. (kapitalkravsforskriften)

  • Forskrift 20. desember 2011 nr. 1415 om endring i forskrift om kredittinstitusjoners og verdipapirforetaks store engasjementer (forskrift om store engasjementer)

  • Forskrift 20. desember 2011 nr. 1422 om endring i forskrifter om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike, og forsikringsselskaper, verdipapirfond og verdipapirforetak

  • Forskrift 20. desember 2011 nr. 1457 om årsregnskap for pensjonsforetak

  • Forskrift 21. desember 2011 nr. 1444 om e-pengeforetak

  • Forskrift 21. desember 2011 nr. 1440 om endring i forskrift om aktuar

  • Forskrift 21. desember 2011 nr. 1441 om endring i forskrift om forsikringstjenesteytelser og etablering av filial av forsikringsselskap og pensjonsforetak med hovedsete i annen stat i Det europeiske økonomiske samarbeidsområde m.m.

  • Forskrift 21. desember 2011 nr. 1442 om endring i forskrift til forsikringsloven (livsforsikring mv.)

  • Forskrift 21. desember 2011 nr. 1467 til verdipapirfondloven

  • Forskrift 21. desember 2011 nr. 1480 om endring i forskrift om forsikringstekniske avsetninger og risikostatistikk i skadeforsikring og gjenforsikring

5.2 Løyve i forvaltningssaker

Sparebank 1 SR-Bank fekk 21. juni 2011 løyve til omskiping frå sparebank til ålmennaksjeselskap («aksjesparebank») og til skiping av sparebankstifting på nærare oppgjevne vilkår. Sparebankar skal som hovudregel vera organiserte som vanleg sparebank eller sparebank med eigenkapitalbevis, men det er ein viss rett til omskiping til aksjesparebank. Finansdepartementet har i vurderinga av søknaden lagt avgjerande vekt på Sparebank 1 SR-Banks kommersielle og næringspolitiske vurderingar og ynske om å kunna henta inn kapital i aksjemarknaden. For å ta vare på sentrale sparebankverdiar er det sett vilkår for løyvet. Sparebankstiftinga som vert skipa i samband med omdanninga, skal ha som føremål å utøva langsiktig og stabil eigarskap i Sparebank 1 SR-Bank ASA. Sparebankstiftinga skal òg vedtektsfesta eit føremål om marknadsmessig avkastning på eigenkapitalen sin. Sparebankstiftinga skal ha ein eigardel i Sparebank 1 SR-Bank ASA på minst 25 pst. Eigardelen til stiftinga skal vera vedtektsfesta. Vidare skal alle aksjesal krevja semje i styret for sparebankstiftinga. For å sikra vidareføring av arbeidet til banken der han har hovudverksemda si i dag, er det òg sett som vilkår at Sparebank 1 SR-Bank ASA skal vidareføra sparebankverksemd med lokal forankring i Rogaland.

DNB Bank ASA fekk 28. juni 2011 løyve til å ta over dotterbankar av Bank DnB NORD i Latvia, Litauen og Polen. Løyvet var ei naturleg oppfølging av at DNB Bank ASA 20. desember 2010 fekk løyve til å ta over dei resterande 49 pst. av aksjane i Bank DnB NORD. Løyvet er gjeve med heimel i finansieringsverksemdslova §§ 2a-3 og 2a-7 andre ledd. Løyvet er gjeve på vilkår.

OBOS Skadeforsikring AS fekk 18. oktober 2011 utvida løyve til skadeforsikringsverksemd. Selskapet har i dag løyve til å tilby skadeforsikring i visse forsikringsklassar til Oslo Bolig og Sparelag (OBOS) med dotterselskap, bustadselskap som OBOS med dotterselskap er forretningsførar for, og bustadselskap forvalta av bustadbyggjelag som er medlem av Norges Boligbyggelags Landsforbund (NBBL). Konsesjonen vert utvida med løyve til å tilby slike forsikringar òg til bustadselskap som er forvalta av andre enn bustadbyggjelag.

Rygge-Vaaler Sparebank og Halden Sparebank fekk 24. oktober 2011 løyve til å slå seg saman. Rygge-Vaaler Sparebank overtok sparebankverksemda frå Halden Sparebank, og Halden Sparebank vart avvikla. Det vart skipa to sparebankstiftingar som har eigenkapitalbevis i den fusjonerte banken. Banken har fått namnet Sparebank 1 Østfold Akershus. Løyvet er gjeve på vilkår.

Sparebanken Vest og Sparebanken Hardanger fekk 25. oktober 2011 løyve til å slå seg saman. Sparebanken Vest overtok sparebankverksemda frå Sparebanken Hardanger, og Sparebanken Hardanger vart avvikla. Det vart skipa ei sparebankstifting som har eigenkapitalbevis i den fusjonerte banken. Løyvet er gjeve på vilkår.

Kommunal Landspensjonskasse (KLP) fekk 7. november 2011 løyve til å ta over 15 pst. av aksjane i nettselskapet TrønderEnergi Nett AS. KLP hadde søkt om løyve til å ta over 35 pst. av aksjane i TrønderEnergi Nett AS som ei infrastrukturinvestering etter kapitalforvaltningsforskrifta. Departementet ville ikkje gje løyve til overtaking av 35 pst. av aksjane. Departementet viste i vedtaket til at verksemda i TrønderEnergi Nett AS var forsikringsframand verksemd, og at forsikringsverksemdslova § 6-2 fyrste ledd set forbod mot at eit forsikringsselskap kan eiga meir enn 15 pst. av aksjane i selskap som driv verksemd som ikkje kan drivast av forsikringsselskap.

DNB Bank ASA fekk 30. november 2011 løyve til å ta over 100 pst. av aksjane i SC Finans Sverige AB. DNB Bank fekk same dato løyve til å skipa eit selskap i Brasil. Løyva er gjevne med heimel i finansieringsverksemdslova § 2a-3 fjerde ledd. Løyva er gjevne på vilkår.

Til forsida