Meld. St. 27 (2022–2023)

Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida

Til innhaldsliste

1 Oppsummering av tiltak i distriktsmeldinga

Distrikts- og regionalpolitikken er ei brei og langsiktig oppgåve for denne regjeringa. Distriktsmeldinga viser tiltak som allereie er sett i verk og prosesser som er under arbeid i dei ulike departementa. Meldinga er lagt fram tidleg i regjeringsperioden fordi den skal vise retning for det tverrsektorielle arbeidet med å utvikle ein politikk som er bra for distrikta. Meldinga gjev rom for at kvart departement i oppfølginga vil kunne presentere nye tiltak i samband med budsjetthandsamingar.

Kapittel 2 Eit godt liv i distriktskommunen

  • Regjeringa vil leggje til rette for god samfunnsplanlegging og samarbeid for å nytte ressursane betre. Kommunal- og distriktsdepartementet ynskjer meir samarbeid mellom distriktskommunar. Departementet oppfordrar til dialog og erfaringsutveksling mellom fylkeskommunane, statsforvaltarane, Distriktssenteret og KS, slik at dei kan opptre meir koordinert overfor kommunane og dei samla ressursane vert betre utnytta.

  • Regjeringa arbeider med ei tydelegare differensiering av statlege planretningslinjer mellom tettbygde og spreiddbygde område. Arealpolitikken må tilpassast dei lokale tilhøva.

  • Regjeringa vil ha ei meir differensiert forvalting av strandsona, med auka handlefridom og betre høve for næringsutvikling og busetjing i spreiddbygde strok langs kysten i sone 3 av strandsona.

  • Regjeringa vil vurdere særskilde tiltak for å styrkje planleggings- og utviklingskapasiteten og planleggingskompetansen i område der det vert identifisert utfordringar.

  • Regjeringa vil leggje til rette for at ordinær utdanning og meir praksisnær og fleksibel etter- og vidareutdanning kan møte utfordringane, og eventuelt prøve ut nye løysingar.

  • Regjeringa har invitert distriktskommunar til å søkje om å utvikle bygdevekstavtalar med staten for å styrkje utviklinga i kommunane.

  • Regjeringa vil fylgje opp ordninga med bygdevekstavtalar gjennom eit forpliktande samarbeid i avtaleperioden, som både inneber statlege midlar til gjennomføring av tiltak for å supplere lokale bidrag, i tillegg til andre statlege bidrag og samarbeid (kompetanse, deltaking i erfaringsnettverk osb.).

  • Regjeringa vil vidareutvikle Merkur-programmet.

  • Regjeringa har lagd fram ei stortingsmelding om Fellesskap og meistring – Bu trygt heime. Som ein del av reforma, vil regjeringa mellom anna leggje fram eit eige eldrebustadprogram.

  • Regjeringa vil våren 2024 leggje fram ei stortingsmelding om ein heilskapleg bustadpolitikk. I arbeidet med bustadmeldinga vil regjeringa gå gjennom verkemidla vi har i dag, og undersøkje om dei svarer på breidda i utfordringsbiletet til kommunane.

  • Regjeringa vil vurdere om ein større del av låna frå Husbanken skal gå til bustadetablering i distriktskommunar, særleg på sentralitetsnivå 6.

  • For å få fart på bustadbygginga i distrikta la regjeringa i tilleggsproposisjonen for 2022 inn at inntil 1 mrd. kroner kan prioriterast til lån til utleigebustader og lån til bustadkvalitet i distriktskommunar på sentralitetsnivå 5 og 6. Samstundes vart utlånsramma i Husbanken auka til 21 mrd. kroner.

  • Husbanken har fått i oppdrag å forsterke informasjons- og rettleiingsarbeidet overfor distriktskommunane. I tildelingsbrevet for 2023 har regjeringa ytterlegare styrkt oppdraget og bede Husbanken om å prioritere å gje bustadpolitisk støtte til distriktskommunar.

  • I statsbudsjettet for 2023 har regjeringa løyvd midlar til ei ny ordning for bustadtiltak i distrikta. Føremålet er å utvikle nye samarbeidsformer og forsøk med nye bustadkonsept og verkemiddel, mellom anna i distriktskommunar i Nord-Noreg som treng å styrkje tilbodet av eigna bustader.

  • Kommunal- og distriktsdepartementet har endra byggjereglane for å leggje betre til rette for investeringar i industri, jordbruk, turisme og bustadbygging i fleire kommunar på Vestlandet og i Nord-Noreg.

  • Regjeringa ynskjer at busetjinga av flyktningar skal skje styrt og spreidd.

  • Regjeringa har gjennomført fleire tiltak for å få busett flyktningar på ein rask og effektiv måte, og mange kommunar i distrikta har busett flyktningar.

  • Regjeringa vil sikre frivillig sektor ein sentral plass i samfunnet og medverke til gode rammevilkår.

  • Regjeringa vil støtte opp om og medverke til at det vert oppretta lokal frivilligheitspolitikk og enkle regelverk og ordningar som gjer det lett å finne fram for frivillig sektor i kommunane.

  • Regjeringa vil styrkje innsatsen for at fleire frivillige skal få høve til å utvikle aktivitet i eigna lokale til idrett, kultur og frivillig arbeid generelt.

  • Regjeringa vil stimulere til meir kunst- og kulturaktivitet i lokalsamfunna gjennom å utvikle regionale kulturfond.

  • Regjeringa vil styrkje det nordiske samarbeidet mellom dei regionale aktørane i nord, og særleg mellom Noreg, Finland og Sverige.

Kapittel 3 Trygge samfunn og tenester nær folk

  • Regjeringa varsla i Hurdalsplattforma ein heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet for kommunane og fylkeskommunane. Regjeringa la fram forslag til endringar i inntektssystemet for fylkeskommunane i kommuneproposisjonen 2024. Regjeringa vil leggje fram ein heilskapleg gjennomgang av inntektsystemet for kommunane i ei eiga melding til Stortinget våren 2024, med sikte på at eit nytt inntektssystem vil få verknad frå 2025.

  • Regjeringa vil vurdere forsterka tiltak for å stimulere til samarbeid mellom kommunar. Føremålet er å styrkje kapasiteten og kompetansen i oppgåveløysinga, også i eit tverrsektorielt perspektiv.

  • Regjeringa vil invitere kommunar til eit pilotsamarbeid med samlokalisering av statlege og kommunale publikumstenester, slik at innbyggjarane får ein stad der dei kan møte representantar for offentlege etatar fysisk. I revidert nasjonalbudsjett føreslår regjeringa at det blir løyvd 10 mill. kroner til pilotar med nærtenestesenter. Ordninga skal etter planen vare i tre år.

  • Regjeringa har sett i gang ei tillitsreform i offentleg sektor. Større handlingsrom for kommunar og fylkeskommunar og meir fagleg fridom for fyrstelinja på lokalt nivå kan gje meir velferd og betre tenester til innbyggjarane. Målet er å gje innbyggjarane betre velferd og betre tenester til rett tid.

  • Kommunal- og distriktsministeren har på vegner av regjeringa invitert kommunar og fylkeskommunar til å søke om forsøk (frikommuneforsøk), og med det bli forsøkskommunar. Forsøksordninga er eit av tiltaka som skal medverke til å nå måla i tillitsreforma.

  • Kommunal- og distriktsdepartementet vil samarbeide med KS om vidare utvikling av modell(ar) for innføring av nasjonale fellesløysingar og -tenester til bruk i kommunal sektor.

  • Regjeringa har laga ein handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn.

  • For 2023 har Kommunal- og distriktsdepartementet tildelt 8 mill. kroner i eingongsstøtte til 27 søkjarar i 45 kommunar som ynskjer å heve den digitale kompetansen til innbyggjarane.

  • Det blir varsla i Folkehelsemeldinga at regjeringa vil leggje fram ein livskvalitetsstrategi i 2024.

  • Regjeringa vil leggje fram for Stortinget ein Nasjonal helse- og samhandlingsplan for utviklinga av vår felles helse- og omsorgsteneste.

  • Regjeringa vil vurdere korleis finansieringsordningane betre kan leggje til rette for samhandling mellom dei ulike delane av helse- og omsorgstenesta.

  • Regjeringa vil byggje vidare på helsefellesskapa og sørgje for verktøy som gjer at dei vert ein arena for felles tenesteutvikling og planlegging til beste for pasientane.

  • Regjeringa vil sikre ein sterk offentleg, felles helseteneste. Framvekst av privatfinansierte tilbod kan gje auka sosial og geografisk skilnad i tilgangen på helse- og omsorgstenester.

  • Helse- og omsorgsdepartementet vil vurdere ulike modellar for oppgåvedeling og bruk av helsepersonell på tvers av spesialisthelsetenesta og dei kommunale tenestene.

  • Regjeringa vil vidareutvikle det gode samarbeidet med ideelle aktørar innanfor helse- og omsorgssektoren.

  • Regjeringa har styrkt allmennlegetenesta med 920 mill. kroner i 2023.

  • Regjeringa har oppretta eit nytt legevakttilskot i 2022 på 50 mill. kroner, som skal styrkje legevaktordninga i dei mest rekrutteringsvake områda.

  • For at pasientane skal få eit betre tilbod, og fastlegane ein betre arbeidskvardag med meir tid til pasientane, vart basistilskotet i fastlegeordninga endra og styrkt i statsbudsjettet for 2023.

  • Regjeringa vil gjere ei nøye vurdering av forslaga til ekspertutvalet for fastlegeordninga.

  • Regjeringa la fram ein opptrappingsplan for psykisk helse 9. juni 2023. Planen gjeld for ti år framover, og med satsinga fylgjer minst 3 mrd. kroner.

  • Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om det prehospitale området. Sentrale tema vil vere korleis ein kan halde oppe beredskap og eit godt akuttmedisinsk tenestetilbod i heile landet.

  • Regjeringa vil gje folk i heile landet tryggleiken tilbake. Dette skal mellom anna skje gjennom betre samarbeid mellom dei ulike naudetatane og andre beredskapsorganisasjonar. Regjeringa har sett ned ein totalberedskapskommisjon for å sjå på korleis dei samla beredskapsressursane kan nyttast best mogleg. Kommisjonen leverte si innstilling 5. juni 2023.

  • Regjeringa starta hausten 2022 arbeidet med ein heilskapleg gjennomgang av brann- og redningsområdet.

  • Regjeringa har vedteke å etablere ei offentleg toårig fagskule for utdanning av brann- og redningspersonell. Fagskulen skal ligge i Tjeldsund kommune i Troms.

  • Regjeringa vil styrkje det lokale politiet i heile landet for å sikre betre førebygging og for å oppnå raskare respons ved alvorlege hendingar. Regjeringa vil styrkje polititenestene mellom anna gjennom lokalt tilpassa tiltak som skal utformast i samarbeid mellom kommune og politidistrikt.

  • Regjeringa vil at Politiet opprettar ni nye tenestestader i 2023. Det er viktig for å sikre at politiet er til stades lokalt.

  • Justis- og beredskapsdepartementet arbeider med ein lokalpolitiplan som vil bli lagd fram i løpet av 2023.

  • Justis- og beredskapsdepartementet har gjeve Politidirektoratet i oppdrag å greie ut ulike modellar for krav til responstid. Rapporten vil vere eit viktig underlag til det vidare arbeidet med å sikre rask respons ved alvorlege hendingar, og med å vidareutvikle eit politi som er lokalt til stades i heile landet. Rapporten skal vere ferdig i august 2023.

  • Regjeringa meiner det er viktig med ei styrking av Forsvaret i Noreg, og spesielt viktig å styrkje det militære nærværet i Nord-Noreg. Politiet og PST er styrkt for mellom anna å sikre auka lokalt nærvær i nord. Satsinga er vidareført i 2023 med totalt 120,5 mill. kroner.

  • Statlege verkemiddel for å medverke til nasjonal tryggleik i nordområda bør vurderast i lys av den strategiske rolla til regionen. Eigedomar, infrastruktur, naturressursar og verksemder som er viktige for nasjonal tryggleik bør derfor vurderast særskilt med tanke på den geografiske plasseringa langs kysten og i grenseområda.

  • Det pågår eit arbeid med etablering av dedikert helikopter til Hæren som skal stasjonerast i ein eigen skvadron med base på Bardufoss.

  • Regjeringa har styrkt Hovudredningsentralen gjennom auka grunnbemanning.

  • For å styrkje redningsberedskapen i Nord-Noreg vart det etablert ein ny redningshelikopterbase i Tromsø frå 1. juli i 2022.

Kapittel 4 Transport og infrastruktur bind landet saman

  • Regjeringa vil utarbeide ein realistisk nasjonal transportplan (NTP) som svarar på utfordringane i framtida for transportsystemet, og som legg vekt på samfunnsøkonomisk lønsemd. Transportplanen skal vere oppdatert og tilpassa dei framtidige transportbehova, samstundes som det skal vere mogleg å fylgje opp dei økonomiske rammene.

  • Regjeringa vil utarbeide ein heilskapleg og forpliktande plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane.

  • Regjeringa vil ta initiativ til at det saman med fylkeskommunane vert utarbeidd ein nasjonal gjennomføringsplan for ras- og skredsikring av alle riksvegar og fylkesvegar med høg og middels skredfaktor. Deler av planen vil vere ferdig i 2023. Regjeringa tek sikte på å leggje fram planen våren 2024, som ein del av NTP 2025–2036.

  • Fylkeskommunane får i 2023 fordelt i overkant av 3 mrd. kroner av rammetilskotet etter særskild fordeling på tre ordningar knytte til fylkesveg. Desse ordningane gjeld opprusting og fornying av fylkesveg (1 680 mill. kroner), ras- og skredsikring av fylkesveg (903 mill. kroner) og kompensasjon for forskrift om tunneltryggleik (579 mill. kroner).

  • Det er i 2023 løyvd øyremerka tilskot til fylkesveg på fire ordningar over budsjettet til Samferdselsdepartementet på til saman 847 mill. kroner, som er inkludert i rammene for NTP 2022–2033.

  • I 2022 vart Enova løyvd ytterlegare 100 mill. kroner for å støtte etablering av hurtigladarar i område utan tilstrekkeleg grunnlag for kommersiell utbygging. Med denne tildelinga vert talet på kommunar i Noreg utan hurtigladar redusert frå 70 til 15.

  • I ladestrategien til regjeringa kjem det fram at Statens vegvesen i dialog med Nye Veier og Enova skal lage ein plan for etablering av ladestasjonar for tunge køyretøy langs riksvegnettet. Planen skal vere ferdig innan 1. juli 2023.

  • I regjeringserklæringa er det målsetjingar om å redusere ferjetakstar og å gjere ferjer til ein del samfunn gratis. Målsetjinga er å halvere ferjetakstane i fireårsperioden. Dette er regjeringa godt i gang med. Takstane er i dag redusert med 30 prosent jamført med takstnivået ved inngangen til 2021. I det vedtekne budsjettet for 2023 ligg det inne midlar til å halvere takstane i riksvegferjedrift frå 15.august 2023, jamført med takstnivået ved inngangen til 2021. Det er dessutan sett av midlar til fylkeskommunane slik at dei kan redusere takstane tilsvarande som i riksvegferjedrift.

  • Frå andre halvår 2022 vart det løyvd midlar slik at trafikksvake ferjesamband (under 100 000 passajerar årleg) og delstrekningar til øyar og veglause samfunn på samband med over 100 000 passasjerar vart gratis frå 1. juli 2022. I statsbudsjettet for 2023 er det løyvd ytterlegare midlar slik at ferjesamband til øyar og veglause samfunn med over 100 000 passasjerar kan gjerast gratis frå 16. august 2023. Fylkeskommunane er takststyresmakt og vurderer innføringa av ordninga etter lokale omstende og prioriteringar.

  • Ferjeavløysningsordninga for fylkesvegferjer legg til rette for ein alternativ bruk av ferjetilskot for fylkesvegferjer.

  • Regjeringa har gjeninnført eit statleg ansvar for fiskerihamnene. Dette gjev Kystverket ansvar for statlege fiskerihamneanlegg som moloar og kaifrontar langs heile kysten.

  • Regjeringa vil ha trygg pasient- og skuletransport og eit godt drosjetilbod i distrikta og vil derfor stanse frisleppet i drosjenæringa.

  • Regjeringa har i Hurdalsplattforma meldt at behovsprøvinga og plikta til å vere knytt til ein drosjesentral skal gjeninnførast. Regjeringa har sett ned eit utval som skal gjere ei heilskapleg vurdering av drosjenæringa, vurdere handlingsrommet etter EØS-avtalen og utarbeide framlegg til regulering på området.

  • Samferdselsdepartementet har gjeninnført kravet om løyvegaranti for løyvehavaren og fremja forslag for Stortinget om å gjeninnføre kravet om fagleg kompetanse.

  • Regjeringa vil redusere billettprisane og styrkje rutetilbodet på dei regionale FOT-flyrutene.

  • For å gjere det lettare og billigare å reise langs kysten på Vestlandet og i Nord-Noreg vil regjeringa redusere billettprisane i FOT-utlysingane med avtaleoppstart i 2024. Billettprisane på FOT-flyrutene vert halverte frå 1. april 2024, og for helikopterruta Værøy–Bodø vert maksimal billettpris halvert frå 1. august 2024. Dette vil redusere avstandskostnadene for innbyggjarar og næringsliv som er avhengige av kortbanenettet. Regjeringa vil auke krava til setekapasitet der talet på reisande er venta å stige mest.

  • For å sikre eit føreseieleg flyrutetilbod vil regjeringa ta flyruta Stord–Oslo inn i FOT-ordninga. Ruta vert ein del av utlysinga med avtaleoppstart 1. april 2024. Regjeringa vil etablere ei ny FOT-rute mellom Kirkenes og Tromsø.

  • Regjeringa vil leggje opp til å styrkje transporttilbodet mellom Aust-Finnmark og Tromsø, gjennom styrkte korrespondansekrav, færre krav til samband og ny FOT-rute mellom Kirkenes og Tromsø.

  • Regjeringa vil arbeide vidare med konseptvalutgreiinga (KVU) som ser på den framtidige utviklinga av transportsystemet i Nord-Noreg. Det vert lagd opp til at utgreiinga skal vere ferdig sommaren 2023.

  • KVU Nord-Noregbana skal ferdigstillast august 2023.

  • Regjeringa har som mål at alle husstandar og verksemder skal ha tilbod om breiband med minst 100 Mbit/s per sekund nedlastingshastigheit innan utgangen av 2025.

  • Regjeringa fordelte 362 mill. kroner til breiband i januar 2023. Alle fylke fekk auka løyving samanlikna med 2022, og fylke med mange distriktskommunar og få folk på store areal vart prioriterte i sterkare grad enn før.

  • Regjeringa arbeider for at alle skal ha tilgang til mobiltenester der dei bur, arbeider og ferdast, og der næringsliv og offentleg og frivilleg sektor driv verksemd.

  • Auksjonen av 5G-frekvensar som vart gjennomført i september 2021, vart tilrettelagt slik at auksjonsvinnarane forplikta seg til å byggje ut nett og etablere fast trådlaust breiband med datahastigheit på minst 100 Mbit/s til identifiserte bygg som mangla eit slikt tilbod. Tiltaket kan utløyse investeringar i mobilnett for minst 560 mill. kroner og vil kunne styrkje den vanlege mobildekninga. Tiltaket rettar seg mot tusenvis av husstandar og næringsbygg som ligg i spreiddbygde strok. Forpliktinga skal oppfyllast innan 1. juli 2025.

  • Regjeringa meiner at datasenteretableringar kan medverke til å styrkje næringsutvikling og eksisterande næringsverksemd, og vil at datasenternæringa skal ha gode vilkår for vekst i Noreg, og at etableringar gjennomførast på ein måte som skaper gode synergieffektar i vertskommunen.

  • Regjeringa har i ny ekomlov føreslått å innføre krav om forsvarleg tryggleik i datasenter og ei registreringsplikt for datasenteraktørar i Noreg.

  • Regjeringa er i gang med å revidere og vidareutvikle den nasjonale datasenterstrategien, mellom anna som fylgje av den tryggleikspolitiske situasjonen og situasjonen i kraftmarknadane.

  • Regjeringa har utarbeidd ein rettleiar som skal gjere det enklare for kommunane å vurdere kva som er ei føremålstenleg avgjerd når ein datasenteraktør ynskjer å etablere seg i kommunen.

  • I nokre distriktsområde er det ikkje bygd nett med tilstrekkeleg overlapping og alternative føringsvegar. Regjeringa gjev derfor tilskot til auka digital tryggleik og beredskap i distrikta.

  • Det vert gjennomført tiltak i fleire regionar for å redusere sårbarheitene gjennom alternative digitale føringsvegar og utvikling av sårbare punkt i infrastrukturen. Regjeringa har fylgt opp tiltak for nær 70 mill. kroner i Finnmark og sett i verk tiltak for 50 mill. kroner i Troms. I 2023 vil regjeringa bruke 25 mill. kroner på å styrkje den digitale infrastrukturen i Nordland.

  • I programmet Forsterka ekom får kommunar som er sårbare for ekstremvêr og andre hendingar forsterka mobilberedskapen ytterlegare med tre døgn reservestraum og alternative føringsvegar inn til basestasjonane. Så langt har det vore løyvd midlar til forsterking i meir enn 80 kommunar, og i 2023 gjev regjeringa midlar til utbygging i nye kommunar, slik at meir enn 90 kommunar vil få forsterka ekom.

  • Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har gjeve tilskot til infrastruktureigarar for å setje i verk tiltak som styrkjer tryggleiken for sjøfiberkablar. Det vert i 2023 sett i verk tiltak for 43 mill. kroner for å auke tryggleiken og beredskapen for undersjøisk digital infrastruktur som understøttar norsk olje- og gassproduksjon. Regjeringa vidarefører arbeidet med å styrkje samarbeidet mellom ekom- og kraftsektoren.

Kapittel 5 Ein aktiv næringspolitikk for heile landet

  • Regjeringa vil sikre at lokalsamfunn som stiller naturressursane sine til disposisjon for utbygging, får meir igjen for det og vert sikra ein rettmessig del av verdiskapinga.

  • Regjeringa har lagt fram lovforslag om grunnrenteskatt på havbruk. Saka vart handsama i Stortinget 31. mai 2023 med vedtak om ein effektiv skattesats på 25 prosent og eit botnfrådrag på 70 mill. kroner. Den delen vertskommunar og -fylkeskommunar får av inntektene frå sal av ny løyvekapasitet, vert auka frå 40 prosent til 55 prosent.

  • Gjennom eit grønt industriløft vil regjeringa leggje til rette for kutt i klimagassutslepp, fleire arbeidsplassar og auka verdiskaping basert på lange verdikjeder i Noreg.

  • Regjeringa vil arbeide for ei vidare utvikling av reine energikjelder, mellom anna ved å utvikle og å ta i bruk teknologi for karbonfangst og -lagring. Regjeringa vil arbeide for det grøne skiftet gjennom gode rammevilkår og målretta risikoavlasting og ved å bruke den stalege innkjøpsmakta for å leggje til rette for grøne aktørar.

  • Regjeringa vil leggje til rette for god dialog med fylkeskommunane og regionale aktørar om arbeidet med grønt industriløft, slik at den samla innsatsen støttar opp om regionale potensial og føremonar. Regjeringa har også oppretta eit dialogforum for batterikommunar, for å leggje til rette for ein meir effektiv dialog og erfaringsutveksling mellom vertskommune og dei aktuelle fylkeskommunane, statsforvaltarane, departementa og etatane.

  • Regjeringa har starta arbeidet med å utvikle regionvekstavtalar som eit nytt verktøy i distrikts- og regionalpolitikken, og det er innleidd dialog om avtalar med Nordland og Rogaland fylkeskommunar.

  • Regjeringa vil vurdere om det er føremålsteneleg å etablere eit statleg kontaktpunkt for store industrietableringar i Nord-Noreg.

  • Regjeringa vil vurdere styrking av FoU-miljø som er særskilt viktige for næringsutvikling, mellom anna i Aust-Finnmark.

  • Regjeringa tek sikte på å gjere framlegg om grunnrenteskatt på landbasert vindkraft for Stortinget i løpet av haustsesjonen 2023, med verknad frå inntektsåret 2024.

  • Regjeringa vil leggje til rette for fornybar kraft og nettkapasitet gjennom ny kraftproduksjon, energieffektivisering og utvikling av nettet.

  • Regjeringa vil leggje til rette for at kapasiteten i straumnettet vert forsterka i heile landet, og for at konsesjonshandsamingstida vert korta ned.

  • Med regjeringas handlingsplan for raskere nettutbygging og betre utnytting av nettet vert det teke fleire grep for å medverke til raskare konsesjonshandsaming hos styresmaktene, meir effektiv tilknyting til straumnettet og betre utnytting av nettkapasiteten.

  • NVE har vidareutvikla eit hurtigspor for konsesjonshandsaming av små og enkle saker.

  • Regjeringa har opna opp konsesjonshandsaminga for vindkraft på land, og lyst ut fyrste fase av Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord.

  • Regjeringa arbeider med ein handlingsplan for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi som vil verte presentert seinast saman med statsbudsjettet hausten 2023. Den vidare oppfylginga av rapporten frå Energikommisjonen vil regjeringa sjå i lys av høyringsinnspela.

  • Regjeringa har igjen opna for konsesjonshandsaming av vindkraft på land der vertskommunane samtykkjer til dette. Regjeringa arbeider med å innlemme planlegging av vindkraftanlegg i plan- og bygningslova. Dette vil gje kommunane større formell styresmakt over arealbruken i vindkraftsaker. Det er fremja ein lovproposisjon om endringar i energilova og plan- og bygningslova som inneber at vindkraftanlegg må greiast ut i områderegulering etter plan- og bygningslova før ein kan gje konsesjon etter energilova.

  • Regjeringa vil at ringverknader frå petroleumsverksemda skal kome heile landet til gode. I samband med planlegginga av nye sjølvstendige feltutbyggingar skal operatøren leggje til rette for positive lokale og regionale ringverknadar, der det er mogleg.

  • Regjeringa vil gjere det enklare for verksemdene å ta i bruk dei ulike næringsretta tiltaka og ordningane og vurdere korleis ansvaret for ordningar og program er organisert, og korleis aktørane samarbeider.

  • Regjeringa ynskjer ei dreiing i forskings- og innovasjonsaktiviteten i næringslivet mot meir klima- og miljøvenlege løysingar, og vedtok i statsbudsjettet for 2023 å omprioritere delar av midlane i det næringsretta verkemiddelapparatet til ei grøn nærings- og eksportomstillingspakke.

  • Regjeringa vil vidareføre ordninga med differensiert arbeidsgjeveravgift. Verdien av dette er estimert til om lag 18,3 mrd. kroner for 2023.

  • I statsbudsjettet for 2022 vart det løyvd 40 mill. kroner til testfasilitetar i distrikta for å medverke til auka omstilling og eit meir berekraftig norsk næringsliv. Siva vil etablere åtte katapultnodar frå Halden i sør til Båtsfjord i nord.

  • Regjeringa meiner at staten må stille opp for kommunar som har særleg negativ utvikling i sysselsetjinga. Omstillingsordninga har tidlegare vore innretta mot å skape nye arbeidsplassar der mange brått har mista arbeidet. Utfordringane i dag er meir samansette. Regjeringa vil revidere og utvikle målkriteria i ordninga, slik at ein kan setje inn ressursane der dei gjev best resultat. Mellom anna bør målet om betre utviklingsevne få større vekt enn i dag. Regjeringa vil fremje forslag om endringar i budsjettproposisjonen for 2024.

  • Regjeringa har sett ned eit lovutval som skal gå gjennom innkjøpsregelverket, som mellom anna skal vurdere endringar som sikrar at offentlege innkjøp har ei utforming og storleik som gjer det mogleg for lokale og regionale aktørar å delta i konkurransen om heile eller delar av oppdraget. Regjeringa vil vurdere korleis regelverket betre kan leggje til rette for innkjøp frå lokale leverandørar.

  • Regjeringa vil arbeide for at kompetansen i små og mellomstore verksemder vert styrkt, slik at dei kan ta del i den datadrivne økonomien.

  • Regjeringa skal utarbeide ein strategi for å fylgje opp målet i Hurdalsplattforma om at forsking og utvikling i næringslivet skal utgjere 2 prosent av BNP innan 2030.

  • Regjeringa vil vurdere korleis ein kan utvikle ambisjonane om ein forsvarsindustriklyngje i Nord-Noreg.

  • Regjeringa vil sikre nok og trygg mat produsert på norske naturressursar.

  • Regjeringa vil sikre framleis nasjonal råderett og kontroll over fiskeressursane, og forvalte desse til det beste for noverande og framtidige generasjonar.

  • Regjeringa vil sikre at maten vi haustar i havet, også i framtida skal tilhøyre fellesskapet.

  • Regjeringa vil leggje fram ei kvotemelding som sikrar busetnad, aktivitet og lønsemd langs heile kysten. Regjeringa vil sjå til at flåten under elleve meter har gode rammevilkår, og at breidda og mangfaldet i kystfiskeflåten vert trygga.

  • Regjeringa ynskjer å auke tilverkinga av sjømat i Noreg. Regjeringa vil leggje til rette for ei produktiv og miljøvenleg havbruksnæring som kan produsere mat til ein veksande verdsmarknad.

  • Regjeringa har vidareført utvalet som skal sjå på løyvesystemet for akvakultur og korleis det bør innrettast for framtida, mellom anna for å leggje til rette for størst mogleg verdiskaping og ei berekraftig utvikling. Utvalet skal levere rapport hausten 2023.

  • Regjeringa vil leggje til rette for innovasjon, nye produksjonsformer og berekraftige løysingar. Det er eit mål å utvikle eit konsesjonsregime for havbruk til havs med strenge krav til berekraft og sameksistens mellom ulike havnæringar.

  • Regjeringa vil utarbeide næringsplanar for Nordsjøen, Barentshavet og Norskehavet.

  • Ved jordbruksoppgjeret i 2023 vidareførte avtalepartane prioriteringa av distriktslandbruket, mellom anna gjennom høgare tilskotssatsar enn for resten av landet, og gjennom ei sterk prioritering av mjølkeproduksjon. Partane prioriterte små og mellomstore bruk, ikkje berre gjennom tilskotsordningane, men også gjennom styrking av investeringsverkemidla i landbruket.

  • Investeringsverkemidla har ein tydeleg distriktsprofil, der nærare 70 prosent av tilskota i 2022 gjekk til prosjekt i kommunar lokalisert i det distriktspolitiske verkeområdet.

  • Regjeringa har saman med Troms og Finnmark og Nordland fylkeskommunar sett i gang ei felles satsing på landbruket i Nord-Noreg.

  • Regjeringa vil satse på tiltak som kan medverke til betre lønsemd i skogbruket.

  • Regjeringa vil føre ein meir restriktiv rovdyrpolitikk, og vil styrkje rolla til dei regionale rovviltnemndene.

  • Regjeringa vil sikre at bestandmåla faktisk vert fylgde opp.

  • Regjeringa vil innrette praktiseringa av rovviltforliket slik at kvotar på lisensfelling vert tekne ut i samsvar med vedtak, og slik at beiteprioriterte område vert respekterte ved at skadegjerarar vert felte utan ugrunna opphald.

  • Regjeringa vil greie ut ein reduksjon av gjeldande bestandmål for ulv og bjørn med mål om å redusere ulempene for beitenæringar og lokalsamfunn. Det skal òg gjennomførast ei betre og sikrare teljing av dei ulike rovdyrbestandane.

  • Regjeringa arbeider med ulike tiltak for å skape ei konkurransedyktig, heilårleg reiselivsnæring som er meir berekraftig og lønnsam enn tidlegare, og som skaper aktivitet i heile landet.

  • Regjeringa vil vurdere korleis tilrådingane til reisemålsutvalet kan fylgjast opp.

  • Regjeringa har sett igang Reiseliv 2030 for å stimulere til kunnskapsbasert utvikling av heile reiselivsnæringa, og føreslå prioritering av forskings- og innovasjonsaktivitetar for å gjere reiselivsnæringa meir heilårlig, oppnå auka verdiskaping og medverke til grøn omstilling.

Kapittel 6 Utdanning og arbeidskraft for framtida

  • Kompetansepolitikken til regjeringa er nyleg lagd fram i ei stortingsmelding om kompetansebehovet i Noreg.

  • Regjeringa vil at universitet og høgskular skal prioritere livslang læring og fleksible og desentraliserte tilbod slik at utdanning og kompetanseheving vert tilgjengeleg og uavhengig av bustad og livssituasjon.

  • Regjeringa vil arbeide for eit utdanningssystem som svarer enda betre på etterspurnaden etter kompetanse, både frå arbeidslivet og frå dei som søkjer utdanning.

  • Regjeringa meiner det er viktig å utvikle arbeidslivsnære tilbod i samarbeid med partane i arbeidslivet. I 2022 vart det løyvd 184 mill. kroner til fleksibel og desentralisert utdanning, midlar som utdanningsinstitusjonane og studiesentera kunne søkje på. For 2023 har regjeringa auka summen til 200 mill. kroner, og inntil 50 mill. kroner av desse midlane går til studiesenter.

  • Regjeringa vil gjennom dimensjoneringa av utdanningssystemet særleg prioritere kompetanse som er naudsynt for å ha gode velferdstenester i heile landet, for å skape eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv og for å gjennomføre det grøne skiftet.

  • Regjeringa har styrkt sjukepleiarutdanninga. I 2022 tildelte Kunnskapsdepartementet 300 studieplassar til sjukepleiar- og spesialsjukepleiarutdanningane. Universitet og høgskular er bedne om å auke kapasiteten i grunnutdanninga i sjukepleie med 200 studieplassar innanfor eiga rammeløyving.

  • Regjeringa legg desentraliserte studiemodellar til grunn for ambisjonane for medisinutdanninga.

  • Regjeringa vil prioritere relevante profesjonsutdanningar med underdekning, og særleg barnevern, lærarar i distrikta og lærarar med samisk språkkompetanse.

  • Regjeringa vil møte lærarmangelen med ei brei satsing på å rekruttere, utdanne og halde på kvalifiserte lærarar.

  • Regjeringa styrkjer lærarprofesjonen gjennom mellom anna tillitsreforma, ordningane for vidareutdanning, tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling, rettleiing av nyutdanna nytilsette, og ei ny partsforankra ordning om karrierevegar for lærarane.

  • Regjeringa la våren 2023 fram ei stortingsmelding om samisk språk, kultur og samfunnsliv som gjer greie for pågåande prosessar og prioriterte innsatsområde for å styrkje samisktilbodet i barnehagar, skular og høgare utdanning, og for å styrkje fagmiljøa og rekruttere fleire til samiskspråkleg høgare utdanning og forsking. I statsbudsjettet for 2023 har regjeringa løyvd eit tilskot til Sametinget på 6,6 mill. kroner.

  • Regjeringa vil fylgje opp helsefagutdanninga og vurdere tilrådingane om utdanning frå Helsepersonellkommisjonen i arbeidet med stortingsmeldinga om profesjonsutdanningane, som blir lagt fram våren 2024.

  • Stortingsmeldinga om profesjonsutdanningane har hovudvekt på lærar-, ingeniør-, helse- og sosialfagutdanningane. Regjeringa vil som ei del av meldinga vurdere tiltak for å auke talet på praksisplassar for helse- og sosialfagsstudenter i distriktskommunar. Regjeringa vil også vurdere tiltak for å auke rekrutteringa i heile landet.

  • I statsbudsjettet for 2023 er det løyvd om lag 460 mill. kroner til arbeidet med kvalifisering og formidling til læreplass.

  • Regjeringa vil vurdere om det er behov for særskilde tiltak for at fleire elevar skal fullføre vidaregåande skule, og om det er tilstrekkeleg fleksibilitet i regelverket for vidaregåande opplæring til å sikre ulike regionale behov, til dømes i område der det er få ungdomar og store avstandar.

  • Ved framtidige tildelingar til fagskulane vil regjeringa prioritere studieplassar innanfor teknologi, helse og fagområde som er viktige for det grøne skiftet. Regjeringa vil ha dialog med fylkeskommunane om korleis desse prioriteringane kan fylgjast opp i forvaltinga av sektoren.

  • Regjeringa vil vurdere korleis ein kan leggje til rette for at fagskulane etter godkjenning kan opprette og endre studietilbod utan å måtte søkje NOKUT om dette.

  • Regjeringa har starta arbeidet med ei melding til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning.

  • Regjeringa vil arbeide for eit utdanningssystem som er dimensjonert slik at kapasiteten fylgjer etterspurnaden, både frå dei som søkjer utdanning og frå arbeidslivet.

  • Regjeringa forventar at utdanningsinstitusjonane samarbeider godt med fylkeskommunane om tilrettelegging for utdanning i lys av regionale kompetansebehov.

  • Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse tildelte i 2022 4 mill. kroner til etablering av studiesenter Aust-Finnmark kunnskapssenter.

  • Regjeringa vil vurdere korleis ein betre kan dimensjonere og leggje til rette for utdannings- og kompetansetilbod innanfor yrkesgrupper der etterspurnaden etter kompetent arbeidskraft er særleg kritisk, mellom anna i Aust-Finnmark.

  • I 2022 etablerte regjeringa ei søknadsbasert ordning for studiesentera (34 mill. kroner i 2022 og 50 mill. kroner i 2023).

  • Regjeringa vil vurdere korleis den statlege tilskotsordninga for studiesentera skal forvaltast framover.

  • Regjeringa endrar og forenklar finansieringssystemet for universiteta og høgskulane, og gjer det meir attraktivt å tilby vidareutdanning og fleksibel og desentralisert utdanning.

  • Regjeringa vil vidareføre måla og den geografiske avgrensinga som utgjer Tiltakssona for Finnmark og Nord-Troms, og prioritere tiltak retta mot barnefamiliar og unge vaksne. Regjeringa vil vurdere endringar i gjeldslette av studielån og finnmarksfrådraget i samband med statsbudsjetta.

  • Inntekt og formue er geografisk skeivfordelte. For å jamne ut skilnader har regjeringa som mål at skatte- og avgiftssystemet skal medverke til geografisk omfordeling.

  • Innanfor arbeidsmarknadspolitikken vil regjeringa auke satsinga på individuell og tilrettelagd oppfylging frå Arbeids- og velferdsetaten, særleg retta mot unge og personar med psykiske lidingar og/eller rusproblem.

  • Regjeringa ynskjer eit løft i satsinga på unge som står utanfor utdanning og arbeid, og har i statsbudsjettet for 2023 sett av 175 mill. kroner til ein ny ungdomsgaranti i regi av Arbeids- og velferdsetaten.

  • For å motverke at ungdom og unge vaksne fell på utsida av skule og arbeid, vil regjeringa leggje til rette for betre samordning av helsetenester, arbeidsretta tenester og utdanningssystemet.

  • Regjeringa ynskjer å leggje til rette for at fleire kan kombinere arbeid og trygd, og at alle som kan og vil arbeide, skal få høve til det. Regjeringa vil prøve ut ei aktivitetsreform for nye mottakarar av uføretrygd gjennom eit avgrensa forsøk med arbeidsorientert trygd for nye uføre under 30 år som elles ville fått 100 prosent uføretrygd.

  • Regjeringa vil sørgje for eit meir fleksibelt utdanningssystem for vaksne som treng vidaregåande opplæring, og gjere det mogleg for fleire Nav-brukarar å kvalifisere seg til arbeid.

  • Som oppfylging av Fullføringsreforma skal modulstrukturert opplæring innførast som hovudmodell for opplæring for vaksne. Regjeringa har også lagt fram forslag til ny opplæringslov. I lova blir det føreslått mellom anna utvida rettar for opplæring for vaksne.

  • Regjeringa vil styrkje samarbeidet mellom Arbeids- og velferdsetaten og den fylkeskommunale oppfylgingstenesta. Regjeringa vil setje i gang eit forsøk med ei tilskotsordning som skal stimulere til lokalt samarbeid om tilrettelagd vidaregåande opplæring.

  • Regjeringa vil vurdere korleis ein kan stimulere til betre samarbeid mellom Nav, fylkeskommunane, kommunane og arbeidslivet, med sikte på å få fleire som står utanfor arbeidslivet, ut i arbeid.

Kapittel 7 Sektorpolitikk er distriktspolitikk

  • Som oppfølging av ambisjonane i Hurdalsplattforma har regjeringa gjort det klart at kravet om distriktspolitiske konsekvensanalysar der det er relevant, skal vere del av avgjerdsgrunnlaget når regjeringa, departementa og anna statleg verksemd tek avgjerder.

  • Kommunal- og distriktsdepartementet skal involverast i større saker som kan ha distriktspolitiske konsekvensar, for at departementet skal sjå til at desse blir utgreidde, og medverke med rettleiing og utforming av løysingar og alternativ.

  • Kommunal- og distriktsdepartementet har starta ein dialog med Forskingsrådet om korleis ein kan få til ein styrkt satsing på forsking på distriktsutfordringar og regional utvikling på tvers av ulike fagdisiplinar.

  • Regjeringa meiner at statlege arbeidsplassar bør vere spreidde geografisk og kome heile landet til gode. Regjeringa ynskjer sterke kompetansemiljø i heile landet gjennom ei jamnare fordeling av statlege arbeidsplassar. Regjeringa vil derfor styrkje innsatsen for lokalisering utanfor dei største byane og lokalisere meir av staten til kommunar der arbeidsplassane utgjer eit større bidrag til variasjon i dei lokale fagmiljøa. Statlege verksemder medverker til å skape meir solide arbeidsmarknader i regionane dei ligg i, noko som gjev auka attraktivitet for tilflytting. Regjeringa ynskjer derfor at nye og omlokaliserte statlege verksemder i hovudsak blir lokaliserte utanfor Oslo, sentrale kommunar i Oslo-området eller andre av dei største byane.

  • Regjeringa har revidert og styrkt retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon.

  • Regjeringa vil at avgjerder om nedlegging av studiestader vert lagd til Kongen i statsråd.

  • Regjeringa vil leggje betre til rette for desentralisert arbeid i statlege verksemder.

  • Regjeringa har som ambisjon å auke bruk av stillingar i staten som vert lyste ut med høve til desentralisert arbeid, eller som arbeidsgjevar vel å tilby tilsette som alternativt ville ha slutta i verksemda.

  • Kommunal- og distriktsdepartementet har nyleg lansert ein rettleiiar for dei statlege arbeidsgjevarane som tek i bruk desentralisert arbeid.

  • Kommunal- og distriktsdepartementet vil sjå nærare på korleis ein kan handtere utfordringar for regional samordning og samhandling som fylgje av funksjonsbasert organsiering i statlege etatar.

Til forsida