Meld. St. 27 (2022–2023)

Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida

Til innhaldsliste

7 Politikk har geografiske konsekvensar

Distriktsdemografiutvalet1 skriv at endringar i statleg verksemd i mange distriktsområde har ført til uro og ei kjensle av at staten trekkjer seg tilbake frå distrikta. Det er fleire mekanismar bak denne utviklinga. Utvalet meiner at sterk sektorstyring og spesialisering i sum har vore til skade for distrikta, som ofte har teke kostnadene ved reformer gjennom lengre avstand til tenester og færre arbeidsplassar. Vidare meiner utvalet at stadige reduksjonar i tilgang til tenester har ein sjølvforsterkande negativ verknad. Det fører til mindre variasjon i arbeidsplassane i distrikta og lågare attraktivitet og bulyst for moglege innflyttarar. I tillegg tek statlege verksemder ofte avgjerder med konsekvensar for distrikta utan formelle prosessar eller dialog seg imellom. Større avgjerder vert tekne på nasjonalt nivå for den einskilde sektoren. Dette kan ha utilsikta konsekvensar for distrikta.

Utvikling av sektorpolitikken er viktig for utviklinga i distrikta. Distriktspolitiske omsyn må liggje til grunn i all politikkutvikling. Distriktspolitiske konsekvenser av sektorpolitikken må derfor synleggjerast for at alternativ og løysingar kan sikre omsyna både til sektorinteresser og til samfunnet som heilskap.

Utgreiingsinstruksen2 er det fremste verktøyet til staten for utgreiing av konsekvensar av statlege tiltak. Den gjeld for tiltak som blir utførte i eller på oppdrag for statlege forvaltingsorgan. Utgreiingsinstruksen skal leggje eit godt grunnlag for avgjerder om statlege tiltak, som reformer, regelendringar og investeringar. Sidan sektorpolitikk har geografiske konsekvensar, er regjeringa oppteken av å få fram distriktsmessige konsekvensar av alle reformer og at all offentleg forvalting skal vurdere distriktspolitiske omsyn. Det inneber at ein ikkje berre skal styre ut frå økonomien til sektoren isolert sett, men ut frå ein større heilskap der ein tek omsyn til at innsparingar i éin sektor kan ha kostnader for andre område i samfunnet. I slike tilfelle meiner regjeringa det er naudsynt å vege ulike omsyn opp mot kvarandre for å få fram eit best mogleg og heilskapleg kunnskapsgrunnlag.

Som oppfylging av ambisjonane i Hurdalsplattforma har regjeringa gjort det klart at kravet om distriktspolitiske konsekvensanalysar der det er relevant, skal vere del av avgjerdsgrunnlaget når regjeringa, departementa og anna statleg verksemd tek avgjerder. Rettleiinga om krav om utgreiing av distriktspolitiske konsekvensar i sektorpolitikken er styrkt. Det er også sett krav om at Kommunal- og distriktsdepartementet skal involverast i større saker som kan ha distriktspolitiske konsekvensar, for at departementet skal sjå til at distriktsmessige konsekvensar blir utgreidde, og medverke med rettleiing og utforming av løysingar og alternativ.

7.1 Styrkt satsing på forsking på distriktsutfordringar

Forsking er viktig for å byggje eit godt kunnskapsgrunnlag for utforming og gjennomføring av distrikts- og regionalpolitikken. Frå starten, då kjernen i distriktspolitikken var å skape arbeidsplassar, har regionalforsking på næringsutvikling og regional innovasjon vore ein vesentleg kunnskapsbase. Det er regionalforskingsmiljø fleire stader i landet som leverer viktige analysar til nasjonale, regionale og lokale styresmakter. Samstundes er ikkje forskingsinnsatsen og merksemda om distriktsutfordringar og regional utvikling like stor som tidlegare.

Distriktsutfordringane har også endra karakter. Både distriktsnæringsutvalet og distriktsdemografiutvalet peikte på at ein distriktspolitikk som berre vektlegg arbeidsplassar, i avgrensa grad vil ha effekt på utviklinga i distrikta. Vi har gått frå ein situasjon med mangel på arbeidsplassar til mangel på arbeidskraft. Distriktspolitikken må derfor omfatte fleire politikkområde og sjå desse i samanheng. Dette må også vere reflektert i forskinga på distriktsutfordringar og regional utvikling.

Det er viktig med ei styrkt satsing på forsking på distriktsutfordringar og regional utvikling på tvers av ulike fagdisiplinar. Satsinga bør inkludere ei stor breidde av ulike fagfelt og disiplinar med det territorielle som eit tverrgåande perspektiv. Ei undersøking frå Sverige identifiserer forskarar som studerer landsbygder og regional utvikling ved 23 ulike institusjonar innanfor 34 ulike vitskaplege disiplinar.3 Sidan 2019 har Sveriges lantbruksuniversitet (SLU) hatt i oppdrag å arbeide for å forsterke forskinga på Sveriges landsbygder gjennom å forbetre samordninga og samarbeidet mellom aktørar som utfører slik forsking i Sverige.4 Som i Sverige, finst det i Noreg allereie relevant forsking på fleire område, men det er viktig med nettverk og samarbeid mellom relevante fagmiljø. Det kan òg vere naudsynt å stimulere interessa for distriktspolitiske problemstillingar innanfor fagmiljøa, og forsking på nye distriktspolitiske utfordringar. Kommunal- og distriktsdepartementet har starta ein dialog med Forskingsrådet om korleis ei slik styrking kan skje i praksis.

7.2 Statlege arbeidsplassar er viktige for distrikta

Ein forsterka statleg lokaliseringspolitikk er ein del av innsatsen til regjeringa for ei meir balansert utvikling i landet. Den statlege lokaliseringspolitikken skal medverke til god fordeling av statlege arbeidsplassar og til å utvikle robuste arbeidsmarknader i alle delar av landet. Statleg lokaliseringspolitikk er også viktig for å sikre heile folket god tilgang til statlege tenester. Statlege verksemder kan medverke til eit større mangfald av kompetansearbeidsplassar i regionane dei tilhøyrer. Sterke regionale arbeidsmarknader og kunnskapsmiljø vil styrkje rekrutteringsgrunnlaget for offentlege og private verksemder og gje fleire karrierevegar for arbeidstakarar. Det vil styrkje verdiskaping og attraktivitet for busetjing og tilflytting i området. Ny statleg verksemd, anten det er nyoppretting eller større utvidingar, må derfor kome fleire delar av landet til gode.

Staten er i stor grad lokalisert i sentrale område. Etter 2013 har staten vorte endå meir sentralisert. Dei minst sentrale kommunane har fått vesentleg færre statleg sysselsette, medan veksten har vore sterkast i dei mest sentrale kommunane. Ulike regjeringar har dei siste 20 åra flytta ut og etablert fleire tusen statlege arbeidsplassar rundt om i landet. Desse er for det meste lokalisert til store og middels store byar. I same periode har staten vakse med om lag 72 000 stillingar. Mykje av veksten er knytt til auka tenesteproduksjon i område med folketalsauke. Dette har forsterka sentraliseringa. Samstundes veks staten også i verksemder som ikkje er retta mot publikum.

Statlege arbeidsplassar utgjer under 3 prosent av sysselsetjinga i halvparten av kommunane i landet. Statleg arbeid som finst i relativt mange kommunar er politiet, Nav og skatteetaten. Figur 7.1 viser prosentvis statleg sysselsetjing av total sysselsetjing, fordelt etter sentralitet og næringsgrupper. Staten utgjer om lag 14 prosent av dei sysselsette i dei mest sentrale kommunane, og berre 4–6 prosent i dei minst sentrale kommunane.

Figur 7.1 Statleg sysselsette som prosent av total sysselsetjing etter sentralitet og næringskode (2022)

Figur 7.1 Statleg sysselsette som prosent av total sysselsetjing etter sentralitet og næringskode (2022)

Kjelde: SSB. Utrekning: Kommunal- og distriktsdepartementet

Det er tre store næringsgrupper i statleg sektor. Innanfor offentleg administrasjon er det særleg mange sysselsette i sentralforvaltinga i Oslo (sentralitetsnivå 1). Sjukehusa i helsesektoren står for ein særleg stor del av staten i storbyane og små og mellomstore byar. Universitet og høgskular er også lokaliserte i store og mellomstore byar (sentralitetsnivå 2 og 3). Til samanlikning er prosentdelen av arbeidsplassar i kommunal sektor relativt høg i mindre sentrale strok, slik at offentleg sektor samla sett har ei geografisk fordeling som er relativt jamn.

7.2.1 Skjerpa retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar

Regjeringa meiner at statlege arbeidsplassar bør vere spreidde geografisk og kome heile landet til gode. Regjeringa ynskjer sterke kompetansemiljø i heile landet gjennom ei jamnare fordeling av statlege arbeidsplassar. Regjeringa vil derfor styrkje innsatsen for lokalisering utanfor dei største byane og lokalisere meir av staten til kommunar der arbeidsplassane utgjer eit større bidrag til variasjon i dei lokale fagmiljøa. Statlege verksemder medverkar til å skape meir solide arbeidsmarknader i regionane dei ligg i, noko som gjev auka attraktivitet for tilflytting. Regjeringa ynskjer derfor at nye og omlokaliserte statlege verksemder i hovudsak blir lokaliserte utanfor Oslo, sentrale kommunar i Oslo-området eller andre av dei største byane.

Stortinget har vedtatt følgjande anmodningsvedtak (nr. 383, jamfør 667, jamfør Innst. 326 S (2022–2023) Innst. 95 S (2022–2023)): «Stortinget ber regjeringen vurdere utflytting og lokalisering av egnede statlige arbeidsplasser til Finnmark». Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om oppfølging av dette vedtaket i budsjettproposisjonen for 2024.

Boks 7.1 Ei vellykka etablering av Norec i Førde

Avgjerder om å flytte statlege verksemder rammar arbeidstakarane og kan skape motstand og offentleg debatt. Tilbod om og tilrettelegging for å vere med på flyttinga er eit viktig grep for å ta vare på dei tilsette og halde på kritisk kompetanse.

Då Norec1 (dåverande Fredskorpset) vart flytta frå Oslo til Førde i 2018, valde om lag tre firedeler av dei 40 tilsette å slutte. Ei evaluering2 viser likevel at verksemda har same nivå på utskifting av tilsette i dag som før regjeringsvedtaket om flytting.

Evalueringa viser også at Norec i dag har stabilt god måloppnåing på sentrale mål som talet på utvekslingar, talet på samarbeidspartnarar og talet på samarbeidsprosjekt. Utanriksdepartementet har frå april 2021 delegert til Norec forvaltingsansvaret for ordningar som rekruttering til norske juniorekspertar og FN-frivillige og stipendordningane til praktikantar i FN-systemet. Rapporten peiker på at ei slik overføring av oppgåver er ei tillitserklæring frå eigardepartementet.

Sjølv om berre ti prosent av dagens tilsette i Norec jobba der før etableringa i Førde, konkluderer likevel rapporten med at verksemda har lykkast med å få med seg naudsynt kompetanse. Heile 83 prosent av dei tilsette er anten einige eller heilt einige i at organisasjonen har tilstrekkeleg kompetanse til å levere på samfunnsoppdraget. Rapporten forklarer dette med at dei verkemidla Norec tok i bruk for å sikre at naudsynt kompetanse fylgde med i etableringsperioden, og opplæring av nye medarbeidarar, verka etter siktemålet. Rapporten forklarer dette med evna til å utnytte handlingsrommet med å forme overgangspakker på ein føremålstenleg måte.

Figur 7.2 Tilsette hos Norec i Førde

Figur 7.2 Tilsette hos Norec i Førde

Foto: Kristine Folland

1 NOREC står for: The Norwegian Agency for Exchange Cooperation.

2 https://www.norec.no/wp-content/uploads/2023/02/ETABLERING-AV-NOREC-I-FORDE.pdf.

Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon er den fremste reiskapen til regjeringa for å gjennomføre måla og ambisjonane på området. Regjeringa har derfor revidert og styrkt retningslinjene. Statleg verksemd som er omfatta av retningslinjene, gjeld i underkant av 30 prosent av alle statleg sysselsette.5

Dei nye retningslinjene stadfestar at veksten i eksisterande verksemder, og som har ein regional struktur, i hovudsak skal skje utanfor dei største byane. I tillegg inneheld retningslinjene eit nytt krav om at ein alltid skal vurdere minst eitt lokaliseringsalternativ i ein middels eller lite sentral kommune (sentralitetsnivå 3 til 6) når ein skal vurdere kvar ei verksemd skal lokaliserast. For å kunne oppnå ei jamnare fordeling av statlege arbeidsplassar enn det som er utviklinga i dag, er føresetnaden at arbeidsmarknader også utanfor dei største byane vert vurderte når nye verksemder eller verksemder i endring skal lokaliserast.

Ved endring i budsjett og oppgåver til statlege verksemder kan det vere naudsynt å leggje ned tenestestader, mellom anna for å halde oppe ei fagleg forsvarleg bemanning, effektivitet og robuste fagmiljø. For regjeringa er det viktig at val av attverande tenestestader, og fordeling av tilsette mellom desse, byggjer på ei god vurdering mellom sektor- og lokaliseringspolitiske omsyn, og at det støttar opp om dei overordna måla til regjeringa.

Kva som vert definert som dei største byane, må avklarast i kvar einskild lokaliseringssak. Retningslinjene utelukkar ikkje at statlege arbeidsplassar kan lokaliserast i byar som Bergen og Trondheim. Dette vil avhenge av kva type statleg verksemd og arbeidsplassar det gjeld. I kvar einskild sak skal sektoromsyn og lokaliseringspolitiske omsyn vurderast og sjåast i samanheng. Retningslinjene skal leggje grunnlag for at den endelege løysinga i kvar einskild sak støttar opp om lokaliseringspolitiske og sektorpolitiske mål.

Retningslinjene gjeld altså berre for 30 prosent av statleg sysselsette. Ein stor sektor som er unnteke, er universitets- og høgskulesektoren. Universitets- og høgskulelova legg til grunn at institusjonane skal ha stor grad av autonomi. Samstundes kan avgjerder om nedlegging av studiestader ha konsekvensar for busetjing og sysselsetjing i distriktsområde. Dersom ein institusjon vil leggje ned ein studiestad kan dette få stor konsekvens for arbeidsplassar og innbyggjarar i området. Slik avgjerd kan også hindre regjeringa i å nå målet om god tilgang til utdanning i heile landet. I samsvar med maktfordelinga mellom Storting og regjering, bør det vere opp til regjeringa å ta avgjerder om organisering av forvaltingsorgan som statlege universitet og høgskular. Dette bør også gjelde nedlegging av studiestader. Derfor vil regjeringa at avgjerder om nedlegging av studiestader vert lagd til Kongen i statsråd. Proposisjonen om ny univsersitets- og høgskulelov skal etter planen leggjast fram i juni 2023.

7.3 Desentralisert arbeid i staten

Regjeringa vil leggje betre til rette for desentralisert arbeid i statlege verksemder. Auka bruk av desentralisert arbeid i staten kan styrkje lokale kompetansemiljø og auke tilgangen til kompetansearbeidsplassar i distrikta.

Utbygging av god mobildekning og høghastigheitsbreiband i stadig nye område, saman med auka bruk av digitale løysingar, har lagt til rette for at mange statlege arbeidsoppgåver kan utførast kvar som helst i landet. Tilrettelegging for desentralisert arbeid kan betre rekrutteringa av etterspurd kompetanse i staten og gjere det enklare å halde på kritisk arbeidskraft dersom arbeidstakarar flyttar, og det gjev fleire tilgang til kompetansearbeidsplassar i staten utan at det krev endra lokalisering av statleg verksemd. Tilrettelegging for desentralisert arbeid kan òg gjere det meir attraktivt for familiar å velje å flytte til ein distriktskommune. Ofte kan den eine parten ha fått jobb lokalt, men ikkje den andre. Dersom ein legg til rette for desentralisert arbeid, kan den andre parten halde på arbeidet sjølv om dei flyttar.

Regjeringa har som ambisjon å auke bruk av stillingar i staten som vert lyste ut med høve til desentralisert arbeid, eller som arbeidsgjevar vel å tilby tilsette som alternativt ville ha slutta i verksemda. Det vil seie at statlege arbeidsplassar som i dag er lokaliserte i dei største byane eller dei mest sentrale områda av landet, i større grad kan gjerast tilgjengelege for arbeidstakarar i distriktskommunar ulike stader i landet. Målet er å styrkje lokale fagmiljø for å oppnå distriktspolitisk vinst.

Desentralisert arbeid er ordningar der arbeidstakaren anten arbeider frå eit kontorfellesskap med høve til fjernarbeid, frå ein annan kontorstad innanfor kontorstrukturen til verksemda og/eller frå heimen når arbeidstakaren er busett så langt frå den ordinære kontorstaden at dagpendling ikkje er realistisk. Val av kontorløysing for arbeidstakarar som arbeider desentralisert, må vurderast i kvart tilfelle.6

7.3.1 Fellesføring til statlege verksemder

Ei fellesføring er ein instruks til alle departement og etatar om ein aktivitet på eit prioritert felles og overordna mål. Alle statlege verksemder har i 2023 fått ei fellesføring om at verksemda skal vurdere auka bruk av desentralisert arbeid. Dette er særleg aktuelt ved utlysing av stillingar, men kan også vere aktuelt for tilsette som ynskjer dette. Desentralisert arbeid bør kombinerast med tilknyting til eit kontorfellesskap der det er tilgjengeleg. Dersom auka bruk av desentralisert arbeid ikkje lèt seg gjennomføre i verksemda, skal dette grunngjevast særskilt.

Kommunal- og distriktsdepartementet har utdjupa fellesføringa i rundskriv.7 Verksemdene skal i årsrapportane gjere greie for si vurdering av potensialet for desentralisert arbeid, for omfang og bruk av desentralisert arbeid i verksemda og for erfaringane dei har med dette. Rapporteringa vil gje kunnskap om bruk av desentralisert arbeid i staten, som grunnlag for vidareutvikling av politikk og praksis. Arbeidet med fellesføringa er ein del av styringsdialogen mellom departementet og den einskilde verksemd. Departementa bør også leggje til rette for erfaringsdeling mellom sine underliggjande verksemder, mellom anna ved å vidareformidle gode døme.

Bruken av og erfaringane med desentralisert arbeid i staten er lite dokumenterte. I den årlege kartlegginga til DFØ8 av talet på tilsette i staten blei det i 2022 stilt spørsmål til statlege verksemder om bruken av desentralisert arbeid.9 Mange hadde ikkje uttømmande oversikter, og låg datakvalitet gjorde at resultata frå undersøkinga ikkje vart offentleggjorde. Intern gjennomgang av dei dataa som finst, kan likevel tyde på at bruk av fjernarbeid er lite utbreidd. Dei fleste som utførte desentralisert arbeid, gjorde det frå heimen, og berre eit fåtal arbeidde frå kontorfellesskap utanfor verksemda. Den viktigaste årsaka til at verksemdene brukte fjernarbeid, var for å rekruttere eller halde på kritisk kompetanse.

Kommunal- og distriktsdepartementet gjorde ei intern kartlegging i 2022 som viser at det finst mange kontorfellesskap i alle delar av landet, organisert av både næringsliv, kommunar og fylkeskommunar. Det er særleg næringslivsaktørar og tilsette i privat sektor som nyttar seg av kontorfellesskapa, men mange kontorfellesskap ynskjer statleg tilsette velkomne.

Kommunal- og distriktsdepartementet har nyleg lansert ein rettleiiar for dei statlege arbeidsgjevarane som tek i bruk desentralisert arbeid. Den skal vere eit praktisk arbeidsrettsleg verktøy for dei statlege arbeidsgjevarane som tek i bruk desentralisert arbeid. Rettleiinga omtaler mellom anna kva arbeidsgjevar bør vere særskilt merksam på, korleis tillitsvalde skal involverast og kva krav som vert stilte til individuelle avtalar om desentralisert arbeid. Hovudsamanslutningane i staten har vore involverte i arbeidet.

Boks 7.2 Pilot Statens hus

I pilot Statens hus samarbeider statlege etatar, kommune, fylkeskommune og statsforvaltar om å skape større statlege fagmiljø. Eit anna mål med piloten er å få kunnskap for å vidareutvikle statleg lokaliseringspolitikk for mindre stader. Kommunane Stad, Orkland, Narvik og Lyngdal har fått midlar frå regjeringa til å utvikle pilotane. Arbeidet starta opp i 2021 og vil vare ut 2024.

Dei fire pilotane har konkretisert måla sine gjennom ulike lokale delprosjekt. Pilotane har mellom anna mål om samlokalisering, kontorfellesskap for desentralisert arbeid, tenesteinnovasjon, førebyggjande innsats retta mot unge, tiltak som kan redusere digitalt utanforskap, og samarbeid om analyse, kompetanseutvikling og rekruttering.

Oxford Research fylgjeevaluerer pilotane og har levert ein midtvegsrapport.1 Dei har valt ulike mål som tek utgangspunkt i lokale kvalitetar og utfordringar. Det er ein styrke at pilotane har fått fridom til å velje lokale utfordringar og ambisjonar, men ulempa er at mange problemstillingar innanfor same pilot gjer at ressursane vert spreidde framfor å vere samla om prioriterte satsingar.

Kommunal- og distriktsdepartementet har det nasjonale ansvaret for pilotordninga. Departementet er i dialog med pilotane om korleis arbeidet deira kan medverke til å styrkje lokale fagmiljø og leggje til rette for statleg tilsette som jobbar desentralt.

1 Oxford Research (2023). Følgeevaluering av Statens hus (rapport).

7.4 Ein nærverande stat

Av dei statlege etatane som er lokaliserte på fleire stader, var det tidlegare vanleg med ei geografisk basert organisering av det regionale apparatet. I dag er hovudtendensen ei funksjonsbasert organisering med innslag av geografisk basert oppgåveløysing på eit lågare nivå i organisasjonen. I tillegg har mange verksemder gått frå ein fylkesbasert regionstruktur til ein struktur med færre regionar. Staten organiserer seg dessutan i færre og større einingar på lokalt og regionalt nivå.10

Ny teknologi gjer at ein del manuelle arbeidsoppgåver fell bort. Samstundes møter statlege verksemder krav om effektivisering gjennom budsjettkutt eller omprioriteringar av budsjettmidlar. Frå ståstaden til etatane kan ei organisering etter likearta og landsdekkjande funksjonar gje betre og meir effektiv oppgåveløysing internt i etaten enn ved regional organisering. Til dømes kan funksjonsorganisering gje høve til meir heilskap i etaten og enklare styringslinjer, meir einsarta praksis og likebehandling og sterkare fagmiljø som kan gje betre kvalitet. Dette kan medverke til at geografisk plassering vert mindre viktig for oppgåveløysinga til dei verksemdene som ikkje har publikumstenester. Mange verksemder har hatt ei utvikling mot større einingar på færre plassar, med sterkare spesialisering, oppgåvedifferensiering og etablering av fellestenester. Ein aktiv og medviten statleg lokaliseringspolitikk vert derfor stadig viktigare.

Ei endring frå geografisk til funksjonell organisering kan ha konsekvensar for den rolla og samhandlinga etatane har i samfunnsutviklinga lokalt og regionalt. Sjølv om ein framleis har stillingar ved regionale kontorstader, forsvinn eit definert regionalt kontaktpunkt for den samla porteføljen til etaten. Medan dei tidlegare regiondirektørane hadde ein posisjon der dei representerte breidda av fagområdet til etaten, er ansvaret for å ta vare på heilskapen av ansvarsområdet til etaten plassert meir sentralt og høgare oppe i ein funksjonsdelt etat. Det at fleire etatar går over til funksjonsbasert organisering, kan svekkje rolla til statsforvaltaren i regional samordning. Det svekkjer også høvet etatane har til å delta i regionale planprosessar og samhandlingsforum. Kommunal- og distriktsdepartementet vil sjå nærare på korleis ein kan handtere utfordringar for regional samordning og samhandling som fylgje av funksjonsbasert organisering i statlege etatar.

7.5 Ein distriktspolitikk som peiker framover

Om ein skal lykkast med distriktspolitikk, er det viktig at styringa av statlege verksemder også tek utgangspunkt i dei samansette behova til innbyggjarane for fleire og ofte samordnande tenester. Nærleik er også ein viktig dimensjon ved kvalitet, som distriktsdemografiutvalet peiker på.

Regjeringa meiner det er til det beste for heile landet at politikken tek utgangspunkt i at ulike stader i landet har kvar sine utfordringar og grunnlag for utvikling. Ein god distriktspolitikk må ha dette som utgangspunkt i mellom anna den nasjonale utdanningspolitikken, i infrastruktursatsinga, i lokaliseringsomsyn, i tenesteorganisering, i skatte- og avgiftssystemet, i innovasjons- og næringspolitikken. Ein god distrikts- og regionalpolitikk skal vere tilpassa samtida og gjere oss rusta for framtida.

Det overordna målet for distriktspolitikken er at folk skal kunne leve eit godt liv i heile Noreg, at alle lokalsamfunn skal ha rom for utvikling og verdiskaping, og at folketalet skal auke i distriktskommunar. Folketalet i distriktskommunar vil ikkje auke utan ein politikk som verkar inn på alle dei områda som er viktige for at folk skal kunne leve eit godt liv. Derfor er distrikts- og regionalpolitikken ei brei og langsiktig oppgåve for regjeringa. Med ein aktiv og målretta politikk meiner regjeringa at vi har gode føresetnader for auka busetjing i distrikta, fordi:

  • Nærleik til natur, opplevingar og tette lokalsamfunn gjer distriktsområda attraktive og unike. Erfaringar frå koronaepidemien viser at fleire har endra bustadpreferansar og ynskjer seg eit liv utanfor storbyane. Det er gjennom å utvikle og byggje vidare på lokale særpreg at distrikta kan verte attraktive stader for busetjing og aktivitet i framtida.

  • Den digitale utviklinga gjer at mange arbeidsoppgåver og tenester vert staduavhengige, og det kan gje nye tenesteløysingar.

  • Innovasjon i offentleg sektor, tillitsreform og forsøk kan medverke til å halde oppe tenestekapasiteten og tenestetilbodet i små kommunar.

  • Det grøne skiftet tek i stor grad utgangspunkt i ressursar i distrikta, noko som kan innebere ein ny giv for mange distriktskommunar, både fordi det gjev større inntekter, og fordi det fører til større breidde i arbeidsmarknaden.

  • Desentralisert og fleksibel utdanning gjer det enklare for ungdom å busetje seg i distrikta, og det kan trekkje til seg unge studentar frå fleire stader i landet. Ungdomen er framtida. Det aller viktigaste for framtidig utvikling i Distrikts-Noreg er at ungdomen trivst og har eit godt liv i distrikta.

Fotnotar

1.

NOU 2020: 15 Det handler om Norge – utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene. Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

2.

Utredningsinstruksen (2016). https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/instruks-om-utredning-av-statlige-tiltak-utredningsinstruksen/id2476518/.

3.

Cras, P. (2022). Forskare med fokus på landsbygder och regional utveckling. https://www.slu.se/globalassets/ew/org/inst/sol/samverkan/uppdrag-landsbygd/dokument/sammanstallning-av-forskarenkat-2022_slutversion.pdf.

4.

SLU (2019–). Uppdrag landsbygd. https://www.slu.se/institutioner/stad-land/samverkan/uppdrag-landsbygd/.

5.

Retningslinjene gjeld ikkje for stiftingar, statsføretak, særlovsselskap, statsselskap eller andre føretak som staten eiger, den operative verksemda til Forsvaret eller den delen av Arbeids- og velferdsetaten (Nav) som er regulert gjennom avtale mellom Nav og kommunane.

6.

Instruks om håndtering av bygge- og leiesaker i statlig sivil sektor dannar rammeverket for å skaffe lokale i staten.

7.

Regjeringen.no (2023). Fellesføringar i tildelingsbreva for 2023. Rundskriv H-1/23 Fellesføringar i tildelingsbreva for 2023 – regjeringen.no.

8.

DFØ (2020–2021). https://dfo.no/nokkeltall-og-statistikk/organisering-og-ansatte-i-staten/utviklingen-i-antall-ansatte-i-staten#:~:text=De%20er%20derfor%20tatt%20ut,arbeidsforhold%20i%20staten%20som%20helhet.

9.

DFØ (2021). Statsansattundersøkinga. https://dfo.no/undersokelser/statsansatteundersokelsen-2021. I undersøkinga er det omtala som «fjernarbeid».

10.

DFØ (2022). Hvor går regional stat? Erfaringer med funksjonsbasert organisering i statlige etater (rapport).

Til forsida