Meld. St. 27 (2022–2023)

Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Nye tiltak i denne stortingsmeldinga vert dekte innanfor dei til kvar tid gjeldande budsjettrammene. Utvikling og gjennomføring av konkrete tiltak må vurderast i lys av budsjettsituasjonen. Gjennomføringa av tiltak som på sikt har konsekvensar for løyvingar, set som vilkår at det økonomiske handlingsrommet tillèt det.

Nokre av tiltaka i meldinga har økonomiske konsekvensar. Felles for desse tiltaka er at dei allereie er avklart i budsjettprosessar eller stadfestar gjeldande politikk.

Der tiltak eventuelt inneber omprioritering av ressursar innanfor andre sektorar, er det ein føresetnad at dette er omtalt av ansvarleg fagdepartement i tilhøyrande dokument.

På mange område vil distriktsmeldinga derfor vise til meir konkret oppfølging frå andre departement, og til andre dokument som blir lagd fram for Stortinget, både parallelt med denne meldinga og seinare i perioden.

Til forsida