Meld. St. 27 (2022–2023)

Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida

Til innhaldsliste

3 Trygge samfunn og tenester nær folk

Trygge lokalsamfunn over heile Noreg med tenester nær folk er eit grunnleggjande mål for denne regjeringa. Regjeringa vil at alle innbyggjarar skal ha tilgang til eit godt tenestetilbod same kvar i landet dei bur. Mange av dei viktigaste velferdsoppgåvene er det kommunane som har ansvar for, og det kommunale sjølvstyret gjev rom for lokale tilpassingar. Staten og kommunane har viktige roller for å sikre gode levekår og tenester i bygd og by i heile Noreg. Tilgang til gode tenester er viktig for alle, men kan krevje andre løysingar i område med lågt folketal og store avstandar enn i tettbygde strok.

Distriktsdemografiutvalet1 peiker på at ei demografisk utvikling med aldrande folkesetnad krev innovasjon og nye løysingar. Fleire eldre og færre i yrkesaktiv alder fører til at mange kommunar manglar arbeidskraft med rett kompetanse. Det kan gjere det krevjande å tilby innbyggjarane tenestene dei treng, slik som barnehage, grunnskule, helse- og omsorgstenester, heimesjukepleie, sjukeheimsdrift og fastlegetenester. Fleire eldre gjer det naudsynt at staten og kommunesektoren ser fleire sektorar og tenestetilbod i samanheng, og at tenesteutviklinga i større grad skjer på premissane til kvart einskilt lokalsamfunn.

Boks 3.1 Innbyggjarundersøkinga om kvalitet på offentlege tenester

Direktoratet for økonomiforvalting (DFØ) har ansvaret for gjennomføring av den store norske innbyggjarundersøkinga. Her vurderer innbyggjarane ei rekkje kommunale og nasjonale offentlege tenester og korleis det er å bu i Noreg og i kommunen.

DFØ skriv i ei oppsummering til Kommunal- og distriktsdepartementet at det ikkje er nokon klar skilnad mellom kor tilfredse innbyggjarane i dei ulike kommunane er. Skilnaden går i hovudsak ut på at innbyggjarane i dei største og mest sentrale kommunane er meir tilfredse med statlege og kommunale tenester enn innbyggjarane i dei minste og minst sentrale kommunane. Det er for dei statlege einskildtenestene det kjem tydelegast fram at innbyggjarane i dei største og mest sentrale kommunane er mest tilfredse. For store og viktige kommunale tenester som sjukeheim, helse- og omsorgstenester i heimen og plan- og bygningskontoret er innbyggjarane meir tilfredse i dei mindre og minst sentrale kommunane, og tilfredsheita fell med aukande kommunestorleik. Fastlege, brannvesen og bibliotek er dei kommunale tenestene som innbyggjarane i dei største kommunane er mest fornøgde med.

3.1 Eit inntektssystem for likeverdige tenester

Kommunane er nærast til å vurdere kva som trengst i deira lokalsamfunn. Det kommunale sjølvstyret gjev handlingsrom for å prioritere og tilpasse løysingane lokalt. Regjeringa vil leggje til rette for eit auka kommunalt sjølvstyre med større grad av innovasjon.

Kommunane har ulik geografi, alderssamansetnad og levekår. Nokre kommunar har mange ungar i skulealder, andre har mange eldre som treng omsorgstenester. Nokre kommunar har mange menneske på eit relativt lite areal, andre har lange reiseavstandar og spreidd busetjing. Dette gjer at kommunale tenester, som grunnskule, barnehage og omsorgstenester, ikkje kostar det same å tilby i alle kommunar. Inntektssystemet er eit system for fordeling av dei frie inntektene mellom kommunane og mellom fylkeskommunane. Hovudføremålet er å medverke til at kommunane og fylkeskommunane kan gje eit likeverdig tenestetilbod til innbyggjarane sine. Det er to store utjamningsmekanismar i inntektssystemet: utgiftsutjamninga, som jamnar ut etterspurnads- og kostnadsskilnader, og inntektsutjamninga, som er ei delvis utjamning av skatteinntektene.

Rammefinansiering styrkjer det lokale sjølvstyret og gjev handlingsrom. Derfor skal kommunesektoren i all hovudsak vere rammefinansiert med frie midlar. Rammetilskot og skatteinntekter er del av dei frie inntektene, som utgjer om lag 70 prosent av dei samla inntektene til kommunesektoren. I 2021 var summen av frie inntekter om lag 469 mrd. kroner. Av dette utgjorde rammetilskota om lag 188 mrd. kroner og skattane i overkant av 281 mrd. kroner.

Den omfattande omfordelinga gjennom utgifts- og inntektsutjamninga er svært viktig for å setje kommunane i stand til å gje likeverdige tenester. I tillegg finst det også tilskot til kommunane som er grunngjevne ut frå distrikts- og regionalpolitiske målsetjingar i inntektssystemet, som distriktstilskot Sør-Noreg og distriktstilskot Nord-Noreg. Desse tilskota skal medverke til busetjing og levedyktige lokalsamfunn, næringsutvikling og ei god samfunnsutvikling. Tildelinga av distriktstilskot tek utgangspunkt i distriktsindeksen (sjå boks 5.5), som er eit uttrykk for graden av distriktsutfordringar i ein kommune.

Regjeringa varsla i Hurdalsplattforma ein heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet for kommunane og fylkeskommunane. Inntektssystemutvalet, som vart oppnemnt av regjeringa Solberg i mai 2020, har gått gjennom dei ulike delane av inntektssystemet for kommunane. Utvalet la fram si vurdering av systemet med forslag til endringar i august 2022.2 Regjeringa Støre sette i tillegg ned eit ekspertutval for å vurdere inntektssystemet for fylkeskommunane. Utvalet la fram rapporten sin i desember 2022. Begge rapportane har vore på høyring. Regjeringa la fram forslag til endringar i inntektssystemet for fylkeskommunane i kommuneproposisjonen 2024. Når det gjeld inntektssystemet for kommunane vil regjeringa leggje fram ein heilskapleg gjennomgang i ei eiga melding til Stortinget våren 2024, med sikte på at eit nytt inntektssystem vil få verknad frå 2025.

Boks 3.2 Generalistkommuneutvalet

Generalistkommuneutvalet leverte sin rapport1 til regjeringa i mars 2023. Generalistkommuneprinsippet vil seie at alle kommunar har ansvaret for dei same oppgåvene uavhengig av kva føresetnader dei har. Utvalet har kartlagt og analysert korleis generalistkommunesystemet fungerer, og korleis det har utvikla seg i seinare tid. Utvalet har vurdert dei føresetnadene og rammene kommunane har for å vere generalistkommunar i dag og i framtida.

Utvalet meiner at generalistkommunesystemet er under aukande press, mellom anna fordi det i framtida truleg blir større skilnader når det gjeld kva føresetnader kommunane har for å ta hand om det ansvaret. Samstundes er utvalet tydeleg på at det meiner generalistkommuneprinsippet bør vidareførast. Utvalet vil redusere graden av statleg detaljstyring og peiker på at interkommunalt samarbeid og eit utjamnande inntektssystem er avgjerande for å halde oppe generalistkommunesystemet. Utvalet meiner lokalt handlingsrom er naudsynt for å kunne tilpasse tenestetilbod og oppgåver til lokale tilhøve, og for å utvikle innovative løysingar på utfordringane kommunane står overfor. Fleirtalet i utvalet går inn for ein aktiv politikk for større kommunar. Utvalet tilrår ikkje å flytte oppgåver frå alle kommunar, eller differensiering av oppgåveansvar mellom kommunane.

1 NOU 2023: 9 Generalistkommunesystemet – Likt ansvar – ulike forutsetninger. Kommunal- og distriktsdepartementet.

3.2 Samarbeid om tenester

Manglande kapasitet og kompetanse til å utføre spesialiserte oppgåver gjer at mange kommunar er avhengige av samarbeid med andre kommunar for å løyse dei lovpålagde oppgåvene sine og tilby tenester til innbyggjarane. Fleire statsforvaltarar peikte på dette i årsrapportane for 2022, og det same gjer Generalistkommuneutvalet. Kommunelova gjev eit stort handlingsrom for interkommunalt samarbeid. Kommunane har stor fridom til å velje korleis dei skal samarbeide innanfor dei alternativa lova viser til. Kva føremålet med samarbeidet er, kva for område samarbeidet gjeld, og kva for fullmakter samarbeidet inneber, vil vere med på å avgjere kva for samarbeidsmodell som passar i kvart tilfelle.

Vertskommunemodellen er særskilt utvikla for at kommunar kan samarbeide om lovpålagde oppgåver. Interkommunalt politisk råd er utvikla for politiske samarbeid om samfunnsspørsmål av interesse for kommunane som er med. Kommunalt oppgåvefellesskap eignar seg for samarbeid for å løyse felles oppgåver. Kommunar kan òg velje å lage uformelle samarbeid som faglege nettverk for å utveksle kompetanse og erfaringar. Nokre kommunar har gjeve uttrykk for at reglane for interkommunalt samarbeid er kompliserte. For å synleggjere handlingsrommet og fleksibiliteten i regelverket vil Kommunal- og distriktsdepartementet gje ut ein rettleiar om interkommunalt samarbeid.

Regjeringa vil vurdere forsterka tiltak for å stimulere til samarbeid mellom kommunar. Føremålet er å styrkje kapasiteten og kompetansen i oppgåveløysinga, også i eit tverrsektorielt perspektiv.

Boks 3.3 Samarbeid gjev styrka fagmiljø og betre tenester

Astafjordlegen er eit interkommunalt vertskommunesamarbeid om drift av legekontora i Salangen, Lavangen, Dyrøy og Ibestad kommune. Alle kommunane som er del av samarbeidet har eige legekontor med dagleg bemanning, men legg til rette for eit fagleg og ressursmessig samarbeid mellom kommunane slik at dei fire avdelingane utgjer eit felles fagmiljø. Målet er ein framtidsretta og robust teneste for innbyggjarane. Rekruttering til eit felles fagmiljø, felles kommuneoverlege og ALIS gjer at det til ein kvar tid kan vere LIS1-legar ved alle fire legekontora. Samarbeidet har gjort det mogleg å fylle opp vakante stillingar. Det har vore eit aktivt rekrutteringsarbeid, mellom anna hos utdanningsinstitusjonar. Det er attraktivt for legane å vere del av ein større fellessskap der det er fokus på fagleg utvikling og arbeidsmiljø.

Astafjordlegen vart etablert høsten 2019 og har felles leiing og administrasjonstenester. Samarbeidet har tre grupper av leger; både dei som er ferdig utdanna spesialistar, legar som er under spesialisering (ALIS) og legar som er under utdanning (LIS1). Astafjordlegen har eit systematisert utdanningsopplegg for legar under spesialisering og utdanning og har mellom anna ein rettleiar i hundre prosent stilling som sørgjer for opplæringa til dei legane som er under utdanning. I tillegg til legar er det også andre medarbeidarar med ulik kompetanse, som er naudsynt i legekontordriften og for samarbeidet.

Astafjordlegen har så langt vore svært hensiktmessig for tenestetilbod, rekruttering, vidareutdanning og lokalt busette legar. Under covid-pandemien fungerte tenesten svært godt, både med tanke på kapasitet, oppgåvefordeling, tilgang, smitteverntiltak og -rettleiing, og samarbeid om dei totale helseressursane for å kunne byggje opp og ned sengepostar.

3.2.1 Pilot med nærtenestesenter

I Hurdalsplattforma varslar regjeringa eit pilotarbeid i form av nærtenestesenter, for auka tilgang til statlege tenester, til dømes utskriving av pass og førarkort, og kort veg til tenester som juridisk rådgjeving gjennom etablering av lokale servicetorg.

Etter fleire strukturendringar i staten, som har ført til sentralisering av statlege kontor, har mange innbyggjarar fått lengre reiseveg til tenester som krev fysisk oppmøte. Det er mange statlege tenester som ikkje er digitaliserte, og som set krav til at publikum må reise til tenestestaden. Det gjeld til dømes pass og arbeidsløyve til utanlandske arbeidarar. Mange kommunar har lokale servicetorg der innbyggjarane kan møte opp fysisk for å få tilgang til kommunale tenester, ofte kombinert med bibliotek og frivillige tenestetilbod og opplæring i grunnleggjande digitale kunnskapar.

Regjeringa vil invitere kommunar til eit pilotsamarbeid med samlokalisering av statlege og kommunale publikumstenester, slik at innbyggjarane får ein stad der dei kan møte representantar for offentlege etatar fysisk.3 Kva statlege tenester som skal vere inkluderte i eit nærtenestesenter må avklarast i samarbeid mellom dei aktuelle kommunane og staten. I revidert nasjonalbudsjett føreslår regjeringa at det blir løyvd 10 mill. kroner til pilotar med nærtenestesenter. Ordninga skal etter planen vare i tre år.

Boks 3.4 Samarbeid om dørterskel-teneste

KS og Posten inngjekk hausten 2021 ein avtale om saman å utforske nye løysingar som kan medverke til eit godt liv for innbyggjarane. Samarbeidet er særskilt retta inn mot distriktskommunar. Målet er å utforske i kva grad ulike aktørar, på tvers av sektorar og forvaltingsnivå, saman kan skape velferd på nye måtar i lokalsamfunnet. I 2022 starta KS og Posten utprøving av ei ny «dørterskel-teneste» for eldre innbyggjarar. Det inneber eit kort besøk på døra kvar veke med leveranse av post, informasjon om lokale aktivitetar, arrangement og frivillige tilbod, og dessutan annan relevant informasjon frå stat og kommune. Prosjektet prøver ut om dørterskeltenesta medverkar til ei oppleving av tryggleik og meistring blant dei eldre.

3.3 Tillitsreform og forsøk

Større handlingsrom for kommunar og fylkeskommunar og meir fagleg fridom for fyrstelinja på lokalt nivå kan gje meir velferd og betre tenester til innbyggjarane. Regjeringa har derfor sett i gang ei tillitsreform i offentleg sektor. Målet er å gje innbyggjarane betre velferd og betre tenester til rett tid. For å få dette til må dei tilsette få meir rom og meir tid til å utføre arbeidsoppgåvene, og samarbeidet mellom partane i arbeidslivet må styrkjast.

Mange tilsette i offentleg sektor, særleg i fyrstelinja i kommune og stat, opplever at rapportering og kontroll i for stor grad stel tid frå kjerneoppgåver innanfor skule, eldreomsorg eller Nav. Det er trong for endringar slik at det vert meir tid og kapasitet i fyrstelinja. Utvikling av velferdstenester for framtida krev evne til å tenkje nytt. Då er det viktig å bruke kompetansen i fyrstelinja, slik at tenester vert utvikla av dei som kjenner brukarbehova aller best.

Tillitsreforma gjeld statleg og kommunal sektor og er ein del av arbeidet til regjeringa med å fornye og utvikle offentleg sektor. Innhaldet i reforma skal fastsetjast i tett samspel med brukarorganisasjonar, tillitsvalde og leiing i alle store offentlege verksemder, og arbeidet skal i hovudsak skje etter lokalt initiativ. Måla regjeringa har for fornyinga av offentleg sektor, er meir velferd og mindre administrasjon, meir lokal fridom og mindre detaljstyring. Alle skal ha tilgang til tilpassa velferdstenester av god kvalitet gjennom det offentlege.

Tillitsbasert leiing vil gjere det enklare å styre på meir føremålstenlege måtar. Statstilsetteundersøkinga frå 2021 viser at dei som er i fyrstelinja og i operativ teneste, er dei som gjev lågast skår på spørsmål om dei får brukt kompetansen i arbeidet, og om dei opplever stor grad av sjølvbestemming. Ein viktig del av tillitsreforma er meir gjennomgåande bruk av tillitsbasert leiing i staten, slik at myndigheit vert delegert og den einskilde medarbeidaren får auka handlingsrom. Slik skal medarbeidaren kunne skape betre resultat gjennom å utnytte kompetansen betre, ta større ansvar og nytte handlingsrommet til å levere betre tenester og løysingar.

Kommunal- og distriktsministeren har på vegner av regjeringa invitert kommunar og fylkeskommunar til å søke om forsøk (frikommuneforsøk), og med det bli forsøkskommunar. Forsøksordninga er eit av tiltaka som skal medverke til å nå måla i tillitsreforma. Forsøka skal vere innanfor eksisterande heimlar for forsøk. Departementet har oppretta ei nettside som gjev informasjon om ordninga og søknadsprosessen.

3.4 Digitalisering for betre tenester

I ei tid med aukande demografiutfordringar i heile landet treng vi nye løysingar som kan gje meir velferd og tenester med relativt færre til å gjere jobben. Digitalisering gjev gode høve til å løyse oppgåver på ein ny og meir effektiv måte, samstundes som tilbodet til brukarane på mange område vert betre enn før. Tilgang på høghastigheitsbreiband til alle er avgjerande for at kommunar i heile landet kan ta del i digitaliseringa og gjere nytte av digitale verktøy på ein god måte.

Digital endring inneber å endre dei grunnleggjande måtane verksemdene løyser oppgåvene på ved hjelp av teknologi. For å lykkast med digitalisering må kommunane ha kompetanse på område som informasjonstryggleik, -arkitektur og -teknologi, endringsleiing og innovasjons- og tenestedesign. Strategien Én digital offentleg sektor frå 2019 er ein felles digitaliseringsstrategi for kommunesektoren og staten som skal støtte opp om digital endring i offentleg sektor.

Strategien set som mål fram mot 2025 at offentleg sektor vert digitalisert på ein open, inkluderande og tillitvekkjande måte. Målet er at fleire oppgåver vert løyste digitalt og som samanhengande tenester og at fleire skal kommunisere digitalt med offentleg sektor. Samanhengande digitale tenester inneber at brukarane skal oppleve tenestene som heilskaplege, uavhengig av om tenesta er kommunal eller statleg, eller kva offentleg institusjon som har ansvar for tenesta. I dag leverer stadig fleire offentlege verksemder meir avanserte og samanhengande tenester.

Det kan vere krevjande for kommunar å digitalisere tenester, ikkje berre på grunn av dei digitale eller tekniske utfordringane, men like gjerne på grunn av juridiske eller økonomiske hindringar. Derfor samarbeider kommunane, KS og fleire statlege verksemder om dette. Utvikling og bruk av felles og standardiserte digitale tenester gjer at alle kommunar kan tilby same teneste til innbyggjarane. Eit døme på ei slik teneste er søknad om økonomisk sosialhjelp (Digisos). Denne type løysingar og samarbeid finst også innanfor andre tenesteområde, som til dømes byggjesakhandsaming (e-byggesak), digitalt system for kommunale utleigebustader (Kobo), og barnevernstenesten (Digibarnevern).

Figur 3.1 Regionale digitaliseringsnettverk per desember 2022

Figur 3.1 Regionale digitaliseringsnettverk per desember 2022

Kjelde: ks.no/diginettverk

KS har ei viktig rolle i å koordinere digitaliseringa i kommunal sektor og medverke til at alle kommunar skal kunne tilby gode og sikre digitale tenester. KS har i samarbeid med medlemene etablert ein samstyringsstruktur for digitaliseringsfeltet,4 med fleire råd og utval som skal medverke til koordinering og samordning. Fiks-plattforma, som eigast av kommunar og fylkeskommunar, og forvaltast av KS, er óg eit viktig tiltak. Plattforma inneheld felles digitale tenester og komponentar.

Ein viktig del av denne samstyringsstrukturen er regionale digitaliseringsnettverk. Dette er strategiske og operative samarbeid om digitalisering som skal medverke til at kommunar og fylkeskommunar tek i bruk relevante løysingar og tilbyr digitale tenester til innbyggjarar og næringsliv. Nettverka er regionalt forankra og eigd og styrt av dei kommunane og fylkeskommunane som tek del i samarbeidet.

Nettverka har ei viktig rolle i å styrkje digital kompetanse og leggje til rette for bruk av digitale fellesløysingar. Dei er óg meinte som hjelp for kommunar som ikkje sjølve har tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet til å utvikle digitale tenester eller ta i bruk ny teknologi. Digitaliseringsnettverka skal styrkje den samla kapasiteten i kommunal sektor, og er eit verktøy for å sikre at alle kommunar tek del i digitaliseringa av offentleg sektor. Kommunal- og distriktsdepartementet vil samarbeide med KS om vidare utvikling av modell(ar) for innføring av nasjonale fellesløysingar og -tenester til bruk i kommunal sektor. Mykje digitaliseringsarbeid i kommunane skjer på helse- og omsorgsfeltet. Med støtte frå Helse- og omsorgsdepartementet har KS etablert eit kommunenettverk for innføring av velferdsteknologi5 og eit kompetansenettverk for innføring av nasjonale e-helseløysingar i kommunane.6 Dei regionale digitaliseringsnettverka koordinerer dette arbeidet på regionalt nivå.

Regjeringa har laga ein handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn. Målet er å motverke digitalt utanforskap ved å sørgje for at alle kan få lik tilgang til digitale løysingar, og at alle som ynskjer det, har kunnskap om korleis løysingane kan brukast. For 2023 har Kommunal- og distriktsdepartementet tildelt 8 mill. kroner i eingongsstøtte til 27 søkjarar i 45 kommunar som ynskjer å heve den digitale kompetansen til innbyggjarane. Gjennom Digihjelpa gjev staten i dag støtte til kommunale hjelpetilbod som skal styrkje den grunnleggjande digitale kompetansen til innbyggjarane. I samarbeid med KS er det etablert ei rådgjevingsteneste som skal hjelpe kommunane til å utvikle eller vidareutvikle rettleiingstilbod i grunnleggjande digital kompetanse for innbyggjarane.7 I 2022 inngjekk departementet og KS ein ny samarbeidsavtale om etablering av kommunale hjelpetilbod for å auke den digitale kompetansen til innbyggjarane. Avtalen varer ut 2025.

3.5 God samhandling for å sikre eit godt helsetilbod

Regjeringa vil sikre ei desentralisert helseteneste. Ei sterk offentleg helse- og omsorgsteneste er avgjerande for å unngå sosiale og geografiske skilnader og ei todeling av tenesta. Det er klare geografiske helseskilnader i Noreg. Det heng saman med at ulike stader er busette av menneske med ulik alder, utdanning, yrkesstatus og inntekt. Folkehelsemeldinga8 varslar at regjeringa vil leggje fram ein livskvalitetsstrategi i 2024. Hovudmålet er å utvikle mål og verkemiddel for å sikre ei samfunnsutvikling som jamnar ut sosiale skilnader i livskvalitet.

God samhandling mellom kommunar og sjukehus, og internt i tenestenivåa, medrekna samarbeid mellom kommunar, er naudsynt for å sikre eit heilskapleg og samanhengande tilbod og gode tenester der folk bur. Regjeringa vil leggje fram for Stortinget ein Nasjonal helse- og samhandlingsplan for utviklinga av den felles helse- og omsorgstenesta vår. Meldinga vil sjå dei kommunale helse- og omsorgstenestene og spesialisttenestene i samanheng. I meldinga vil regjeringa vurdere moglege løysingar for desentraliserte spesialisthelsetenester, mellom anna gjennom bruk av digitale løysingar, ambulante tenester og samlokalisering i til dømes distriktsmedisinske senter9 og betre samarbeid mellom kommunar og sjukehus gjennom integrering av tenester og samarbeid om definerte pasientgrupper på tvers av tenestenivå. Meldinga vil også leggje vekt på førebygging i helse- og omsorgstenesta.

Regjeringa vil vurdere korleis finansieringsordningane betre kan leggje til rette for samhandling mellom dei ulike delane av helse- og omsorgstenesta. Regjeringa vil byggje vidare på helsefellesskapa og sørgje for verktøy som gjer at dei vert ein arena for felles tenesteutvikling og planlegging til beste for pasientane.

Helsepersonellkommisjonen overleverte sin rapport til regjeringa i februar 2023.10 Kommisjonen viser til at Noreg er det landet i EØS-området som har flest sysselsette i helse- og omsorgstenestene i forhold til folketalet. Samstundes er det vanskar med å rekruttere helsepersonell mange stader i spesialisthelsetenesta og i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Helsepersonellkommisjonen vurderer at den delen av den totale arbeidsstyrken i samfunnet som går til helse- og omsorgstenester, ikkje kan auke vesentleg, og at det vil bli færre tilsette per pasient. Fordi personell er eit knapt gode, og i endå større grad vil vere det framover, må helse- og omsorgstenesta bruke personellet og kompetansen deira mykje meir effektivt enn før. Framskrivingane SSB har gjort om framtidig sysselsetjing av helsepersonell, viser at det mest sannsynleg framleis vil vere sterkt auka behov for fleire tilsette i åra framover.11

Rapporten frå Helsepersonellkommisjonen har vore på høyring og vil danne eit kunnskapsgrunnlag for både Nasjonal helse- og samhandlingsplan som etter planen skal leggjast fram mot slutten av 2023, og profesjonsmeldinga som blir lagd fram våren 2024.

Sjukehusutvalet leverte si utgreiing til regjeringa i mars 2023.12 Utvalet føreslår mellom anna tiltak for å sikre meir regional, politisk og demokratisk medverknad i styringa av sjukehusa og endringar i finansieringssystema. Utgreiinga er på høyring til 30. juni 2023.

Regjeringa vil sikre ei sterk offentleg, felles helseteneste. Framvekst av privatfinansierte tilbod kan gje auka sosial og geografisk skilnad i tilgangen på helse- og omsorgstenester. Det har òg uynskte konsekvensar for arbeidsmarknaden for helsepersonell og kan føre til mangel på kompetanse i viktige fagmiljø i den offentlege helsetenesta. Både Sjukehusutvalet og Helsepersonellkommisjonen peiker på desse utfordringane og viser til at dei over tid kan redusere oppslutninga om ei offentleg finansiert teneste.

Helse- og omsorgsdepartementet vil vurdere ulike modellar for oppgåvedeling og bruk av helsepersonell på tvers av spesialisthelsetenesta og dei kommunale tenestene. Dette kan medverke til kompetansedeling og betre bruk av helsepersonellressursane. Forsøk med modellar vil gje viktige bidrag til dette. Større og meir dynamiske faglege fellesskap er viktig for å rekruttere og halde på personell, noko som er særleg viktig i område med små fagmiljø. Dette vert vurdert i oppfylginga av tilrådingane frå Helsepersonellkommisjonen om korleis vi skal utdanne, rekruttere og halde på helsepersonell i helse- og omsorgstenesta.

Regjeringa vil vidareutvikle det gode samarbeidet med ideelle aktørar innanfor helse- og omsorgssektoren. Dei siste åra er det stilt fleire krav til dei regionale helseføretaka som skal medverke til å ta vare på rolla til dei ideelle aktørane i spesialisthelsetenesta og ta i bruk handlingsrommet innanfor gjeldande rett til å kjøpe tenester frå ideelle leverandørar. Desse krava gjeld framleis.

Helsedirektoratet leverte i oktober 2020 ei evaluering av regelverket for pasientreiser. Evalueringa gjer framlegg om fleire endringar som skal medverke til å gjere regelverket lettare å forstå og praktisere. Helse- og omsorgsdepartementet arbeider no med forslag til endringar i pasientreiseforskrifta for å fylgje opp innspela i evalueringa.

3.5.1 Ei meir berekraftig omsorgsteneste

Omsorgstenesta er ein av dei sektorane som vil stå overfor store kapasitetsutfordringar i åra som kjem, knytte til den store veksten i talet på eldre og vekst i talet på yngre brukarar. Omfanget og kompleksiteten i utfordringsbiletet gjer at kommunane ikkje kan løyse dette åleine. Utfordringane krev samarbeid mellom fleire aktørar, slik at kommunane får dei verkemidla og verktøya dei treng. Regjeringa har lagt fram Opptrappingsplan for heltid og god bemanning i omsorgstjenesten, som skal leggje til rette for ei berekraftig omsorgsteneste med tilstrekkeleg mange årsverk og relevant kompetanse. Planen har ei rekkje tiltak for å kvalifisere, rekruttere og halde på tilsette, for organisering av tenester, oppgåver og ansvar for best mogleg bruk av tilgjengeleg personell, og for god leiing og planlegging av tenestene.

Regjeringa har nyleg lagt fram ei stortingsmelding om Fellesskap og meistring – Bu trygt heime.13 Målet er at eldre skal få bu i eigen bustad lengst mogleg dersom dei kan og vil. Reforma skal leggje betre til rette for ei heimeteneste som arbeider førebyggjande og held folk friskare, og som hjelper eldre i aktivitet. Reforma vil innehalde tiltak som støttar levande lokalsamfunn, frå bustadspørsmål og helsefremjande nærmiljø og nabolag til gode helse- og omsorgstenester til dei som treng det. Dette handlar om langt meir enn helse- og omsorgstenester og krev derfor ein tverrsektoriell innsats, og ein innsats av oss sjølve og våre næraste, av lokalsamfunnet og av frivillige.

3.5.2 Fastlegeordninga skal styrkjast

Ei utvikling og styrking av fastlegetenesta er viktig for å sikre ei sterk offentleg helseteneste. Fastlegeordninga har hatt utfordringar over lengre tid. Det er ikkje nok unge legar i dag som vil verte fastlegar, og situasjonen er særskilt vanskeleg i distriktsområde. Regjeringa styrkte og innførte eit pasienttilpassa basistilskot for fastlegane med ein heilårseffekt på 720 mill. kroner frå 1. mai 2023. Samstundes vart den nasjonale ALIS-ordninga14 styrkt med 200 mill. kroner i 2023. Legevakt utgjer ei stor vaktbelasting for mange av fastlegane, og utfordringane er størst i små distriktskommunar. Dette er gjerne kommunar som allereie har utfordringar med å rekruttere fastlegar. Regjeringa oppretta derfor eit nytt legevakttilskot i 2022 på 50 mill. kroner som skal styrkje legevaktordninga i dei mest rekrutteringssvake områda. Tilskotet vert vidareført i 2023.

Ei tilrettelagd spesialistutdanning i allmennmedisin er viktig for rekrutteringa til fastlegeordninga. ALIS-ordninga er derfor eit prioritert tiltak. Gjennom ALIS-avtalane får legane ekstra opplæringsaktivitetar og rettleiing utover det som er fastsett i spesialistforskrifta. Ordninga med ALIS-tilskot til rekrutteringssvake kommunar og lokale ALIS-kontor har gjeve resultat, og dette er frå 2022 gjort til ei nasjonal ordning. For at pasientane skal få eit betre tilbod, og fastlegane ein betre arbeidskvardag med meir tid til pasientane, vart basistilskotet i fastlegeordninga endra og styrkt i statsbudsjettet for 2023 med verknad frå 1. mai. Omlegginga inneber at fastlegane får betre betalt for pasientar som treng meir omfattande oppfylging. Det vil fylgje meir tilskot med eldre pasientar, kvinner, dei som går mykje til fastlegen, og pasientar som bur i desentrale kommunar (sentralitetsnivå 5 og 6) og i bydelar og kommunar med lågt utdanningsnivå. Slik legg regjeringa til rette for at fastlegar kan ha kortare lister utan å tape inntekt, eller dei kan velje å tilsetje personell i praksisen. Styrkinga skal medverke til eit betre medisinsk tilbod, spesielt for dei som har meir omfattande trong for oppfylging.

Kommunane organiserer fastlegeordninga ulikt. Dei fleste fastlegar er næringsdrivande, mens andre er fast tilsette i kommunen eller har ein avtale om at kommunen stiller med kontor, utstyr og hjelpepersonell og anna (8.2-avtale). Dei næringsdrivande fastlegane mottek basistilskot frå kommunane. I 2023 vert kommuneramma styrkt fordi basistilskotet til dei næringsdrivande fastlegane aukar. Styrkinga av kommuneramma kan kommunane bruke til å dekkje dei auka utgiftene til basistilskot for næringsdrivande fastlegar eller til å støtte opp om andre avtaleformer for fastlegar i kommunane. Kommunane får gjennom styrkinga av kommuneramma større økonomisk handlingsrom til å velje andre avtaleformer med legane. I distriktskommunar er det mange legar med desse avtaleformene. Regjeringa har òg sett ned eit ekspertutval som skal føreslå konkrete forbetringar for å styrkje fastlegeordninga og gjere ordninga berekraftig over tid. Utvalet leverte sin rapport i april 2023 og gjer mellom anna framlegg om endringar i organiseringa og finansieringa av fastlegeordninga som skal gje betre rekruttering av legar til kommunar og samstundes gje legane økonomisk tryggleik og von om å kunne leve eit liv med fritid og tid til familien. Utvalet gjer òg framlegg om endringar i legevaktordninga, og kompetansekrav for legar og utdanninga i allmennmedisinspesialiteten. Vidare føreslår utvalet å leggje til rette for fleire profesjonar og meir samarbeid ved allmennlegekontora. Regjeringa vil gjere ei nøye vurdering av desse forslaga.

Boks 3.5 Legevaktsatelitt i Balestrand

I Balestrand har det vore eit pilotprosjekt for å prøve ut nye måtar å organisere legevakta på, mellom anna med ein nyskapande «legevaktsatelitt». Satellitten gjev ei meir berekraftig og forsvarleg lokal akuttmedisinsk teneste for innbyggjarane og medverkar til ei betre utnytting av tilgjengelege ressursar og lokale. Fordelen for innbyggjarar som har lang veg til legevakt eller sjukehus, er at dei saman med ein sjukepleiar på satellitt kan kommunisere med vakthavande lege via videokonferanse. I mange tilfelle kan vakthavande lege ordinere behandling lokalt for pasientane, slik at dei unngår den lange reisa til legevakta i Førde.

Ved å bruke sjukepleiarar som er lokalt tilsette på sjukeheimen og i heimesjukepleia, har ein auka kompetansen til alle desse. Det er ein kompetanse som har kome heile tenesta til gode. Før oppstart på satellitt må alle sjukepleiarar gjennomgå kurs i akuttmedisin og valds- og overgrepshandtering, i tillegg til to dagar hospitering på legevakta i Førde og opplæring på lokal satellitt. Alle sjukepleiarar som har vakt på satellitt, gjer enkle pasientrelaterte eller administrative oppgåver i rolege periodar.

Den lokale satellitten nyttar eit legekontor på sjukeheimen som er utstyrt med telemedisinsk kommunikasjon til den sentrale legevakta. Satellitten er oppdatert på akuttmedisinsk utstyr. Nokre situasjonar kan løysast ved å gje pasienten naudsynt hjelp i eigen heim eller ved at pasienten møter opp på satellitten. I andre situasjonar vil ein måtte frakte pasienten til legevakta for undersøking. I alle møte med pasient gjer satellittsjukepleiaren ei gradering av sjukdomsbiletet og tek enkle prøver om mogleg. Dette vert meldt tilbake til sjukepleiaren på legevakt eller via radio med vakthavande lege. Satellittsjukepleiaren administrerer medikament etter ordinasjon frå vakthavande lege. Legevaktsatellitt er ei teneste som gir tryggleik i pasientoppdrag, ikkje minst i påvente av ambulanse eller luftambulanse. Kompetent og fagleg helsepersonell kan roe situasjonar ved hjelp av medisinsk utstyr og medikament og ved å vere til stades.

Figur 3.2  Legevaktsatelitt i Balestrand

Figur 3.2 Legevaktsatelitt i Balestrand

Foto: Eivor Hofstad

3.5.3 Psykisk helsehjelp

Eit av dei ti måla til ungdomens distriktspanel er eit betre tilbod om psykisk helsehjelp. Psykisk helse er eit viktig satsingsområde for regjeringa. Regjeringa la fram ein opptrappingsplan for psykisk helse 9. juni 2023. Planen gjeld for ti år framover, og med satsinga fylgjer minst 3 mrd. kroner. Planen har særleg merksemd retta mot born og unge. Det er naudsynt å styrkje tilbodet av lågterskeltenester i kommunane og å auke kapasiteten og kvaliteten i psykisk helsevern. Det er også viktig å styrkje det førebyggjande og helsefremjande feltet, slik at innbyggjarane har kunnskap om psykisk helse, og for å hindre at psykiske plager utviklar seg. Det er òg naudsynt med meir kunnskap om årsaker til auken i sjølvrapporterte psykiske plager. Opptrappingsplanen har tre satsingsområde: helsefremjing og førebygging, gode tenester der folk bur, og eit betre tilbod til dei med langvarige og samansette behov. Målet med opptrappingsplanen er at fleire skal oppleve god psykisk helse og livskvalitet, og at dei som har psykiske helseplager eller lidingar, skal få god og lett tilgjengelig hjelp.

Helse- og omsorgstenestelova pålegg kommunane å sørgje for naudsynte helse- og omsorgstenester til alle som oppheld seg i kommunen. Fleire rapportar, mellom anna frå Riksrevisjonen,15 peiker på svært ulik tilgang til psykisk helseteneste og rustenester i kommunane. Mange med psykiske plager og lidingar får ikkje hjelp når dei treng det, og ungdom med psykiske lidingar og rusmiddelproblem får ikkje god nok hjelp. Det har vore ein stor auke i tilvisingar til psykisk helsevern, særleg for born og unge.

Fleire kommunar har utfordringar med å rekruttere psykologer, sjukepleiarar, helsesjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar.16 For å møte kapasitets- og personellutfordringane treng kommunane løysingar der ressursane vert brukte meir effektivt. Bruk av teknologi og nye digitale løysingar vil stå sentralt i den vidare tenesteutviklinga. Studiar viser at digitale tilbod kan senke terskelen for å søkje hjelp for psykiske plager, og at det kan gje gode resultat.17

Boks 3.6 Døme på tenesteinnovasjon i ein distriktskommune

Lebesby kommune har sidan 2015 satsa på helse- og velferdsteknologi. Kommunen har få brukarar og store avstandar. Digital heimeoppfylging, medisinsk avstandsoppfylging og digitale tryggleiksalarmar har skapt meirverdi for brukarane, tilsette og organisasjonen. Dei digitale systema har auka effektiviteten i kvardagen til dei tilsette. Dei tilsette har fått meir tid til brukarane. For fleire eldre har teknologien gjort det mogleg å bu lenger heime.

Det er to hovudgrep som har vore viktige for innovasjonsarbeidet i kommunen. Det fyrste er eit planverk som er forankra administrativt og politisk. Medverknad i planprosessar har sikra eigarskap og felles forplikting til utviklingsarbeid. Det andre grepet er frikjøp av tida til nøkkelpersonar. Lebesby kommune har identifisert interesserte tilsette og øyremerkt delar av tida deira til å arbeide med utviklingsoppgåver.

3.5.4 Akuttmedisinske tenester

Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om det prehospitale området etter at Nasjonal helse- og samhandlingsplan er lagt fram. Sentrale tema i meldinga vil vere korleis ein kan halde oppe beredskap og eit godt akuttmedisinsk tenestetilbod i heile landet.

Det er dei regionale helseføretaka og kommunane som har ansvaret for den akuttmedisinske beredskapen. Dei akuttmedisinske tenestene utanfor sjukehusa inkluderer kommunal legevaktordning og ansvaret fastlegane har for strakshjelp på dagtid, bil-, båt- og luftambulanse og naudmeldetenesta (akuttmedisinsk kommunikasjonssentral og legevaktsentralane) og andre kommunale strakshjelp-tenester. Legevaktene er viktige for å sikre rask helsehjelp og medverke til tryggleik for god hjelp ved akutte hendingar og sjukdom hos innbyggjarane. Den kommunale helse- og omsorgstenesta med heimesjukepleia er òg viktig i den akuttmedisinske kjeda. Andre naudetatar og frivillige organisasjonar spelar òg ei rolle i akuttberedskapen. Ei god akuttmedisinsk teneste føreset at alle ledda i kjeda fungerer.

3.6 Tryggleik i kvardagen

Regjeringa vil gje folk i heile landet tryggleiken tilbake. Dette skal mellom anna skje gjennom betre samarbeid mellom dei ulike naudetatane og andre beredskapsorganisasjonar.

Regjeringa har sett ned ein totalberedskapskommisjon for å sjå på korleis dei samla beredskapsressursane kan nyttast best mogleg. Kommisjonen har vurdert styrkar og manglar ved det noverande beredskapssystemet og føreslått korleis dei samla ressursane i samfunnet kan og bør innrettast for å styrkje samfunnstryggleiken og beredskapen og sikre størst samla nytte av beredskapsressursane. Kommisjonen har gjeve tilrådingar om kva som bør prioriterast i beredskapsarbeidet. Kommisjonen har konsentrert innsatsen om det han sjølv ser som dei mest sentrale utfordringane for Noreg i eit totalberedskapsperspektiv, anten det er særskilde sektorutfordringar eller tverrsektorielle problemstillingar. Av mandatet går det fram at kommisjonen bør vurdere særskilde utfordringar og løysingar i område prega av lågt folketal og store avstandar. Kommisjonen leverte si innstilling til Justis- og beredskapsdepartementet den 5. juni 2023 i form av NOU 2023: 17 Nå er det alvor – rustet for en usikker fremtid. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med si vurdering av tilrådingane etter at rapporten har vore på høyring.

Forslag om å gjeninnføre strukturen for domstolane frå før domstolsreforma 2021 har vore på høyring. Saka er no til handsaming i Justis- og beredskapsdepartementet. Regjeringa er i den vidare oppfølginga opptatt av å sikre ein berekraftig og desentralisert domstolsstruktur også i framtida.

3.6.1 Samarbeid mellom naudetatane

Noreg har eit desentralisert brann- og redningsvesen der lokalkunnskap og kort responstid har vore sentrale omsyn. Dette er viktig for beredskapen i heile landet. For å vere rusta for framtida og mellom anna konsekvensar av klimaendringar treng vi meir kunnskap om utfordringsbiletet og korleis brann- og redningsvesenet best kan arbeide for å levere dei tenestene samfunnet treng. Regjeringa starta hausten 2022 arbeidet med ein heilskapleg gjennomgang av brann- og redningsområdet. Ei breitt samansett arbeidsgruppe skal medverke i dette arbeidet og mellom anna føreslå alternative løysingar som skal sikre at dei samla ressursane til brann- og redningsvesenet vert brukte på ein god måte og i samarbeid med andre naudetatar og beredskapsaktørar. Løysingane skal vere forankra i utfordringsbiletet, i samfunnsoppdraget til brann- og redningsvesenet og i målsetjinga om heilskapleg førebygging og beredskap. Løysingane skal ta utgangspunkt i at brann- og redningsvesenet framleis skal ha kort responstid og god lokalkunnskap i heile landet. Gjennomgangen til arbeidsgruppa skal ende i ei melding til Stortinget som etter planen vert lagd fram ved utgangen av 2023.

Regjeringa har vedteke å etablere ein offentleg toårig fagskule for utdanning av brann- og redningspersonell. Fagskulen skal liggje i Tjeldsund kommune i Troms, der den nasjonale brannskulen ligg i dag. Delar av utdanninga er planlagt lagd til kurs- og øvingssenteret til Justissektoren i Stavern. Den nye fagskulen vil sikre at grunnutdanninga av heiltidstilsett brann- og redningspersonell vert ein del av det ordinære skulesystemet. Fagskulen vil vere ei open utdanning som alle kan søkje seg til, i motsetnad til dagens utdanning, som krev at ein må vere tilsett i eit brann- og redningsvesen før ein kan starte utdanninga. Den nye fagskulen skal gje heiltidstilsette i brann- og redningsvesenet naudsynt kompetanse til å kunne handtere risikobiletet og utfordringane i framtida. Døme på slike utfordringar er knytte til nye energiformer, meir ekstremvêr og andre samfunnsendringar som urbanisering og fleire eldre innbyggjarar.

I mange distriktsområde med spreidd busetjing er det avgjerande med frivillige rednings- og beredskapsorganisasjonar som mobiliserer dei lokale ressursane, og som er til stades i lokalsamfunna med kunnskap, kompetanse og rett utstyr. Kvar dag er det vanlege folk som utfører livreddande fyrstehjelp på sjøen, som søkjer etter sakna personar i terrenget eller rykkjer ut når eit snøskred har teke med seg ein skiløpar. Regjeringa oppmodar kommunane til å støtte opp under dei frivillige rednings- og beredskapsorganisasjonane og deira arbeid i distrikta. Det er viktig at kvar einskild kommune er godt kjend med kva for ressursar dei kan spele på dersom ulykka er ute. Felles øvingar med naudetatane og samordna beredskapsplanar der dei frivillige organisasjonane er inkluderte, er døme på tiltak som vil styrkje den lokale beredskapen.

3.6.2 Politiet skal vere til stades

Regjeringa vil styrkje det lokale politiet i heile landet for å sikre betre førebygging og for å oppnå raskare respons ved alvorlege hendingar. Regjeringa vil gjere politiet meir tilgjengeleg for folk og styrkje polititenestene mellom anna gjennom lokalt tilpassa tiltak som skal utformast i samarbeid mellom kommune og politidistrikt.

Stortinget vedtok nærpolitireforma i 2015. Evalueringa av reforma viser mellom anna at målet om auka lokalt nærvær ikkje er nådd.18 Særleg små kommunar og kommunar som har mista lensmannskontoret, meiner at nærværet og lokalkunnskapen til politiet er svekt. Vurderinga til DFØ er at skiljet mellom små og større stader har auka. Sjølv om samarbeidet mellom politiet og kommunane har vorte meir formalisert og strukturert, opplever særleg innbyggjarar i kommunar med lågt folketal og stor avstand til sentera at det samla tenestetilbodet har vorte dårlegare.

I tillegg til hovudoppdraget om å sikre tryggleiken til folk medverkar politiets lokale nærvær også til statlege arbeidsplassar og det offentlege tenestetilbodet der folk bur. Mange kommunar opplever heldigvis lite alvorleg kriminalitet. Det er likevel viktig at kvardagskriminaliteten vert handtert på ein god måte. Her kan kommunar, innbyggjarar og politi ha ulike prioriteringar. Utviklinga i digitale tenester og nettpatruljen vil gjere politiet meir tilgjengeleg også i distrikta, men mange innbyggjarar er meir opptekne av at politiet er fysisk til stades for å handtere den samla beredskapen ved ulykker, kvardagskriminalitet, førebyggjande innsats retta mot born og unge, og tilgang på sivile tenester som pass, våpenlisens, utlendingsforvalting og anna.

I fleire kommunar har politiet vore mindre tilgjengeleg enn det som er ynskjeleg, og fleire lokalsamfunn skulle ha vore fylgde opp på ein betre måte med førebyggjande arbeid og meir tilgjengelege tenester. Fysiske tenestestader medverkar til trygge og levande lokalsamfunn og kan gje betre førebygging og beredskap.

Politiet opprettar i 2023 nye tenestestader i Engerdal, Hvaler, Meråker, Oslo (Mortensrud), Salangen (Sjøvegan), Sandefjord (Torp), Sigdal, Steigen og Stranda (Geiranger). Nye tenestestader er viktige for å sikre at politiet er til stades lokalt og bidreg mellom anna til at politiet kan drive meir førebyggjande arbeid og vere meir synleg for innbyggjarane i mange distriktskommunar. Justis- og beredskapsdepartementet arbeider med ein lokalpolitiplan som vil bli lagd fram i løpet av 2023.

3.6.3 Raskare respons ved alvorlege hendingar

Politiet har sidan 2015 hatt forpliktande krav til responstid. Kravet gjeld ved ekstraordinære hendingar, det vil seie hendingar der liv og helse er direkte trua eller som krev omgåande innsats frå politiet. Krava om responstid er differensiert i tre kategoriar ut frå folketalstettleik (over 20 000 innbyggjarar, tettstad mellom 2000 og 19 999 innbyggjarar og tettstad med under 2000 innbyggjarar).

Justis- og beredskapsdepartementet har gjeve Politidirektoratet i oppdrag å greie ut ulike modellar for krav til responstid i heile landet. Det er viktig for å sikre betre beredskap og raskare respons i område med låg folketalstettleik eller store avstandar mellom patruljane. Føremålet er å styrkje politiberedskapen og sikre raskare respons ved alvorlege hendingar. Rapporten skal vere ferdig i august 2023, og den vil vere eit viktig underlag til det vidare arbeidet til regjeringa med å sikre rask respons ved alvorlege hendingar, og med å vidareutvikle eit politi som er lokalt til stades i heile landet.

3.7 Beredskap i Nord-Noreg

Nordområda er det viktigaste strategiske satsingsområdet til Noreg, og regjeringa vil gje ny giv til nordområdepolitikken. Regjeringa legg vekt på samarbeid med andre land og auka aktivitet på land. Det er viktig å sikre norsk eigarskap til infrastruktur og eigedom og nasjonal kontroll over naturressursar i nordområda.

Russlands åtak på Ukraina i februar 2022 har skapt ein ny tryggleikspolitisk situasjon som også får konsekvensar for det sivile samfunnet i Noreg, og som påverkar Noregs tilhøve til Russland som nabo i nord. I dag vert det normalt ikkje innvilga turistvisum til personar frå Russland. Det er riktig å ha streng kontroll på grensa mot Russland, og norske styresmakter fylgjer godt med på grensa og trafikken over Storskog og vil gripe inn om det vert naudsynt.

Tradisjonelle skiljelinjer mellom fred, krise og væpna konflikt vert stadig mindre tydelege. Vi må ta høgd for at statar kan prøve å påverke politiske avgjerder, meiningsdanninga og ordskiftet i Noreg. Statlege aktørar driv gjerne aktivitet som i utgangspunktet kan vere lovleg verksemd for å fremje eigne strategiske mål. Dette framstår som ein del av normalbiletet, men samstundes kan aktiviteten skade den nasjonale tryggleiken vår.

Statlege verkemiddel for å medverke til nasjonal tryggleik i nordområda bør vurderast i lys av den strategiske rolla til regionen. Eigedomar, infrastruktur, naturressursar og verksemder som er viktige for nasjonal tryggleik bør derfor vurderast særskilt med tanke på den geografiske plasseringa langs kysten og i grenseområda.

Regjeringa meiner det er viktig med ei styrking av Forsvaret i Noreg, og spesielt viktig å styrkje det militære nærværet i Nord-Noreg. Politiet og PST er styrkt gjennom Prop. 78 S (2021–2022), mellom anna for å sikre auka lokalt nærvær i nord. Satsinga er vidareført i 2023 med totalt 120,5 mill. kroner.

Regjeringa har allereie sett i verk tiltak som styrkjer nærværet til Forsvaret gjennom auka aktivitet og forbetra evne til kontinuerlege operasjonar i nord. Auka evne til samhandling med allierte og nordiske partnarar vert prioritert, medrekna mottak av og hjelp frå allierte i nord. I tillegg er den nasjonale forsvarsevna under oppbygging, mellom anna gjennom regjeringas forsvarsstrategi,19 innføring av nye kampfly, maritime patruljefly, maritime helikopter og ny maritim Special Operations Task Group, vidareutvikling av Finnmark landforsvar, artilleri, stridsvogner, kampluftvern og nye kystvaktfartøy, nye ubåtar og oppgradering av fleire militære installasjonar og øvingsfelt i regionen. Ytterlegare styrking av forsvarsevna i Nord-Noreg vil bli vurdert som ein del av neste langtidsplan for forsvarssektoren.

Det pågår eit arbeid med etablering av dedikert helikopter til Hæren som skal stasjonerast i ein eigen skvadron med base på Bardufoss. Forsvaret har fått i oppdrag på kort sikt å etablere ei skvadronsleiing på Bardufoss for å sikre samvirkekompetanse og tydelegare prioritering av helikopterkapasiteten til Hæren. Forsvaret skal også etablere to Bell 412-vedlikehaldsdokkar på Bardufoss som skal sikre auka flytimeproduksjon for Bell 412 og auka helikopteraktivitet på Bardufoss. Dette vil medverke til å halde oppe styrkeproduksjon av lærlingar til Luftforsvaret og halde på og vidareføre kritisk kompetanse lokalt. Det er viktig å rekruttere personar med lokal forankring til beredskapseiningane i nordområda. Det vil sikre stabil bemanning og rekruttering med lokalkunnskap og kulturforståing. I dette ligg også samisk språk- og kulturforståing.

I nordlege havområde er Noreg ein leiande rednings- og beredskapsaktør med stort ansvarsområde. Regjeringa har styrkt Hovudredningssentralen gjennom auka grunnbemanning. Styrkinga vil òg betre samvirket i den norske redningstenesta ved å sikre at utviklinga vert forankra i kva aktørane i redningstenesta faktisk treng, og ved betre erfaringsdeling frå hendingar og øvingar. Innbyggjarane i Nord-Noreg har over lengre tid hatt lågare kapasitet på redningshelikopter enn innbyggjarane i resten av landet. For å styrkje redningsberedskapen i Nord-Noreg vart det etablert ein ny redningshelikopterbase i Tromsø frå 1. juli i 2022.

Fotnotar

1.

NOU 2020: 15 Det handler om Norge – utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene. Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

2.

NOU 2022: 10 Inntektssystemet for kommunene. Kommunal- og distriktsdepartementet.

3.

Dei lokale løysingane må ta omsyn til instruks for byggje- og leigesaker i statleg sivil sektor. https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2012-01-20-39.

4.

KS (2022). Samstyringsstrukturen for digitaliseringsområdet. https://www.ks.no/fagomrader/digitalisering/styring-og-organisering/samstyringsstruktur/samstyringsstrukturen-for-digitaliseringsomradet/.

5.

KS (2022) Kommunenettverk for velferdsteknologi og digital hjemmeoppfølging. https://www.ks.no/fagomrader/helse-og-omsorg/velferdsteknologi3/kommunenettverk-for-velferdsteknologi-og-digital-hjemmeoppfolging/

6.

KS. Kompetansenettverk for e-helse. https://www.ks.no/fagomrader/digitalisering/felleslosninger/digitalisering-i-helse-og-omsorgsektoren-e-helse/ks-kompetansenettverk-for-e-helse-ks-e-komp/

7.

KS. Digihjelpa. https://www.ks.no/digihjelpen/ Digihjelpen – KS.

8.

Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga – Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar. Helse- og omsorgsdepartementet.

9.

Ved eit distriktsmedisinsk senter er spesialisthelseteneste og primærhelseteneste samlokaliserte. Her kan det vere fastlegar, fysioterapeutar, felles akuttmottak, fødestove, legespesialistar, dialysetilbod og anna.

10.

NOU 2023: 4 Tid for handling. Personellet i en bærekraftig helse- og omsorgstjeneste. Helse- og omsorgsdepartementet.

11.

Zhiyang, J., Kolstad T., Stølen, N.M., Hjemås, G. (2023). Arbeidsmarkedet for helsepersonell fram mot 2040 (rapport 2023/2). SSB.

12.

NOU 2023: 8 Fellesskapets sykehus. Styring, finansiering, samhandling og ledelse. Helse- og omsorgsdepartementet.

13.

Meld. St. 24 (2022–2023). Helse- og omsorgsdepartementet.

14.

Avtaler for legar som spesialiserer seg i allmennmedisin.

15.

Riksrevisjonen (2020–2021). Riksrevisjonens undersøkelse av psykiske helsetjenester (dokument 3: 13).

16.

Ibid.

17.

Teknologirådet (2021). Digitale muligheter for psykisk helsehjelp. https://teknologiradet.no/publication/digitale-muligheter-for-psykisk-helsehjelp/.

18.

DFØ (2021). Evaluering av nærpolitireforma (statusrapport 2020).

19.

Prop. 78 S (2021–2022) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Kunnskapsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Finansdepartementet og Forsvarsdepartementet (økonomiske tiltak som følge av krigen i Ukraina). Finansdepartementet.

Til forsida