Ot.prp. nr. 102 (2008-2009)

Om lov om endringar i domstolloven mv. (godkjenning av sidegjeremål for dommarar mv.)

Til innhaldsliste

2 Godkjenning av sidegjeremål for dommarar

2.1 Bakgrunnen for lovforslaga

2.1.1 Innleiing

Ved lov 15. juni 2001 nr. 62 blei det gitt nye reglar om sidegjeremål for dommarar (domstolloven kapittel 6 A). Reglane blei sette i kraft 1. november 2002. Med sidegjeremål forstår ein «medlemskap, verv eller andre engasjementer i eller for foretak, organisasjoner, foreninger eller organ for stat, fylkeskommune eller kommune», jf. domstolloven § 121 a. Før dei nye reglane kom til, var spørsmålet om kva for gjeremål dommarane kan ha ved sida av dommarverksemda berre delvis regulert i lov, sjå Ot.prp. nr. 44 (2000–2001) side 137 flg.

I løpet av 2006 og 2007 mottok departementet forslag frå justitiarius i Høgsterett om endringar i reglane om godkjenning av sidegjeremål for dommarane der, og frå Domstoladministrasjonen om endringar i reglane om kva for sidegjeremål som krev godkjenning. Forslaga frå Høgsterett går ut på å overføre myndet til å godkjenne sidegjeremål for dommarane i denne domstolen frå Domstoladministrasjonen til justitiarius i Høgsterett, og at justitiarius skal avgjere saka med endeleg verknad. Forslaga er nærare omtalte i punkt 2.3.

Domstoladministrasjonens forslag går ut på å utvide opprekninga i domstolloven § 121 c første ledd av kva for sidegjeremål som krev godkjenning. Føresegna skal etter forslaget for det første supplerast med ein regel om at dommarane må søkje om godkjenning for alle sidegjeremål som kan føre til at tilliten til domstolane og dommarane og deira sjølvstende blir svekka. Vidare skal ho etter forslaget få ein regel om at dommarane må søkje om godkjenning for sidegjeremål i granskingskommisjonar og granskingsutval. Endeleg har Domstoladministrasjonen foreslått ei språkleg endring av dagens regel om plikt til å søkje om godkjenning for å delta i skilsdom. Forslaga frå Domstoladministrasjonen er nærare omtalte i punkt 2.2.

2.1.2 Høyringa

I brev 22. november 2007 sende departementet forslaga frå justitiarius i Høgsterett og Domstoladministrasjonen på høyring (i ei noko omarbeidd utgåve). Dei forslaga som blei sende på høyring, lyder:

§ 121 c første ledd

«En dommer i Høyesterett, lagmannsrettene, tingrettene, jordskifteoverrettene og jordskifterettene må søke om godkjenning for sidegjøremål

  1. som kan medføre at dommeren mer enn leilighetsvis kan bli inhabil

  2. som kan medføre at arbeidet i dommerstillingen hemmes eller sinkes

  3. i kollegiale forvaltningsorganer hvor det er sannsynlig at avgjørelsen kan bli brakt inn for domstolene til overprøving

  4. i privat eller offentlig næringsvirksomhet

  5. i granskingskommisjoner eller -utvalg

  6. i private tvisteløsningsnemnder

  7. som medlem i voldgiftsrett

  8. i andre tilfeller der sidegjøremålet kan medføre at tilliten til domstolene og dommerne og deres uavhengighet svekkes.»

§ 121 d

«Godkjenning av dommeres sidegjøremål gis av domstoladministrasjonen. Domstoladministrasjonen kan delegere til domstollederen å treffe vedtak i saker om godkjenning. For dommere i Høyesterett godkjennes sidegjøremål av justitiarius.

For saker om godkjenning gjelder forvaltningslovens regler om enkeltvedtak, likevel slik at vedtak av domstoladministrasjonen og vedtak av justitiarius i Høyesterett ikke kan påklages.»

Høyringsbrevet, med frist 1. mars 2007 for å kome med fråsegn, blei sendt til:

  • Departementa

  • Høgsterett

  • Lagmannsrettane

  • Tingrettane

  • Domstoladministrasjonen

  • Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker

  • Regjeringsadvokaten

  • Riksadvokaten

  • Sivilombodsmannen

  • Datatilsynet

  • Bergen forsvarerforening

  • Den Norske Advokatforening

  • Den norske Dommerforening

  • Tilsynsrådet for dommarar

  • Dei juridiske fakulteta i Bergen, Oslo og Tromsø

  • Kompetanseutvalet for dommarar

  • Forsvarergruppen av 1977

  • Norsk senter for menneskerettar, Universitetet i Oslo

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Norges Juristforbund

  • Rettspolitisk forening

  • Norsk Presseforbund

  • Norsk Redaktørforening

  • Akademikerne

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

Følgjande instansar har hatt merknader:

  • Samferdselsdepartementet

  • Høgsterett

  • Borgarting lagmannsrett

  • Asker og Bærum tingrett

  • Oslo byfogdembete

  • Domstoladministrasjonen

  • Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker

  • Den Norske Advokatforening

  • Den norske Dommerforening

  • Forsvarergruppen av 1977

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

I tillegg har professor Johan Giertsen ved Det juridiske fakultetet, Universitetet i Bergen, gitt merknader.

Følgjande instansar har svart at dei ikkje har merknader:

  • Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • Finansdepartementet

  • Fiskeri- og kystdepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Fornyings- og administrasjonsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Miljøverndepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Datatilsynet

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Riksadvokaten

  • Landsorganisasjonen i Norge

2.2 Spørsmål om godkjenning av sidegjeremål om gransking

2.2.1 Gjeldande rett

Domstolloven § 121 c første og andre ledd nemner opp kva for sidegjeremål som treng godkjenning for at ein dommar skal kunne ta på seg gjeremålet. Den aktuelle delen av fråsegna lyder:

«En dommer i Høyesterett, lagmannsrettene, tingrettene, jordskifteoverrettene og jordskifterettene må søke om godkjenning for sidegjøremål

  1. som kan medføre at dommeren mer enn leilighetsvis kan bli inhabil

  2. som kan medføre at arbeidet i dommerstillingen hemmes eller sinkes

  3. i kollegiale forvaltningsorganer hvor det er sannsynlig at avgjørelser kan bli brakt inn for domstolene til overprøving

  4. i privat eller offentlig næringsvirksomhet

  5. i private tvisteløsningsnemnder og

  6. om oppnevning som medlem av voldgiftsrett.

Unntatt fra godkjenning er

  1. valg eller oppnevning som foretas av Stortinget eller av Kongen i statsråd

  2. valg som stortingsrepresentant, som medlem av Sametinget eller som medlem av folkevalgte organer i kommune eller fylkeskommune og

  3. verv i registrert politisk parti.»

Føresegna blei til etter avveging av ei rekke omsyn både for og imot at dommarane skal kunne ha sidegjeremål, sjå Ot.prp. nr. 44 (2000–2001) side 151. Eit av dei mest sentrale omsyna mot sidegjeremål – og ein sentral del av bakgrunnen for at vi har ei lovregulering av temaet – er at sidegjeremål i visse tilfelle kan gi inntrykk av at ein dommar representerer særskilte interesser eller holdningar, og såleis ikkje er så upartisk, uavhengig og sjølvstendig som dommarane bør vere. Omsynet til dommarane og domstolane sitt sjølvstende, og til at allmenta skal ha tillit til at dei er sjølvstendige, kjem likevel berre indirekte til uttrykk i § 121 c. Dagens regel om når ein dommar treng godkjenning for sidegjeremål, er med andre ord ikkje knytt direkte opp mot omsynet til sjølvstende og tillit.

Opprekninga i domstolloven § 121 c første og andre ledd nemner ikkje granskingsverksemd. Deltaking i granskingskommisjonar blei likevel særskilt drøfta under førebuinga av føresegna, sjå Ot.prp. nr. 44 (2000–2001) side 156. Departementet uttalte då at det ikkje var grunn til å innføre eit forbod mot at dommarar deltek i granskingskommisjonar eller å etablere ei særskild godkjenningsordning ut over dei generelle reglane for særleg arbeidstyngjande sidegjeremål og sidegjeremål i statlege nemnder der ein må rekne med at avgjerder frå organet blir brakt inn for domstolane. Vidare uttalte departementet (same stad):

«Vanligvis vil deltakelse i granskingskommisjoner være så arbeidskrevende at det må søkes om godkjenning på et slikt grunnlag. Det bør imidlertid gjøres unntak fra alle valg og oppnevninger som foretas av Stortinget eller av Kongen i statsråd.»

At granskingsverksemd kan krevje godkjenning etter § 121 c første ledd nr. 2, kjem til uttrykk også i særmerknadene til denne delen av føresegna, sjå Ot.prp. nr. 44 (2000–2001) side 195-196.

Domstolloven § 121 c første ledd nr. 3 gjeld sidegjeremål «i kollegiale forvaltningsorganer». Både ordlyden og særmerknadene til nr. 3 peikar i retning av at denne delen av føresegna gjeld for deltaking i forvaltningsorgan av meir permanent karakter enn det som er typisk for eit granskingsutval (same stad side 196). I same retning talar det at det i den tidlegare nemnde, særskilte drøftinga av «Granskingskommisjoner» på side 156 i proposisjonen, blir vist til regelen i § 121 c første ledd nr. 2 som den sentrale rettslege skranken for å ta på seg slike gjeremål utan godkjenning. Men i dei generelle merknadene er «ulike granskingskommisjoner» nemnde som døme på statlege nemnder, som igjen går under uttrykket «kollegiale forvaltningsorganer» (Ot.prp. nr. 44 (2000–2001) side 155, og også på side 137). Og den særskilte drøftinga av «Granskingskommisjoner» på side 156 i proposisjonen står under overskrifta «Kollegiale forvaltningsorganer». Den same disponeringa finn ein igjen i Domstolkommisjonen si utgreiing (NOU 1999: 19 side 273 flg.). Dette peikar i retning av at deltaking i offentlege granskingsutval kan krevje godkjenning også etter § 121 c første ledd nr. 3. Domstoladministrasjonen har lagt denne forståinga til grunn i sin omtale av gjeldande rett i det høyringsnotatet som låg ved departementet sitt høyringsbrev 22. november 2007. Departementet ser at lovførearbeida etter dette ikkje er heilt konsise og klåre om tilhøvet mellom uttrykket «kollegiale forvaltningsorganer» og granskingsutval i offentleg regi.

Paragraf 121 c første ledd nr. 4 gjeld sidegjeremål «i privat eller offentlig næringsvirksomhet». I særmerknadene til denne delen av føresegna er «næringsvirksomhet» definert som verksemd som drivast ut frå forretningsmessige formål (Ot.prp. nr. 44 (2000–2001) side 196). Vidare blir det uttalt (same stad):

«Bestemmelsen gjelder direkte deltakelse i selve driften, for eksempel ved verv som leder, styremedlem eller lignende. Rene investeringer omfattes ikke av denne bestemmelsen.»

Domstoladministrasjonen har lagt til grunn at deltaking i ekstern gransking av aksjeselskap og allmennaksjeselskap etter selskapslovgjevinga krev godkjenning etter § 121 c første ledd nr. 4, og at det same gjeld for gransking av andre slags selskap. Når det gjeld samanslutningar som ikkje er selskap, konstaterar Domstoladministrasjonen at det ikkje lenger er tale om eit næringsformål, slik at sidegjeremål fell utanfor det som krev samtykke etter § 121 c første ledd nr. 4.

Definisjonen i domstolloven § 121 a av uttrykket «sidegjøremål» er vid, ved at han nemner både medlemskap, verv og «andre engasjementer», og at gjeremålet blir omfatta om det er «i eller for foretak, organisasjoner, foreninger eller organ for stat, fylkeskommune eller kommune». Sjølv om det med § 121 første ledd c nr. 4 primært er tenkt på meir ordinær deltaking i næringsverksemd enn gransking, dekkjer ordlyden også meir avgrensa oppdrag, slik granskingsoppdrag gjerne vil vere. Dersom den verksemda som granskinga spring ut ifrå er «næringsvirksomhet», har altså Domstoladministrasjonen sett det slik at granskingsoppdrag for verksemda er omfatta av plikta etter § 121 c første ledd nr. 4. Men lova er ikkje klår på dette punktet.

I ei nyleg framlagd utredning om offentleg oppnemnte granskingskommisjonar (NOU 2009: 9 Lov om offentlige undersøkelseskommisjoner) har eit offentleg utval drøfta om mellom anna dommarar bør vere leiar for slike kommisjonar. Utvalet har ikkje foreslått ein lovregel om dette.

2.2.2 Kort om svenske og danske reglar om sidegjeremål

I Danmark følgjer det av tjenestemandsloven § 17 at statstenestemenn, blant dei dommarar, berre kan ha sidegjeremål i den grad gjeremålet kan sameinast med

«den samvittighedsfulde udøvelse af de til tjenestemanndsstillingen knyttede pligter og med den for stillingen nødvendige agtelse og tillid».

I tillegg har retsplejeloven §§ 47-47 f særskilde reglar om sidegjeremål for dommarar. Retplejeloven §§ 47 og 47 a seier:

Ǥ 47

En dommer må kun have beskæftigelse ved siden af sin dommerstilling under de betingelser, der er angivet i §§ 47 a og 47 b og i tjenestemandslovens § 17.

Stk. 2. Der oprettes et Bibeskæftigelsesnævn, jf. § 47 e og § 47 f, til varetagelse af de opgaver, der er nævnt i §§ 47 a-47 d.

§ 47 a

En dommer må kun have fast indtægtsgivende bibeskæftigelse, hvis det ved lov er bestemt, at det pågældende hverv skal varetages af en dommer, eller hvis dommerens varetagelse af hvervet tillades af Bibeskæftigelsesnævnet.

Stk. 2. Hverv som medlem af et offentligt eller privat råd eller nævn må kun varetages af højesteretsdommere, landsdommere og præsidenten og vicepræsidenterne for Sø- og Handelsretten, hvis det er bestemt ved lov eller godkendt af Bibeskæftigelsesnævnet, at hvervet skal varetages af en sådan dommer. Nævnets godkendelse kan begrænses til at gælde for en bestemt dommer eller for et bestemt tidsrum.

Stk. 3. Udpegning af en dommer som medlem af et offentligt eller et privat råd eller nævn, som medlem af en voldgiftsret eller til anden tvistløsning uden for domstolene skal foretages af vedkommende retspræsident eller af en anden dommer, som en retspræsident har bemyndiget hertil.

Stk. 4. Bibeskæftigelsesnævnet offentliggør årligt en oversigt over de tilladelser, som nævnet har givet i medfør af stk. 1, og de hverv, som nævnet i medfør af stk. 2 har bestemt kan varetages af højesteretsdommere, landsdommere eller præsidenten eller en vicepræsident i Sø- og Handelsretten.»

Som det går fram av det siterte, treng danske dommarar i mange tilfelle godkjenning for å kunne ta på seg sidegjeremål. I tillegg gjeld det ei særskild inntektsgrense. Etter retsplejeloven § 47 b første ledd skal ein dommar sine inntekter av sidegjeremål i gjennomsnitt ikkje overstige halvparten av løna i hovudstillinga, og skal maksimalt utgjere halvparten av løna som høgsterettsdommar. § 47 b andre ledd har visse unntak frå hovudregelen i første ledd.

Danmark har vidare ei særskilt lov om undersøkelseskommisioner. Lova regulerar undersøkingar initiert av justisministeren, eventuelt etter pålegg frå Folketinget. Ho byggjer på ein føresetnad om at ein dommar kan vere medlem av undersøkelseskommisjonen, jf. at det følgjer av § 2 at dersom ein dommar skal vere medlem av kommisjonen, skal denne vere leiar.

I Sverige er dommarane omfatta av lov om offentlig anställning (1994:260) § 7, som lyder:

«En arbetstagare får inte ha någon anställning eller något uppdrag eller utöva någon verksamhet som kan rubba förtroendet för hans eller någon annan arbetstagares opartiskhet i arbetet eller som kan skada myndighetens anseende.»

I tillegg følgjer det av kollektivavtale at sidegjeremål heller ikkje må vere til hinder for å gjere ein fullgod arbeidsinnsats i den ordinære stillinga. I SOU 2000:80 Offentligt anställdas bisysslor blei det vurdert om det bør innførast særskilte forbod mot sidegjeremål for dommarar, men konkludert med at det ikkje er behov for slike reglar. Noko seinare blei det innført ei plikt for mellom anna dommarar til å melde frå om dei gjeremåla som dei tek på seg.

2.2.3 Forslaga frå Domstoladministrasjonen

I brev 26. september 2007 til departementet har Domstoladministrasjonen satt fram forslag om somme endringar i reglane om kva for type sidegjeremål som krev godkjenning. For det første går Domstoladministrasjonen inn for at opprekninga i domstolloven § 121 c første ledd skal få eit nytt punkt om at dommarar må søkje om godkjenning for sidegjeremål «som kan medføre at tilliten til domstolene og dommerne og deres uavhengighet svekkes». For det andre foreslår Domstoladministrasjonen at den same føresegna skal få eit nytt punkt om at dommarane må søkje om godkjenning for sidegjeremål «i granskingskommisjoner eller -utvalg». Endeleg foreslår Domstoladministrasjonen at det blir gjort ei språkleg endring i § 121 første ledd nr. 6, ved at regelen om plikt til å søkje om godkjenning for sidegjeremål «om oppnevning som medlem av voldgiftsrett» blir endra til å gjelde for sidegjeremål «som medlem i voldgiftsrett».

I grunngjevinga for forslaga har Domstoladministrasjonen vist til at det synest å bli oppnemnd stadig fleire granskingsutval i privat regi, og at det meir enn før er reist kritikk mot denne forma for undersøkingar. Domstoladministrasjonen nemner eit par døme som har vekt stort offentleg ordskifte om i kva for grad granskingskommisjonar er eigna til å løyse den aktuelle typen konfliktar, og om dei som blir granska, har godt nok rettsvern. Domstoladministrasjonen reknar med at det vil vere eit kritisk lys mot granskingskommisjonar også framover.

Domstoladministrasjonen legg til grunn at deltaking i offentlege granskingsutval og gransking av aksjeselskap i stor grad er omfatta av domstolloven § 121 c første ledd nr. 3 og 4 (og eventuelt nr. 1 og 2). Samstundes fell gransking i private samanslutningar utan næringsformål utanfor godkjenningsordninga, og dommarane kan difor ikkje nektast å ta på seg slike verv (utanom tilfelle der vervet fell inn under nr. 1 eller nr. 2). Vidare peikar Domstoladministrasjonen på at domstolloven § 121 c første ledd kan verke ulikt, alt etter som ein person skal utføre granskinga aleine eller saman med andre i eit granskingsutval. Instansen meiner at det ikkje er reelle grunnar til å føre vidare desse skilnadene, og at det er behov for ein regel om at alle typar av granskingsoppdrag treng godkjenning.

Domstoladministrasjonen har foreslått at domstolloven § 121 c første ledd skal lyde:

«§ 121 c. En dommer i Høyesterett, lagmannsrettene, tingrettene, jordskifteoverrettene og jordskifterettene må søke om godkjenning for sidegjøremål

  1. som kan medføre at tilliten til domstolene og dommerne og deres uavhengighet svekkes

  2. som kan medføre at dommeren mer enn leilighetsvis kan bli inhabil

  3. som kan medføre at arbeidet i dommerstillingen hemmes eller sinkes

  4. i kollegiale forvaltningsorganer hvor det er sannsynlig at avgjørelsen kan bli brakt inn for domstolene til overprøving

  5. i privat eller offentlig næringsvirksomhet

  6. i granskingskommisjoner eller – utvalg

  7. i private tvisteløsningsnemnder og

  8. som medlem i voldgiftsrett.»

2.2.4 Justisdepartementet sitt syn før høyringa

I høyringsbrevet peika Justisdepartementet på at bruken av ei føresegn som forslaget til § 121 c første ledd nr. 1, i stort monn vil avhenge av eit skjønn. Føresegna vil i mange tilfelle gjere det vanskelegare for den einskilde dommar å vurdere om eit sidegjeremål krev godkjenning, og det vil bli mindre føreseieleg om godkjenning vil bli gitt. Vidare uttalte departementet mellom anna:

«Det er ingen tvil om at det er tilliten til domstolene og dommerne, herunder til deres uavhengighet, som er kjernen i de hensyn som ligger bak § 121 c. Overført til den enkelte sak kan det imidlertid lett oppstå tvil om hvor langt hensynene strekker seg, og det kan reises spørsmål om hensiktsmessigheten av å påføre dommerne denne usikkerheten. Domstoladministrasjonen kan yte veiledning, blant annet når det meldes inn sidegjøremål for registrering som det skulle vært søkt om godkjenning for. Veiledning på dette stadiet kan imidlertid være noe sent. De hensyn som ligger til grunn for at reglene om begrensning i adgangen til å påta seg sidegjøremål forutsetningsvis skal komme til uttrykk i lovteksten, tilsier dessuten at det bør være grenser for hvilket skjønn som legges til Domstoladministrasjonen. Det kan også spørres om en generell hjemmel kan komme til å bli forstått og anvendt slik at den også blir til hinder for sidegjøremål som vil virke berikende på den erfaringsbakgrunn som en dommer har nytte av i sin dømmende virksomhet. Samtidig er det utvilsomt slik at jo mer konkret og avgrenset regelen om godkjenning av sidegjøremål er, jo større er faren for at det dukker opp sidegjøremål som ikke dekkes av regelen, men som vil være lite gunstige i et tillits- og uavhengighetsperspektiv.»

Når det gjeld forslaget til eit nytt punkt 6 om krav til godkjenning for å delta i granskingskommisjonar eller granskingsutval, sa departementet i høyringsbrevet mellom anna:

«Det er i den senere tid gjennomført flere granskinger der blant annet dommere, har deltatt. Etter departementets syn er hensynene for og imot en regel om godkjenning for slike sidegjøremål likevel omtrent de samme som før. Granskinger utføres ofte raskt og i et opprørt og uoversiktlig «farvann», og det kan nok variere noe i hvilken grad granskingsrapporter faktisk bidrar til å skape avklaring og ro. At det kommer motforestillinger mot en granskingsrapport, innebærer formodentlig ikke i seg selv noen særskilt trussel mot tilliten til dommerne; også avsagte dommer kan være gjenstand for diskusjon. Det kan kanskje snarere spørres om granskinger etter sin art er kvalitativt gode nok prosesser – rettsikkerhetsmessig og ellers – til at dommere skal kunne knyttes til dem uten en forutgående vurdering fra Domstoladministrasjonens eller embetslederens side. Dette kan særlig ha betydning for privat oppnevnte granskingsutvalg, siden regelverket for offentlig oppnevnte granskingskommisjoner som nevnt er under utredning.

Departementet ser at det etter omstendighetene kan være enkelte granskingsprosesser som dommere ikke bør engasjere seg i, også utenom tilfeller der gjøremålet kan medføre at det ordinære dommerarbeidet hemmes eller sinkes. Eksempelvis kan det være at dommere ikke bør delta i granskinger som skal gjennomføres raskere enn at det er mulig å arbeide med en viss grundighet. Et stykke på vei må det kunne forutsettes at den enkelte dommer selv kan vurdere dette. Dersom det lovfestes et krav om godkjenning, vil det imidlertid innebære at det foretas en mer eksplisitt vurdering av om granskingsoppdraget både praktisk og prinsipielt sett er forenlig med dommerstillingen.»

I høyringsbrevet var lovforslaget noko omarbeidd reint teknisk, ved at Domstoladministrasjonens forslag til nytt nr. 1 var sett til sist i opprekninga, som nr. 8, og forslaget til nr. 6 vart då nr. 5 i departementet sitt høyringsforslag.

2.2.5 Høyringsinstansane sitt syn

Fleirtalet av dei høyringsinstansane som har uttalt seg, støttar forslaget til eit nytt punkt i § 121 c første ledd om plikt til å søkje om godkjenning for deltaking i granskingskommisjonar og granskingsutval. Når det gjeld forslaget til eit nytt punkt om godkjenning av alle sidegjeremål som kan føre til at tilliten til domstolane og dommarane og deira sjølvstende blir svekka (punkt nr. 1 i forslaget frå Domstoladministrasjonen, punkt nr. 8 etter departementet si omarbeiding), er dei fleste skeptiske eller klårt imot.

Høgsterett er samd i at omsyna til dommarane og domstolane sitt sjølvstende, og tilliten til det, blir løfta fram i lovteksten, slik det ligg i forslaget til § 121 første ledd nr. 8. Høgsterett har heller ikkje merknader til at det tas inn i lova at deltaking i granskingskommisjonar og granskingsutval skal krevje godkjenning. Domstolen sluttar seg til forslaget om ei språkleg endring i punktet om skilsdom (§ 121 c første ledd nr. 7 i departementets høyringsframlegg).

Leiaren for Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker meiner at det – med dei reglane vi har om gjenopning – er viktig at regelverket mest mogleg sikrar at ein dommar ikkje kjem i situasjonar der det blir reist tvil om hans eller hennar habilitet. Domstolloven kapittel 6 A er eit slikt regelverk. Høyringsinstansen støttar forslaget om at domstolloven § 121 c første ledd skal få ei ny «sekkefråsegn» om plikt til å søke om godkjenning for sidegjeremål som kan føre til at tilliten til domstolane og dommarane og deira sjølvstende blir svekka (§ 121 første ledd nr. 8). Vidare støttar Leiaren for Kommisjonen forslaget til eit nytt punkt nr. 5 om at dommarane skal søkje om godkjenning av sidegjeremål for granskingskommisjonar eller granskingsutval.

Den Norske Advokatforening (Advokatforeininga) sluttar seg til forslaget om å lovfeste ei «sekkefråsegn» om tillit og sjølvstende til slutt i domstollova § 121 c første ledd, og meiner at desse grunnleggjande omsyna må veie tyngre enn ulempene ved at regelen blir skjønnsbasert og generell. Når det gjeld deltaking i granskingskommisjonar og granskingsutval, sluttar høyringsinstansen seg til forslaget til eit nytt punkt nr. 5 i § 121 c første ledd. Han visar til at det kan vere vanskeleg å sameine gransking med dømmande verksemd, og at den som opptrer som granskar, kan gi inntrykk av å misbruke dommaren sin autoritet og domstolane sin legitimitet. Advokatforeininga legg til grunn at ein, i bruken av det nye punktet, særleg vil sjå på dei rettstryggleiksmessige sidene ved granskingsoppdraget. Høyringsinstansen meiner elles at det finst gode argument for å innføre eit forbod mot at dommarar skal delta i slik verksemd.

Oslo byfogdembete har ikkje motsegner mot forslaget om at deltaking i granskingskommisjonar og granskingsutval må ha godkjenning. Men ordninga bør etter domstolen si meining vere slik at det blir vurdert om deltaking i slikt arbeid vil vere skadeleg for domstolane, og at avslag berre blir gitt når det er reelle grunnar for det. Domstolen føreset at mynde til å gi godkjenning blir lagt til leiaren for domstolen. Reint allment meiner høyringsinstansen at det er verdfullt at dommarar får røynsler frå andre samfunnsområde enn dei strengt juridiske, og at det ikkje er ynskjelig med regelverksendringar som inneber at dommarane jamt over blir meir tilbakehaldne med å ta på seg sidegjeremål. Søknadsprosessen bør ikkje bli for tungvint. Domstolen ynskjer at leiaren for den einskilde domstolen i størst mogleg grad skal ha mynde til å samtykke til sidegjeremål, også for næringsverksemd. Det kan vere ynskjeleg med generelle retningsliner, slik at praktiseringa ikkje blir for ulik ved domstolane.

Oslo byfogdembete er skeptisk til ei ny «sekkefråsegn» om plikt til å søkje om godkjenning for sidegjeremål som kan føre til at tilliten til domstolane og dommarane og deira sjølvstende blir svekka. Høyringsinstansen ser ikkje at det – ut over det som gjeld gransking, og som er meint løyst med nr. 5 – er gitt døme på tilfelle der det er behov for ein slik regel. I tillegg til dei motargumenta som departementet har nemnt, er høyringsinstansen uroleg for at ein slik regel kan bli forstått og brukt slik at den blir til hinder for sidegjeremål som vil styrke den erfaringsbakgrunnen som ein dommar har nytte av i dommargjerninga. Dersom ein meiner det kan bli eit problem at dommarar tek på seg verv som kan svekkje tilliten til domstolane og dommarane sin sjølvstende, får ein heller vurdere å gi ein regel som let leiaren for domstolen påleggje ein dommar å avvikle det aktuelle vervet (med klagerett til Domstoladministrasjonen).

Forsvarergruppen av 1977 meiner at det bør vere ein restriktiv praksis med omsyn til dommarane sitt høve til å ta på seg sidegjeremål, men ikkje så strengt at dei ikkje får høve til å hente erfaringar og impulsar frå anna verksemd enn domstolane. Retningslinene for når dommarane må søkje om godkjenning, bør vere så klåre og føreseielege som mogleg. Den norma som ligg til grunn for forslaget til eit nytt punkt nr. 8 i § 121 c første ledd, bør styre dommarane både i og utanfor den dømmande verksemda, jf. også eit forslag som ligg føre til etiske reglar for dommarar. Etter høyringsinstansen sitt syn vil det likevel vere uheldig å lovfeste forslaget fordi det ikkje gir den einskilde dommar konkret rettleiing om i kva for tilfelle han eller ho må søkje om godkjenning. Forsvarergruppen av 1977 ser det meir føremålstenleg at omsynet til sjølvstende for domstolen og dommarane står i dei etiske reglane, slik at Tilsynsutvalet for dommarar kan sanksjonere eventuelle mistak.

Forsvarergruppen av 1977 sluttar seg til forslaget til ein nytt punkt nr. 5 om krav til godkjenning av sidegjeremål for granskingskommisjonar og granskingsutval. Dei tvilsame sidene ved gransking blir korkje større eller mindre ved at dommarar deltek i slike utval. Men dommarar bør vere varsame med å ta del i granskingsutval fordi deltakinga kan gi utvalet større autoritet enn prosessen tilseier. Dei same omsyna som taler for godkjenning ved deltaking i skilsdom, taler for godkjenning ved deltaking i gransking.

Professor Johan Giertsen meiner at Domstoladministrasjonen – ved å leggje til grunn at deltaking i offentlege granskingsutval og gransking av aksjeselskap «i stor grad» vil bli omfatta av alternativa 3 og 4 i § 121 c første ledd – har gjort «en vel offensiv tolking av domstolloven». Han meiner at ordlyden og lovførarbeida tyder på at granskingar berre i avgrensa grad er søknadspliktige, bortsett frå tilfelle der oppdraget kan hemme eller sinke dommaren sitt vanlige arbeid.

Vidare nemner professor Giertsen at det i Danmark har vore eit omfattande ordskifte om kor vidt dommarar bør leie granskingar. Der er det mellom anna halde fram at gransking ofte har ein politisk bakgrunn, og at dommarar som leiar av slike kan komme til å bli oppfatta som aktørar i politiske prosessar, at den dobbeltrolla som etterforskar og «dommar» som ligg i granskinga, kan føre til at ei kommisjonsinnstilling meir enn elles blir oppfatta som ein dom. Professor Giertsen nemner at ein i nokon mon må sjå desse synspunkta i lys av at mange granskingar i Danmark er utførte med berre ein granskar – ein dommar, og slik har det sjeldan vore i Noreg.

Når det gjeld spørsmålet om verv i granskingsutval generelt skal gjerast avhengig av godkjenning, uttalar professor Giertsen mellom anna:

«Dommeres medvirkning i granskinger kan gi en slik prosess større autoritet enn det reelt er dekning for. På den annen side har dommere verdifulle erfaringer. Høringsbrevet kan tyde på en kanskje for stor skepsis til dommeres deltakelse. I de fleste granskinger hvor dommere har deltatt, er det (trolig) gode erfaringer. Det er mulig at høringsbrevets skepsis i for stor grad er motivert av noen saker som har vært mediefokusert, på bekostning av et større antall granskinger med mindre mediefokus hvor dommeres deltakelse har vært nyttig og positiv.

En mulig absolutt grense er at en dommer i en tingrett ikke bør granske saker hvor aktørene hører hjemme i lagdømmet. Disse mulige grensene knytter seg til granskinger med et skarpt fokus på personer eller institusjoner. For granskinger hvor systemfeil er i fokus og personer i bakgrunnen, er betenkelighetene med dommermedvirkning langt mindre. Dersom høringsnotatets forslag blir vedtatt, bør ikke praktiseringen bli altfor restriktiv.»

Vidare peikar professor Giertsen på at forslaget til § 121 c første ledd nr. 5 reiser spørsmål om kva for organ som skal sjåast som «granskingskommisjoner eller -utvalg». Han nemner at det typiske ved gransking gjerne er at utvalet skal klarleggje fakta og årsaksforhold knytt til ei hending (eller ein serie av hendingar), om det relevante faktumet inneber at personar eller institusjonar kan ha brote rettsreglar eller (profesjons)etiske normer, og om det er behov for endringar i regelverket. Det ligg føre eit mandat for granskinga, men elles skal ikkje utvalet bli instruert om korkje prosedyre, premissar eller konklusjon. Eit slikt sjølvstende minskar etter professoren sitt syn det tvilsame i at dommarar tar på seg gransking. Det avgjerande for rekkjevidda av reglane må vere kva utvalet skal gjere, og ikkje kva for namn oppdragsgivaren har sett på granskinga. Endeleg nemner Giertsen at uttrykket «granskingskommisjoner eller – utvalg» strengt tatt ikkje dekkjer tilfelle der ein dommar er einegranskar.

Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) meiner at praktiseringa av dei endringane som er foreslått i § 121 c, ikkje må bli til hinder eller gjere det vanskelegare for dommarar å ta del i granskingskommisjonar og utval. NHO peikar på at dommarane har faglege og personlege eigenskapar som inneber at dei treff fagleg gode avgjerder. Folk flest har respekt for dommarar, som blir oppfatta som nøytrale og profesjonelle, og avgjerdene deira har difor autoritet og legitimitet. Under føresetnad av at det ikkje går ut over den primære oppgåva deira, vil dommarane ofte eigne seg som løysarar av tvistar også utanfor rettslokala. Samfunnet treng å få gjere seg nytte av dommarane si erfaring og posisjon, samstundes som dommarane får ei breiare innsikt i samfunnet.

Den norske Dommerforening (Dommarforeininga) peikar på at det er brei semje om at det er ynskjeleg at dommarane tek del i aktivitet utanfor domstolane, og at dette er utgangspunktet for dei reglane som vi har i dag om sidegjeremål. Høyringsinstansen meiner at reglane om godkjenning og registrering av sidegjeremål er fullt ut tilstrekkelege til å sikre ein forsvarleg praksis, og at det er vanskeleg å sjå behov for ytterlegare restriksjonar. Det er ein grunnleggjande veikskap i dagens reglar at avgjerder frå Domstoladministrasjonen om avslag på søknad om samtykke ikkje kan påklagast.

Dommarforeininga går klårt imot ein ny regel om plikt til å søkje godkjenning for sidegjeremål som kan innebere redusert tillit til domstolane og dommarane sitt sjølvstende. Etter høyringsinstansens syn er det ikkje påvist eit reelt behov for ein slik regel, og det er ikkje grunn til å trekkje det aktuelle omsynet fram på den måten som ligg i lovforslaget. Forslaget inneber dessutan ein så stor grad av etisk skjønn at det etter Dommarforeiningas syn blir uråd for ein dommar å vite i kva tilfelle han eller ho må søkje om godkjenning. Høyringsinstansen meiner også at ei slik fråsegn lett kan bli forstått og brukt slik at den blir til hinder for sidegjeremål som kunne ha styrkt den erfaringsbakgrunnen som ein dommar har nytte av i den dømmande verksemda.

Dommarforeininga går likeins imot å innføre ytterlegare restriksjonar på å ta del i granskingskommisjonar. Utgangspunktet bør vere at dommarar er ein viktig ressurs ved slikt arbeid. Til spørsmålet om granskingar etter sin art er kvalitativt gode nok prosessar, svarer høyringsinstansen at det ikkje under nokre omstende kan vere ei god løysing å halde dommarane sin kompetanse utanfor granskingskommisjonane.

Endeleg har same høyringsinstansen ikkje motsegner mot forslaget til den vesle endringa av § 121 c første ledd som er av reint språkleg art.

Asker og Bærum tingrett har slutta seg til innhaldet i høyringsfråsegna frå Den norske Dommerforening.

2.2.6 Departementet si vurdering

2.2.6.1 Generelt

I det følgjande drøftar departementet først spørsmålet om det er grunn til å supplere domstolloven § 121 c første ledd med ein regel om godkjenning for deltaking i granskingsverksemd (forslaget til eit nytt nr. 5). Dernest vert drøfta om lova bør få ein allmenn regel om godkjenning for sidegjeremål som kan svekke tilliten til domstolane og dommaranes sjølvstende (forslaget til eit nytt nr. 8). Høyringsinstansane har ikkje kome med motsegner mot forslaget om ei språkleg endring av § 121 c første ledd nr. 6 (om skilsdom). Departementet fremjar dette siste forslaget utan ytterlegare merknader.

2.2.6.2 Granskingsverksemd

Høyringa har vist at det kan vere noko usikkert i kva for grad granskingsverksemd i dag krev samtykke etter domstolloven § 121 c første ledd. Same kva regelen skal gå ut på, bør innhaldet kome klart fram. Vidare er departementet samd med Domstol­administrasjonen i at det ikkje er grunn til å ha forskjellige reglar, avhengig av om dommaren skal utføre granskinga åleine eller innanfor ein kommisjon eller eit utval.

Departementet legg stor vekt på den interessa samfunnet har både av å kunne gjere seg nytte av dommarane sin kompetanse utanfor domstolane, og av at dommarane utviklar seg gjennom erfaring frå andre miljø enn domstolane. Samstundes bør ein sikra seg mot at dommarane engasjerer seg i prosessar som manglar føresetnader for at granskarane kan gjere godt arbeid, eller som lett kan sjå uryddig ut utanfrå. Langt på veg må ein ha tillit til at dommarane kan vurdere dette på eiga hand. Men sjølv om dommarane generelt er godt skikka til å gjere slike vurderingar, skal ein ikkje sjå bort ifrå at vurderingane kan bli betre dersom dommaren må ta seg tid til å søke om godkjenning, og dermed få respons frå andre som også har gode føresetnader for å vurdere om oppdraget høver for ein dommar. Heller ikkje dommarar er upåverka av det positive som ligg i å vere ønska til eit oppdrag, kan hende med god betaling.

Departementet har kome til at det vil foreslå ein regel om plikt for dommarane til å innhente godkjenning for å ta del i gransking, sjå utkastet til domstolloven § 121 c første ledd nr. 5. Unntaket etter same fråsegna andre ledd nr. 1 for oppnemning av Kongen i statsråd eller Stortinget skal framleis gjelde, men elles skal det nye punkt nr. 5 i utgangspunktet gjelde uavhengig av kven som er oppdragsgjevar, kva for verksemd granskinga gjeld og om dommaren skal granske åleine eller ta del i ein kommisjon eller eit utval. Føremålet med den nye regelen er at det skal bli grundig vurdert om den verksemda som granskinga gjeld, har ei såpass stor samfunnsmessig betyding at det er rimeleg at ein dommar engasjerar seg, og om rammene for oppdraget gir grunnlag for eit fagleg godt arbeid og eit ryddig inntrykk.

For gransking av offentleg verksemd vil den samfunnsmessige betydinga som regel vere stor nok. Blant det som elles kan vurderast, er om oppdraget er rimeleg klårt avgrensa, om granskarane skal arbeide sjølvstendig, om det er rom for ein rimeleg grad av kontradiksjon og rettstryggleik for dei som kan bli råka av kritikk, om det er tatt stilling til om granskingsrapporten skal gjerast offentleg, og om honoraret blir avtalt på ein rimeleg klår måte. Elles nemner departementet at det i NOU 2009: 9 Lov om offentlige undersøkelseskommisjoner er foreslått at alle offentlege granskingskommisjonar skal opprettast ved kongeleg resolusjon. Forslaget inneber at oppnemning til alle offentlege granskingar vil vere omfatta av unnataket i § 121 c andre ledd nr. 1, slik at godkjenning etter første ledd ikkje vil vere naudsynt.

Det er ikkje meininga at forslaget i proposisjonen her om krav om godkjenning skal verke som eit forbod mot å ta del i gransking. Ein kan såleis ikkje avslå ein søknad fordi opplegget manglar nokre at dei rettstryggleiksgarantiane som finst i tvistelova, slik som til dømes ankeretten. Samstundes er det klårt at ei formulering om at prinsippa i tvistelova skal leggjast til grunn så langt dei passar (eller liknande), ikkje alltid gir så mykje meining, sidan ho ikkje seier noko om kva for konsekvensar som blir trekt av at det er tale om ei gransking, og ikkje ein domstolsprosess. Dersom søknaden reiser spørsmål også i høve til § 121 c første ledd nr. 2, må naturlegvis også denne sida av saka vurderast.

Vidare er det ikkje meininga at den nye regelen skal endre praksis med omsyn til å delegere til domstolleiaren å avgjere søknadar om godkjenning av sidegjeremål.

Departementet viser til lovutkastet § 121 c første ledd nr. 5.

2.2.6.3 Ein generell regel om godkjenning for sidegjeremål som kan føre til svekka tillit til domstolane og dommarane sitt sjølvstende

Spørsmålet om eit sidegjeremål kan svekke tilliten til domstolane og dommarane sitt sjølvstende, sto sentralt ved utforminga at dagens § 121 c første ledd. Likevel har høyringa styrkt departementet sin skepsis til forslaget om å ta dette inn i føresegna som eit sjølvstendig punkt i opprekninga av det som krev godkjenning. Den viktigaste innvendinga er at kriteriet ville bli så vagt at dommarane ikkje ville kunne føreseie om eit sidegjeremål krev godkjenning eller vil bli godkjend. Ein viser elles til det som departementet sa i høyringsbrevet. Også på dette punktet kunne ein i prinsippet tenke seg at lovførearbeida skulle konkretisere kva føresegna skulle femne. Men då ville ho ikkje bli ei «sekkefråsegn» som kunne fange opp situasjonar som det ikkje tidlegare var tenkt på. På denne bakgrunnen fremmer ikkje departementet eit forslag tilsvarande § 121 c første ledd nr. 8 i høyringsbrevet.

2.3 Spørsmål om endring av reglane om godkjenning av sidegjeremål for dommarane i Høgsterett

2.3.1 Gjeldande rett

Myndet til å godkjenne sidegjeremål for dommarar ligg i utgangspunktet hos Domstoladministrasjonen, jf. domstolloven § 121 d første ledd. Lova skil ikkje her mellom Høgsterett og andre domstolar. Domstoladministrasjonen kan delegere til leiaren for den einskilde domstol å treffe avgjerd om godkjenning, jf. same fråsegna første ledd andre punktum. Der avgjerda er tatt av leiaren for domstolen, kan ho påklagast til Domstoladministrasjonen. Det er ikkje høve til å klage over ei avgjerd frå Domstoladministrasjonen, jf. § 121 d andre ledd.

Myndet til å godkjenne sidegjeremål for leiaren for Høgsterett (justitiarius) ligg hos styret for Domstoladministrasjonen.

2.3.2 Forslaga frå Høgsterett

I brev 16. februar 2006 og 7. mars 2007 til departementet har leiaren for Høgsterett (justitiarius) sett fram forslag om endringar i domstolloven § 121 d første og andre ledd. Forslaga går ut på å føre myndet etter § 121 d første ledd første punktum til å godkjenne sidegjeremål for dommarar i Høgsterett, over frå Domstoladministrasjonen til justitiarius. Regelen i domstolloven § 121 d andre ledd om at Domstoladministrasjonens avgjerder i saker om godkjenning ikkje kan påklagast, skal etter forslaget utvidast til også å gjelde avgjerder frå leiaren for Høgsterett.

I brevet 16. februar 2006 er forslaga grunngjevne mellom anna slik:

«Avgjørelsen fra justitiarius må være endelig. Er det tvil om et verv skal godkjennes, vil justitiarius naturlig drøfte spørsmålet med Høyesteretts dommere og følge den tilrådning som der gis. Dagens ordning med klage til Domstoladministrasjonen er etter vår oppfatning av prinsipielle grunner uholdbar. En eventuell overprøving og tilsidesettelse fra Domstoladministrasjonens side, ville gripe direkte inn i Høyesteretts egen vurdering av hvilke verv for en dommer som er forenlig med arbeidet i Høyesterett. Dette kan ikke være i samsvar med den selvstendige stilling Høyesterett som forfatningsorgan er forutsatt å skulle ha.»

Justitiarius har foreslått at domstolloven § 121 d første og andre ledd blir utforma slik:

«Godkjenning av dommeres sidegjøremål gis av domstoladministrasjonen. For dommere i Høyesterett godkjennes sidegjøremål av justitiarius. Domstoladministrasjonen kan delegere til domstollederen å treffe vedtak i saker om godkjenning.

For saker om godkjenning gjelder forvaltningslovens regler om enkeltvedtak, likevel slik at vedtak av domstoladministrasjonen og vedtak av justitiarius i Høyesterett ikke kan påklages.»

Vidare i brevet er det opplyst at justitiarius berre vil ta på seg sidegjeremål som det er naturleg og viktig at nettopp han eller ho har. Denne vurderinga bør etter Høgsteretts syn liggje til domstolen sjølv og bli praktisert slik at justitiarius, i tilfelle med tvil, drøftar dette med Høgsteretts dommarar og tar på seg verv berre når det er tilslutnad til dette. Justitiarius reknar med at det ikkje er naudsynt med ein særskilt regel om det i lova, og at den eldste dommaren må kunne treffe den formelle avgjerda etter § 121 d første ledd andre punktum i slike tilfelle.

I brevet 7. mars 2007 uttaler justitiarius mellom anna:

«Høyesterett har et gjennomarbeidet og restriktivt syn på sideverv for dommerne. Det er interne retningslinjer for hva den enkelte dommer kan påta seg. Sentrale vurderingsmomenter bak retningslinjene og den enkelte avgjørelse av om et sideverv skal godkjennes, er hensynet til uavhengighet og tillit for Høyesterett og Høyesteretts dommere og hensynet til at Høyesteretts arbeid ikke må bli skadelidende. I tvilstilfeller vil spørsmålet om godkjennelse bli forelagt dommerne på et dommermøte. En slik avveining og avgjørelse bør, ut fra hensynet til Høyesterett som forfatningsorgan og den tillit Høyesterett må ha – og bør vises – som landets øverste og ledende domstol, med endelig virkning ligge i Høyesterett.»

I seinare brev har justitiarius understreka at Høgsterett, meir enn nokon annan domstol, er avhengig av tillit i sitt arbeid. Dette krev at arbeidet der kan utførast raskt og utan konkurranse frå utanforliggjande gjeremål som kan hemme, eller gje inntrykk av å hemme, arbeidet. Dette er bakgrunnen for at Høgsterett i 1997 innførte reglar om registrering av sidegjeremål og rett til innsyn i dette registeret. Krav til godkjenning har vært praktisert i fleire tiår. Omsynet til tillit, medrekna rask og god saksavvikling, er også bakgrunnen for den vesentlege nedtrappinga av sideverv som har skjedd i Høgsterett. Vidare seier justitiarius mellom anna (brev 23. mai 2007 til Justisdepartementet):

«Den reelle forskjellen mellom dagens regler og den regel som nå er foreslått herfra, er om Domstoladministrasjonen skal ha adgang til å godkjenne et sideverv, eventuelt etter klage, etter at man her i Høyesterett ikke har villet godkjenne vervet fordi det kan komme i konflikt med hensynet til den tillit Høyesterett må ha. At Høyesterett skulle måtte akseptere sideverv for en dommer som man mener kommer i strid med fundamentale hensyn til tillit, er ikke forenlig med den selvstendige stilling Høyesterett skal ha som forfatningsorgan.

Det fremgår klart av forarbeidene til domstolloven at hensynet til ensartet praksis sto sentralt ved utforming av reglene for godkjennelse av sidegjøremål, og at det av hensyn til den enkelte dommer er viktig at vurderingen er lik i hele landet. Det er ingen uenighet om at hensynet til likebehandling tilsier at det skal foreligge klagerett til Domstoladministrasjonen fra dommere i tingrettene og lagmannsrettene. Men forholdet er, som påpekt, at tillitshensynet tilsier at terskelen for å påta seg sidegjøremål, må være høyere for dommerne i Høyesterett. Vurderingen skal ikke være lik vurderingen for dommere i de lavere domstoler.»

2.3.3 Departementet sitt syn før høyringa

I høyringsbrevet sa departementet seg samd i at det, ut frå Høgsteretts posisjon som øvste domstol, er diskutabelt om Domstoladministrasjonen skal ha mynde i spørsmål om godkjenning av sidegjeremål for høgsterettsdommarar, og uttalte mellom anna:

«Det hensynet til likebehandling av sammenliknbare søknader som departementet pekte på i Ot.prp. nr. 44 (2000-2001), har begrenset vekt for Høyesterett, som er en domstol med 19 dommere. Det foreligger imidlertid også enkelte hensyn som kan tale for å beholde dagens ordning. For det første kan hensynet til den enkelte dommer i Høyesterett tilsi at det bør være adgang til å få et spørsmål om godkjenning vurdert av en instans utenfor Høyesterett. For det annet vil spørsmål om godkjenning av sidegjøremål for dommere i Høyesterett – dersom primærkompetansen legges til justitiarius i Høyesterett, uten mulighet til klage til eksterne organer – få et mer internt preg, med tilhørende svekket mulighet for debatt og åpenhet. Også andre enn dommerne i Høyesterett kan ha velfunderte synspunkter på spørsmål om godkjenning av sidegjøremål, og det bør tilstrebes en ordning som sikrer at praksis kan bli gjenstand for offentlig debatt. Endelig nevnes at Domstoladministrasjonens myndighet etter dagens ordning gjelder et administrativt forhold, og således ikke innebærer noen overprøving av, eller innflytelse på, Høyesteretts dømmende funksjon. Hensynet til tilliten til Høyesterett står for øvrig ikke i veien for at domstolen i mange andre relasjoner er underlagt administrative organers myndighet.»

Det forslaget til endring av § 121 d blei send på høyring, var som følgjer:

«Godkjenning av dommeres sidegjøremål gis av domstoladministrasjonen. Domstoladministrasjonen kan delegere til domstollederen å treffe vedtak i saker om godkjenning. For dommere i Høyesterett godkjennes sidegjøremål av justitiarius.

For saker om godkjenning gjelder forvaltningslovens regler om enkeltvedtak, likevel slik at vedtak av domstoladministrasjonen og vedtak av justitiarius i Høyesterett ikke kan påklages.»

2.3.4 Høyringsinstansane sitt syn

Eit klårt fleirtal av dei høyringsinstansane som har uttalt seg, støttar forslaget om at det skal vere justitiarius for Høgsterett som etter lova avgjer søknader om godkjenning av sidegjeremål for dommarane der, og at avgjerdene derfrå skal vere endelege.

Høgsterett peikar på at den reelle skilnaden mellom dagens reglar og forslaga er at ordninga med at det ikkje er høve til å klage over vedtak frå Domstoladministrasjonen, blir utvida til også å gjelde vedtak frå justitiarius i Høgsterett. Om det kan vere aktuelt å avslå ein søknad om sideverv, vil spørsmålet bli lagt fram for dommarane i Høgsterett på eit dommarmøte. Konklusjonen frå møtet vil bli lagt til grunn for avgjerda. Ein negativ konklusjon vil vere grunna i at vervet ikkje let seg sameine anten med arbeidet i domstolen, av di det vil verke negativt for saksavviklinga mv., eller med omsynet til tilliten til Høgsterett og dommarane der.

Det sentrale spørsmålet i lovsaka er om Dom­stoladministrasjonen skal kunne tvinge Høgsterett til å akseptere eit sideverv for ein dommar i en situasjon der domstolen sjølv ser det slik at sidevervet vil gå ut over arbeidet i domstolen eller ha negativ effekt for den tilliten som domstolen og dommarane der er avhengige av. I tilfeller der domstolen av arbeidsmessige omsyn ikkje samtykker til eit sideverv, vil ei overprøving av domstolen si avgjerd etter høyringsinstansen sitt syn kunne gripe direkte inn i den dømmande verksemda, det vil seie i avviklinga og gjennomføringa av den.

Praksis for kva ein dommar kan ta på seg av sideverv må etter høyringsinstansen sitt syn vere ein annen for dommarane i Høgsterett enn for andre dommarar. Tunge samfunnsmessige omsyn kan tilseie at nettopp ein dommar i Høgsterett tar på seg spesielle sideverv, også om vervet er krevjande. Domstolen nemner enkelte døme på at høgsterettsdommarar har tatt på seg sideverv som leiar for utval og leiar for styret for Domstoladministrasjonen. Oppnemninga var i desse sakene ikkje avhengig av eit formelt samtykke, men det er etter Høgsteretts syn ikkje tvil om at domstolen sin tilslutnad var avgjerande for oppnemninga. Men ein lyt vege samfunnsmessige omsyn mot andre viktige omsyn, mellom anna omsynet til saksavviklinga og til at sideverv ikkje må gå ut over tilliten til domstolen og dommarane. Det sistnemnde omsynet veg særleg tungt for Høgsterett. Høgsterett har difor ført ein meir restriktiv praksis for godkjenning av sidegjeremål enn tilfellet har vore ved andre domstolar.

I høyringsfråsegna blir det vidare opplyst at forslaga til endring av domstollova § 121 d var forankra i ei samrøystes oppfatning i eit dommarmøte. Det blir opplyst at dommarane i domstolen ser på høvet til å kunne klage som mindre viktig enn dei nemnde omsyna til arbeidet i Høgsterett og tilliten til domstolen. Høgsterett meiner at vi bør ha ei ordning som sikrar at praksis kan bli gjenstand for offentleg ordskifte, og opplyser at domstolen hadde reglar om registrering og godkjenning lenge før slike ordningar blei innførte for alle dommarar. Opplysningane om sideverva til den ein­skilde dommar har vore tilgjengelege for alle. Høyringsinstansen opplyser vidare at praksis i domstolen ved fleire høve har vore omtalt i media, også etter initiativ frå domstolen sjølv.

Endeleg nemner Høgsterett at det, som følgje av domstolen si stilling som eit forfatningsorgan, er etablert særordningar for domstolen i viktige administrative spørsmål, mellom anna ved at Høgsterett har sitt eige kapittel i statsbudsjettet og at lønna til dommarane der blir fastsett av Stortinget etter innstilling frå presidentskapet.

Leiaren for Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker sluttar seg til forslaget om at justitiarius i Høgsterett skal godkjenne sidegjeremål for dommarane der. Høyringsinstansen forstår argumenta for at Domstoladministrasjonen skal treffe avgjerda, men meiner jamvel at Høgsteretts posisjon som øvste domstol taler for at avgjerda skal treffast av justitiarius med endeleg verknad. Det avgjerande for vurderinga er at ei eventuell overprøving og tilsidesetjing frå Domstoladministra­sjonens side vil gripe direkte inn i Høgsteretts eiga vurdering av kva for verv som let seg sameine med arbeidet i Høgsterett. Til samanlikning nemner leiaren for Kommisjonen at om det i ei sak for Høgsterett på førehand blir reist spørsmål om habiliteten for ein dommar, kan det setjast rett for å avgjere habilitetsspørsmålet. Avgjerda frå Høgsterett er endeleg, og kan sjølvsagt ikkje påklagast eller bringast inn for Domstoladministrasjonen. Sjølv om det må skiljast mellom domstolen si dømmande verksemd og forvaltningsverksemd, taler vektige grunnar for same løysing ved vurdering av sidegjeremål.

Den norske Dommerforening har ikkje merknader til forslaga til endring for dommarane i Høgsterett, korkje til å overføre mynde til justitiarius for domstolen eller til å gjere unnatak frå klageretten. Asker og Bærum tingrett har slutta seg til same syn.

Den Norske Advokatforening (Advokatforeininga) støttar forslaga til endring av domstollova § 121 d. Høyringsinstansen meiner at Høgsterett ikkje kan vurderast på line med andre domstolar når det gjeld forhold som kan ha ei side til domstolen sitt sjølvstende, autoriteten som forfatningsorgan og verkemåten. Høyringsinstansen meiner at det må vere ein føresetnad for at Høgsterett skal kunne utøve sine oppgåver, at domstolen sjølv kan leggje opp sitt eige arbeid og vere uavhengig av andre offentlige styringsorgan i spørsmål som kan verke inn på domstolens disponering av ressursar, sjølvstende og funksjonsevne. Ved vurderinga av om det er behov for ei klageordning, må ein etter foreininga sitt syn ta omsyn til at embetet som høgsterettsdommar stiller andre krav enn andre dommarstillingar, og at Høgsterett med sine dommarmøte har utvikla ein kollegial rådslagingsform med høve for den einskilde dommar til å gi uttrykk for sitt syn. Ei ordning med at justitiarius i Høgsterett med endeleg verknad skal avgjere søknader om sidegjeremål for dommarane der, står ikkje i vegen for ein open debatt om den praksis som blir følgd.

Også Forsvarergruppen av 1977 støttar forslaga om endring av domstollova § 121 d. Etter foreininga sitt syn inneber gjeldande system ei prinsipielt uheldig overstyring av Høgsterett. Omsyna til openheit og offentleg ordskifte bør etter høyringsinstansen sitt syn vike for omsyna til at Høgsterett sjølv bør forvalte sitt eige sjølvstende og fordele arbeidsmengda blant dommarane der. Det er fullt mogleg å innføre ei ordning der Høgsterett gjer offentleg saker til handsaming og dei omsyna som er tatt ved avgjerda. Den einskilde dommar i Høgsterett vil ikkje vere forhindra frå å debattere domstolen sin praksis offentleg.

Professor Johan Giertsen meiner at det er justitiarius i Høgsterett som med endeleg verknad bør avgjere søknader om godkjenning av sidegjeremål frå dommarar i Høgsterett.

Borgarting lagmannsrett ser ikkje at det er grunn til å endre domstollova § 121 d, og viser til dei omsyna som er nemnde i høyringsbrevet for å halde fram med dagens ordning. Høyringsinstansen meiner at det vil vere uheldig om det utviklar seg eit anna sidegjeremålsregime i Høgsterett enn i dei andre domstolane. Domstolen ser ikkje bort ifrå at eit slikt regime vil kunne påverke spørsmålet om godkjenning av søknader frå dommarar i ting­rettane og lagmannsrettane.

Domstoladministrasjonen viser til tidlegare fråsegner om forslaga til endring av domstollova § 121 d. Der nemner høyringsinstansen at det ikkje blei gjort ei særskild vurdering av Høgsterett da Domstoladministrasjonen og systemet med godkjenning av sidegjeremål blei oppretta, og at ein bør sjå endringsforslaga i samband med dei negative sidene ved å ha eit system som blir lukka andsynes andre ved at ei verksemd eller ein institusjon styrer seg sjølv. Under førebuingane til opprettinga av Domstoladministrasjonen blei ei alternativ løysing med ein administrasjon styrt direkte av domstolane, forkasta, under tilvising mellom anna til ulempene ved eit lukka system. Forslaga til endring av domstollova § 121 d krev etter Domstoladministrasjonen sitt syn ei breiare og meir prinsipiell utgreiing. Høyringsinstansen viser til at Domstoladministrasjonens posisjon som ein uavhengig administrator av domstolane omfattar også Høgsterett i ei sak av denne karakter, og til at forslaget om at vedtak frå justitiarius ikkje skal kunne påklagast, vil gi ei anna ordning for Høgsterett enn det dei andre domstolane og deira dommarar har. Slik saka ligg føre i dag, er Domstoladministrasjonen skeptisk til forslaga.

2.3.5 Departementet si vurdering

Alt under førebuinga av dagens reglar ga Høgsterett uttrykk for at myndet til å godkjenne sidegjeremål for dommarane der, bør liggje til justitiarius. Proposisjonen inneheld likevel ikkje ei drøfting av dette spørsmålet. Departementet kjenner ikkje til døme på at avgjerder om sidegjøremål i Høgsterett er klaga inn for Domstoladministrasjonen, slik lova i dag opnar for.

Dommarane i Høgsterett står i ei særstilling samanlikna med dommarane i dei andre domstolane. Som nemnd i høyringsbrevet, veg omsynet til sams praksis som i andre domstolar difor ikkje så tungt. Dette kan tale for den løysinga som Høgsterett sjølv har gått inn for. Men ein må også sjå på andre sider av saka. For det første er det naturleg å spørje kven av dei to instansane – Høyesterett eller Domstoladministrasjonen – som har dei beste føresetnadane for å vurdere verknadane av at ein dommar tek på seg eit sidegjeremål. Vidare er det nærliggjande å spørje kva for ei løysing som legg best til rette for openheit og offentleg ordskifte rundt spørsmål om godkjenning, og til slutt kva omsynet til den einskilde dommar i Høgsterett tilseier.

Ved handsaming av søknadar om godkjenning av sidegjeremål må det vurderast om oppdraget kan føre til at det ordinære dommararbeidet kan bli hemma eller forseinka. Denne vurderinga er det utan tvil Høgsterett som har best grunnlag for å gjere. Dei andre sidene av vurderinga – som i stor grad gjelde sjølvstende, tillit og kompetanseutvikling – er det vanskelegare å seie noko sikkert om. Med Høgsteretts framifrå faglege kvalifikasjonar, utkikkspunkt og erfaringar, ligg det nær å peike på domstolen. Men spørsmålet om kva for verknader det har for sjølvstende, tillit og kompetanse at ein dommar utførar eit sidegjeremål (eventuelt avstår frå gjeremålet), er i liten grad av juridisk art. Strengt tatt er det vel bare systematiske undersøkingar av sosiologisk art som kan gi svar på dette. Både Høgsterett og Domstoladministrasjonen kan ha sine meiningar, men ingen av dei sit med fasiten om dette.

Ordninga med registrering av sidegjeremål sikrar at allmenna kan bli informert om dei sidegjeremåla som er godkjend. Men spørsmålet om dommarane har sidegjeremål som dei ikkje burde hatt, er ikkje det einaste gyldige og relevante. Ein bør også kunne diskutere om dommarane bør ha fleire sidegjeremål enn det som faktisk blir tillete. I eit slikt perspektiv kan det være av verdi at godkjenningssystemet blir organisert på ein måte som inneber at allmenna får kjennskap også til tilfeller der godkjenning blir nekta. Det ligg nær å tru at sjansen for dette er størst om siste ord i spørsmål om godkjenning blir liggjande utanfor domstolen sjølv, mellom anna fordi det ofte ligg nærare å avklare eit spørsmål munnleg internt i eit organ enn om kontakten skal krysse organisatoriske grenser. For at dette skal ha praktisk betyding, er ein på den andre sida avhengig av at dommarane i Høgsterett faktisk vil bruke klageretten.

I utgangspunktet ligg det nær å rekne det som ein fordel for den einskilde dommar i Høgsterett at det er høve til å klage ei avgjerd om sidegjeremål til eit eksternt organ. Kor stor verdi dette har i praksis, er usikkert. Departementet har merka seg at Dommerforeininga ikkje har tatt til orde for at klageretten skal førast vidare.

Slik departementet ser det, finst det vektige argument både for og imot dei forslaga som justitiarius i Høgsterett har kome med. Ut frå det saka gjeld, har departementet kome til at det er naturleg å legge avgjerande vekt på den breie støtta som forslaga har fått under høyringa. Ein viser til domstollova § 121 d i lovutkastet.

Til forsida