Ot.prp. nr. 102 (2008-2009)

Om lov om endringar i domstolloven mv. (godkjenning av sidegjeremål for dommarar mv.)

Til innhaldsliste

5 Merknader til dei enkelte endringsforslaga

Om endringane i domstolloven

Til § 54

I første ledd er orda «med beste karakter», fjerna. Vidare er orda «eller mastergrad i rettsvitenskap» lagt til som eit alternativ til juridisk embetseksamen. I andre og tredje ledd er orda «med beste eller næstbeste karakter», fjerna, og alternativet «eller mastergrad i rettsvitenskap» er lagt til.

Fjerning av karakterkrava er ein konsekvens av at dei juridiske fakulteta har gått over frå å gje talkarakterar til å gje bokstavkarakterar, slik det følgjer av universitets- og høgskoleloven § 3-9, og av at dei ikkje lenger gir ein samla karakter for heile studiet. For dommarar følgjer det av domstolloven § 55 at det framleis gjeld høge krav til faglege kvalifikasjonar. Endringane inneber ikkje at det for nokon av stillingane skal leggjast mindre vekt på karakterar ved utnemningar enn før. Ein viser til punkt 3.6 i dei alminnelege merknadene.

Tilføying av alternativet «eller mastergrad i rettsvitenskap» i alle ledd av føresegna er ein konsekvens av at juridisk embetseksamen er erstatta med graden master i rettsvitskap ved dei juridiske fakulteta.

Til § 121 c første ledd

Nr. 5 er forslag til ein ny regel om plikt for dommarar til å søkje om godkjenning før dei tar på seg sidegjeremål i form av gransking. Forslaget er omtalt i punkt 2.2.

Med «gransking» meinast eit oppdrag som går ut på å undersøkje dei faktiske tilhøva ikring ei hending eller ei serie hendingar, og vurdera om det aktuelle faktum inneber at nokon har brote rettsreglar (eventuelt også etiske normer). I mange tilfeller blir granskaren også beden om å uttale seg om behov for nye reglar, arbeidsmåtar eller liknande. Ved at regelen gjeld sidegjeremål i form av gransking, jf. § 121 c første ledd jf. § 121 a, fell granskingar som inngår i dommarembetet, utanfor plikta til å søkje om godkjenning.

Forslaget gjeld både deltaking i granskingsutval og granskingskommisjonar og oppdrag som einegranskar. I utgangspunktet skil den nye regelen ikkje mellom gransking i offentleg og privat regi, men temaet for granskinga kan ha mykje å seie for vurderinga av om samtykkje skal gjevast. Med den nye regelen blir det ikkje lenger naudsynt å vurdere om ei gransking blir omfatta av § 121 c første ledd nr. 3, 4 eller 5. Kravet om samtykkje gjeld ikkje i tilfeller der oppnemninga blir gjort av Stortinget eller Kongen i statsråd, sjå § 121 c andre ledd nr. 1.

Endringa i nr. 7 er av rein språkleg karakter.

Til § 121 d

Første ledd får eit nytt tredje punktum som inneber at primærkompetansen til å godkjenne sidegjeremål for dommarar i Høgsterett blir flytta frå Domstoladministrasjonen til justitiarius i Høgsterett. Justitiarius skal med andre ord ikkje lenger utøve myndet på grunnlag av delegasjon frå Domstoladministrasjonen. Ein viser til punkt 2.3. Spørsmål om godkjenning av sidegjeremål for justitiarius i Høgsterett vil måtte avgjerast gjennom diskusjon i dommarkollegiet og ei formell avgjerd frå eldste dommar i samsvar med konklusjonen der.

Endringane i andre ledd går ut på at justitiarius sine avgjerder om sidegjeremål skal vere endelege, og altså ikkje lenger kunne påklagast til Domstoladministrasjonen. Det same må gjelde for tilfeller der avgjerda gjeld justitiarius sjølv, og er tatt av eldste dommar på grunnlag av diskusjon i dommarkollegiet.

Til §§ 218, 219, 220 og 223

Kravet til juridisk embetseksamen etter desse føresegnene er supplert med alternativet «eller mastergrad i rettsvitenskap». Endringane er ein konsekvens av at dei juridiske fakulteta ikkje lenger tildel juridisk embetseksamen, men graden master i rettsvitskap.

Til § 241 første ledd

I første punktum er «mastergrad i rettsvitenskap» lagt til som eit alternativ til juridisk embetseksamen. Endringa følgjer av at dei juridiske fakulteta ikkje lenger tildel juridisk embetseksamen, men graden master i rettsvitskap.

Tredje punktum er fjerna. Denne endringa er ein konsekvens av forslaget om at krava om «beste karakter» i § 54 første ledd og straffeprosessloven § 56 første ledd opphevast. Endringa er av berre teknisk art.

Om endringane i rettshjelploven

Til § 11 andre ledd nr. 5

Arbeidsmiljøloven av 4. februar 1977 nr. 4 er oppheva og erstatta med lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv av 17. juni 2005 nr 62. Rettshjelploven si tilvising til arbeidsmiljøloven blei ikkje endra då ny arbeidsmiljølov blei satt i kraft 1. januar 2006. Departementet foreslår difor å endre denne no.

Til § 27 andre ledd

Rettshjelploven sine tilvisingar til tvistemålsloven blei endra i samband med at tvisteloven ble satt i kraft. Ved eit mistak blei tilvising til tvistemålsloven i rettshjelploven § 27 oversett i dette lovarbeidet. Departementet foreslår difor no å erstatte tilvisinga til tvistemålsloven med ei tilvising til tvisteloven. Endringa medfører ikkje nokon realitetsendring.

Om endringane i straffeprosessloven

Til §§ 55, 57, 67, 68, 76, 395 og 399

Kravet til juridisk embetseksamen etter desse føresegnene er supplert med alternativet «eller mastergrad i rettsvitenskap». Endringane er ein konsekvens av at dei juridiske fakulteta ikkje lenger tildel juridisk embetseksamen, men graden master i rettsvitskap.

Til § 56 første ledd

Orda «med beste karakter» er fjerna. Vidare er «mastergrad i rettsvitenskap» lagt til som eit alternativ til juridisk embetseksamen. Bakgrunnen for å fjerne karakterkravet er den same som for endringane i domstolloven § 54. Ein viser til særmerknadene til endringane i denne føresegna og til punkt 3.6. Alternativet «mastergrad i rettsvitenskap» er ein konsekvens av at juridisk embetseksamen er erstatta med graden master i rettsvitskap ved dei juridiske fakulteta.

Om endringa i lov om nordisk arrestordre § 24 nr. 3

Ved lov 19. september 2008 nr. 77 om pågripelse og overlevering mellom de nordiske stater på grunn av straffbare forhold (nordisk arrestordre) blei det vedteke eit nytt fjerde ledd i § 24 i utleveringsloven (lov 13. juni 1975 nr. 39). Den aktuelle delen av lovvedtaket har følgjande ordlyd:

«Endringen i utleveringsloven § 9 trer i kraft straks.»

Endringa er ein inkurie (slik det også er opplyst i ei note til lova på Lovdata). Departementet foreslår difor no at ho opphevast.

Om ikraftsettinga

Lova trer i kraft frå den tid Kongen bestemmer. Dei ulike føresegnene kan settast i kraft til ulik tid. Det er ikkje naudsynt med overgangsregler. Endringane i domstolloven om godkjenning av sidegjeremål vil ikkje gjelde for sidegjeremål som dommarar allereie har takka ja til før lova trer i kraft.

Til forsida