Ot.prp. nr. 102 (2008-2009)

Om lov om endringar i domstolloven mv. (godkjenning av sidegjeremål for dommarar mv.)

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Ingen av dei endringane som blir foreslått, vil ha økonomiske eller administrative konsekvensar av betyding. Forslaget til eit nytt punkt nr. 5 i domstolloven § 121 c første ledd, inneber ei viss utviding av dommarane si plikt til å søkje om godkjenning av sidegjeremål. Aukinga i talet på slike søknadar må likevel reknast å bli så lita at det ikkje er tale om nemneverdige konsekvensar av økonomisk eller administrativ art. Eventuelle meirutgifter vil bli dekka innanfor gjeldande budsjett. Overføringa av myndet til å godkjenne sidegjeremål for dommarane i Høgsterett frå Domstoladminstrasjonen til justitiarius i domstolen inneber i prinsippet ei administrativ forenkling, men vil ikkje gi ei reell innsparing.

Til forsida