Ot.prp. nr. 102 (2008-2009)

Om lov om endringar i domstolloven mv. (godkjenning av sidegjeremål for dommarar mv.)

Til innhaldsliste

3 Krav til karakterar for dommarar, riksadvokat mv.

3.1 Innleiing

Lovgjevinga krev at innehavaren av enkelte stillingar må ha juridisk embetseksamen. For nokre av desse stillingane er det også krav om eksamenskarakterar over eit visst nivå. Det følgjer av domstolloven § 54 at dommarane i Høgsterett, førstelagmenn og lagmenn må ha «juridisk embetseksamen med beste karakter». Det same gjeld riksadvokaten, jf. straffeprosessloven § 56. Lagdommarar, dommarar i tingretten og dommarfullmektigar må ha «juridisk embetseksamen med beste eller næstbeste karakter», jf. domstolloven § 54 andre og tredje ledd.

I løpet av dei siste åra er namnet på dei ulike gradene ved universiteta endra, slik at juridisk embetseksamen er avløyst av graden master i rettsvitskap. Vidare er karaktersystemet ved dei juridiske fakulteta endra frå talkarakterar til det systemet som nå kjem til uttrykk i universitets- og høgskoleloven (lov 1. april 2005 nr. 15). Etter universitets- og høgskoleloven § 3-9 sjette ledd skal «[v]urderingsuttrykket ved eksamen, prøve, bedømmelse av oppgave eller annen vurdering … være bestått/ikke bestått eller en gradert skala med fem trinn fra A til E for bestått og F for ikke bestått». Endringane, som mellom anna inneber at kandidatane ikkje lenger får ein gjennomsnitts- eller hovudkarakter, reiser spørsmål om kva som nå skal liggje i krava om «beste» eller «næstbeste» karakter.

3.2 Gjeldande rett

Domstolloven § 55 andre ledd slår fast at det til dommarar

«bør utnevnes personer som tilfredsstiller høye krav til faglige kvalifikasjoner og personlige egenskaper. Dommere til Høyesterett, lagmannsrettene og tingrettene bør rekrutteres blant jurister med forskjellig yrkesbakgrunn.»

Vidare stiller domstolloven altså særskilde krav til eksamenskarakterane. Etter § 54 første ledd skal høgsterettsdommarar, førstelagmenn og lagmenn ha juridisk embetseksamen med «beste karakter». Det same gjeld for riksadvokaten, jf. straffeprosessloven § 56. Lagdommarar, tingrettsdommarar og dommerfullmektigar skal etter domstolloven § 54 andre og tredje ledd ha juridisk embetseksamen med «beste eller næstbeste karakter». Lova har vært tolka slik at beste karakter er sams med det som var «laud» (karakteren 2,75 eller betre), og nest beste karakter med det som var «haud» (alle ståkarakterar dårlegare enn 2.75).

Etter at karaktersystemet blei endra til å angi bokstavkarakterar, kan det vere tvil om korleis karakterkrava skal tolkast. Ordlyden kan tale for ein med «beste karakter» må forstå karakteren A, og med «næstbeste karakter» karakteren B. Fordi karakteren A ikkje femner om alt det som låg i «laud», er det likevel ikkje ei uproblematisk tolking. I dag dekkjer karakterane A og B til saman omtrent det som tidligare var «laud.

3.3 Utenlandsk rett

Ut over kravet om juridisk embetseksamen, stiller ikkje dansk eller svensk rett krav til særskilde eksamensresultat for å kunne utnemnast som dommar.

I Danmark gir rettsplejeloven § 43 følgjande regel:

«Besættelsen af dommerstillinger skal ske ud fra en samlet vurdering af ansøgernes kvalifikationer til den pågældende stilling. Der skal herved lægges afgørende vægt på ansøgernes juridiske og personlige kvalifikationer. Også bredden i ansøgernes juridiske erfaringsgrundlag skal tillægges vægt, ligesom det skal indgå i vurderingen, at der ved domstolene bør være dommere med forskellig juridisk erhvervsbaggrund.»

I § 42 stiller den danske lova krav om juridisk embetseksamen.

Sverige har et system for dommarrekruttering som på vesentlege punkter skil seg frå det norske. Som nemnt er det heller ikkje der lovfesta noko krav om at den som skal bli dommar må ha oppnådd eit visst karakternivå i si juridiske utdanning (ut over bestått kandidateksamen).

Vidare nemner departementet at det i internasjonale domstolar er stilt krav til dommarane sine kvalifikasjonar. EMK artikkel 21 nr. 1 stiller følgjande krav til dommarane i Den europeiske menneskerettsdomstolen:

«Dommerne skal ha høy moralsk karakter og må enten sitte inne med de kvalifikasjoner som kreves for å bli utnevnt til høye juridiske embeter, eller være rettskyndige personer med anerkjent kompetanse.»

I statuttane til Haag-domstolen (International Court of Justice) artikkel 2 heiter det:

«The Court shall be composed of a body of independent judges, elected regardless of their nationality from among persons of high moral character, who possess the qualifications required in their respective countries for appointment to the highest judicial offices, or are jurisconsults of recognized competence in international law.»

Artikkel 36 i statuttane til den internasjonale straffedomstolen (International Criminal Court, ICC) inneheld krav til dommarane der. Artikkel 36 nr. 3 seier:

«3. (a) The judges shall be chosen from among persons of high moral character, impartiality and integrity who possess the qualifications required in their respective States for appointment to the highest judicial offices.

(b) Every candidate for election to the Court shall:

(i) Have established competence in criminal law and procedure, and the necessary relevant experience, whether as judge, prosecutor, advocate or in other similar capacity, in criminal proceedings; or

(ii) Have established competence in relevant areas of international law such as international humanitarian law and the law of human rights, and extensive experience in a professional legal capacity which is of relevance to the judicial work of the Court;

(c) Every candidate for election to the Court shall have an excellent knowledge of and be fluent in at least one of the working languages of the Court.»

3.4 Høyringa

3.4.1 Høyringsbrevet

I brev 6. november 2002 sende departementet på høyring forslag om lovendringar som følgje av nytt karaktersystem. Forslaget der går ut på at domstolloven § 54 og straffeprosessloven § 56 ikkje lenger skal innehelde krav til eksamenskarakter (berre til alder og til juridisk embetseksamen). For det tilfellet at nokre av karakterkrava skal førast vidare, spurde departementet vidare om desse i så fall bør gjevast i forskrift. Høyringsfristen blei satt til 1. mars 2003. Høyringsbrevet blei send til:

  • Universitetet i Oslo

  • Universitetet i Bergen

  • Universitetet i Tromsø

  • Utdannings- og forskingsdepartementet

  • Høgsterett

  • Lagmannsrettane

  • Domstolane i førsteinstans

  • Riksadvokaten

  • Regjeringsadvokaten

  • Generaladvokaten

  • Den norske Dommerforening

  • Norges Juristforbund

  • Den Norske Advokatforening

Den 22. januar 2003 sende departementet eit brev til ytterlegare seks adressatar, med tilvising til at dei lovendringane som var foreslått, reelt sett ville få verknader for fleire enn dommarar, dommarfullmektigar og riksadvokat (sjå punkt 3.5). Departementet gjorde merksam på høyringsfristen 1. mars same år, og bad om ei melding dersom adressaten ville kome med ei fråsegn seinare. Dette brevet blei send til:

  • Finansdepartementet

  • Landbruksdepartementet

  • Sosialdepartementet

  • Sivilombodsmannen

  • Trygderetten

  • Verdipapirsentralen

Følgjande svarte at dei ikkje har eller vil gi merknader:

  • Finansdepartementet

  • Sosialdepartementet

  • Høgsterett

  • Oslo skifterett og byrkrivarembete

  • Solør tingrett

  • Trygderetten

3.4.2 Høyringsinstansane sitt syn. Forslag frå Domstoladministasjonen

Dei fleste høyringsinstansane som har uttalt seg, støttar forslaget om å fjerne karakterkrava.

Borgarting lagmannsrett meiner at karakterkrava er ein anakronisme, og bør opphevast. Domstolen viser til at det ved utnemning av dommarar alltid er naudsynt å vurdere om søkjarane sine juridiske kvalifikasjonar er gode nok. Borgarting lagmannsrett meiner vidare at det ikkje er grunn til å ha to ulike aldersgrenser for dommarar, og går inn for at domstolloven § 54 første og andre ledd blir slått saman til ei generell føresegn med 30 års aldersgrense og krav til juridisk embetseksamen («embetseksamen» berre om omgrepet blir oppretthaldt).

Senja tingrett meiner det er tilstrekkeleg at lova krev at den som skal fylle ei av dei aktuelle stillingane, har juridisk embetseksamen. Høyringsinstansen har også einskilde merknader av meir lovteknisk karakter.

Hadeland og Land tingrett er samd i forslaga i høyringsbrevet, og meiner at det av prinsipielle og praktiske grunnar er på tide å oppheve kravet om beste og nestbeste karakter. Det må etter domstolen sitt syn vere tilstrekkelig med eit lovbestemt krav om at alle dommarar skal ha juridisk embetseksamen. Vidare har Hadeland og Land tingrett nokre merknader til aldersgrensene for å bli dommar.

Riksadvokaten har ikkje negative merknader til innhaldet i endringsforslaga, men nemner at kravet om «beste karakter» nok har hatt verknad først og fremst som ei retningsline for skjønnsutøvinga. Også i valet mellom søkarar med laud, har dagens føresegner vært eit argument for at det skal leggjast vekt på kor god karakter den einskilde søkar har. Riksadvokaten tilrår at det blir sagt i lovforarbeida at det framleis bør leggjast til grunn at dei aktuelle stillingane krev så gode faglege kvalifikasjonar at karakteren må få vekt.

Regjeringsadvokaten meiner at slik dei nye karakterane blir praktiserte, er det vanskeleg å ha eit karakterkrav i lova. På denne bakgrunnen er han samd i at kravet berre bør referere seg til at juridisk embetseksamen er bestått.

Universitetet i Bergen er samd i at karakterkravet bør fjernast, og uttaler:

«Det juridiske fakultet mener at domstolloven § 5[4] og straffeprosessloven § 56 samt eventuelt andre bestemmelser som stiller tilsvarende krav til formell utdanning, bør endres slik at det bare kreves at innehaveren av de aktuelle stillinger har juridisk utdannelse gjennom et universitetsstudium. Som det fremgår av oversendelsesbrevet fra kollegiet, er ikke begrepsbruken i departementets høringsbrev i samsvar med dagens terminologi. I dag tildeles ikke de ferdige kandidater graden «juridisk embetseksamen», men får tittelen «cand jur». De aktuelle bestemmelsene må derfor avspeile de titler som universitetene benytter. Når den nye studieordningen trer i kraft, blir tittelen «master i rettsvitenskap». I fremtiden vil det derfor finnes personer som kan være aktuelle for de nevnte stillinger som enten har juridisk embetseksamen, cand.jur-eksamen eller har master i rettsvitenskap. De aktuelle bestemmelsene må derfor avspeile de titlene som universitetene benytter. Selv om de to førstnevnte titler etter hvert vil forsvinne, vil det i lang tid være personer med alle tre typer vitnemål som kan tenkes å søke. De aktuelle bestemmelser bør derfor nevne alle tre gradene.

Det juridiske faktultet vil fraråde at det benyttes konkrete karakterkrav for tilsetting i bestemte stillinger. Når den nye studieordningen trer i kraft, vil ikke kandidatene få noen hovedkarakter, og et særlig karakterkrav vil da vanskelig kunne gjennomføres. Som departementet fremhever i sitt høringsbrev, er det neppe realistisk å tilsette kandidater med svake karakterer som for eksempel riksadvokat, høyesterettsdommer etc. Det vil trolig være opp til tilsettingsmyndigheten å fastsette kvalifikasjonskrav. Det er ikke lenger mulig, og trolig heller ikke ønskelig å lovfeste kvalifikasjonskrav i form av et krakterkrav. Dersom en skulle finne behov for å oppstille visse minstekrav for tilsetting i visse stillinger, antar en at dette kan skje gjennom en intern instruks til tilsettingsmyndighetene.»

Også Universitetet i Oslo har nemnt at juridisk embetseksamen går over til å heite «master i rettsvitenskap». Høyringsinstansen er elles samd i forslaga til lovendringar. Når det gjeld kravet om beste karakter for høgsterettsdommarar mv., understrekar Universitetet i Oslo at det berre er tale om ei lovteknisk justering på grunn av endringane i karakterskalaen. Høyringsinstansen legg til grunn at det framleis er personar med juridiske kvalifikasjonar ut over bestått juridisk embetseksamen som skal ha desse stillingane, og meiner at dette bør presiserast i førearbeida.

Vidare stør også Utdannings- og forskingsdepartementet (nå Kunnskapsdepartementet), Nordhordland tingrett, Trondheim byfogdembete, Den Norske Advokatforening, forslaga i høyringsbrevet.

Landbruksdepartementet nemner at det ikkje ser problem for ankenemnda etter naturskadeloven om domstolloven blir endra. Høyringsinstansen har inga særskilt oppfatning av om karakterkravet i § 54 bør endrast.

Nokre høyringsinstanser er meir avventande eller kritisk til forslaga.

Generaladvokaten er samd i at karakterkrava i domstolloven § 54 og straffeprosessloven § 56 ikkje er lette å bruke med det nye karaktersystemet. Han har ikkje sterke synspunkt på om det framleis bør vere slike krav, men viser til at ein finn krav om særskild kompetanse for somme stillingar av stor samfunnsmessig vekt også i nyare europeisk lovgjeving. Høyringsinstansen viser til EMK artikkel 21 om krav til dommarane ved Den europeiske menneskerettsdomstolen og i artikkel 36 i statuttane for den internasjonale straffedomstolen (ICC), og meiner at dette kan gje grunn til refleksjon også om norsk lovgjeving. Vidare nemner Generaladvokaten at dei juridiske fakulteta (i februar 2003) ikkje er ferdige med omlegginga av karakterskala og studieordning, og at det kan vere grunn til å vente med ei lovendring til dette arbeidet er ferdig.

Også Drammen tingrett peikar på andre løysingar enn høyringsforslaget, og uttaler:

«Alternativet til den løsningen departementet foreslår er å stille skjønnsmessige kvalifikasjonskrav for å markere at det kreves noe meir i faglig henseende enn bestått eksamen. Det kan oppnås ved at det kreves «juridisk embetseksamen med god karakter». Jeg antar en slik løsning er å foretrekke. Den gir ansettelsesmyndigheten og omverdenen et signal, men ikke særlig mer.

Hvis det etableres et skjønnsmessig kvalifikasjonskrav, bør det antakelig gjøres gjeldende for alle dommere, muligens unntatt dommerfullmektiger, og riksadvokaten.»

Stavanger byfogdembete meiner at domstolloven § 54 og straffeprosessloven § 56 bør endrast slik at lova krev juridisk embetseksamen, samstundes med at det blir gitt ein heimel til å fastsette «nærmere karakterskala ved forskrift.» Domstolen meiner at det bør vere faglege kvalifikasjonskrav, det vil seie krav til eksamenskarakterar og praksis etter eksamen, for alle dommarstillingar og riksadvokaten. Høyringsinstansen seier vidare mellom anna:

«En av hovedmålsetningene for domstolene er å utføre et arbeid som har meget høy faglig kvalitet. Det er også innarbeidet i domstolenes virksomhetsplaner. At loven og eventuelt forskrift til loven oppstiller krav til gode kvalifikasjoner har en symbolverdi som korresponderer med krav til høy faglig. Kvalifikasjonskrav i form av gode eksamenskarakterer kan også bidra til å hindre utnevnelse av personer med mindre gode kvalifikasjoner i perioder med liten søkerinteresse.»

Stavanger byfogdembete meier at det bør vere krav til laud for alle dommarembete, dommarfullmektigstillingar og til riksadvokatembetet, og viser mellom anna til erfaring for at dårlegare eksamenskarakterar indikerar dårleg arbeid også seinare. Høyringsinstansen meiner at det bør utformast eit karakterkrav som ligg nær opp mot A, og at det bør vere sams krav for alle dommarstillingar.

Etter at høyringa var avslutta har Domstoladministrasjonen, i eit brev 5. mai 2003 til departementet, tatt opp problemet med tilhøvet mellom karakterkrava i domstolloven § 54 og den nye karakterskalaen. Domstoladministrasjonen meiner at kravet til «beste eller næstbeste karakter» bør erstattast med krav til bestått juridisk embetseksamen. Kravet til «beste karakter» bør etter Domstoladministrasjonens syn bli ståande, men at det blir avklart kva som ligg i kravet under ny karakterskala. Domstoladministrasjonen har òg peika på problemet med at det ikkje lenger gis ein samla karakter for heile studiet, og meiner at det beste vil vere å regne ut eit gjennomsnitt.

3.5 Konsekvensar av eventuelle endringar for andre stillingar

Proposisjonen gjeld krav til eksamenskarakterar for den som skal utnemnast til dommar eller riksadvokat, eller tilsettast som dommarfullmektig. Fordi det elles i lovverket finst ei rekke føresegner om at innehavaren av særskilt nemnde stillingar eller verv må oppfylle vilkåra for å være til dømes høgsterettsdommar, vil verknaden av eventuelle endringar likevel strekkje seg lenger enn til dommarar, riksadvokat og dommarfullmektigar. Lista over dei stillingane og verva som blir råka på dette viset spenner over mange områder, og blir lett forelda på grunn av regelendringar som ikkje først og fremst har utgangspunkt i nye vurderingar om kvalifikasjonskrav. Følgjande liste gir likevel eit inntrykk av rekkevidda.

Dei same krava som gjeld for å bli utnemnd til dommar i Høgsterett, gjeld også for:

  • Arbeidsrettens leiar og nestleiar, jf. arbeidstvistloven § 10.

  • To medlemmar av Noregs Krigsskaderåd og eitt medlem av arbeidsutvalet, jf. lov om Norges Krigsskaderåd § 2.

  • Sivilombodsmannen, jf. ombudsmannsloven § 1.

  • Leiaren, nestleiaren og minst eit anna medlem av Trygderetten, jf. trygderettsloven § 3.

  • Leiaren for kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll, jf. straffeprosessloven § 216 h.

  • Leiaren, nestleiaren og den som trer i staden for dei i ankenemnda for naturskadar, jf. naturskadeloven § 18.

  • Formannen i undersøkingskommisjon ved alvorleg ulykke i forbindelse med petroleumsverksemd, jf. petroleumsloven § 10-10.

  • Leiaren for kontrollutvalet for tiltak mot kvitvasking av utbytte frå straffbare handlingar, jf. hvitvaskingsloven § 31.

  • Det medlemmet og varamedlemmet som staten nemner opp i kontrollkomiteen, jf. finnmarksloven § 16.

  • Leiaren for Finnmarkskommisjonen, jf. finnmarksloven § 29.

  • Leiaren, nestleiaren, eit av dei andre medlemma og eit varamedlem for desse i utmarksdomstolen for Finnmark, jf. finnmarksloven § 36.

  • Leiaren og eit av dei to uavhengige medlemma i nemnda som behandlar klager og særlege tvistar etter forskrift til helseforetaksloven om dei tilsette sin rett til representasjon i regionale helseføretak og styrer for helseføretak, jf. forskrift 15. november 2002 nr. 1287: Forskrift til helseforetakslovens bestemmelser om de ansattes rett til representasjon i regionale helseforetaks og helseforetaks styrer § 16.

  • Leiaren og eit av dei to uavhengige medlemma i nemnda som behandlar søknadar om unntak og tvistar etter forskrift om dei tilsette sin styrerepresentasjon i aksjeselskap og allmennsaksjeselskap, jf. forskrift 18. desember 1998 nr. 1205: Forskrift om ansattes rett til representasjon i aksjeselskapers og allmennaksjeselskapers styre og bedriftsforsamling mv. § 40.

  • Leiaren og eit av dei to uavhengige medlemma i nemnda som behandlar søknadar om unntak og tvistar etter forskrift om dei tilsatte sin rett til representasjon i styre for og bedriftsforsamling i statsforetak, jf. forskrift 20. desember 1991 nr. 838: Forskrift til statsforetakslovens bestemmelser om de ansattes rett til representasjon i statsforetaks styre og bedriftsforsamling mv. § 38.

  • Leiaren og eit av dei uavhengige medlemma i bedriftsdemokratinemnda, jf. forskrift 13. desember 1985 nr. 2096: Forskrift til selskaps­lovens bestemmelser om de ansattes rett til ­representasjon i styringsorganene § 24.

  • Leiaren og nestleiaren i Børsklagenemnda, jf. forskrift 29. juni 2007 nr. 875: Forskrift om ­regulerte markeder (børsforskriften) § 36.

Dei same krava som gjeld for å bli utnemnd til lagdommar, gjeld også for:

  • Leiaren og nestleiaren i nasjonal klagenemnd for opptak gjennom Samordna opptak, jf. forskrift 31. januar 2007 nr. 173: Forskrift om opptak til universiteter og høyskoler § 8-2.

  • Leiaren og nestleiaren i felles klagenemnd, jf. forskrift 10. oktober 2005 nr. 1192: Forskrift om felles klagenemnd for behandling av klagesaker etter lov om universiteter og høyskoler § 4-7 til § 4-10 § 2.

  • Leiaren og varamedlem for leiaren i klagenemnd, jf. forskrift 8. september 2005 nr. 1040: Forskrift om akkreditering, evaluering og godkjenning etter lov om universiteter og høyskoler § 6-1.

  • Leiaren og varamedlem for leiaren i klagenemnd, jf. forskrift 23. april 2008 nr. 391: Forskrift om godkjenning etter fagskoleloven § 10.

  • Leiaren av nasjonal nemnd etter universitets- og høgskoleloven § 4-9 (5).

  • Leiaren og varamedlem for leiaren i klagenemnd etter universitets- og høgskoleloven § 5-1.

Dei same krava som gjeld for å bli utnemnd til ting­rettsdommar, gjeld også for:

  • Leiaren og varamedlem for leiaren i Klagenemnda for meirverdiavgift, jf. merverdiavgiftsloven § 57.

  • Leiaren og nestleiaren i Oljeskattenemnda, jf. petroleumsskatteloven § 6.

  • Leiaren og varamedlem for leiaren i særskild skjønsrett for bygningssaker, jf. plan- og bygningsloven § 60.

  • To av medlemmane i Finnmarkskommisjonen, jf. finnmarksloven § 29.

  • Formannen i administrasjonsstyre, jf. forskrift 24. august 1992 nr. 629: Forskrift om administrasjon av morselskap i forsikringskonsern.

  • Utanriksdepartementet kan i samråd med Justisdepartementet autorisere norske diplomatiske og konsulære tenestemenn som tilfredsstiller krava til tingrettsdommarar, til å ta opp bevis i sivile saker i utlandet, jf. forskrift 28. april 1950 nr. 3419: Forskrift om bevisopptak i sivile saker i utlandet.

  • Leiaren og nestleiaren i skatteklagenemnda, jf. forskrift 7. november 2007 nr. 1229: Forskrift om oppnevning, sammensetning og organisering av skatteklagenemndene § 3.

Dei same krava som gjeld for å bli utnemnd til riksadvokat, gjeld også for generaladvokaten, jf. straffeprosessloven § 472.

3.6 Departementet sitt syn

Høyringa av spørsmåla om lovendring som følgje av nytt karaktersystem ligg noko tilbake i tid. Departementet har likevel ikkje funne det naudsynt med ei ny høyring.

Departementet går inn for å oppheve krava i domstolloven § 54 første ledd og straffeprosessloven § 56 første ledd om «beste karakter» for å kunne bli høgsterettsdommar, førstelagmann, lagmann eller riksadvokat. Vidare går departementet inn for å oppheve kravet i domstolloven § 54 andre og tredje ledd om «beste eller næstbeste karakter» for å kunne bli lagdommar, tingrettsdommar eller dommarfullmektig. Forslaga er ein konsekvens av at desse krava om eit særskilt eksamensresultat ikkje er tilpassa karaktersystemet etter universitets- og høgskoleloven, og av at det etter departementet sitt syn ikkje er behov for ein lovfesta regel om kva for eksamensresultat den einskilde må ha oppnådd. For dommarar følgjer det av domstolloven § 55 andre ledd at det ved utnemning skal stillast høge krav til faglege kvalifikasjonar og personlege eigenskapar. Sjølv om det ikkje kjem til uttrykk i lova, bør det same gjelde ved utnemning av riksadvokat. Det er ikkje meininga med lovforslaget at det skal leggjast mindre vekt på eksamensresultat framover for nokre av stillingane. Det er heller ikkje meininga at det skal leggjast mindre vekt på eksamensresultat ved val mellom fleire kandidatar som begge eller alle har gode karakterar. For utnemning av lagdommarar og dommarar i tingretten og for tilsetting av dommarfullmektigar vil endringa ha korkje formell eller praktisk betyding, sidan kravet til «beste eller næstbeste karakter» som nemnt dekkjer heile skalaen av karakterar for eksamen som er bestått.

Sidan forslaget om å oppheve karakterkrava er av teknisk karakter, og ikkje skal føre til realitetsendringar, er det ikkje grunn til å kommentere ytterlegare den indirekte verknaden som ligg i at ei rekkje andre lover og forskrifter visar til dei kvalifikasjonskrava som gjeld for dommarar eller riksadvokat for andre stillingar eller verv (jf. punkt 3.5 ovanfor).

Departementet går ikkje inn for å endra krava til oppnådd alder, då dette ikkje frå departementets side var gjort til tema for høyringa.

Til forsida