Ot.prp. nr. 42 (2008-2009)

Om lov om endringar i tomtefestelova

Til innhaldsliste

2 Høyringa

Justisdepartementet inviterte 18. desember 2007 til høyringsmøte 10. januar 2008 om endringar i tomtefestelova § 37. Det vart gitt høve til å kome med skriftlege innspel innan 25. januar 2008. Invitasjonen med vedlagt høyringsnotat vart send til følgjande instansar:

Alle departementa

Den Norske Stats Husbank

Forbrukarombodet

Forbrukarrådet

Forsvarets bygningsteneste

Fylkesmennene

Innovasjon Norge

Konkurransetilsynet

Noregs Bank

Regjeringsadvokaten

Reindriftsforvaltninga

Sametinget

Statens landbruksforvaltning

Statens vegvesen / Vegdirektoratet

Statistisk Sentralbyrå

Statsbygg

Bergen kommune

Harstad kommune

Oslo kommune

Porsgrunn kommune

Sarpsborg kommune

Sør-Varanger kommune

Trondheim kommune

AL Norske Boligbyggelags Landsforbund

Asker og Bærum Boligbyggelag AL

Den Norske Advokatforening

Den norske Dommerforening

Eiendomsmeglerforetakenes Forening

Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH)

Finnmarkseigedomen

Grunneierforeningen

Huseiernes Landsforbund

Kommunenes Sentralforbund

Landsorganisasjonen i Norge (LO)

Leieboerforeningen

Norges Bondelag

Norges Eiendomsmeglerforbund

Norges Fjellstyresamband

Norges Huseierforbund

Norges Hytteforbund

Norges Jordskiftekandidatforening

Norges Juristforbund

Norges Skogeierforbund

Norges Statsbaner (NSB)

Norges Takseringsforbund

Norsk Almenningsforbund

Norsk Bonde- og Småbrukarlag

Norske Reindriftsamers Landsforening

NORSKOG

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

Opplysningsvesenets fond

Oslo Bolig og Sparelag (OBOS)

Sparebankforeningen i Norge

Statskog SF

Tomtefesterforundet i Norge

Høyringsmøtet hadde 54 deltakarar. Desse instansane var representerte:

Forsvarsbygg

Kommunal- og regionaldepartementet

Landbruks- og matdepartementet

Statens Landbruksforvaltning

Statsbygg

Vegdirektoratet

Oslo kommune

Sarpsborg kommune

Trondheim kommune

AL Norske Boligbyggelags Landsforbund

Dalan advokatfirma DA

Den Norske Advokatforening

Eiendomsmeglerforetakenes Forening

Grunneierforeningen

Hvaler Grunneierforening

Kommunenes Sentralforbund

Norges Bondelag

Norges Eiendomsmeglerforbund

Norges Skogeierforbund

NORSKOG

Opplysningsvesenets fond

Oslo Bolig og Sparelag (OBOS)

ROM eiendom AS

Siljeholmen Vel

Sparebankforeningen

Statskog SF

Tidsskriftet Byggaktuelt

Tomtefesterforbundet

Wiersholm, Mellbye & Bech advokatfirma AS

I tillegg deltok nokre privatpersonar. I møtet vart det opplyst at det i proposisjonen ikkje ville bli vist til munnlege utsegner på høyringsmøtet. Deltakarane vart oppmoda om å kome med skriftlege innspel i etterkant.

Følgjande 29 instansar har gitt skriftlege høyringsfråsegner:

Barne- og likestillingsdepartementet

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Landbruks- og matdepartementet

Oslo kommune

Gjøvik kommune

Harstad kommune

Trondheim kommune

Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange v/advokat Søren L. Lous

AL Norske Boligbyggelags Landsforbund

AS Eidsvåg Fabrikker

Asker og Bærum Boligbyggelag AL

Dalan advokatfirma DA v/advokat Toril G. Kjøllesdal

Den Norske Advokatforening

Eiendomsmeglerforetakenes Forening

Grunneierforeningen

Hvaler Grunneierforening

Landsorganisasjonen i Norge (LO)

Norges Bondelag

Norges Eiendomsmeglerforbund

Norges Hytteforbund

Norges Skogeierforbund

NORSKOG

Næringslivets Hovedorganisasjon

Opplysningsvesenets fond

Oslo Bolig og Sparelag (OBOS)

ROM eiendom AS

Siljeholmen Vel

Statskog SF

Tomtefesterforundet i Norge

Justisdepartementet har i tillegg mottatt innspel frå nokre privatpersonar. Norges Bondelag og Norges Skogeierforbund har gitt ei sams fråsegn. Barne- og likestillingsdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Næringslivets Hovedorganisasjon har ikkje kome med realitetsmerknader.

Høyringa viser at festarsida går inn for ein rein 20-gongerregel og uttrykker motstand mot ein regel som tek omsyn til tomteverdien. For bortfestarsida er det derimot viktig at bortfestaren framleis skal kunne gjere gjeldande 40-prosentregelen for tidsavgrensa kontraktar. Når det gjeld høyringsinstansar som ikkje representerer berre den eine sida, er biletet meir samansett. AL Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL) og Landsorganisasjonen i Norge (LO) går til dømes inn for ein rein 20-gongerregel, medan Eiendomsmeglernes forening og Norges Eiendomsmeglerforbund ønskjer at 40-prosentregelen blir vidareført.

Eitt par høyringsinstansar har kome med framlegg som ligg noko på sida av dette lovarbeidet. NBBL har gjort framlegg om å forby nye festeavtalar slik at heile festeordninga blir avvikla over tid. Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange ved advokat Søren L. Lous har gjort framlegg om å oppheve føresegna i tomtefestelova § 37 første ledd siste punktum om at tomteverdien ved innløysing ikkje må setjast høgare enn det tomta kan seljast for om det berre er tillate å setje opp det eller dei husa som er på tomta. Desse framlegga blir ikkje drøfta i proposisjonen her.