Ot.prp. nr. 42 (2008-2009)

Om lov om endringar i tomtefestelova

Til innhaldsliste

8 Merknader til lovframlegget

Det er gjort framlegg om to endringar i tomtefestelova § 37 første ledd. Den eine endringa er at 30-gongerregelen i første punktum er erstatta med ein 25-gongerregel. Dette gjeld for både tidsavgrensa og tidsuavgrensa kontraktar. Den andre endringa er at det berre er bortfestaren som skal kunne krevje innløysing etter 40-prosentregelen i andre punktum som gjeld for tidsavgrensa kontraktar. Festaren kan etter framlegget ikkje gjere gjeldande 40-prosentregelen. Samla sett inneber endringane at bortfestaren alltid vil vere sikra eit innløysingsvederlag som svarer til minst 25 gonger oppregulert festeavgift. Det er i kapittel 7 ovanfor gjort nærmare greie for verknadene av endringsframlegget.

Om ein kontrakt er tidsavgrensa eller tidsuavgrensa må avgjerast gjennom konkret avtaletolking. At ein kontrakt kan lengast etter reglane i tomtefestelova § 33, jf. § 34 andre ledd, gjer den ikkje til ein tidsuavgrensa kontrakt i relasjon til tomtefestelova § 37, sjå Sørheimdommen (Rt. 2007 s. 1308 avsnitt 48).