Ot.prp. nr. 80 (2003-2004)

Om lov om endringer i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret, lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak og i enkelte andre lover

Til innhaldsliste

3 Endringar i einingsregisterlova

3.1 Generelt om Einingsregisteret

3.1.1 Bakgrunn

Einingsregisteret vart etablert i 1995, og er regulert i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Einingsregisteret. Bakgrunnen for opprettinga var eit arbeid som hadde vore i gang sidan byrjinga av 1980-åra, med den målsetjinga å samordne offentleg innsamling av informasjon om juridiske personar o.a. Eit av hovudformåla var å innføre eit felles identifikasjonssystem og å samle grunndata over alle juridiske personar. Forslaget tok sikte på å forenkle innsamling av data frå næringslivet, effektivisere ressursbruken i forvaltninga og gjere det lettare å avdekkje økonomisk kriminalitet.

Einingsregisteret fungerer i dag etter intensjonane. Omfanget av juridiske einingar og opplysningar om desse som er registrerte i Einingsregisteret er stadig aukande. Ved utgangen av 2003 inneheldt Einingsregisteret grunndata om ca. 715 000 einingar.

Bruken av eit felles organisasjonsnummer for alle juridiske personar må seiast å vere ein suksess. Det er i dag i praksis utenkjeleg - både for offentleg forvaltning og næringslivet - ikkje å ha dette systemet. Systemet med eit organisasjonsnummer som blir brukt på tvers både i offentleg og privat sektor er framleis relativt unikt i internasjonal samanheng. Organisasjonsnummeret som ein eintydig identifikator er ein avgjerande føresetnad for eit godt samspel (samordning og gjenbruk) om data mellom offentlege etatar, og for enkle og effektive metodar for elektronisk utveksling av informasjon mellom næringsliv og det offentlege.

Ved stortingsbehandlinga vart det understreka at det er behov for å leggje vekt på personvernomsyn ved denne etableringa. Dette vart rekna som særleg viktig i forhold til kven som skal registrerast, kva for opplysningar som skal takast med, kor tilgjengelege opplysningane skal vere, og kvaliteten på og kontrollen med opplysningane og rutinar for ajourhald, mellom anna sletting av opplysningar. Også i den føregåande høyringsrunden vart det lagt stor vekt på spørsmål om rettstryggleik og personvern. Omfanget av lova (særleg registreringsplikta) vart derfor endra noko ved stortingsbehandlinga.

3.1.2 Vurdering

I dag er Einingsregisteret i praksis langt på veg eit fullstendig register over alle juridiske personar, sjølv om det ikkje er generell registreringsplikt. I denne proposisjonen blir det ikkje foreslått utvidingar i den generelle registreringsplikta.

Med bakgrunn i regelverk m.a. innanfor skatt, banksektoren (knytt til kvitvasking o.a.) og lotterisektoren er for eksempel dei aller fleste små næringsdrivande (som ikkje har registreringsplikt i Føretaksregisteret), foreiningar o.l. i dag registrerte i Einingsregisteret og har såleis eit organisasjonsnummer. Det har i hovudsak vore tilsikta verknader av regelendringar på desse områda, og er rekna som nødvendig for å gjennomføre offentlege kontrolltiltak, førebyggje og avdekkje økonomisk kriminalitet o.a. Einingsregisteret har, i samsvar med føresetnadene ved opprettinga, vist seg å vere eit nyttig verktøy.

Det offentlege utarbeider statistikk på svært mange område. Både næringsliv og næringsorganisasjonar har kritisert sterkt dei byrdene som blir lagde på næringslivet i samband med innrapportering av informasjon til statistisk bruk. SSB får ein langt større del av kritikken for det såkalla «skjemaveldet» enn det belastninga skulle tilseie om ein berre vurderer omfanget av skjema frå SSB. Einingsregisteret har til formål å vere med og leggje til rette for gjenbruk av informasjon til statistisk bruk. Det er viktig å ordne Einingsregisteret slik at det blir eit best mogleg verktøy også for statistisk arbeid.

Frå brukarane (einingane) er det ikkje registrert klager eller innvendingar av noko omfang knytt til registrering i Einingsregisteret, bortsett frå klager på saksbehandlingstida i enkelte periodar. Dette blir det arbeidd med kontinuerleg, og m.a. etter ekstraløyvingar ved revidert budsjett 2003 vart kapasiteten utvida.

Frå den andre typen brukarar av Einingsregisteret, offentleg forvaltning, blir det påpeika at kvaliteten ved registeret er noko lågare enn det som er ønskjeleg. Denne proposisjonen inneheld ein del forslag som tek sikte på å gjere det lettare for registeret å halde ein nødvendig høg kvalitet på den registrerte informasjonen, utan å leggje unødig store innrapporteringsbyrder på dei enkelte einingane.

Organisasjonsnummeret er ein viktig identifikator, og er mykje brukt. Det er etablert godt samarbeid om bruken av grunndata generelt i Einingsregisteret med dei større brukarane, særleg skatteetaten, Statistisk sentralbyrå, Rikstrygdeverket og dei andre delane av Brønnøysundregistra. Potensialet for gjenbruk er likevel vesentleg større, dette viser m.a. arbeidet til Oppgåveregisteret. Grunndataområdet er av dei områda der det er størst potensial for meir gjenbruk og dermed forenklingar knytte til innrapporteringar til det offentlege. Dette blir stadig påpeika også av næringsorganisasjonane. Det å stadig måtte gi opp grunninformasjon som adresse, kontaktperson, telefonnummer osv. er ei belastning som næringslivet opplever som svært unødvendig.

3.1.3 Generelle vurderingar frå høyringsinstansane

Høyringsinstansane frå så vel offentleg som privat sektor er opptekne av korleis ein kan få til auka bruk av Einingsregisteret og grunndatainformasjonen der, korleis kvaliteten kan betrast, og korleis ein kan få tilgang til informasjonen. Forslaga i høyringsnotatet får generelt stor støtte.

Særleg tiltak som kan bidra til auka registerkvalitet utan å auke byrdene for dei registrerte, blir framheva. Det vil seie at Einingsregisteret bør kunne hente inn opplysningar frå andre register o.a.

Næringslivets Hovedorganisasjon uttalar:

«NHO mener det er viktig at Foretaksregisteret og Enhetsregisteret innrettes slik at man oppnår å gi registrene stor troverdighet og kvalitet, samtidig som alle endringene innebærer forenkling for næringslivet. Det gjennomgående inntrykket av de mange endringer som foreslås i høringsnotatet, er at endringsforslagene nettopp imøtekommer disse behovene.»

Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen legg i ei felles høyringsfråsegn vekt på tiltak for auka registerkvalitet. Ut frå ønsket om å redusere registreringsbyrdene for dei private sluttar dei seg òg til forslaget om at alle offentlege etatar skal påleggjast å bruke grunndata frå Einingsregisteret. Dei kan ikkje sjå at dette kan ha særlege ulemper med tanke på personvern.

SSB uttalar dette om Einingsregisteret i si høyringsfråsegn:

«Kvaliteten i enheter, strukturer og sammenhengen mellom enhetene og de kjennemerker (grunndata) som er knyttet til disse, er avgjørende for kvaliteten i SSBs ulike statistikker.

God orden og oversikt over enhetene samt entydig identifisering av disse er også nødvendig for å kunne redusere oppgavebyrden for næringslivet gjennom gjenbruk av data og elektronisk datautveksling fra fagsystemene i næringslivet.

Generelt hilser derfor SSB velkommen alle forslag som bidrar til å opprettholde eller bedre kvaliteten i Foretaksregisteret og Enhetsregisteret.»

Forbrukarrådet er generelt positiv til dei foreslåtte endringane. Særleg er ein oppteken av at lovforslaget sikrar forbrukarane betre opplysningar om konkursar, noko som er med på å tryggje at ein tek omsyn til dei krava ein forbrukar kan ha mot ein konkursdebitor.

3.1.4 Departementet sine vurderingar

Utgangspunktet for tilrådingane frå departementet i denne proposisjonen er kva som skal til for å få til eit betre samspel om grunndata. Dette kan både gjere dei administrative byrdene for næringslivet (og andre juridiske personar) lettare og gje ein meir effektiv offentleg sektor.

Det er i dag stor semje i næringslivet og i offentleg forvaltning om at gjenbruk av og samspel om informasjon er nyttig og nødvendig. Næringslivet har klare forventingar til at offentleg sektor har ein effektiv flyt av informasjon seg imellom. Dette samsvarer godt med regjeringa sitt Moderniseringsprogram og målsetjingane om ein «saumlaus offentleg sektor» der private ikkje skal måtte ha kunnskapar om korleis offentleg sektor er organisert. Dette set krav til at det offentlege også tek eit felles ansvar for å ta imot/handtere endrings-/rettingsmeldingar og kanaliserer dei til dei rette registra.

Utfordringa for register generelt, og særleg for Einingsregisteret som eit samordnande register, er å ha god nok kvalitet og då særleg oppdatert informasjon. Samtidig er det ei avveging mot å leggje for store byrder på avgivarane. Erfaring viser at dess meir informasjonen blir brukt, dess betre blir kvaliteten. Altinn er eit godt eksempel på dette. Altinn er ei felles løysing for innrapportering frå næringsliv og andre til det offentlege, og vart teken i bruk i full skala frå januar 2004. Altinn byggjer på at tilgangen for brukarar blir regulert ut frå registreringane av einingar og roller i Einingsregisteret. Som ein konsekvens av dette har Einingsregisteret fått stor pågang av endringsmeldingar i det siste.

Spørsmålet om manglande kvalitet/ajourhald i registeret kan elles òg ha ei side til personvernet. I proposisjonen blir det m.a. derfor lagt vekt på kvalitetsforbetrande tiltak. Både oppgåveregisterlova (lov 6. juni 1997 nr. 35) § 7 og einingsregisterlova § 13 har reglar om plikt til å rette opp feil og om plikt til å varsle andre register om slike feil. På denne bakgrunn er det truleg rett å hevde at bekymringa for at informasjonen kan bli misbrukt innanfor det offentlege eller i privat sektor ved at informasjon kjem på avvegar eller liknande er blitt mindre. Her er det viktig å merke seg at når det gjeld opplysningane i Einingsregisteret, så er dei av ikkje-sensitiv karakter. Heller ikkje fødselsnummer er sensitive personopplysningar etter personopplysningslova, men det er likevel eit klart forbod i einingsregisterlova mot å gje ut slik informasjon til andre enn offentlege register.

Gjennomgangen av teiepliktsreglane som vart gjord då oppgåveregisterlova vart vedteken avklarte ei rekkje spørsmål om utveksling av informasjon mellom offentlege etatar. Regelverket for behandling av personopplysningar finst i personopplysningslova (lov 14. april 2000 nr. 31), og denne lova saman med det aktive arbeidet til Datatilsynet har gjort at også dette området er godt avklart.

Erfaringane med Einingsregisteret og tilhøyrande regelverk så langt viser at det i praksis ikkje har vore problem som gjeld personvern. Dette betyr likevel ikkje at ein kan ta lett på spørsmåla om personvern. Det vil framleis bli lagt stor vekt på dette omsynet i tett samarbeid med Datatilsynet.

3.2 Formålsparagrafen i einingsregisterlova

3.2.1 Innleiing

Einingsregisteret skal «fremme effektiv utnyttelse og samordning av offentlige opplysninger om juridiske personer, enkeltpersonsforetak og andre registreringsenheter», jf. einingsregisterlova § 1. For å redusere oppgåveplikta for næringslivet skal alle tilknytte register «benytte organisasjonsnummer og opplysninger fra Enhetsregisteret», jf. § 1 andre ledd.

I følgje einingsregisterlova er det berre dei tilknytte registra som har plikt til å nytte opplysningane (grunndata) som er registrerte i Einingsregisteret. Med omgrepet «grunndata» meiner ein opplysningar som, med heimel i einingsregisterlova §§ 5 og 6, blir registrerte i Einingsregisteret.

Offentlege organ bruker i stor grad data som er registrerte i Einingsregisteret. Dei største gjenbrukarane av grunndata er naturleg nok dei tilknytte registra (arbeidsgivardelen av Arbeidsgivar-/arbeidstakarregisteret, Føretaksregisteret, Fylkesmennenes register over stiftingar, Meirverdiavgiftsmanntalet, Statistisk sentralbyrås bedrifts- og føretaksregister og Skattemanntalet for etterskotspliktige skatteytarar). Statlege og kommunale organ som ikkje forvaltar tilknytte register, har òg i stadig aukande grad teke Einingsregisteret i bruk som grunndatakjelde. Eksempel på slike organ/register er: Toll- og avgiftsdirektoratet, Oslo kemnerkontor, Statens innkrevjingssentral, Lotteritilsynet og Kredittilsynet. Mengda av data som blir overført, og bruken av data, varierer i stor grad.

I 1997 starta Oppgåveregisteret arbeidet sitt med å redusere oppgåvebelastninga for næringslivet. I følgje Oppgåveregisteret var det i 2003 52 departement, etatar og institusjonar som henta inn opplysningar om næringsdrivande. Desse forvalta til saman ca. 150 register. Dei fleste av registra inneheld i større eller mindre grad grunndataopplysningar. Eit fleirtal av registra hentar grunndataopplysningane direkte frå dei næringsdrivande. Fordi nokre etatar hentar inn opplysningar frå Einingsregisteret gjennom distributør, gir ikkje Oppgåveregisteret ei nøyaktig oversikt over kor mange etatar som nyttar Einingsregisteret som datakjelde. Men det er liten tvil om at det her ligg eit stort samordningspotensial.

Generelt er det store fordelar med å kunne hente grunndataopplysningar i størst mogleg grad frå éi kjelde/eitt register. Ein viktig effekt er at større felles bruk av eitt register normalt fører til hyppigare oppdateringar og dermed betre kvalitet på data.

Skjemareduksjonsprosjektet som vart sett i gang av Nærings- og handelsdepartementet og Arbeids- og administrasjonsdepartementet leverte ved årsskiftet 2001-2002 ein rapport med tittelen Skjemaveldet. Hva er det - hva kan gjøres med det? I punkt 7.3 i rapporten blir det tilrådd at Einingsregisteret i større grad enn i dag skal nyttast som grunndatakjelde. Ein måte å oppnå dette på er i følgje prosjektet å utvide formålsføresegna i einingsregisterlova, slik at alle offentlege organ blir pålagde å nytte seg av Einingsregisteret.

I brev frå næringsministeren datert 18. juni 2002 om reduksjon av byrder på næringslivet knytte til innrapporteringsplikter vart alle offentlege etatar pålagt å nytte grunndata frå Einingsregisteret. I brevet var pålegget grunngitt slik:

«Norge trenger et næringsliv som bidrar til størst mulig verdiskapning i samfunnet. I følge opplysninger fra Oppgaveregisteret anslås norsk næringsliv å bruke over 7 500 årsverk hvert år til utfylling av statlige skjemaplikter. Dette er et høyt tall, særlig når vi vet at oversikten kun omfatter en del av den samlede mengden rapporteringsplikter som pålegges næringslivet.

Forenklinger på et vidt spekter av områder er viktig for Regjeringen. Jeg har på vegne av Regjeringen påtatt meg hovedansvaret for å koordinere moderniserings- og forenklingsarbeidet ovenfor næringslivet. Hovedformålet er at den enkelte næringsdrivende skal bruke mindre ressurser på å forholde seg til offentlig forvaltning, for å få mer tid til verdiskapning. Reduksjon av næringslivets byrder knyttet til innrapporteringer til det offentlige er viktig i denne sammenheng. Regjeringsutvalget for modernisering og forenkling har sluttet seg til mine anbefalinger til tiltak for å redusere disse byrdene. Jeg vil i det følgende redegjøre for disse tiltakene.

...

Enhetsregisteret inneholder grunndata om alle næringsdrivende. Økt gjenbruk av grunndata vil gi besparelser for næringslivet, og også effektivisere den offentlige forvaltningen. Det er derfor også besluttet at alle offentlige etater skal bruke grunndata fra Enhetsregisteret.

De kravene som her stilles er viktige bidrag til forenklingsarbeidet. Svært viktig er også det arbeidet med skjemaforenkling og skjemareduksjon som allerede gjøres i den enkelte etat. Dette er et kontinuerlig arbeid som etatene oppfordres til å prioritere.»

Det vart samtidig gitt pålegg om å bruke metadata frå Oppgåveregisteret i arbeidet med å tilretteleggje for elektronisk innrapportering frå næringslivet til staten.

3.2.2 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det drøfta om tida no er moden for å påleggje også andre offentlege etatar og register enn dei tilknytte registra å nytte opplysningane som er registrerte i registeret.

Det vart foreslått ei utviding av formålsføresegna formulert som ein generell pliktregel, med unntak for dei tilfella der gjenbruk av data i Einingsregisteret ikkje er praktisk mogleg. Tilsvarande formulering er nytta i oppgåveregisterlova § 5, som pålegg statlege etatar å samordne oppgåveplikter. I følgje forarbeida til oppgåveregisterlova vart formuleringa vald med omtanke (Ot.prp. nr. 37 (1996-97) s. 22). Grunngivinga var mellom anna denne:

«Før det foreligger noen oversikt over hvilke situasjoner som egner seg for samordning og samordning synes praktisk mulig, bør det ikke i lovens ordlyd inntas formuleringer som kan begrense fremtidige samordningsmuligheter - i prinsippet skal det samordnes i alle situasjoner der det synes praktisk mulig å samordne opplysninger. Eksempelvis vil det med en slik formulering være anledning til å ta hensyn til både tekniske, økonomiske og andre hindre for gjennomføringen av samordning mellom offentlige organer.»

Sjølv om Einingsregisteret i dag gir frå seg mange typar produkt gjennom ulike formidlingskanalar (sjå nærmare om dette under punkt 3.9), kan dei nemnde omsyna gjere seg gjeldande òg ved gjenbruk av grunndataopplysningar frå Einingsregisteret.

Ved praktiseringa av ei slik føresegn vart det understreka i høyringsnotatet at det bør stillast strenge krav til etatane når det gjeld å finne løysingar som kan fungere, slik at ein oppnår størst mogleg gjenbruk av grunndata i Einingsregisteret. I den samanhengen kan det nemnast at det i forskrift 10. oktober 1997 nr. 1090 til lov om Oppgaveregisteret §§ 9 og 10 er gitt reglar om utarbeiding av handlingsplanar, i tilfelle der samordning på grunn av praktiske omsyn ikkje kan gjennomførast.

Det vart presisert i høyringsnotatet at forslaget om utviding av formålsføresegna ikkje skal medføre meir omfattande registreringsplikt i Einingsregisteret.

3.2.3 Høyringsinstansane sitt syn

Statistisk sentralbyrå uttalar at dei støttar forslaget. Næringslivets Hovedorganisasjon støttar òg forslaget, og uttalar at det bør stillast strenge krav til offentlege organ før dei får aksept for at det er praktisk umogleg å bruke grunndata i Einingsregisteret.

Ingen andre høyringsinstansar har hatt særskilde merknader til dette forslaget.

3.2.4 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet går, på same måte som høyringsinstansane, inn for å utvide formålsføresegna i einingsregisterlova slik at offentlege organ og register som ikkje er tilknytte register, skal nytte opplysningar frå Einingsregisteret så langt det er praktisk mogleg. Ei lovfesting av plikta vil markere kor viktig dette kravet er. Det vil gi større publisitet om kravet, noko som igjen vil kunne gi for eksempel næringslivet større tyngd når/dersom dei tek opp brot på dette prinsippet.

Ei slik utviding av einingsregisterlova er viktig for å fremje betre samordning og gjenbruk av offentlege opplysningar. Bruken av organisasjonsnummer er òg viktig for arbeidet med auka bruk av elektronisk innrapportering til offentlege styresmakter. Einingsregisteret har ein sentral posisjon i det samordningsarbeidet som er i gang innanfor offentleg sektor. Ei utviding av plikta til å nytte Einingsregisteret som grunndatakjelde er ei naturleg vidareutvikling så vel som ei styrking av dette registeret og av samordningsrolla. Dette er i samsvar med omsyna som låg bak opprettinga av registeret, og det er eit viktig steg i prosessen for å unngå dobbeltrapportering til offentlege etatar og register og få ein effektiv offentleg sektor.

Plikta gjeld når eit organ/register bruker grunndata av noko omfang, og i ei viss systematisk form. Bruk av grunndata i samband med behandlinga av ei enkeltsak utløysar ikkje slik plikt, dersom saksbehandlinga ikkje er knytt opp til faste meldeplikter e.l. Bruker organet grunndata f.eks. i ei oversikt eller eit register over alle næringsdrivande i ein kommune, må dei bruke grunndata frå Einingsregisteret til oppretting og ajourhald. Men også når det er tale om eingongsbruk av ein del opplysningar vil det ofte vere enklare for organet sjølv å bruke data frå Einingsregisteret, då det ofte vil gje raskare og meir fullstendige opplysningar. For slik bruk vil oppslag via Internett ofte vere enklaste løysinga, medan større bruk vil kreve meir permanente løysingar. Med den nye web-teknologien blir dette teknisk stadig enklare og har slik mindre kostnader.

Det konkrete omfanget av plikta, dvs. av når eit organ skal bruke grunndata frå Einingsregisteret, må først og fremst vurderast ut frå føremålet om å redusere oppgåvepliktene for næringslivet.

For dei organa som på grunn av omfanget eller den systematiske bruken av grunndata kjem inn under plikt-regelen, er det foreslått eit unntak frå plikta til å bruke grunndata frå Einingsregisteret dersom det ikkje er «praktisk mulig». For at denne endringa skal få den tilsikta praktiske effekten, er det likevel viktig å understreke at hovudregelen må praktiserast strengt. Unntaket skal berre brukast i svært avgrensa omfang. Departementet meiner at det er vanskeleg å sjå tilfelle der det ikkje, på noko sikt, skulle vere praktisk mogleg å nytte opplysningar frå Einingsregisteret. Unntaksregelen er dermed meint som ein snever «sikringsventil» som sjeldan (eller helst aldri) skal brukast. Det kan likevel tenkjast tilfelle der dei praktiske/tekniske tilpassingane må ta noko tid. Då er det viktig raskt å få utarbeida forpliktande handlingsplanar.

Formuleringa «offentlige organer og registre» omfattar også kommunesektoren. Dette er nytt. I høve til føremålet med regelen; mindre oppgåveplikter for næringslivet, er det viktig at også kommunal sektor er omfatta. Likevel vil omfanget vere avgrensa. Vi viser her til det som er sagt ovanfor om omfanget av plikta. Den praktiske tilpassinga i kommunal sektor vil kunne ta noko lenger tid.

Einingsregisteret utviklar for tida ei web-teneste som i første omgang kan gi opplysningar frå Einingsregisteret til offentleg forvaltning. Dette vil gjere det enklare og rimelegare å bruke opplysningar frå Einingsregisteret. Opplysningane har organisasjonsnummer som identifikator. Løysinga baserer seg på ein teknologi for utveksling av data mellom datasystem, såkalla opne standardar som skal kunne «kommunisere» med dei fleste datasystem. I mottakarsystema skal det vere mogleg å legge inn sperrer slik at ein berre får tilgang til dei opplysningane som det er behov for.

Oppkobling til dette systemet og uthenting av data er gratis for offentleg forvaltning. Alle kundane må inngå avtale med Einingsregisteret. Såleis blir kunden identifisert og gjer det mogleg for avgivar å sjå kor mange oppslag kunden gjer, kva opplysningar kunden spør etter, og eventuelt lage statistikk rundt enkeltbrukarar og totalbruk.

Den utvidinga av formålsparagrafen som er foreslått i denne proposisjonen, kan likevel saman med regjeringsvedtaket om det same, føre til at nokre fleire offentlege register vil krevje organisasjonsnummer av dei som blir registrerte. Men det vil dreie seg om einingar som alt er registrerte i Einingsregisteret. Fordelen med bruk av organisasjonsnummer er at det sikrar sikker identifikasjon av den aktuelle eininga. Faren for feilinformasjon og dermed misbruk blir mindre.

Vi viser til forslaget til endring i einingsregisterlova § 1.

3.3 Samordning mellom Einingsregisteret og Konkursregisteret

3.3.1 Innleiing

Alt frå vedtakinga av einingsregisterlova har det vore ei generell målsetjing at eksisterande register skal brukast mest mogleg effektivt. Det er behov for å sjå på forholdet mellom Einingsregisteret og Konkursregisteret. Brønnøysundregistra si vurdering er at betre samspel mellom dei to registra kan gi høgare kvalitet på dei data som finst i Einingsregisteret, og dermed gi rasjonaliseringsgevinst i form av auka gjenbruk av grunndata. Betre samordning kan òg vere med på å forenkle og rasjonalisere rutinane til bustyraren og skifteretten ved bubehandlinga. Det er derfor vurdert nærmare korleis informasjonsflyten og samordninga mellom Einingsregisteret og Konkursregisteret kan bli betre. I dag er Konkursregisteret ikkje tilknytt register til Einingsregisteret.

I høyringsnotatet var det med forslag om å gjere Konkursregisteret til tilknytt register til Einingsregisteret, og i samband til det å gjere konkursbuet til registreringseining i Konkursregisteret. Høyringsinstansane var positive til endringane.

Desse forslaga høyrer nøye saman med eit høyringsnotat frå Justisdepartementet datert 13. november 2002. Høyringsnotatet inneheldt eit forslag frå Konkursrådet om endringar i konkurslova og i konkursforskrifta. Formålet med endringane er å ta i bruk meir elektronisk kommunikasjon ved kunngjeringar og meldingar frå bustyret, for slik å rasjonalisere og effektivisere bubehandlinga. Konkursregisteret som tilknytt register til Einingsregisteret, og dermed ein eintydig identifikasjon av alle konkursbu, er eit sentralt moment i dette arbeidet. Justisdepartementet er i gang med arbeidet med å fremje eit lovforslag på dette området. Arbeidet er omtala i Ot.prp. nr. 23 (2003-2004) om endringar i gjeldsforhandlingslova, konkurslova mv. som vart behandla i Stortinget i mars i år.

Til saman vil desse forslaga gi ei meir effektiv konkursbehandling for både konkursbustyret, kreditorar og alle involverte register. Departementet tek sikte på å leggje fram dei nemnde forslaga frå høyringsnotatet i samband med Justisdepartementet sin proposisjon.

3.3.2 Generelt om Konkursregisteret

Konkursregisteret er regulert i lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs (konkurslova) § 144, og i forskrift 23. august 1993 nr. 824 om Konkursregisteret.

Konkursregisteret inneheld opplysningar om konkursbu og tvangsavviklingsbu som er opna etter 1. september 1993. Registeret inneheld sentrale opplysningar om kvart bu, mellom anna kven som er eller har vore dagleg leiar, styreleiar, styremedlemmer og revisor i det konkursramma føretaket, og om styreleiar, innehavar eller dagleg leiar har roller i andre føretak på tidspunktet for konkursopninga.

Konkursregisteret inneheld òg opplysningar om ilagt konkurskarantene. Skifteretten kan ileggje konkurskarantene dersom ein person med god grunn kan mistenkjast for ei straffbar handling i samband med sjølve konkursen eller i samband med verksemda som har ført til konkursen. Også personar som ved uforsvarleg forretningsførsel er funne uskikka til å stifte, vere dagleg leiar, styremedlem eller varamedlem i eit nytt eller eksisterande selskap, kan ileggjast konkurskarantene.

3.3.3 Registrering i Einingsregisteret ved opning av konkurs

3.3.3.1 Innleiing

Konkursregisteret mottek avgjerd (orskurd) om opning av konkurs frå dei ulike skifterettane etter konkurslova § 79 første ledd. Konkursregisteret registrerer opning av konkurs på fødselsnummeret til fysiske personar, og på organisasjonsnummeret til juridiske personar.

Konkursregisteret skal òg sørgje for at melding om at det er opna konkurs i buet til skyldnaren, blir tinglyst eller registrert i Lausøyreregisteret, Føretaksregisteret (dersom verksemda til skyldnaren er registrert der) og Rekneskapsregisteret (dersom verksemda til skyldnaren er innsendingspliktig), jf. konkurslova § 79 andre ledd. Det er i dag ingen reglar om at Konkursregisteret skal gje melding til Einingsregisteret.

3.3.3.2 Forslaget i høyringsnotatet

For konkursdebitorar som er registrerte i Føretaksregisteret, får Føretaksregisteret etter konkurslova § 79 andre ledd melding frå Konkursregisteret. Desse meldingane blir så vidaresendt til Einingsregisteret som tilknytt register. Dersom konkursdebitor derimot berre er registrert i Einingsregisteret, får ikkje Einingsregisteret slik informasjon. Dette svekkjer kvaliteten på grunndata i Einingsregisteret, noko som er uheldig.

Regelverket om avlevering av opplysningar frå Konkursregisteret er i utgangspunktet nokså restriktivt. Einingsregisteret er ikkje blant dei registra som skal ha melding om konkursopningar. Det er heller ikkje blant dei offentlege instansane som kan få tilgang til opplysningar frå Konkursregisteret etter konkursregisterforskrifta. Etter ei streng tolking av dagens regelverk kan Einingsregisteret derfor innhente opplysningar frå Konkursregisteret berre gjennom ein såkalla særskild førespurnad etter konkursregisterforskrifta § 6 første ledd.

Opplysning om opna konkurs må reknast for å vere ei opplysning om «enhetens status» etter einingsregisterlova § 6 andre ledd. Dette inneber at opplysninga som utgangspunkt skal og bør registrerast i Einingsregisteret på den eininga som er konkurs. Men den heimelen Konkursregisteret har til å gi frå seg opplysninga til Einingsregisteret er altså noko uklar. Vidare legg einingsregisterlova opp til at registrering av opplysningar i Einingsregisteret i utgangspunktet berre skal skje på grunnlag av meldingar frå einingane sjølv eller frå tilknytte register, jf. einingsregisterlova kapittel 4. Einingsregisteret sin heimel til å ta imot slike opplysningar er såleis også noko uklar.

For å rette opp denne uklare rettstilstanden vart det i høyringsnotatet foreslått ei endring i konkurslova § 79 andre ledd, slik at Einingsregisteret blir eit av dei registra som skal få melding om opning av konkurs.

3.3.3.3 Høyringsinstansane sitt syn

Ingen av høyringsinstansane har hatt merknader til dette forslaget.

I Konkursrådet sitt høyringsnotat datert 12. november 2002 (sendt på høyring frå Justisdepartementet 13. november 2002), uttalar Konkursrådet følgjande:

«At konkursåpning i en virksomhet etter dagens regler ikke automatisk registreres i Enhetsregisteret, er etter Konkursrådets oppfatning uheldig og svekker registerets troverdighet og registerets nytteverdi for brukerne.»

3.3.3.4 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet går, i samsvar med forslaget, inn for å leggje Einingsregisteret til lista over dei registra som skal få melding om opning av konkurs i konkurslova § 79 andre ledd. Dagens situasjon med at Einingsregisteret har informasjon berre om konkurs i dei einingane som er registrert i Føretaksregisteret og ikkje for andre einingar, er uheldig. Endringa vil gjere at Einingsregisteret vil få melding om alle konkursopningar i registereiningane.

Vi viser til forslag til endring i konkurslova § 79.

3.3.4 Sletting av konkursdebitor i Einingsregisteret

3.3.4.1 Innleiing

For å sikre best mogleg kvalitet på opplysningane i Einingsregisteret, er det viktig å ha gode reglar for sletting av så vel konkursbu som konkursdebitor.

Konkursbuet og konkursdebitor (for eksempel aksjeselskapet) er to ulike avgiftssubjekt og to ulike registreringseiningar. Eit konkursbu skal alltid registrerast på eige registreringsnummer (organisasjonsnummer) i avgiftsmanntalet, jf. meirverdiavgiftslova § 28, og blir slik også registrert i Einingsregisteret.

For Føretaksregisteret er situasjonen no slik, etter dei siste endringane som vart vedtekne av Stortinget i mars 2004 (lovendringane er ikkje sett i kraft enno): Saker med ein konkursdebitor med avgrensa ansvar blir regulert av konkurslova § 138. Saker med konkursdebitorar med uavgrensa ansvar blir regulert av føretaksregisterlova § 7-3 samanhalde med konkurslova § 138 andre ledd. I begge tilfella får Føretaksregisteret melding frå Konkursregisteret om avslutta konkursbubehandling. Alle einingar som blir sletta i Føretaksregisteret blir automatisk sletta også frå Einingsregisteret. Føretaksregisteret registrerer ikkje konkursbua som eigne føretak.

Ved avslutta bubehandling er det i visse tilfelle behov for å slette konkurs debitor frå Einingsregisteret. Registeret har eit behov for ein sjølvstendig heimel til sletting i dei tilfella der tilknytte register i særlovgivinga ikkje har ansvar for sletting av opphøyrde einingar. I konkurssamanheng gjeld dette for eksempel enkeltpersonføretak som ikkje er registrerte i Føretaksregisteret.

Konkurs bu vil ofte vere registrert i Einingsregisteret. Melding om avslutta konkurs må i dag sendast inn av bustyrar. Erfaringsmessig har det vist seg at plikta til å melde slik sletting sjeldan blir følgd. Effektive reglar for sletting av desse heng saman med spørsmålet om å gjere Konkursregisteret til eit tilknytt register til Einingsregisteret, og vil bli tatt opp seinare (sjå kap. 3.3.1)

3.3.4.2 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det foreslått at det skal takast inn eit nytt ledd i einingsregisterlova § 26, om sletting av samanslutningar med uavgrensa ansvar. Forslaget svarer stort sett til ordninga etter føretaksregisterlova og gir Einingsregisteret ein heimel til å følgje opp slike samanslutningar for å få avklart om dei framleis er i aktivitet.

Eit forslag til endring i konkurslova § 138 om melding frå Konkursregisteret til Einingsregisteret om avslutning av konkursbehandlinga i saker der konkursdebitor er einingar med avgrensa ansvar, vil gje Einingsregisteret heimel direkte i konkurslova til å slette desse einingane.

3.3.4.3 Høyringsinstansane sitt syn

Datatilsynet peikar på at det frå ein personvernrettsleg ståstad er positivt at rutinar for sletting frå dei ulike registra etter avslutning av konkurs blir tydeleg regulerte gjennom endringsforslaget.

Ingen av dei andre høyringsinstansane hadde merknader til forslaget.

3.3.4.4 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet vil foreslå at einingsregisterlova § 26 får eit nytt ledd som regulerer oppfølging av konkursar i einingar med uavgrensa ansvar.

Vidare går vi inn for det foreslåtte tillegget til konkurslova § 138. Denne endringa i konkurslova er avgjerande for at Einingsregisteret skal få den informasjonen frå Konkursregisteret som er nødvendig for å følgje opp desse sakene, og for å gje Einingsregisteret heimel til å følgje opp konkursar i einingar med avgrensa ansvar.

Forslaget må sjåast i samanheng med forslaget i kapittel 3.3.3 om endring i konkurslova § 79 for å leggje Einingsregisteret til lista over dei som skal ta imot melding om opning av konkurs. Den foreslåtte endringa i konkurslova § 138 byggjer på endringa i § 79.

Forslaget er noko endra i høve til høyringsnotatet for å få betre samsvar med vedtekne endringar i konkurslova og i føretaksregisterlova. Desse endringane vil sikre betre oppfølging av konkursdebitorar som er registrert i Einingsregisteret, og slik betre kvaliteten i både dette registeret og dei tilknytte registra.

Vi viser til forslag om endringar i einingsregisterlova § 26 og konkurslova § 138.

3.4 Registrering i Einingsregisteret etter krav i andre reglar

3.4.1 Innleiing

Plikta til å registrere seg i Einingsregisteret er regulert i einingsregisterlova § 4. For dei registreringseiningane som er lista opp i første ledd bokstav a-d i føresegna, blir plikta til å registrere seg utløyst i samband med registrering i tilknytt register. Dei registreringseiningane som ikkje har registreringsplikt i Einingsregisteret har ein registreringsrett, jf. forskrift 9. februar 1995 nr. 114 om registrering av juridiske personer m.m. i Enhetsregisteret § 8 første ledd.

Sidan Einingsregisteret vart oppretta i 1995, har bruken av organisasjonsnummer som identifikator auka kraftig, slik at det i stadig fleire samanhenger blir kravd at juridiske personar identifiserer seg ved bruk av organisasjonsnummer. Såleis krev både bankar, Verdipapirsentralen, Revisorregisteret (jf. lov 15. januar 1999 nr. 2 om revisjon og revisorer), Rekneskapsførarregisteret (jf. lov 18. juni 1993 nr. 109 om autorisasjon av regnskapsførere med forskrift) og Rekneskapsregisteret (jf. forskrift 16. desember 1998 nr. 1234 om innsending av årsregnskap m.v. til Regnskapsregisteret og rett til innsyn i årsregnskap m.v.) at det blir oppgitt organisasjonsnummer. Vidare blir det i forskrift 21. desember 2000 nr. 1336 om Lotteritilsynet og Lotteriregisteret m.m. stilt krav om registrering i Einingsregisteret som vilkår for å oppnå godkjenningar og autorisasjonar. Av andre eksempel kan vi nemne friskolelova (lov 4. juli 2003 nr. 84) og regelverket for MVA-kompensasjon for m.a. frivillige organisasjonar (lov 12. desember 2003 nr. 108), som føreset at den som ber om kompensasjon er registrert i Einingsregisteret.

Utviklinga mot å krevje organisasjonsnummer i stadig fleire samanhengar synest berre å auke i styrke, i takt med eit stadig meir utbreidd behov for eintydig identifikasjon av juridiske einingar, og for samordning og gjenbruk av grunndata. Dette er ei ønskt utvikling, sjå drøftingane i kap. 3.1 og 3.2.

3.4.2 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det understreka at det ikkje er teke stilling til om den generelle registreringsplikta i Einingsregisteret bør utvidast. Men einingsregisterlovgivinga bør innehalde føresegner som opplyser om at enkelte lover og forskrifter har føresegner om plikt til å gi opp organisasjonsnummer, slik at det for enkelte ikkje-registreringspliktige einingar likevel finst eit faktisk krav om registrering.

3.4.3 Høyringsinstansane sitt syn

Finansdepartementet uttalte at:

«Forslaget til nytt tredje ledd i enhetsregisterloven § 4 representerer i seg selv ikke noe inngrep i private forhold eller endring i annen formell lov. Forslaget fordrer således ikke bruk av lovs form. Finansdepartementet ser imidlertid at forslaget kan ha en informasjonsverdi.»

Ingen andre høyringsinstansar hadde merknader til forslaget.

3.4.4 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet går, i tråd med det framlagde forslaget, inn for å lovfeste at krav om registrering i Einingsregisteret også kan følgje av andre lover. Etter departementet sitt syn er det viktig for brukarane at denne informasjonen blir plassert direkte i lova, slik at informasjonen til brukarane blir best mogleg.

Vi viser til forslaget til endring i einingsregisterlova § 4.

3.5 Registrering av sameigarar i eigarseksjonssameige

3.5.1 Innleiing

Einingsregisteret skal innehalde grunndata om registreringseiningane. I forarbeida blir grunndata definerte som identifikasjonsdata, som er opplysningar som er nødvendige for å identifisere eininga (§ 5), og tilleggsdata, som omfattar opplysningar ut over det som er nødvendig for identifikasjon (§ 6). Alle einingar må gi opplysningar slik det er nemnt i § 5 for å kunne bli registrerte og få tildelt organisasjonsnummer i Einingsregisteret. Tilleggsdata skal registrerast viss dei finst for den aktuelle organisasjonsforma.

Etter einingsregisterlova § 6 første ledd bokstav b) skal alle sameigarar i eit sameige meldast inn til registeret. Einingsregisteret har fått ei rekkje førespurnader der det blir stilt spørsmål ved om det bør vere plikt til å registrere sameigarar i eigarseksjonssameige.

Einingsregisterlova § 6 første ledd bokstav b) har som utgangspunkt at sameigarar i tingrettslege sameige skal registrerast. Eit tingrettsleg sameige vil i ein del tilfelle ha behov for å opptre som ei samla eining utetter. Men eit tingrettsleg sameige er ikkje ein juridisk person. I eit tingrettsleg sameige er kvar enkelt sameigar eigar av ein ideell part av sameigeobjektet, jf. lov 18. juni 1965 nr. 6 om sameige (sameigelova) § 1. Eit tingrettsleg sameige kan velje eit styre, jf. sameigelova § 6 første ledd. Styret i eit tingrettsleg sameige kan som hovudregel ikkje opptre utetter på vegne av sameiget og forplikte det ved si underskrift, jf. likevel sameigelova § 6 andre ledd.

Eit eigarseksjonssameige etter eigarseksjonslova skil seg på fleire område frå det ordinære tingsrettslege sameiget. Eit eigarseksjonssameige blir etablert ved tinglysing av seksjoneringskrav, jf. lov 23. mai 1997 nr. 31 om eierseksjoner (eigarseksjonslova) § 5. I eit eigarseksjonssameige skal det veljast eit styre som skal opptre på vegne av sameiget og representere sameigarane utetter, jf. eigarseksjonslova § 38 jf. § 43. Behovet for å registrere sameigarar i eigarseksjonssameige er dermed ikkje det same som for andre tingrettslege sameige, og det bør derfor vurderast om ein skal endre denne regelen.

3.5.2 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det vist til at føresegna om registrering av sameigarar i eigarseksjonar ikkje fungerer slik ho var meint. I store eigarseksjonssameige, med mange sameigarar og hyppige utskiftingar av sameigarane er det eit stort problem å halde registeret à jour. Problemet med å halde registeret à jour forringar kvaliteten på dei registrerte opplysningane i Einingsregisteret. Dette kan igjen føre til at tilliten og truverdet til dei registrerte opplysningane i Einingsregisteret blir redusert.

Eigarseksjonssameige med åtte eller færre seksjonar har registreringsrett i Føretaksregisteret, medan eigarseksjonssameige med ni eller fleire seksjonar har registreringsplikt i Føretaksregisteret, jf. eigarseksjonslova § 11 tredje ledd. Føretaksregisteret registrerer ikkje sameigarane. Ved registrering av eit eigarseksjonssameige i Føretaksregisteret må eigarseksjonssameiget likevel først registrerast i Einingsregisteret, der sameigarane altså skal registrerast.

I høyringsnotatet vart det vurdert fleire alternative løysingar på problema som er knytte til registrering av sameigarar i eigarseksjonssameige. Eit alternativ er å innføre ein praksis der opplysningane om sameigarane blir ajourførte ein gong i året. Dette vil redusere problema noko. Ei ulempe ved dette alternativet er at i dei store eigarseksjonssameiga med hyppige utskiftingar av sameigarane, vil opplysningane som er registrerte i Einingsregisteret aldri vere heilt à jour. Eit anna problem både for dei meldepliktige og for Einingsregisteret er at det representerer ein god del arbeid å skulle ajourføre opplysningane i eigarseksjonssameige med opptil fleire hundre sameigarar.

Eit anna alternativ er at det blir gitt rett til å registrere sameigarar, men at plikta fell bort. Ei klar ulempe ved dette alternativet er at informasjon om sameigarane då berre går fram for enkelte eigarseksjonssameige. Men informasjon om kven som er sameigarar i eit eigarseksjonssameige kan alltid hentast inn frå grunnboka. Opplysningane er såleis offentleg tilgjengelege.

I høyringsnotatet vart det foreslått at einingsregisterlova blir endra slik at eigarseksjonssameige blir unnatekne frå plikta til å melde sameigarar, men at dei framleis har rett til å melde sameigarar, jf. einingsregisterlova § 6 første ledd bokstav b).

3.5.3 Høyringsinstansane sitt syn

Kommunal- og regionaldepartementet støttar forslaget om at registreringsplikta for sameigarar skal falle bort, og uttalar at

«... samtlige hjemmelshavere i et eierseksjonssameie vil være registrert i grunnboken. Også av denne grunn synes det unødvendig å kreve registrering av de samme personene i Enhetsregisteret.»

Ingen av dei andre høyringsinstansane har merknader til dette punktet.

3.5.4 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet går, på same måte som høyringsinstansane, inn for at registreringsplikta for sameigarar skal falle bort. Opplysningane finst offentleg tilgjengelege og oppdaterte i grunnboka, og det er både unødvendig og uheldig å ha denne informasjonen i to register. Departementet vil derfor foreslå ei ordning der det ikkje lenger er rett til å registrere slike opplysningar i Einingsregisteret.

Vi viser til forslag til endring i einingsregisterlova § 6.

3.6 Dokumentasjonskrav ved førstegongsregistrering

3.6.1 Innleiing

For at Einingsregisteret skal kunne identifisere juridiske einingar, må det leggjast ved eit minimum av dokumentasjon som underbyggjer den valde organisasjonsforma.

Reglar om dokumentasjon av dei melde opplysningane vart tekne opp i forarbeida til einingsregisterlova, sjå Ot.prp. nr. 11 (1993-94) side 36. Det følgjer av forarbeida at det bør stillast krav til dokumentasjonen av omsyn til kvaliteten på registeret. Det vart vidare uttala at det ikkje burde leggjast opp til noka omfattande dokumentasjonsplikt. Dokumentasjonskravet etter einingsregisterlova har først og fremst sjølvstendig verdi for dei einingane som ikkje blir registrerte i tilknytte register.

Dei praktiske erfaringane frå drifta av Einingsregisteret viser at det for mange einingar kan synast noko uklart kva for dokumentasjonskrav som gjeld for dei ulike organisasjonsformene. Krava er i dag dels i lova og dels i eiga forskrift (forskrift 9. februar 1995 nr. 114 om registrering av juridiske personer m.m. i Enhetsregisteret). For betre å klargjere kva for krav som blir stilte til dokumentasjon ved førstegongsmeldingar, er det viktig å synleggjere desse krava direkte i lova.

3.6.2 Vedlegg til førstegongsmelding

3.6.2.1 Stiftingsdokument

For at Einingsregisteret skal kunne kontrollere om det ligg føre ei registreringseining, og kva for organisasjonsform denne eventuelt har, må eininga leggje ved eit stiftingsdokument. Dersom det ikkje finst noko stiftingsdokument, må annan eigna dokumentasjon leggjast fram. Kravet om stiftingsdokument gjeld ikkje for enkeltpersonføretak og enkeltpersonar. § 16 i forskrifta inneheld ikkje nokon krav til innhaldet i stiftingsdokumentet.

Ved førstegongsregistrering i Einingsregisteret er mange brukarar ikkje kjende med at stiftingsdokument må leggjast ved. Ofte er dei også usikre på kva for opplysningar som bør gå fram av stiftingsdokumentet. Manglande kjennskap til kravet om stiftingsdokument og kva det skal innehalde, fører til at mange blir nekta registrering første gongen dei sender inn melding. I nektingsvedtaket frå Einingsregisteret blir det informert om at det må leggjast ved eit stiftingsdokument (referat frå stiftingsmøtet).

Eit stiftingsdokument bør innehalde opplysningar om at eininga er stifta, og at eventuelt utkast til vedtekter er godkjent. I tillegg bør stiftingsdokumentet vere datert og underteikna av stiftarane. For einingar som har valt styre, kan opplysningar om val av styremedlemmer takast med i stiftingsdokumentet.

3.6.2.2 Vedtekter

For at Einingsregisteret skal kunne finne riktig organisasjonsform og tildele organisasjonsnummer, må eininga leggje ved vedtektene sine. Fleire av organisasjonsformene blir regulerte av ulovfesta regler. Dette inneber at det ikkje finst lovreglar som gir opp kva for opplysningar vedtektene skal eller bør innehalde.

I føretaksregisterlova §§ 3-2 og 3-6 er det gitt reglar om minimumsinnhald i vedtektene for selskap med avgrensa ansvar (BA), og foreiningar og andre innretningar (FLI). Tilsvarande føresegn finst ikkje i einingsregisterlova. Einingsregisterforskrifta inneheld heller ikkje nokon føresegner om krav til innhaldet i vedtektene for eininga.

Erfaringa frå drifta av Einingsregisteret viser at einingane, også når det gjeld vedtekter, ofte har manglande kjennskap til vedleggskravet. Vidare er kunnskapane om kva for opplysningar vedtektene for dei enkelte organisasjonsformer bør innehalde tilsvarande mangelfulle. For juridiske personar som ikkje er lovregulerte (typisk foreining/innretning (FLI) og selskap med avgrensa ansvar (BA)) har det vist seg å vere eit særleg behov for å setje krav til minimumsinnhald i vedtektene.

Når Einingsregisteret prøver vedtektene til ei eining, blir både kvar enkelt vedtektsføresegn og vedtektene som heilskap vurderte. For at Einingsregisteret skal kunne identifisere den juridiske personen, bør vedtektene som eit minimum innehalde føresegner om namnet til eininga, setet (kommunen) til eininga, kva formål eininga har, reglar for organa til eininga og deira kompetanse, og reglar for vedtektsendringar.

3.6.3 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det foreslått at kravet om stiftingsdokument som vedlegg ved førstegongsregistrering skal gå fram av einingsregisterlova. Dette gjer gjeldande krav meir føreseielege og tilgjengelege. Av same grunn vart det foreslått at eit krav om å leggje fram vedtekter, dersom slike finst, blir teke inn i lova. I høyringsnotatet vart det foreslått at desse krava til vedlegg blir samla i einingsregisterlova § 8.

Vidare vart det foreslått at lova óg skulle setje opp enkelte krav til innhaldet i stiftingsdokument og i vedtektene. Det vart peikt på at ei slik føresegn i lova både ville synleggjere krava og gjere dei lettare tilgjengelege for brukarane.

Vidare vart det forelått å ta inn krav til minimumsinnhaldet i stiftingsdokument og i vedtekter inn i lova, som ein bør-regel. Slik ville ein ta omsyn til behovet for informasjon, utan å kome i konflikt med endra krav over tid og til prinsippa om organisasjonsfridom. Desse krava vart foreslått tatt inn i ein ny paragraf i einingsregisterlova.

3.6.4 Høyringsinstansane sitt syn

Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen har ikkje innvendingar mot forslaget om at stiftingsdokument skal sendast inn ved førstegongsregistrering, men peikar på at det bør finnast fram til ei betre formulering. I forslaget til § 8 andre ledd er det foreslått at det «alltid» skal leggjast fram stiftingsdokument, mens det alt i neste setning i same ledd blir gjort unntak for denne regelen der stiftingsdokument ikkje finst. Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen meiner vidare at forslaget til fjerde ledd er noko uklart, men presiserer at det er riktig at sentrale reglar kjem inn i lovs form.

3.6.5 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet går inn for å endre reglane om dokumentasjon og vedlegg.

Departementet er einig med innvendinga frå Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen, og foreslår ein noko endra ordlyd i forhold til forslaget slik det låg i høyringsnotatet.

Ved at regelen om stiftingsdokument og vedtekter som vedlegg til registermeldinga blir tekne inn i lovteksten, så blir registreringskrava meir synlege. Nødvendig informasjon for den som ønskjer å registrere seg blir dermed lettare tilgjengeleg.

Krava til dokumentasjon i forslaget til § 8 fjerde ledd kan synest strenge i ein del samanhengar. Men reglane har vore forskriftsfesta sidan 1995, utan særlege problem i praksis. Departementet legg til grunn at praktiseringa av krava skal vere som før.

Forslaget i høyringsnotatet om å lovfeste krava til minimumsinnhald i stiftingsdokument og vedtekter vil departementet ikkje gå inn for. Det er uheldig å lovfeste slike bør-reglar, og innhaldet kan formidlast til brukarane gjennom rettleiingsmateriell av ulike slag.

Vi viser til forslag til endring i einingsregisterlova § 8.

3.7 Meldingar frå andre

3.7.1 Innleiing

Både for Føretaksregisteret og for Einingsregisteret er det svært viktig at dei opplysningane registra inneheld, i størst mogleg grad er fullstendige og korrekte. For å sikre god kvalitet er ein avhengig av at endringar blir melde til registra. Meldeplikta kviler først og fremst på representantar for registreringseininga, jf. einingsregisterlova §§ 14 og 15. Føretaksregisterlova § 4-6 opnar for at også andre i bestemte tilfelle kan melde endringar om forhold som er registrerte i registeret. Det er behov for å vurdere ei tilsvarande føresegn i einingsregisterlova.

3.7.2 Melding om eigenavgang

Føretaksregisterlova har ei eiga føresegn som gir enkeltpersonar rett til sjølv å gi melding om eigne forhold. Etter føretaksregisterlova § 4-6 første ledd kan ansvarleg deltakar, styremedlem, observatør, dagleg leiar, signaturrettshavar, prokurist eller revisor som har tredd ut av føretaket sjølv melde sin avgang til Føretaksregisteret. Dette er først og fremst aktuelt i dei tilfella der dei meldepliktige (som definert i føretaksregisterlova § 4-2) mislegheld meldeplikta si.

Denne ordninga forenklar oppdateringa av Føretaksregisteret, samtidig som ho sikrar viktige personvernomsyn. Dei same omsyna gjer seg gjeldande i forhold til Einingsregisteret. Det kan hevdast at omsynet til personvern veg så tungt at det ikkje kan reknast som nødvendig med særskild lovheimel for å kunne registrere melding om eigenavgang. Men det er lettare å rette seg etter ein klar heimel i einingsregisterlova, både for Einingsregisteret, for rolleinnehavarar (dei som er registrerte med ei rolle i tilknyting til ei registereining) og andre.

3.7.3 Melding frå tredjemann på grunnlag av dom

Det følgjer av føretaksregisterlova § 4-6 andre ledd at den som har fått dom om forhold som er eller skulle ha vore melde til Føretaksregisteret, kan forlange opplysningane i registeret endra i samsvar med domsresultatet. Ei tilsvarande føresegn finst ikkje i einingsregisterlova.

Eksempelvis blir ikkje det melde føretaksnamnet prøvd i forhold til kravet i føretaksnamnelova ved registrering i Einingsregisteret. Dersom tredjemann meiner at det registrerte føretaksnamnet er i strid med tredjemanns rettar, må spørsmålet bringast inn for det ordinære domstolsapparatet. Dersom tredjemann vinn fram, har vedkomande i dag ikkje rett til å melde endringar i dei registrerte opplysningane i samsvar med domsresultatet.

3.7.4 Melding frå domstolane

Etter føretaksregisterlova § 4-7 andre ledd kan domstolane på bakgrunn av dom, orskurd eller anna rettsleg avgjerd, krevje å få opplysningar om innførte føretak lagt inn i registeret. I praksis har det vist seg at det er behov for ei tilsvarande ordning også for Einingsregisteret, for dei einingane som ikkje er registrerte i Føretaksregisteret. Mellom anna har Brønnøysundregistra konsesjon til å opprette og drive eit register over personar som er frådømde retten til å drive næringsverksemd (rettstap), jf. straffelova § 29. Konsesjonen gir rett til å kople registeret for rettstap med Einingsregisteret og Føretaksregisteret. Når Einingsregisteret ikkje har lov til å ta inn opplysningar på bakgrunn av dom eller orskurd, har registeret heller ikkje høve til å nekte å registrere, eller eventuelt slette personar som er idømde rettstap. I visse høve kan det vere behov for dette.

3.7.5 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det foreslått at einingsregisterlova skal få ein ny regel om rett til sjølv å kunne melde eigenfråtreden frå registrert rolle i Einingsregisteret. Det vart foreslått at føresegna skulle stå i ein ny § 15a, endringsmelding frå andre.

I Einingsregisteret blir det registrert ei rekkje rolletypar som ikkje finst i Føretaksregisteret, for eksempel sameigarar, rekneskapsførarar og ulike typar kontaktpersonar. I staden for ei kasuistisk opprekning av dei ulike rolletypane blir det foreslått at det kan takast inn ein generell regel om at rolleinnehavarar som har tredd ut av registreringseininga, sjølv kan sende inn melding om dette.

I høyringsnotatet vart det peika på at det må gjerast unntak for innehavarar av enkeltpersonføretak og registrerte enkeltpersonar som ikkje er enkeltpersonføretak, fordi det her er full identitet mellom personen og sjølve eininga. Dersom desse personane ikkje lenger ønskjer å vere registrerte i Einingsregisteret, vil rett framgangsmåte vere å slette eininga frå registeret.

Det vart vidare presisert at Einingsregisteret berre kan behandle melding om eigenavgang når Einingsregisteret har kontrollansvaret for opplysninga. Viss kontrollansvaret ikkje ligg hos Einingsregisteret, skal meldinga formidlast til tilknytt register med kontrollansvar.

I høyringsnotatet vart det vidare foreslått ei ny føresegn som skal gi tredjemann rett til å melde frå om endringar i registeret som følgje av dom. Kva for endringar som eventuelt skal gjerast i dei registrerte opplysningane, er avhengig av domsresultatet. Dersom tredjemann får dom for at ei eining må endre føretaksnamnet sitt, inneber ikkje det at tredjemann kan endre det registrerte føretaksnamnet. I eit slikt tilfelle bør det gjerast ei påteikning om at det registrerte føretaksnamnet på eininga er ulovleg, og eininga må få ein frist til å melde nytt namn. (Sjå elles forslag om rett til påteikning, pkt. 3.11.2.)

Det vart òg foreslått i høyringsnotatet å gi domstolane høve til å krevje at opplysningar blir tekne inn i Einingsregisteret, på same måte som dette i dag er mogleg i Føretaksregisteret.

3.7.6 Høyringsinstansane sitt syn

Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen støttar forslaget om å gi enkelte grupper utvida høve til å melde frå om avgang til registeret. Dei uttalar at dette ikkje minst er viktig for «ikkje-profesjonelle» einingar som har avgrensa høve til å følgje opp dei opphavlege registermeldingane sine, og dermed bidra til å oppnå betre registerkvalitet. Næringslivets Hovedorganisasjon er positiv til at det blir utvida høve til å melde frå om eigenavgang, fordi det er med på å gjere registeret meir truverdig, og dermed også meir tillitsvekkjande.

Ingen andre høyringsinstansar hadde merknader til dette forslaget.

3.7.7 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet går, i tråd med forslaget og høyringsinstansane, inn for å endre einingsregisterlova ved at det blir lagt til ei ny føresegn om utvida høve til endringsmeldingar frå andre. Departementet meiner at ei slik endring kan få positiv innverknad på kvaliteten av registeret.

Vi viser til forslaget til ny § 15a i einingsregisterlova.

3.8 Opplysningar frå register som ikkje er tilknytte register

3.8.1 Innleiing

Etter einingsregisterlova § 20 kan Einingsregisteret innhente opplysningar frå dei tilknytte registra, men ikkje frå andre. Etter føretaksregisterlova § 7-2 kan det gjevast forskrift om at opplysningar frå anna offentleg register skal overførast direkte til Føretaksregisteret. Det vart foreslått at ein tilsvarande forskriftsheimel skulle takast inn i einingsregisterlova § 20 andre ledd, jf. Ot.prp. nr. 11 (1993-94) side 62, men det vart ikkje vedteke. Endringa er ikkje kommentert særskilt, men kom truleg som ei følgje av at ordninga med særregister m.m. vart fjerna.

Erfaringar Einingsregisteret har gjort tilseier at det bør vurderast om det skal takast inn ei slik føresegn i einingsregisterlova, slik at registeret kan oppdaterast med opplysningar frå andre register.

Einingsregisteret si rolle som leverandør av grunndata til andre offentlege register og etatar har i seinare tid vorte meir og meir viktig, og vil bli endå viktigare i framtida. For at dette skal fungere etter formålet, er det heilt avgjerande at kvaliteten på dei registrerte opplysningane er så god som mogleg. Det er derfor behov for å kunne kvalitetssikre dei registrerte opplysningane mot opplysningar som er registrerte i andre register, som ofte kan innehalde meir oppdaterte opplysningar.

Også i dag er det ei viss oppdatering av Einingsregisteret ved hjelp av andre register. Fysiske personar som blir registrerte som rolleinnehavarar blir registrerte med fødselsnummer. Opplysningane om desse rolleinnehavarane blir henta via direktekopla tilgang til det sentrale folkeregisteret. For einingar som er innsendingspliktige til Rekneskapsregisteret inneheld registerutskrifta opplysning om siste godkjende årsrekneskap. Einingsregisteret har også kontrollert registrerte postnummer opp mot opplysningar frå Posten. Det kan òg tenkjast at ein kan gjennomføre denne typen kontroll mot Telenors telefon- og telefaksregister. Verken det sentrale folkeregisteret, Rekneskapsregisteret eller Posten er pr. i dag tilknytte register.

Det bør derfor vurderast om det er fordelar ved å lovfeste ein heimel til å innhente opplysningar frå andre register enn dei tilknytte.

3.8.2 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det foreslått eit nytt andre ledd i einingsregisterlova § 20, slik at det uttrykkeleg blir opna for oppdatering frå andre register enn dei tilknytte. Dette for å sikre ein klar heimel for at dei opplysningane som bør inn i Einingsregisteret kan leggjast inn. På den måten betrar ein grunnlaget for kvalitativt betre og meir oppdaterte opplysningar i registeret.

3.8.3 Høyringsinstansane sitt syn

Statistisk sentralbyrå støttar forslaget, og peikar særleg på kor viktig det er med gode adresseopplysningar. Næringslivets Hovedorganisasjon går ut frå at personvernomsyn er vurdert, og at ein meiner det ikkje er til hinder for forslaget om at opplysningar som er registrerte i andre register enn tilknytte register, kan innhentast og registrerast i Einingsregisteret.

3.8.4 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet går i tråd med forslaget inn for at Einingsregisteret kan innhente og registrere opplysningar frå andre register.

Utan ein tydeleg heimel for slik innhenting er det ikkje mogleg for Einingsregisteret å drive kontroll og såkalla «vasking» av opplysningar opp mot andre register. Resultatet kan dermed bli dårlegare kvalitet på innhaldet i registeret. Denne typen innhenting er også ein fordel for registreringseiningane.

Denne heimelen vil, som også Statistisk sentralbyrå peikar på, vere viktigast for adresseinformasjon. Dette er informasjon som det i praksis er svært viktig at er rett. Samstundes er dette informasjon som næringsdrivande og andre i dag forventar blir oppdaterte automatisk mellom ulike register, uavhengig av kvar dei blir registrerte første gongen. Næringslivet opplever det som unødig arbeid å måtte melde endring fleire stader. Vi viser her også til den generelle omtalen av utveksling av opplysningar i kapittel 3.1.

Det vil ikkje vere høve til å ta inn informasjon som etter einingsregisterlova §§ 5 og 6 skal meldast inn av eininga sjølv, og som skal dokumenterast etter § 8. Dette set klare grenser for kva informasjon som kan leggjast inn frå andre register.

Vidare skal innhenting av slik informasjon berre kunne gjerast der det er tvillaust rett. Dersom Einingsregisteret gjer feil vil det kunne føra til at det blir erstatningsansvarleg etter § 27. Vidare kan slik innhenting berre skje i den grad det ikkje strir mot personvernomsyn.

Vi viser til forslag til endring i einingsregisterlova § 20.

3.9 Utlevering av opplysningar

3.9.1 Innleiing

3.9.1.1 Produkt, etterspørsel og brukarar

Einingsregisteret har som oppgåve å fremje effektiv utnytting og samordning av offentlege opplysningar om juridiske personar, enkeltpersonføretak og andre registreringseiningar. Overlevering av opplysningar er ei sentral oppgåve og funksjon i dette arbeidet.

Etter einingsregisterlova § 22 har tilknytte register og offentlege myndigheiter fullt innsyn i Einingsregisteret, det vil seie tilgang til alle opplysningar som er nemnde i einingsregisterlova §§ 5 og 6. Andre har tilgang til opplysningane som er nemnde i § 5 og § 6 andre ledd, og ikkje dei som er nemnde i § 6 første ledd. Fødselsnummer og D-nummer kan ikkje givast ut til andre enn tilknytte register eller offentlege myndigheiter. Desse avgrensingane er lagt inn av omsyn til personvernet. Vidare er det berre lov å gi ut samanstilt informasjon om ein person så langt opplysningane er registrerte i tilknyting til næringsverksemd.

For å dekkje etterspørselen etter opplysningar som er registrerte i Einingsregisteret, er det etablert ulike produkt og formidlingskanalar, både i form av levering på papir og i digitale medium.

Opplysningar frå Einingsregisteret er svært etterspurde. Etterspørselen er sterkt stigande. Som eksempel kan nemnast at det i 2003 var nesten 11 millionar oppslag på Brønnøysundregistra sine nettsider, der ein del opplysningar frå Einingsregisteret ligg gratis tilgjengeleg.

Brukarane av Einingsregisteret er stort sett dei same som brukarane av dei andre registra i Brønnøysundregistra: bankar, forsikringsselskap, kredittinstitusjonar, advokatar, revisorar, massemedia, kommunar og offentlege kontrollinstansar og dessutan næringslivet generelt. I seinare tid er det også registrert aukande interesse for tilgang til ajourført informasjon frå Einingsregisteret frå andre offentlege etatar.

3.9.2 Forslaget i høyringsnotatet

Einingsregisteret får reaksjonar på at ikkje alle opplysningane i registeret er offentleg tilgjengelege. Dei opplysningane som blir etterspurde, men som ikkje kan leverast til andre enn tilknytte register og offentlege styresmakter er opplysningar etter einingsregisterlova § 6 første ledd: Opplysningar om kven som sit i styret, kven som har signatur og prokura, kapital, revisor, konsernforhold, opplysningar om undereiningar (bedrift) o.a. Dette er vitale opplysningar som ikkje blir vurderte å vere av sensitiv karakter. Slike opplysningar om offentleg sektor er heller ikkje offentleg tilgjengelege.

Avgrensinga i høvet til å gi ut opplysningar i einingsregisterlova § 22 gjeld berre når det er spørsmål om å utlevere/gi tilgang til opplysningar frå Einingsregisteret. Denne regelen legg ingen avgrensingar på dei tilknytte registra når det gjeld å levere ut opplysningar som er registrerte både i Einingsregisteret og i tilknytt register. Gjennom å kontakte Føretaksregisteret kan for eksempel kven som helst få vite kven som sit i styret, kven som har signatur og prokura o.a. Dette er informasjon som skal og må vere offentleg for næringsdrivande. Ein kan altså ikkje få svar på det same spørsmålet dersom ein tek kontakt med Einingsregisteret. Dette er uheldig og upraktisk for brukarane og også for registra.

Tilbakemeldingar frå dei som distribuerer opplysningar frå Einingsregisteret er av tilsvarande art. Som ein konsekvens av redusert innsynsrett i Einingsregisteret har enkelte distributørar etablert tilbod om direktekopla tilgang til/levering frå nokre av dei tilknytte registra, og dessutan andre kjelder, slik at dei i sum kan tilby ein god del av også dei opplysningane som er skjerma i Einingsregisteret. Dette er sjølvsagt ressurskrevjande og kompliserande både for distributør og andre brukarar. Samtidig forsvinn med dette ein del av intensjonen bak opprettinga av Einingsregisteret, nemleg samordning og lettare tilgang til offentleg informasjon.

Einingsregisteret bruker mykje tid til rettleiing på dette området, og det bør derfor vurderast om tilgangen til å overlevere opplysningar skal utvidast. Ved å gjere opplysningane også etter § 6 første ledd offentleg tilgjengelege kan også målsetjinga om døgnopen forvaltning lettare realiserast.

I høyringsnotatet vart det foreslått å endre desse reglane i einingsregisterlova, slik at opplysningane etter § 6 første ledd i Einingsregisteret blir offentleg tilgjengelege. Dette er viktig både med tanke på den generelle tilgangen for brukarane og med tanke på forenkling. Forslaget samsvarer med det opphavlege lovforslaget frå departementet, jf. Ot.prp. nr. 11 (1993-94) side 20. Ved stortingsbehandlinga vart dette endra. Fleirtalet i komiteen meinte det var ønskjeleg av personvernomsyn å avgrense tilgangen til personopplysningar, sjølv om desse ikkje er sensitive. Ei opning for systematisk innsamling av opplysningar frå Einingsregisteret ville etter deira vurdering kunne føre til fare for misbruk av opplysningane.

3.9.3 Høyringsinstansane sitt syn

Næringslivets Hovedorganisasjon støttar forslaget til utvida innsyn i opplysningar i Einingsregisteret. Dei føreset at personvernomsyna er vurderte, og at dei ikkje er til hinder for forslaget.

Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen påpeikar generelt kor viktig det er med god registerkvalitet. Vidare uttaler dei:

«Høy registerkvalitet har imidlertid mindre betydning dersom de som har behov for opplysningene ikke har tilgang til det registrerte. Vi slutter oss derfor fullt og helt til forslaget om å endre annet ledd i enhetsregisterloven, jfr notatet punkt 3.9.2. Vi oppfatter det kun som en lapsus i sluttbehandlingsprosessen i Stortinget da enhetsregisterloven ble vedtatt at det hittil har vært begrenset innsyn i registrerte opplysninger om hvem som har signatur, prokura, hvem som er ansvarlig deltaker, sameier, styremedlem og så videre. Dette er jo opplysninger om «alle» som har eller er i ferd med å inngå en relasjon med den registrerte enheten har behov for å gjøre seg kjent med.»

Datatilsynet peikar på at ein ikkje er prinsipielt imot å samordne data som er registrerte i Einingsregisteret og i Konkursregisteret, men understrekar at ein slik bruk av opplysningar frå Konkursregisteret ikkje er i samsvar med det opphavlege formålet med Konkursregisteret. Datatilsynet uttalar at registrering av informasjon om kva status eininga har i forhold til konkurs, likevel ikkje kan seiast å vere i strid med det opphavlege formålet, og såleis heller ikkje i strid med personopplysningslova § 11. Vidare uttalar Datatiltilsynet:

«Det er likevel av vesentlig betydning at tilgangen til opplysninger, som gjennom den foreslåtte endring vil finnes i begge registre, fremstår som likeartet.

Når opplysningene frå Konkursregisteret overføres til Enhetsregisteret, vil utleveringsbestemmelsen i enhetsregisterloven § 22 også gjelde for de opplysninger som opprinnelig kommer fra Konkursregisteret. Datatilsynet vil i den sammenheng påpeke at en tilgangsbegrensning er like viktig her som når de samme opplysninger, finnes registrert i Konkursregisteret. En allmenn tilgang til denne typen informasjon uten krav om verken saklig behov eller sikker identifikasjon setter grunnleggende personvernprinsipper på prøve. Samspillet mellom de to registre må altså ikke bare være tilpasset forhold vedrørende konkursdebitor og konkursbo, slik det fremheves i høringsnotatet, også de grunnleggende personvernrelaterte aspekter knyttet til konkursdebitor som enkeltperson må ivaretas».

Rikstrygdeverket er positiv til den foreslåtte endringa. Vidare uttalar dei:

«Den foreslåtte endringen av § 22 andre ledd vil gjøre også opplysninger om antall ansatte offentlig tilgjengelig.

Rikstrygdeverket har lagt til grunn at antall ansatte er underlagt taushetsplikt, jf forvaltningsloven § 13, første ledd nr 2. Vedtas endringene i § 22 som planlagt, vil dette, slik Rikstrygdeverket ser det, medføre [at] taushetsplikten ikke lenger omfatter antall ansatte i Aa-registeret. Rikstrygdeverket kan ikke se at Finansdepartementet har vurdert dette.»

Statistisk sentralbyrå støttar forslaget om at all informasjon i Einingsregisteret blir gjord tilgjengeleg, og legg til at SSB gjer denne typen informasjon tilgjengeleg overfor statlege og private registerførarar i dag. SSB understrekar at ein føresetnad for kvalitet i registerinformasjonen er at informasjonen blir brukt.

3.9.4 Departementet si vurdering

Den foreslåtte endringa vil gjere at opplysningane som blir registrerte etter einingsregisterlova § 6 første ledd, blir gjorde tilgjengelege for alle. I dag er det berre opplysningar etter § 5 og § 6 andre ledd som er omfatta av den generelle innsynsretten.

Dagens avgrensing til tilgangen til grunndata frå Einingsregisteret gjeld for Einingsregisteret aleine, og ikkje for dei tilknytte registra. Det inneber at dersom den same opplysninga er registrert i eit tilknytt register, kan den fritt gjevast ut av det registeret. Samtidig har utviklinga av nettbaserte tenester gjort at enkelte distributørar av denne typen informasjon har etablert tilbod om direktekopla levering frå nokre av dei tilknytte registra. Denne ordninga med ulike reglar for dei ulike registra er ressurskrevjande og kompliserande for både registra, distributørar og andre brukarar. Departementet meiner derfor tida no er moden for denne endringa, og at det òg vil medverke til å oppretthalde og utvikle Einingsregisteret som verktøy for samordning og lettare tilgang til offentleg informasjon. Vi viser til generell omtale i kapittel 3.1.

Det er ikkje fullstendig overlapping mellom dei opplysningane som kan hentast frå andre register og dei som etter forslaget skal kunne hentast frå Einingsregisteret. Departementet vil særleg vurdere to område der forslaget til lovendring vil få verknad.

Det er for det første ein del einingar som er registrerte berre i Einingsregisteret, og «§ 6 første ledd»-opplysningar om desse er i dag ikkje offentleg tilgjengelege nokon annan stad. I praksis er det opplysninga om styremedlemer som vil vera aktuelt. For dei som samhandlar med eininga kan det vere svært viktig å ha tilgang til denne informasjonen. Faren her er at informasjon kan misbrukast ved samanstilling. Føresegna i § 22 tredje ledd motverkar dette, ved at det er sett forbod om samanstilling av andre opplysningar om personar enn det som gjeld næringsverksemd.

Vidare er, som Rikstrygdeverket peikar på, talet på tilsette i ei eining i dag ein «§ 6 første ledd»-opplysning som ikkje er tilgjengeleg frå Einingsregisteret. Denne opplysninga er heller ikkje tilgjengeleg frå trygdeetaten. Men gjennomsnittleg tal tilsette er offentleg gjennom årsrekneskapane til alle rekneskapspliktige. Departementet kan ikkje sjå at det er grunnlag for å kalle denne opplysninga ein forretningsløyndom.

Det er vidare viktig å vere klar over at Einingsregisteret ikkje inneheld nokon form for sensitive personopplysningar.Forslaget endrar ikkje på unntaksføresegna i § 22 om at fødselsnummer ikkje kan givast ut.

Datatilsynet sin merknad tek utgangspunkt i forslaget om å gjere Konkursregisteret til tilknytt register til Einingsregisteret. Det forslaget blir ikkje følgt opp i denne proposisjonen. Tilhøvet til personvernet vil bli særskilt vektlagt når departementet kjem tilbake til den saka. Departementet ser det som vesentleg å sikre omsynet til personvern.

Nærings- og handelsdepartementet foreslår å endre reglane om overlevering av opplysningar frå Einingsregisteret. Opplysningane etter § 6 første ledd kan i dei fleste tilfelle hentast frå andre kanalar. Avgrensinga i andre punktum sørgjer samtidig for at det blir teke personvernomsyn. Etter departementet si vurdering synest det derfor som ein uheldig og unødvendig konsekvens av regelverket at det blir meir tungvint for brukarane å hente inn opplysningar. Også formålet med registeret; enkelt tilgjengeleg og samla informasjon, tilseier ei endring her.

Vi viser til forslag til endring i einingsregisterlova § 22.

3.10 Kontroll i Einingsregisteret

3.10.1 Innleiing

Einingsregisteret skal etter einingsregisterlova § 17 prøve om dei innsende opplysningane og dokumentasjonen som følgjer med, er i samsvar med einingsregisterlova og forskrifter gitt i medhald av lova. I forarbeida til einingsregisterlova er det ikkje lagt opp til nokon omfattande juridisk kontroll. I følgje forarbeida (Ot.prp. nr. 11 (1993-94) side 62) skal registerføraren «kontrollere at de opplysninger som skal inngis for å få et organisasjonsnummer, er gitt, og at det foreligger slik dokumentasjon som er pålagt i henhold til denne loven. Når opplysningene er funnet i orden, skal de innføres i registeret».

Registrering i Einingsregisteret har legitimasjonsverknad, jf. einingsregisterlova § 24. Kontrollen i Einingsregisteret må derfor vere av ein viss kvalitet. Reint faktisk kan det vere behov for å kontrollere om meldinga er i samsvar med føresegner også i andre lover. Dette gjeld først og fremst i forhold til om eininga er ei registreringseining i samsvar med einingsregisterlova § 4, og om rolleinnehavarane oppfyller vilkåra som blir stilte for å ha den aktuelle rolla, i samsvar med § 5 andre ledd bokstav f) og § 6 første ledd.

Kva for einingar som kan/skal registrerast i Einingsregisteret, følgjer av einingsregisterlova § 4. Utan at meldinga (blankett med vedlegg) blir kontrollert i forhold til føresegner i andre lover enn einingsregisterlova, kan det ofte ikkje takast stilling til om ei eining faktisk er ei registreringseining. Eksempel på andre lover det må kontrollerast mot er aksjelova, selskapslova, stiftingslova, sameigelova, eigarseksjonslova, lov om interkommunale selskap og kommunelova. Kontrollen går i desse tilfella ut på å identifisere eininga slik at ein heilt sikkert kan slå fast at eininga som er meld, er ei registreringseining i samsvar med einingsregisterlova § 4, eventuelt om det er meldt riktig organisasjonsform. Det kan òg vere aktuelt å kontrollere mot enkelte av føresegnene i føretaksnamnelova. For eksempel kan det bli aktuelt i tilfelle der det melde føretaksnamnet er av ein slik karakter at det er uklart kva for ei organisasjonsform eininga har.

Alle registreringseiningar gir opplysning om dagleg leiar, forretningsførar, innehavar eller tilsvarande kontaktperson, jf. § 5 andre ledd. I tillegg skal opplysning om rolleinnehavarar slik det er nemnt i § 6 første ledd, meldast dersom dei finst. Det må presiserast at Einingsregisteret registrerer rolleinnehavarar slik det er nemnt i § 6 første ledd berre viss eininga berre blir registrert i Einingsregisteret (bortsett frå rekneskapsførarar). Når ein registrerer slike rolleinnehavarar, blir det prøvd i forhold til andre lover enn einingsregisterlova om det som blir meldt er lovleg. Det følgjer av lov 22. april 1927 nr. 3 om vergemål (verjemålslova) at ein mindreårig i utgangspunktet ikkje kan vere innehavar av eit enkeltpersonføretak. Personar som er idømde rettstap etter lov 29. mai 1902 nr. 6 Almindelig borgerlig Straffelov (straffelova) § 29 bør ikkje kunne registrerast i Einingsregisteret i ei rolle som er omfatta av rettstapet. For fleire organisasjonsformer blir det stilt krav om at revisor må ha bestemte kvalifikasjonar (registrert eller statsautorisert). Personar som er ilagt konkurskarantene etter konkurslova § 142, har forbod mot å stifte, og mot å vere styremedlem, varamedlem eller dagleg leiar i visse selskap. Dette er krav som følgjer av andre lover, men som bør kunne kontrollerast også av Einingsregisteret.

Denne oppramsinga av andre lovføresegner som er sentrale når Einingsregisteret kontrollerer opplysningar, er ikkje uttømmande, men illustrerer at Einingsregisteret har eit behov for å kunne utøve kontroll også i forhold til andre lover enn einingsregisterlova. Kontroll av denne typen føregår i praksis til dels også i dag.

3.10.2 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det vurdert slik at retten til denne type kontroll må gå klarare fram enn tilfellet er i dag. Det vart derfor foreslått at det blir teke inn eit nytt andre punktum i § 17 første ledd, som klart seier at Einingsregisteret skal gjere ein slik utvida kontroll mot andre lover og forskrifter.

I høyringsnotatet vart det presisert at kontroll som Einingsregisteret utfører i samsvar med andre lover og forskrifter, på same måte som kontrollen i samsvar med einingsregisterlova og forskrift gitt i medhald av einingsregisterlova, berre er aktuelt for dei einingar som Einingsregisteret har kontrollansvaret for etter § 17 andre ledd, jf. § 13. Det vil seie einingar som ikkje er kontrollerte av tilknytte register.

3.10.3 Høyringsinstansane sitt syn

Næringslivets Hovedorganisasjon støttar forslaget om at registerføraren skal prøve opplysningane som det blir søkt om å få registrert, i forhold til generelle lover og forskrifter.

3.10.4 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet går, i tråd med forslaget, inn for å gi Einingsregisteret utvida høve til å kontrollere innsende opplysningar. Lovteksten i forslaget er endra frå ein «skal»-regel til ein «kan»-regel, då dette er best i samsvar med føremålet med regelen.

Vi viser til forslag til endring i einingsregisterlova § 17.

3.11 Enkelte mindre endringar

3.11.1 Dokumentopplysningar

3.11.1.1 Innleiing

Einingsregisterlova § 23 om dokumentopplysningar fastset at breva og forretningsdokumenta til ei registreringseining skal innehalde organisasjonsnummeret til eininga. Regelen er utforma slik at han omfattar alle typar registreringseiningar.

Det er likevel ikkje alle einingar som har behov for eller som får tildelt organisasjonsnummer. Organisasjonsnummer blir i dag nytta som identifikator av ikkje-næringsdrivande enkeltpersonar berre dersom tilknytte register har behov for å identifisere dei, jf. einingsregisterlova § 4. Utanlandske styremedlemmer blir såleis registrerte på organisasjonsnummer i Einingsregisteret. Men i dei fleste andre samanhengar er fødselsnummer identifikator på enkeltpersonar. Etter kvart som gjenbruken av data frå Einingsregisteret aukar, og fleire etatar ser nytten av å bruke organisasjonsnummeret som identifikator, aukar også gruppa av einingar som er registrerte på fødselsnummer. Etter forskrifta til einingsregisterlova § 8 tredje ledd er det registerførar som avgjer i kva for tilfelle enkeltpersonar skal ha registreringsrett der denne retten ikkje følgjer direkte av lova eller forskrifta.

3.11.1.2 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det foreslått at einingsregisterlova § 23, som pålegg alle registreringseiningar å føre organisasjonsnummeret på breva og forretningsdokumenta sine, blir endra, slik at ikkje-næringsdrivande enkeltpersonar blir unnatekne frå plikta. Grunngjevinga var at ein ikkje kan sjå at nokon har behov for at organisasjonsnummer skal vere lett tilgjengeleg for denne typen einingar, verken for å identifisere, eller for å få tilgang til opplysningar om denne typen einingar.

Det vart vidare foreslått at det skal stillast krav om at namnet/føretaksnamnet til registreringseininga blir oppgitt i brev og forretningsdokument. Ei tilsvarande endring er foreslått i føretaksregisterlova, sjå kap. 4.4. Det er i dag uklart om det ligg føre ei slik plikt for næringsdrivande føretak. Føretaksnamnelova § 7-1 seier noko om dette, men føresegna gjeld direkte korleis ei eventuell partsoppføring skal vere, ikkje at dokument skal innehalde føretaksnamn. Einingsregisteret har opplevd at det er noko usikkerheit om dette. Eit spørsmål som går igjen, er om einingane må gi opp føretaksnamnet eller om det er tilstrekkeleg at det sekundære forretningskjenneteiknet blir oppgitt. Det synest såleis å vere behov for klarare regelverk på området. Høyringsnotatet foreslo at einingsregisterlova § 23 blir endra i samsvar med dette, slik at det tydeleg går fram at namnet/føretaksnamnet skal førast på brev og forretningsdokument.

3.11.1.3 Høyringsinstansane sitt syn

Næringslivets Hovedorganisasjon støttar ei klargjering av regelverket på området, men synes omgrepet «forretningsdokument» er uklart og går for langt i høve til kva som er nødvendig. Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen er positive til at reglane om dokumentopplysningar i føretaksregisterlova og i einingsregisterlova blir harmoniserte. Det bør stillast krav til meir omfattande opplysningar i aksjeselskap sine brev o.a. Dei peikar vidare på at omgrepet «brev og forretningsdokumenter» er uklart. Dei uttalar vidare:

«Vi peker også på at det for mange som mer eller mindre frivillig er registrert i Enhetsregisteret - for eksempel etter påtrykk fra banken for å få opprettet en konto - erfaringsmessig ofte vil forsømme plikten til å ta med organisasjonsnummer i mange sammenhenger. For eksempel er det uklart om dokumenter/skriv som et registrert idrettslag sender ut til sine medlemmer eller andre omfattes av begrepet «forretningsdokumenter». «

3.11.1.4 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet går, i tråd med forslaget, inn for å endre einingsregisterlova § 23 slik at det blir gjort unntak frå kravet om å gje opp organisasjonsnummer for enkeltpersonar som ikkje er innehavar av enkeltpersonsføretak.

Vi støttar òg forslaget om å endre føresegna slik at det kjem klart fram at brev og forretningsdokument skal innehalde føretaksnamn/namn på registreringseininga.

Til merknadene om at uttrykket «brev og forretningsdokumenter» er uklart, vil departementet vise til drøftinga av dette i kap. 4.4. Behovet for endring i einingsregisterlova på dette området vil bli tatt i samband med gjennomføringa av endringar i første selskapsdirektiv og endringar i føretaksregisterlova § 10-2.

Vi viser til forslaget til endring i einingsregisterlova § 23.

3.11.2 Påteikning

3.11.2.1 Innleiing

Einingsregisterlova og føretaksregisterlova har reglar om kva for verkemiddel registerføraren kan ta i bruk dersom registeret ikkje blir halde à jour eller av andre grunnar inneheld uklare eller feilaktige opplysningar. Føretaksregisterlova § 7-1 gir heimel for å gjennomføre administrativ retting, og å ta inn påteikning om føretaket i registeret. Den føresegna i einingsregisterlova som på mange måtar tilsvarer føretaksregisterlova § 7-1, nemleg einingsregisterlova § 25, gir ikkje høve til å ta inn påteikning om eininga i Einingsregisteret.

Føretaksregisteret bruker i dag i nokså utstrekt grad heimelen i § 7-1 til å ta inn påteikningar i registeret, for eksempel ved merknad om ulovleg føretaksnamn.

3.11.2.2 Forslaget i høyringsnotatet

Ut frå dei praktiske erfaringane som er gjorde ved drifta av både Einingsregisteret og Føretaksregisteret, vart det i høyringsnotatet sagt at det er meir nærliggjande å vurdere om det også i einingsregisterlova bør givast uttrykkeleg heimel til å ta inn påteikningar. Det vart understreka at det er naturleg å la den legislative grunngivinga for å ta inn påteikning vere utgangspunkt i vurderinga av spørsmålet. Formålet er å etablere eit effektivt verkemiddel i dei situasjonane der det anten blir oppdaga at registeret inneheld feilaktige eller misvisande opplysningar, eller det blir gjort eit omgjeringsvedtak eller liknande der det aktuelle forholdet ikkje kan rettast utan etter ny melding frå registreringseininga. Slike situasjonar oppstår frå tid til anna ved Einingsregisteret, og derfor vart det understreka i høyringsnotatet at det var behov for ei moglegheit til å ta inn påteikningar på lik linje med Føretaksregisteret.

Det er noko tvil om einingsregisterlova § 6 andre ledd kan reknast som tilstrekkeleg heimel til å registrere denne type opplysningar. For å fjerne all tvil vart det dermed foreslått eit tillegg til einingsregisterlova § 25.

3.11.2.3 Høyringsinstansane sitt syn

Ingen av høyringsinstansane hadde merknader til forslaget.

3.11.2.4 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet går, i tråd med forslaget, inn for å endre einingsregisterlova § 25 slik at ho inneheld ei føresegn som opnar for påteikning i registeret i dei tilfella der feilen ikkje kan rettast opp av registeret.

Vi viser til forslag til endring i einingsregisterlova § 25.

3.11.3 Opprydding i omgrep

3.11.3.1 Organisasjonsform

Omgrepet «organisasjonsform» blir i dag nytta som fellesomgrep i den felles registerutskrifta, blanketten og rettleiinga frå Einingsregisteret og Føretaksregisteret. For å harmonisere omgrepsbruken også i einingsregisterlova vart det i høyringsnotatet foreslått at ordet «organisasjonsform» erstattar ordet «einingstype» i einingsregisterlova § 5 andre ledd bokstav c).

Nærings- og handelsdepartementet går, i tråd med forslaget, inn for å endre omgrepet einingstype til omgrepet organisasjonsform i einingsregisterlova § 5 andre ledd bokstav c). Tilsvarande endring vil bli gjort i forskrifta til einingsregisterlova.

3.11.3.2 Verdipapirfond

I samband med lov 20. desember 1993 nr. 140 om endringar i lov 12. juli 1981 nr. 52 om aksjefond m.v. og visse andre lover vart omgrepet «aksjefond» endra til «verdipapirfond». Ved ein inkurie vart ikkje einingsregisterlova endra samstundes.

Nærings- og handelsdepartementet går, i tråd med forslaget i høyringsnotatet, inn for å endre omgrepet aksjefond til omgrepet verdipapirfond i einingsregisterlova § 4 første ledd bokstav b). Innhaldsmessig fører ikkje dette med seg nokon endring.

Til forsida