Ot.prp. nr. 80 (2003-2004)

Om lov om endringer i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret, lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak og i enkelte andre lover

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei enkelte føresegnene

6.1 Forslag til endringar i lov om Einingsregisteret

Til § 1

Gjennom eit nytt tredje punktum i § 1 andre ledd er det foreslått å utvide formålsparagrafen, slik at offentlege organ som ikkje er tilknytte register skal bruke opplysningar frå Einingsregisteret der det er praktisk mogleg. Ein tilsvarande regel finst i lov 6. juni 1997 om Oppgaveregisteret § 5, som pålegg offentlege organ å samordne oppgåveplikter der det er praktisk mogleg.

Plikta til å bruke opplysningar frå Einingsregisteret gjeld når eit organ /register bruker grunndata av noko omfang, og i ei viss systematisk form. Behandling av ei enkeltsak utløysar ikkje slik plikt, dersom saksbehandlinga ikkje er knytt opp til faste meldeplikter e.l. Bruker organet grunndata f.eks. i ei oversikt eller eit register over alle næringsdrivande i ein kommune, må dei bruke grunndata frå Einingsregisteret til oppretting og ajourhald. Men også når det er tale om eingongsbruk av ein del opplysningar vil det ofte vere enklare for organet sjølv å bruke data frå Einingsregisteret. Det vil ofte gi raskare og meir fullstendige opplysningar.

Det konkrete omfanget av plikta, dvs. av når eit organ skal bruke grunndata frå Einingsregisteret, må først og fremst vurderast ut frå føremålet om å redusere oppgåvepliktene for næringslivet.

For dei organa som på grunn av omfanget eller den systematiske bruken av grunndata kjem inn under plikt-regelen, er det foreslått eit unntak frå plikta til å bruke grunndata frå Einingsregisteret dersom det ikkje er «praktisk mulig». For at dette endringsforslaget skal få den tilsikta praktiske effekten, er det viktig at hovudregelen blir strengt praktisert, slik at unntaket berre blir brukt i svært forsiktig omfang. Departementet meiner at det i praksis er vanskeleg å sjå tilfelle der det, på noko sikt, ikkje skulle vere praktisk mogleg å bruke opplysningar frå Einingsregisteret. Dette er dermed meint som ein snever «sikringsventil» som svært sjeldan (eller helst aldri) treng brukast. Det kan likevel tenkjast tilfelle der dei praktiske/tekniske tilpassingane må ta noko tid. Då vil det vere viktig å få lagt forpliktande handlingsplanar raskt (jf. her også ordninga etter forskrift til oppgåveregisterlova § 10).

Formuleringa «offentlige organer og registre» omfattar også kommunesektoren.

Endringsforslaget fører til at Einingsregisteret si rolle som samordningsregister blir styrkt, og medverkar til å fremje samordning og gjenbruk av offentlege opplysningar. Utvidinga av einingsregisterlova er nødvendig for å gjennomføre prinsippet om at ein næringsdrivande aldri skal måtte rapportere den same opplysninga meir enn ein gong.

Til § 4

I § 4 første ledd bokstav b) er det foreslått å endra ordet «aksjefond» til ordet «verdipapirfond». Ved ein inkurie vart ikkje denne endringa gjort i samband med ei lovendring i m.a. lov 12. juni 1981 nr. 52 om aksjefond m.v. Endringa er av teknisk karakter.

Den foreslåtte endringa i tredje ledd gir brukarane informasjon om at registreringsplikt i Einingsregisteret òg kan følgje av anna lov eller i medhald av anna lov.

Til § 5

Omgrepet «organisasjonsform» blir i dag nytta som fellesomgrep i den felles registerutskrifta, blanketten og rettleiinga frå Einingsregisteret og Føretaksregisteret. For å harmonisere omgrepsbruken, er ordet «enhetstype» i § 5 andre ledd bokstav c) foreslått endra til «organisasjonsform».

Til § 6

I første ledd bokstav b) i føresegna er det foreslått eit tillegg om at sameigarar som er seksjonerte etter sameigelova, ikkje lenger skal melde opplysningar om sameigarar til Einingsregisteret. Etter dette vil eigarseksjonssameige verken ha rett eller plikt til å melde sameigarar.

Informasjon om kven som er sameigarar i eit eigarseksjonssameige, kan hentast frå grunnboka, og opplysningane er dermed offentleg tilgjengelege og oppdaterte ein annan stad.

Til § 8

På same måten som etter gjeldande rett gir forslaget til § 8 ei oversikt over kva form for dokumentasjon av opplysningar som blir kravd. Men det er foreslått å endre føresegna på fleire punkt, m.a. ved at ein del av dei føresegnene som i dag ligg i forskrift til einingsregisterlova, blir tekne direkte inn i lovteksten.

Forslag til andre ledd er nytt, men fører vidare tidlegare første ledd første punktum i ei noko utvida føresegn. Etter forslaget kan registerførar krevje å få lagt fram den dokumentasjonen som er nødvendig for å vurdere om det som blir meldt, er riktig. Ved førstegongsregistreringar skal stiftingsdokument leggjast fram dersom noko slikt finst. Berre dersom slike ikkje finst, kan det leggjast fram annan dokumentasjon for at eininga eksisterer. For enkeltpersonar eller enkeltpersonføretak er det foreslått unntak for denne regelen om stiftingsdokument. I tillegg foreslår føresegna at vedtekter skal leggjast fram ved førstegongsregistrering av juridiske einingar, dersom slike finst.

Tredje ledd tilsvarar noverande andre ledd.

Forslaget til fjerde ledd er nytt i lova, men tilsvarer i hovudsak forskrift 9. februar 1995 nr. 114 om registrering av juridiske personer m.m. i Enhetsregisteret § 16 tredje, fjerde og femte ledd. Forskriftsføresegna vil bli oppheva samtidig med at lovendringa trer i kraft.

Føresegna er forma slik at det ikkje skal vere noko som hindrar at dokumentasjonen kan sendast inn elektronisk. Sjølv om stiftingsdokument ikkje kan opprettast og arkiverast elektronisk per i dag, opnar formuleringa for at det kan leggjast frem for Einingsregisteret elektronisk når omsynet til sikker autentisering og dataintegritet kan ivaretakast ved f. eks. elektronisk signatur.

Når gjeldande krav blir synleggjorde i lova, blir dei meir føreseielege og lettare tilgjengelege for brukarane.

Til ny § 15a

Forslaget i ny § 15a inneber ein rett til å melde eigenavgang i Einingsregisteret. Føresegna foreslår at rolleinnehavarar som har gått ut av registreringseininga sjølv kan melde frå om dette.

Det er foreslått at regelen blir gjord generell i den forstand at han ikkje inneheld ei kasuistisk opprekning av dei ulike rolletypane som er registrerte i Einingsregisteret. Eksempel på registrerte rolletypar er sameigarar, rekneskapsførar og ulike typar kontaktpersonar.

I første ledd blir det foreslått at ein gjer unntak for innehavarar av enkeltpersonføretak og registrerte enkeltpersonar som ikkje er enkeltpersonføretak, fordi det her er full identitet mellom personen og sjølve eininga. Dersom desse personane ikkje lenger ønskjer å vere registrerte i Einingsregisteret, vil det vere riktig framgangsmåte å slette eininga.

Einingsregisteret kan berre behandle melding om eigenavgang når Einingsregisteret har kontrollansvaret for opplysninga. Viss kontrollansvaret ikkje ligg hos Einingsregisteret skal meldinga formidlast til tilknytt register med kontrollansvar.

Andre ledd foreslår at tredjemann får rett til å melde frå om endringar i registeret som følgje av dom. Kva for endringar som eventuelt skal gjerast i dei registrerte opplysningane er avhengig av domsresultatet.

Tredje ledd i føresegna foreslår at domstolane og andre offentlege organ gir Einingsregisteret melding om forhold som gjeld registrerte einingar, når det er gitt føresegner om dette i særlovgivinga.

Forslaget i fjerde ledd gir domstolane høve til å krevje at opplysningar blir tekne inn i Einingsregisteret, på same måte som dette er mogleg i Føretaksregisteret. Slikt krav kan kome på bakgrunn av dom, orskurd eller anna rettsleg avgjerd.

Til § 17

Forslaget til § 17 første ledd nytt andre punktum opnar for utvida kontroll av innsende opplysningar ved at den lovfestar retten registerførar har til å prøve om opplysningane er i samsvar med andre lover og forskrifter.

Først og fremst er slik kontroll aktuell for å kontrollere om eininga er ei registreringseining i samsvar med einingsregisterlova § 4, eventuelt om det er meldt riktig organisasjonsform, og dessutan om rolleinnehavarane oppfyller vilkåra som blir stilte for å ha den aktuelle rolla i forhold til § 5 andre ledd bokstav f) og § 6 første ledd.

Når det gjeld spørsmålet om ei eining faktisk er ei registreringseining, må dette kontrollerast i forhold til føresegner i andre lover enn einingsregisterlova. Døme på andre lover det kan kontrollerast mot er aksjelova, selskapslova, stiftingslova, sameigelova, eigarseksjonslova, lov om interkommunale selskap og kommunelova. Det kan òg vere aktuelt å kontrollere mot enkelte av føresegnene i føretaksnamnelova. For eksempel kan det bli aktuelt i tilfelle der det melde føretaksnamnet er av ein slik karakter at det er uklart kva for ei organisasjonsform eininga har.

Når det gjeld vilkår for rolleinnehavarar blir det prøvd om det som blir meldt, er lovleg i forhold til andre lover enn einingsregisterlova. Det følgjer av lov 22. april 1927 nr. 3 om verjemål (verjemålslova) at ein mindreårig som utgangspunkt ikkje kan vere innehavar av eit enkeltpersonføretak. Personar som er idømde rettstap etter lov 29. mai 1902 nr. 6 Almindelig borgerlig Straffelov (straffelova) § 29, bør ikkje kunne registrerast i Einingsregisteret i ei rolle som er omfatta av rettstapet. For fleire organisasjonsformer blir det vidare stilt krav om at revisor må ha bestemte kvalifikasjonar (registrert eller statsautorisert). Dette er krav som følgjer av andre lover, men som bør kontrollerast av Einingsregisteret. Det kan òg bli aktuelt å prøve meldingar i forhold til føresegna i konkurslova § 142 som handlar om vilkår for å bli sett i konkurskarantene.

Denne oppramsinga av andre lovføresegner som er sentrale når Einingsregisteret kontrollerer opplysningar, er ikkje fullstendig.

Einingsregisteret fører kontroll i forhold til andre lover og forskrifter berre for einingar som Einingsregisteret har kontrollansvaret for etter § 17 andre ledd, jf. § 13. Det vil seie einingar som ikkje er kontrollerte av tilknytte register.

Forslaget pålegg ikkje Einingsregisteret noko plikt til å kontrollere alle opplysningar i innkomne meldingar mot alle lover, men klargjer at registeret har ein rett til slik kontroll. Kontrollen skal utførast så langt der er føremålstenleg og nødvendig i høve til føremålet med registeret.

Til § 20

Forslaget til nytt andre ledd i einingsregisterlova § 20 opnar for oppdatering av opplysningar i Einingsregisteret gjennom innhenting frå andre register enn dei tilknytte. Etter forslaget kan registerførar hente inn og registrere slike opplysningar når han finn at det er tvillaust rett. Opplysningar som ein meiner kan betre grunnlaget for kvalitativt betre og meir oppdaterte opplysningar i Einingsregisteret, kan dermed leggjast inn.

Fordi Einingsregisteret har fått ei meir sentral rolle som avleverar av grunndata til andre offentlege register og etatar dei siste åra, er det behov for å kvalitetssikre dei registrerte opplysningane mot opplysningar som er registrerte i andre register. Andre register enn dei tilknytte kan ofte innehalde meir oppdaterte opplysningar, og registerførar får her ein heimel til å «vaske» opplysningane i Einingsregisteret mot andre register. Heimelen vil særleg bli brukt til å registrere oppdatert/rett adresse, ein informasjon som det i praksis er svært viktig at er rett. Samstundes er dette informasjon som næringsdrivande og andre i dag forventar blir oppdaterte automatisk mellom ulike register, uavhengig av kvar dei blir registrerte første gongen.

Det vil ikkje vere høve til å ta inn opplysningar som etter einingsregisterlova §§ 5 og 6 skal meldast inn av eininga sjølv, og som etter § 8 skal dokumenterast.

Retten til å hente inn opplysningar er ikkje avgrensa til offentlege register. Det vil vere opp til registerførar å vurdere om slik innhenting er forsvarleg etter ei vurdering først og fremst av kvalitet. Ein føresetnad for innhenting er vidare at det ikkje strir mot regelverk som er knytt til det aktuelle registeret. Personopplysningslova vil òg ofte kome inn her.

Til § 22

Føresegna handlar som før om retten til innsyn i opplysningane i Einingsregisteret. Endringa i andre ledd, første punktum inneber at opplysningar som er registrert etter §§ 5 og 6 kan givast til alle. I dag gjeld denne tilgangen ikkje opplysningar registrert etter § 6 første ledd.

Andre ledd andre punktum er ikkje foreslått endra, og det vil framleis vere forbod mot å levere ut fødselsnummer/D-nummer, og mot visse samanstillingar av opplysningar. Personvernregisterlova dannar elles grunnlaget for innsyn også etter einingsregisterlova.

Til § 23

Regelen i § 23 omfattar alle typar registreringseiningar. Føresegna er foreslått endra slik at det kjem klart fram at føretaksnamnet/namnet på eininga skal førast på brev og forretningsdokument.

Etter forslaget til nytt andre punktum blir enkeltpersonar som ikkje er innehavar av enkeltpersonføretak, dvs. ikkje-næringsdrivande enkeltpersonar, unnatekne frå denne plikta. Bakgrunnen for dette unntaket er at desse i dei fleste tilfelle er registrerte med fødselsnummer.

Til § 25

Det er foreslått eit nytt tredje ledd som opnar for påteikning i Einingsregisteret når ein oppdaga feil ikkje kan rettast etter føresegnene i første og andre ledd.

I situasjonar der det er uklart korleis feilen kan rettast, eller han ikkje kan rettast utan etter ny melding frå registreringseininga, kan registerføraren ta inn ei opplysning om feilen i registeret.

Forslaget tilsvarer føretaksregisterlova § 7-1 andre ledd, og er dermed ei harmonisering av desse regelsetta.

Til § 26

Føresegna inneheld reglane for sletting av opphøyrde einingar, og det er forslag om å endre henne ved å leggje til ei ny føresegn som nytt andre ledd. Forslaget gir Einingsregisteret heimel til følgje opp etter avslutta konkursbehandling i einingar med uavgrensa ansvar.

6.2 Forslag til endringar i lov om registrering av føretak

Til § 3-2

Forslaget til nytt nummer 2 i § 3-2 andre ledd inneber at opplysning om forretningskommunen blir eit lovbestemt minimumskrav for vedtekter. Dette har som konsekvens at heller ikkje desse føretakstypane (som er nemnde i første ledd) kan endre forretningskommune utan å endre vedtektene.

Til § 4-3

Av forslaget til § 4-3 andre setning går det fram at også signaturrettshavar åleine kan skrive under på melding om nyregistrering.

Endringsforslaget har ingenting å seie for enkeltpersonføretak sidan det alltid er innehavaren som skal skrive under på meldingar til Føretaksregisteret.

For føretak med styre får endringsforslaget berre praktiske følgjer i dei tilfella då føretaket samtidig melder særskild signaturføresegn som skil seg frå den allmenne representasjonsregelen for den aktuelle representasjonsforma. Viss særskild signaturføresegn ikkje er meld, inneber føretaksregisterlova § 4-3 jamført med føretaksregisterlova § 4-2 første ledd nr. 2 og 4 at alle styremedlemmer må skrive under på blanketten ved nyregistrering.

For føretak der endringsforslaget får innverknad, må dei styremedlemmene som ikkje skriv under på blanketten i eigenskap av å ha signaturrett, likevel gi erklæring om at dei tek imot valet, jf. føretaksregisterlova § 4-4 bokstav d). Erklæringa kan dei gi i form av underskrift på blanketten eller som særskild tiltredingserklæring. Etter den nye føresegna er det såleis tilstrekkeleg å hente inn særskild tiltredingserklæring frå dei styremedlemmene som ikkje skriv under meldinga som signaturrettshavar.

I ansvarlege selskap og kommandittselskap som ikkje er organiserte med styre får forslaget ikkje noko å seie. Meldeplikta ligg dermed på kvar enkelt ansvarleg deltakar, jf. føretaksregisterlova § 4-2.

I kommandittselskap er det berre komplementaren som er ansvarleg deltakar, og den foreslåtte endringa får dermed innverknad berre dersom selskapet har to eller fleire komplementarar, jf. selskapslova § 3-13 første ledd første punktum, som seier at «den enkelte komplementar representerer selskapet utad og tegner dets firma».

For ansvarlege selskap har den foreslåtte endringa av underskriftskravet innverknad i dei fleste tilfelle, med unntak av tilfelle der selskapet melder at deltakarane i fellesskap har signaturrett. Etter analogi gjeld tilsvarande overfor partsreiarlag(lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten kapittel 5).

Til § 4-4 bokstav f

Den foreslåtte endringa i føresegna er gjord som ei tilpassing til endringa i § 4-3. Forslaget inneber at føresegna også skal gjelde for ansvarlege deltakarar i selskap som ikkje er organiserte med styre. I tråd med forslaget skal det ved nyregistreringar eller endringar som gjeld deltakarforhold, leggjast ved erklæring frå ansvarlege deltakarar som ikkje har skrive under på meldinga.

Til § 6-2 andre ledd i.f.

I lov 11. april 2003 om endringar i rettsgebyrloven m.v. og i selskapslovgivinga (Ot.prp. nr. 61 (2002-2003)) vart det vedteke at ein skulle gå bort frå krav om kunngjering i Norsk Lysingsblad, og i staden kunngjere selskapsrelaterte saker elektronisk. Ved ein inkurie vart føretaksregisterlova § 6-2 ikkje teken med.

Kravet om kunngjering i Norsk Lysingsblad er slik foreslått fjerna frå desse føresegnene, og det blir i staden vist til tidspunktet for kunngjering i Brønnøysundregisteret si elektroniske kunngjeringspublikasjon.

Til § 7-3 første ledd andre setning

Sjå kommentar til § 6-2 andre ledd i.f.

Til § 7-3

Andre ledd er foreslått oppheva.

Føresegna i noverande tredje ledd omhandlar kva slettinga har å seie for deltakarane sitt ansvar. Sjølv om det ikkje er særskilt nemnt, er det klart at føresegna også gjeld sletting etter det som i Stortinget sitt lovvedtak i mars 2004 (Ot.prp. nr. 23 (2003-2004) vart vedteke som nytt tredje ledd, og som etter forslaget her om å oppheve noverande andre ledd, vert nytt andre ledd.

Til § 10-2

Forslaget til endringar i § 10-2 inneber m.a. at no vil føresegna i føretaksregisterlova dekkje alle reglane som gjeld for næringsdrivande på dette området.

I føretaksregisterlova § 10-2 første ledd er det forslag om å ta inn ei presisering av at organisasjonsnummer og namn på føretak skal førast på brev og forretningsdokument.

Det er òg foreslått at denne føresegna skal innehalde ei setning om at føretak som er registrerte i Meirverdiavgiftsmanntalet, har plikt til å bruke bokstavane «MVA» på salsdokument. Omgrepet salsdokument skal forståast på same måte som den tilsvarande føresegna i einingsregisterlova § 23, og omfattar der faktura, nota, rekning utskriven av den som omset varer eller tenester, sluttsetel, avrekningssetel, vedlegg o.a. som mottakar av vara skriv ut.

Etter fjerde ledd første setning kan registerførar ileggje føretaket og dei meldepliktige tvangsmulkt om ikkje føretakets brev og forretningsdokument inneheld opplysningar som pålagd i første, andre og tredje ledd. Henvisninga her må endrast som følgje av forslaget om nytt første ledd.

Føresegna gjeld både for papirdokument og for elektroniske dokument.

Til ny § 10-6

Føretaksregisterlova har til no ikkje hatt eigne reglar om lova skal gjelde også på Svalbard. Det er derfor behov for å avklare dette. Denne lovendringa gjer ikkje at føretaksregisterlova tek til å gjelde for Svalbard, men gjer Kongen rett til å bestemme dette i forskrift. Ein tilsvarande regel finst i einingsregisterlova § 29.

6.3 Forslag til endringar i konkurslova

Til § 79

Endringa skal sikre at Konkursregisteret òg gir melding til Einingsregisteret om at det er opna konkurs i buet til skyldnaren, på linje med dagens ordning med melding til Føretaksregisteret.

Til § 138

Endringa som er foreslått i andre ledd første setning i henvisninga til § 79 sikrar at Einingsregisteret ikkje berre får meldingar om opning av konkurs, men også om avslutninga av konkursbehandlinga.

I andre ledd tredje setning er det foreslått eit tillegg «og Einingsregisteret». Dette sikrar at Einingsregisteret på linje med Føretaksregisteret, får meldingar om og har heimel til å slette einingar med avgrensa ansvar etter avslutta bubehandling.

6.4 Forslag til endring i dekningslova

Til § 1-3

I lov 11. april 2003 om endringar i rettsgebyrloven m.v. og i selskapslovgivinga (Ot.prp. nr. 61 (2002-2003)) vart det vedteke at ein skulle gå bort frå krav om kunngjering i Norsk Lysingsblad, og i staden kunngjere selskapsrelaterte saker elektronisk. I samband med denne omlegginga av kunngjeringar frå Føretaksregisteret vart det vedteke ei rekkje endringar i ulike lover.

Ved ein inkurie vart lov 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett (dekningslova) gløymt, og det er såleis nødvendig å få retta opp dette snarast.

6.5 Ikraftsetjings- og overgangsreglar

Punkt 1 slår fast at lova skal ta til å gjelde frå den tid Kongen fastset, og at dei ulike føresegnene kan setjast i kraft til ulike tider.

Punkt 2 fastsetjar overgangsreglar for enkelte av forslaga.

Einingsregisterlova § 23 og føretaksregisterlova § 10-2 er foreslått endra slik at registreringseininga sine brev og forretningsdokument skal innehalde m.a. føretaksnamn. Føretak som allereie er registrerte treng ein overgangsperiode for å få tilpassa brev og dokument til dei nye krava. Departementet foreslår ei overgangsperiode på to år for dei føretaka som er registrerte før lovendringa trer i kraft.

Etter forslaget til endring i føretaksregisterlova § 3-2 blir minimumskrava til vedtekter for selskap med avgrensa ansvar endra, ved at det blir sett krav til at vedtektene skal innehalde opplysningar om forretningskommune. Denne føresegna skal også gjelde for selskap som allereie er registrerte, og det er etter departementet si vurdering rimeleg at dei får ei overgangsperiode for å få retta opp vedtektene. Vedtektsendringar kan berre vedtakast i generalforsamling/årsmøte, som til vanleg blir halde ei gong i året. Departementet foreslår ei overgangsperiode på to år for dei føretaka som er registrerte før lovendringa trer i kraft.

For dei andre foreslåtte endringane er det ikkje behov for særlege overgangsreglar.

Til forsida